< 约翰福音 18 >

1 耶稣说了这话,就同门徒出去,过了汲沦溪。在那里有一个园子,他和门徒进去了。
Då Jesus hadde tala desse ordi, gjekk han ut med læresveinarne sine og yver til hi sida av Kedronsbekken. Der var det ein hage; den gjekk han og læresveinarne inn i.
2 卖耶稣的犹大也知道那地方,因为耶稣和门徒屡次上那里去聚集。
Men Judas, svikaren, kjende og den staden; for der kom Jesus ofte saman med læresveinarne sine.
3 犹大领了一队兵,和祭司长并法利赛人的差役,拿着灯笼、火把、兵器,就来到园里。
Judas hadde fenge med seg vaktmannskapet og nokre av sveinarne åt øvsteprestarne og farisæarane, og no kom han dit med kyndlar og lampor og våpn.
4 耶稣知道将要临到自己的一切事,就出来对他们说:“你们找谁?”
Som no Jesus visste alt som skulde koma yver honom, gjekk han fram og sagde til deim: «Kven leitar de etter?»
5 他们回答说:“找拿撒勒人耶稣。”耶稣说:“我就是!”卖他的犹大也同他们站在那里。
«Jesus frå Nasaret, » svara dei. «Det er eg, » segjer han. Judas, svikaren, stod der og saman med deim.
6 耶稣一说“我就是”,他们就退后倒在地上。
Då han no sagde til deim: «Det er eg», for dei attende og fall til jordi.
7 他又问他们说:“你们找谁?”他们说:“找拿撒勒人耶稣。”
So spurde han deim endå ein gong: «Kven leitar de etter?» - «Jesus frå Nasaret, » sagde dei.
8 耶稣说:“我已经告诉你们,我就是。你们若找我,就让这些人去吧。”
«Eg hev alt sagt dykk at det er eg, » svara Jesus; «er det då meg de leitar etter, so lat desse få ganga!»
9 这要应验耶稣从前的话,说:“你所赐给我的人,我没有失落一个。”
Soleis skulde det sannast det ordet som han hadde sagt: «Eg hev ikkje mist nokon av deim du gav meg.»
10 西门·彼得带着一把刀,就拔出来,将大祭司的仆人砍了一刀,削掉他的右耳;那仆人名叫马勒古。
Simon Peter hadde eit sverd; han drog det og hogg til tenaren åt øvstepresten, og sneidde av honom det høgre øyra. Tenaren heitte Malkus.
11 耶稣就对彼得说:“收刀入鞘吧,我父所给我的那杯,我岂可不喝呢?”
Då sagde Jesus til Peter: «Stikk sverdet ditt i slira! Lyt eg’kje drikka den skåli som Far min hev gjeve meg?»
12 那队兵和千夫长,并犹太人的差役就拿住耶稣,把他捆绑了,
So tok dei og batt Jesus - det var vaktmannskapet og hovdingen deira og sveinarne åt jødarne.
13 先带到亚那面前,因为亚那是本年作大祭司该亚法的岳父。
Dei førde honom fyrst til Annas; for han var verfar åt Kajafas, som var øvsteprest det året.
14 这该亚法就是从前向犹太人发议论说“一个人替百姓死是有益的”那位。
Det var Kajafas som hadde gjeve jødarne den rådi, at det var best ein mann døydde for folket.
15 西门·彼得跟着耶稣,还有一个门徒跟着。那门徒是大祭司所认识的,他就同耶稣进了大祭司的院子。
Simon Peter og ein annan læresvein fylgde etter Jesus. Den læresveinen var kjend med øvstepresten, og kom med Jesus inn i garden åt øvstepresten;
16 彼得却站在门外。大祭司所认识的那个门徒出来,和看门的使女说了一声,就领彼得进去。
men Peter vart standande utanfor, ved døri. Den andre læresveinen, han som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med gjenta som vakta porten, og fekk Peter inn.
17 那看门的使女对彼得说:“你不也是这人的门徒吗?”他说:“我不是。”
So segjer portnargjenta til Peter: «Du skulde vel ikkje og vera ein av læresveinarne åt denne mannen?» «Nei, » svara han.
18 仆人和差役因为天冷,就生了炭火,站在那里烤火;彼得也同他们站着烤火。
Huskararne og sveinarne hadde gjort upp ein koleld og stod og vermde seg; for det var kaldt. Og Peter stod og hjå deim og vermde seg.
19 大祭司就以耶稣的门徒和他的教训盘问他。
Øvstepresten spurde no Jesus um læresveinarne hans og um læra hans.
20 耶稣回答说:“我从来是明明地对世人说话。我常在会堂和殿里,就是犹太人聚集的地方教训人;我在暗地里并没有说什么。
Jesus svara: «Eg hev tala fritt og ope for all verdi; eg lærde allstødt i synagoga og i templet, der alle jødarne kjem saman, og eg hev aldri tala i løynd.
21 你为什么问我呢?可以问那听见的人,我对他们说的是什么;我所说的,他们都知道。”
Kvi spør du meg? Spør deim som hev høyrt meg, kva det er eg hev tala til deim! Dei veit kva eg hev sagt.»
