< 耶利米书 29 >

1 先知耶利米从耶路撒冷寄信与被掳的祭司、先知,和众民,并生存的长老,就是尼布甲尼撒从耶路撒冷掳到巴比伦去的。(
Og dette er ordi i det brevet som profeten Jeremia sende frå Jerusalem til deim som endå livde att av dei øvste millom dei burtførde, og til prestarne og profetarne og alt det folket som Nebukadnessar hadde ført burt frå Jerusalem til Babel,
2 这在耶哥尼雅王和太后、太监,并犹大、耶路撒冷的首领,以及工匠、铁匠都离了耶路撒冷以后。)
då kong Jekonja og kongsmori og hirdmennerne, dei høgste i Juda og Jerusalem og timbremennerne og smedarne var farne burt or Jerusalem.
3 他借沙番的儿子以利亚萨和希勒家的儿子基玛利的手寄去。他们二人是犹大王西底家打发往巴比伦去见尼布甲尼撒王的。
Brevet sende han med El’asa Safansson og Gemarja Hilkiason, som Sidkia, Juda-kongen, sende til Nebukadnessar, Babel-kongen, til Babel; det lydde so:
4 信上说:“万军之耶和华—以色列的 神对一切被掳去的(就是我使他们从耶路撒冷被掳到巴比伦的人)如此说:
So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, til alle dei burtførde som eg hev ført burt frå Jerusalem til Babel:
5 你们要盖造房屋,住在其中;栽种田园,吃其中所产的;
Bygg hus og bu i deim, planta hagar og et frukti av deim!
6 娶妻生儿女,为你们的儿子娶妻,使你们的女儿嫁人,生儿养女。在那里生养众多,不致减少。
Tak dykk konor og avla søner og døtter, og tak konor åt sønerne dykkar, og gift burt døtterne dykkar, so dei kann få søner og døtter, so de kann fjølgast der og ikkje minka i tal!
7 我所使你们被掳到的那城,你们要为那城求平安,为那城祷告耶和华;因为那城得平安,你们也随着得平安。
Og stræva etter det, at det må ganga den byen vel som eg hev ført dykk burt til, og bed for honom til Herren! For når det gjeng honom vel, so gjeng det dykk vel.
8 万军之耶和华—以色列的 神如此说:不要被你们中间的先知和占卜的诱惑,也不要听信自己所做的梦;
For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Lat dykk ikkje dåra av dei profetarne som er hjå dykk og av spåmennerne dykkar, og gjev ikkje gaum etter draumarne dykkar som de drøymer!
9 因为他们托我的名对你们说假预言,我并没有差遣他们。这是耶和华说的。
For lygn er det som dei spår åt dykk i mitt namn, og eg hev ikkje sendt deim, segjer Herren.
10 “耶和华如此说:为巴比伦所定的七十年满了以后,我要眷顾你们,向你们成就我的恩言,使你们仍回此地。
For so segjer Herren: Når sytti år er lidne for Babel, vil eg vitja dykk og gjera sannrøynt på dykk det gode ordet mitt um å lata dykk koma tilbake til denne staden.
11 耶和华说:我知道我向你们所怀的意念是赐平安的意念,不是降灾祸的意念,要叫你们末后有指望。
For eg veit kva tankar eg hev med dykk, segjer Herren, tankar til fred og ikkje til tjon, å gjeva dykk framtid og von.
12 你们要呼求我,祷告我,我就应允你们。
Og de skal påkalla meg og ganga og beda til meg, og eg vil høyra på dykk.
13 你们寻求我,若专心寻求我,就必寻见。
Og de skal søkja meg og finna meg, når de spør etter meg av alt dykkar hjarta.
14 耶和华说:我必被你们寻见,我也必使你们被掳的人归回,将你们从各国中和我所赶你们到的各处招聚了来,又将你们带回我使你们被掳掠离开的地方。这是耶和华说的。
Eg vil då lata dykk finna meg, segjer Herren, og eg vil gjera ende på utlægdi dykkar og samla dykk frå alle dei folki og or alle dei staderne som eg hev drive dykk burt til, segjer Herren, og lata dykk venda tilbake til den staden som eg førde dykk burt ifrå.
15 “你们说:‘耶和华在巴比伦为我们兴起先知’;
For de segjer: «Herren hev reist upp profetar åt oss i Babel.»
16 所以耶和华论到坐大卫宝座的王和住在这城里的一切百姓,就是未曾与你们一同被掳的弟兄,
For so segjer Herren um kongen som sit på Davids kongsstol og um alt folket som bur i denne byen, brørne dykkar som ikkje vart burtførde saman med dykk,
17 万军之耶和华如此说:‘看哪,我必使刀剑、饥荒、瘟疫临到他们,使他们像极坏的无花果,坏得不可吃。
so segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg sender imot deim sverd og svolt og sott og gjer med deim som ein gjer med dei utskjemde fikorne som er so låke at dei ikkje er etande.
