< 约拿书 4 >

1 这事约拿大大不悦,且甚发怒,
Dette gjorde Jona ovleg vondt, og han vart brennande harm.
2 就祷告耶和华说:“耶和华啊,我在本国的时候岂不是这样说吗?我知道你是有恩典、有怜悯的 神,不轻易发怒,有丰盛的慈爱,并且后悔不降所说的灾,所以我急速逃往他施去。
Han bad då til Herren og sagde: «Å Herre, var det ikkje dette eg tenkte, då eg endå var i mitt land? Difor flydde eg so snøgt til Tarsis; for eg visste du er ein nådig og miskunnsam Gud, langmodig og rik på miskunn, og angrar det vonde.
3 耶和华啊,现在求你取我的命吧!因为我死了比活着还好。”
So tak no, Herre, livet mitt ifrå meg! For eg vil heller døy enn liva.»
4 耶和华说:“你这样发怒合乎理吗?”
Då sagde Herren: «Hev du grunn til å harmast?»
5 于是约拿出城,坐在城的东边,在那里为自己搭了一座棚,坐在棚的荫下,要看看那城究竟如何。
Og Jona gjekk ut or byen og sette seg austanfor byen. Der gjorde han seg ei hytta og sette seg der i skuggen, og vilde sjå korleis det gjekk med byen.
6 耶和华 神安排一棵蓖麻,使其发生高过约拿,影儿遮盖他的头,救他脱离苦楚;约拿因这棵蓖麻大大喜乐。
Då let Herren Gud ein kikajon veksa upp yver Jona, til å skyggja yver hovudet hans og fria honom ifrå hans mismod; og Jona fann stor gleda i kikajonen.
7 次日黎明, 神却安排一条虫子咬这蓖麻,以致枯槁。
Men næste dag, då morgonroden rann, sende Gud ein makk, som stakk kikajonen so han visna.
8 日头出来的时候, 神安排炎热的东风,日头曝晒约拿的头,使他发昏,他就为自己求死,说:“我死了比活着还好!”
Då soli rann, sende Gud ein brennande austanvind, og soli stakk Jona på hovudet so han ormegtast. Han ynskte då å få døy og sagde: «Eg vil heller døy enn liva.»
9 神对约拿说:“你因这棵蓖麻发怒合乎理吗?”他说:“我发怒以至于死,都合乎理!”
Men Gud sagde til Jona: «Hev du grunn til å harmast for kikajonen skuld?» Han svara: «Eg hev grunn til å harmast til dauden.»
10 耶和华说:“这蓖麻不是你栽种的,也不是你培养的;一夜发生,一夜干死,你尚且爱惜;
Då sagde Herren: «Du ynkast yver kikajonen, som du ikkje hev havt møda med og ikkje hev ale upp, som kom til på ei natt og gjekk til grunns etter ei natt;
11 何况这尼尼微大城,其中不能分辨左手右手的有十二万多人,并有许多牲畜,我岂能不爱惜呢?”
og so skulde ikkje eg ynkast yver Nineve, den store byen, der det finst meir enn eit hundrad og tjuge tusund menneskje som ikkje kann skilja millom høgre og vinstre, og mange dyr!»

< 约拿书 4 >