22 耶稣说了这话,旁边站着的一个差役用手掌打他,说:“你这样回答大祭司吗?”
Då han sagde det, gav ein av sveinarne som stod innmed, Jesus eit slag i andlitet og sagde: «Svarar du øvstepresten so?»
23 耶稣说:“我若说的不是,你可以指证那不是;我若说的是,你为什么打我呢?”
«Hev eg sagt noko urett, » svara Jesus, «so prova at det er urett; men var det rett det eg sagde, kvi slær du meg då?»
24 亚那就把耶稣解到大祭司该亚法那里,仍是捆着解去的。
So sende Annas han bunden av stad til Kajafas, øvstepresten.
25 西门·彼得正站着烤火,有人对他说:“你不也是他的门徒吗?”彼得不承认,说:“我不是。”
Medan stod Simon Peter og vermde seg. Då sagde dei til honom: «Du skulde vel ikkje vera ein av læresveinarne hans, du og?» Han neitta det og sagde: «Nei, det er eg ikkje.»
26 有大祭司的一个仆人,是彼得削掉耳朵那人的亲属,说:“我不是看见你同他在园子里吗?”
So segjer ein av huskararne åt øvstepresten - han var skyld den som Peter hadde hogge øyra av -: «Såg eg deg ikkje sjølv i lag med honom i hagen?»
27 彼得又不承认。立时鸡就叫了。
Då neitta Peter att. Og med det same gol hanen.
28 众人将耶稣从该亚法那里往衙门内解去,那时天还早。他们自己却不进衙门,恐怕染了污秽,不能吃逾越节的筵席。
Frå Kajafas fører dei Jesus til borgi. Det var tidleg på morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borgi; for dei vilde ikkje gjera seg ureine, so dei ikkje kunde eta påskematen.
29 彼拉多就出来,到他们那里,说:“你们告这人是为什么事呢?”
So gjekk Pilatus ut til deim og sagde: «Kva er det for klagemål de fører mot denne mannen?»
30 他们回答说:“这人若不是作恶的,我们就不把他交给你。”
«Var han ikkje ein illgjerdsmann, so hadde me ikkje gjeve honom yver til deg, » svara dei.
31 彼拉多说:“你们自己带他去,按着你们的律法审问他吧。”犹太人说:“我们没有杀人的权柄。”
Då sagde Pilatus til deim: «Tak de honom og døm honom etter lovi dykkar!» «Me hev ikkje lov til å taka livet av nokon, » svara jødarne.
32 这要应验耶稣所说自己将要怎样死的话了。
Soleis skulde det sannast det ordet Jesus hadde sagt då han vitra um kva slag avferd han skulde få.
33 彼拉多又进了衙门,叫耶稣来,对他说:“你是犹太人的王吗?”
So gjekk Pilatus inn i borgi att; han kalla Jesus fyre seg og sagde til honom: «Er du kongen yver jødarne?»
34 耶稣回答说:“这话是你自己说的,还是别人论我对你说的呢?”
Jesus svara: «Segjer du det av deg sjølv, eller hev andre tala soleis til deg um meg?»
35 彼拉多说:“我岂是犹太人呢?你本国的人和祭司长把你交给我。你做了什么事呢?”
«Er då eg ein jøde?» svara Pilatus; «folket ditt og øvsteprestarne hev gjeve deg yver til meg. Kva hev du gjort?»
36 耶稣回答说:“我的国不属这世界;我的国若属这世界,我的臣仆必要争战,使我不至于被交给犹太人。只是我的国不属这世界。”
Jesus svara: «Mitt rike er ikkje av denne verdi; var riket mitt av denne verdi, so vilde sveinarne mine strida for meg, so eg ikkje skulde koma i henderne på jødarne. Men no er’kje riket mitt av denne verdi.»
37 彼拉多就对他说:“这样,你是王吗?”耶稣回答说:“你说我是王。我为此而生,也为此来到世间,特为给真理作见证。凡属真理的人就听我的话。”
«Men so er du då ein konge?» sagde Pilatus. Jesus svara: «Det er som du segjer; eg er ein konge. Til det er eg fødd, og til det er eg komen til verdi, at eg skal vitna for sanningi. Kvar den som er av sanningi, lyder på mi røyst.»
38 彼拉多说:“真理是什么呢?” 说了这话,又出来到犹太人那里,对他们说:“我查不出他有什么罪来。
«Kva er sanning?» svara Pilatus, og med so sagt gjekk han ut att til jødarne og sagde til deim: «Eg finn ingi skuld hjå honom;
39 但你们有个规矩,在逾越节要我给你们释放一个人,你们要我给你们释放犹太人的王吗?”
men de er vane med at eg gjev dykk ein fri på påskehøgtidi - vil de då at eg skal gjeva dykk kongen yver jødarne fri?»
40 他们又喊着说:“不要这人,要巴拉巴!”这巴拉巴是个强盗。
Men dei ropa alle på nytt: «Ikkje han, men Barabbas!» Barabbas, det var ein røvar.

< 约翰福音 18 >