18 我必用刀剑、饥荒、瘟疫追赶他们,使他们在天下万国抛来抛去,在我所赶他们到的各国中,令人咒诅、惊骇、嗤笑、羞辱。
Og eg elter deim med sverd, med svolt og med sott, og eg vil gjera deim til ei skræma for alle riki på jord, til ei våbøn og ein støkk, og til ei spott og ei hæding millom alle dei folki som eg driv deim til,
19 耶和华说:这是因为他们没有听从我的话,就是我从早起来差遣我仆人众先知去说的,无奈他们不听。这是耶和华说的。
for di at dei lydde ikkje på mine ord, segjer Herren, då eg sende tenarane mine, profetarne, til deim, jamt og samt, men de høyrde ikkje, segjer Herren.
20 所以你们一切被掳去的,就是我从耶路撒冷打发到巴比伦去的,当听耶和华的话。’”
Men høyr no de Herrens ord, alle de burtførde som eg hev sendt frå Jerusalem til Babel!
21 万军之耶和华—以色列的 神论到哥赖雅的儿子亚哈,并玛西雅的儿子西底家,如此说:“他们是托我名向你们说假预言的,我必将他们交在巴比伦王尼布甲尼撒的手中;他要在你们眼前杀害他们。
So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, um Ahab Kolajason og um Sidkia Ma’asejason som spår lygn åt dykk i mitt namn: Sjå, eg gjev deim i handi på Nebukadressar, Babel-kongen, og han skal drepa deim framfor dykkar augo.
22 住巴比伦一切被掳的犹大人必借这二人赌咒说:‘愿耶和华使你像巴比伦王在火中烧的西底家和亚哈一样。’
Og etter deim skal dei laga ei våbøn, alle dei burtførde or Juda som er i Babel, og segja: «Herren gjere med deg likeins som med Sidkia og Ahab, som Babel-kongen steikte i elden!»
23 这二人是在以色列中行了丑事,与邻舍的妻行淫,又假托我名说我未曾吩咐他们的话。知道的是我,作见证的也是我。这是耶和华说的。”
For dei for med skjemdarverk i Israel og dreiv hor med grannekonorne sine og for med lygne-rødor i mitt namn, slikt som eg ikkje hadde sett deim til; eg veit det då og kann vitna um det, segjer Herren.
24 “论到尼希兰人示玛雅,你当说,
Og dette skal du segja med Semaja, nehelamiten:
25 万军之耶和华—以色列的 神如此说:你曾用自己的名寄信给耶路撒冷的众民和祭司玛西雅的儿子西番雅,并众祭司,说:
So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Du hev sendt brev i ditt namn til alt folket i Jerusalem og til presten Sefanja Ma’asejason og til alle prestarne, og sagt:
26 ‘耶和华已经立你西番雅为祭司,代替祭司耶何耶大,使耶和华殿中有官长,好将一切狂妄自称为先知的人用枷枷住,用锁锁住。
«Herren hev sett deg til prest i staden for presten Jojada, so det skal vera tilsynsmenner i Herrens hus yver alle som er frå vitet gjengne og driv på og spår, so du kann setja deim i stokk og halsjarn.
27 现在亚拿突人耶利米向你们自称为先知,你们为何没有责备他呢?
Kvi hev du då ikkje refst Jeremia frå Anatot som driv og spår åt dykk?
28 因为他寄信给我们在巴比伦的人说:被掳的事必长久。你们要盖造房屋,住在其中;栽种田园,吃其中所产的。’”
For på denne måten hev han kunna gjera ordsending til oss i Babel og sagt: «Dette vert ei lang-æva; bygg hus og bu i deim, planta hagar og et frukti or deim!»»
29 祭司西番雅就把这信念给先知耶利米听。
Og presten Sefanja hadde lese dette brevet upp for profeten Jeremia.
30 于是耶和华的话临到耶利米说:
Då kom Herrens ord til Jeremia; han sagde:
31 “你当寄信给一切被掳的人说:‘耶和华论到尼希兰人示玛雅说:因为示玛雅向你们说预言,我并没有差遣他,他使你们倚靠谎言;
Gjer ordsending til alle dei burtførde og seg: So segjer Herren um Semaja, nehelamiten: Sidan Semaja hev spått åt dykk, endå eg ikkje hev sendt honom, og fenge dykk til å lita på lygn,
32 所以耶和华如此说:我必刑罚尼希兰人示玛雅和他的后裔,他必无一人存留住在这民中,也不得见我所要赐与我百姓的福乐,因为他向耶和华说了叛逆的话。这是耶和华说的。’”
difor, so segjer Herren: Sjå, eg heimsøkjer Semaja, nehelamiten, og avkjømet hans; ingen av deim skal få bu millom dette folket, og han skal ikkje få sjå det gode som eg gjer med folket mitt, segjer Herren, for han hev preika fråfall frå Herren.

< 耶利米书 29 >