< 耶利米书 4 >

1 耶和华说:以色列啊, 你若回来归向我, 若从我眼前除掉你可憎的偶像, 你就不被迁移。
Um du vender um, Israel, segjer Herren, då skal du få venda attende til meg, og um du hev dine styggjor burt frå mi åsyn, skal du ikkje ljota liva i fredløysa.
2 你必凭诚实、公平、公义, 指着永生的耶和华起誓; 列国必因耶和华称自己为有福, 也必因他夸耀。
Og um du sver: «So sant som Herren liver, » i sanning, med rett og rettferd, då skal heidningfolk velsigna seg i honom og rosa seg i honom.
3 耶和华对犹大和耶路撒冷人如此说: 要开垦你们的荒地, 不要撒种在荆棘中。
For so segjer Herren med Juda-mennerne og med Jerusalem: Brjot dykk nybrot, og så ikkje millom klunger!
4 犹大人和耶路撒冷的居民哪, 你们当自行割礼,归耶和华, 将心里的污秽除掉; 恐怕我的忿怒因你们的恶行发作, 如火着起, 甚至无人能以熄灭!
Umskjer dykk for Herren, og tak burt dykkar hjartans fyrehud, de Juda-menner og Jerusalems-buar, so at harmen min ikkje skal fara ut som eld og brenna so ingen kann sløkkja, for dykkar vonde verk skuld.
5 你们当传扬在犹大, 宣告在耶路撒冷说: 你们当在国中吹角,高声呼叫说: 你们当聚集! 我们好进入坚固城!
Kunngjer i Juda og send bod til Jerusalem og seg: «Blås i lur i landet!» Ropa alt med de vinn, og seg: «Samla dykk og lat oss ganga inn i dei faste borger!»
6 应当向锡安竖立大旗。 要逃避,不要迟延, 因我必使灾祸与大毁灭从北方来到。
Set upp hermerke burtåt Sion! Fly undan, stana ikkje! For eg let ulukka koma frå nord med stort tjon.
7 有狮子从密林中上来, 是毁坏列国的。 它已经动身出离本处, 要使你的地荒凉, 使你的城邑变为荒场无人居住。
Ei løva hev rise upp or kjørri si, og ein folke-tynar hev teke ut, er faren heimanfrå og vil gjera landet ditt til ei audn; byarne dine vert lagde i øyde so ingen bur der.
8 因此,你们当腰束麻布,大声哀号, 因为耶和华的烈怒没有向我们转消。
Gyrd dykk difor i sekk, barma dykk og øya dykk! For Herrens brennande vreide hev ikkje vendt seg frå oss.
9 耶和华说:“到那时,君王和首领的心都要消灭;祭司都要惊奇,先知都要诧异。”
Og den dagen, segjer Herren, skal kongen og hovdingarne standa rådlause, prestarne skal ræddast og profetarne verta vitskræmde.
10 我说:“哀哉!主耶和华啊,你真是大大地欺哄这百姓和耶路撒冷,说:‘你们必得平安。’其实刀剑害及性命了。”
Då sagde eg: «Å, Herre, Herre! Ille hev du svike dette folk og Jerusalem då du sagde: «Fred skal de hava» - og no gjeng sverd inn til sjæli.»
11 那时,必有话对这百姓和耶路撒冷说:“有一阵热风从旷野净光的高处向我的众民刮来,不是为簸扬,也不是为扬净。
I den tidi skal det verta sagt med dette folk og med Jerusalem: Ein glodheit vind frå snaudkollarne i øydemarki kjem imot mitt folks dotter, ikkje til å kasta korn med og ikkje til å dryfta med.
12 必有一阵更大的风从这些地方为我刮来;现在我又必发出判语,攻击他们。”
Ein vind, sterkare enn til slikt, vil eg lata koma; no vil eg og segja domen mot deim.
13 看哪,仇敌必如云上来; 他的战车如旋风, 他的马匹比鹰更快。 我们有祸了! 我们败落了!
Sjå, lik skyer kjem han upp farande, og lik eit stormver er hans vogner, fljotare enn ørnar er hans hestar: Usæle me! Det er ute med oss.
14 耶路撒冷啊,你当洗去心中的恶, 使你可以得救。 恶念存在你心里要到几时呢?
Två vondskapen av ditt hjarta, Jerusalem, so du kann verta frelst. Kor lenge skal dine synduge tankar bu i ditt brjost?
15 有声音从但传扬, 从以法莲山报祸患。
For ei røyst kjem med tiend frå Dan og med usæle-bod frå Efraimsheidi.
16 你们当传给列国, 报告攻击耶路撒冷的事说: 有探望的人从远方来到, 向犹大的城邑大声呐喊。
Lat folki få vita det, sjå til og lat Jerusalem få høyra det; umlægringsmenner kjem frå eit land langt undan og set i og ropar mot byarne i Juda.
17 他们周围攻击耶路撒冷, 好像看守田园的, 因为她背叛了我。 这是耶和华说的。
Likeins som markevaktarar sit dei og gjæter på henne rundt ikring; for mot meg hev ho vore tråssug, segjer Herren.
18 你的行动,你的作为,招惹这事; 这是你罪恶的结果, 实在是苦, 是害及你心了!
Di åtferd og dine gjerningar hev valda deg dette; dette hev du for vondskapen din, at det er beiskt, at det gjeng alt inn til ditt hjarta.
19 我的肺腑啊,我的肺腑啊,我心疼痛! 我心在我里面烦躁不安。 我不能静默不言, 因为我已经听见角声和打仗的喊声。
Å bringa mi, bringa mi! Eg skjelv av verk, hjarteverk. Mitt hjarta bankar i meg, eg kann ikkje tegja. For lurljom, herrop hev du høyrt, mi sjæl.
20 毁坏的信息连络不绝, 因为全地荒废。 我的帐棚忽然毁坏; 我的幔子顷刻破裂。
Tjon på tjon vert det ropa, for alt landet er i øyde lagt; dåtteleg er tjeldi mine øydelagde, i ein augneblink tjelddukarne mine.
21 我看见大旗,听见角声, 要到几时呢?
Kor lenge skal eg sjå hermerke, høyra lurljom?
22 耶和华说:我的百姓愚顽,不认识我; 他们是愚昧无知的儿女, 有智慧行恶,没有知识行善。
For lyden min er fåvis, meg kjenner dei ikkje; uvituge born er dei, og dei er utan skyn; vise er dei til å gjera vondt, men dei hev ikkje vit på å gjera godt.
23 先知说:我观看地, 不料,地是空虚混沌; 我观看天,天也无光。
Eg såg jordi, og sjå, ho var aud og øydi, og til himmelen såg eg, og ljoset hans var kvorve.
24 我观看大山,不料,尽都震动, 小山也都摇来摇去。
Eg såg fjelli, og sjå, dei bivra, og alle haugarne rugla.
25 我观看,不料,无人; 空中的飞鸟也都躲避。
Eg såg, og sjå, det fanst ikkje eit menneskje, og alle himmelens fuglar hadde floge burt.
26 我观看,不料,肥田变为荒地; 一切城邑在耶和华面前, 因他的烈怒都被拆毁。
Eg såg, og sjå, det grøderike landet var ei øydemark, og alle byarne var nedrivne av Herren, av hans brennande harm.
27 耶和华如此说:全地必然荒凉, 我却不毁灭净尽。
For so segjer Herren: Ei audn skal heile landet verta, men reint audt vil eg ikkje gjera det.
28 因此,地要悲哀, 在上的天也必黑暗; 因为我言已出,我意已定, 必不后悔,也不转意不做。
Difor skal landet syrgja og himmelen der uppe klæda seg i svart, av di eg hev sagt det, tenkt det so, og eg angrar det ikkje og gjer det ikkje um att.
29 各城的人因马兵和弓箭手的响声就都逃跑, 进入密林,爬上磐石; 各城被撇下, 无人住在其中。
For gnyen av ridarar og bogeskyttarar flyr kvar ein by; dei gjeng inn i skogarne og stig upp på hamrarne. Alle byar er folketome, ingen bur i deim.
30 你凄凉的时候要怎样行呢? 你虽穿上朱红衣服, 佩戴黄金装饰, 用颜料修饰眼目, 这样标致是枉然的! 恋爱你的藐视你, 并且寻索你的性命。
Og du, når du vert øydelagd, kva vil du då gjera? Endå um du klæder deg i purpur og pryder deg med gull-prydnad og gjer augo dine store med sminka, so er det fåfengt at du gjer deg fager; dine elskarar vanvyrdar deg, dei stend deg etter livet.
31 我听见有声音,仿佛妇人产难的声音, 好像生头胎疼痛的声音, 是锡安女子的声音; 她喘着气、挓挲手, 说:我有祸了! 在杀人的跟前,我的心发昏了。
For eg høyrer rop nett som av ei kvinna i barnsnaud, naudrop som av kvinna når ho fær fyrste barnet, rop av dotteri Sion. Ho styn, ho retter ut henderne sine: Eie meg! Sjæli mi sig vanmegtig i mordar-vald.

< 耶利米书 4 >