< 创世记 12 >

1 耶和华对亚伯兰说:“你要离开本地、本族、父家,往我所要指示你的地去。
Då sagde Herren til Abram: «Far no du ut or landet ditt, burt ifrå folket og farshuset ditt, og til det landet som eg vil syna deg.
2 我必叫你成为大国。我必赐福给你,叫你的名为大;你也要叫别人得福。
Og eg vil gjera deg til eit stort folk, og velsigna deg, og gjera namnet ditt stort. Du skal verta ei velsigning!
3 为你祝福的,我必赐福与他;那咒诅你的,我必咒诅他。地上的万族都要因你得福。”
Og eg vil velsigna deim som velsignar deg, og den som bannar deg, vil eg forbanna; og i deg skal alle folk på jordi velsignast.»
4 亚伯兰就照着耶和华的吩咐去了;罗得也和他同去。亚伯兰出哈兰的时候年七十五岁。
So tok Abram ut, som Herren hadde sagt honom fyre, og Lot var med honom. Og Abram var fem og sytti år gamall, då han flutte frå Kharan.
5 亚伯兰将他妻子撒莱和侄儿罗得,连他们在哈兰所积蓄的财物、所得的人口,都带往迦南地去。他们就到了迦南地。
Og Abram tok med seg Saraj, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde vunne, og det folket dei hadde fenge i Kharan, og dei tok ut og vilde fara til Kana’ans-land, og dei kom til Kana’ans-land.
6 亚伯兰经过那地,到了示剑地方、摩利橡树那里。那时迦南人住在那地。
Og Abram for framigjenom landet, alt til Sikemsbygdi, til Spåmannseiki. Og kananitarne budde då der i landet.
7 耶和华向亚伯兰显现,说:“我要把这地赐给你的后裔。”亚伯兰就在那里为向他显现的耶和华筑了一座坛。
Då synte Herren seg for Abram og sagde: «Dette landet vil eg gjeva ætti di!» Og Abram bygde der eit altar for Herren, som hadde synt seg for honom.
8 从那里他又迁到伯特利东边的山,支搭帐棚;西边是伯特利,东边是艾。他在那里又为耶和华筑了一座坛,求告耶和华的名。
Derifrå flutte han til fjelli austanfor Betel, og sette upp tjeldbudi si so han hadde Betel i vest og Aj i aust. Og der bygde han Herren eit altar, og kalla på Herren.
9 后来亚伯兰又渐渐迁往南地去。
Sidan muna Abram seg etter kvart framigjenom til sudlandet.
10 那地遭遇饥荒。因饥荒甚大,亚伯兰就下埃及去,要在那里暂居。
So vart det uår i landet. Då for Abram ned til Egyptarland, og vilde halda til der; for naudi var stor i landet.
11 将近埃及,就对他妻子撒莱说:“我知道你是容貌俊美的妇人。
Då det leid so langt at dei mest var komne til Egyptarland, sagde han til Saraj, kona si: «Høyr no her du! Eg veit at du er ei fager kona.
12 埃及人看见你必说:‘这是他的妻子’,他们就要杀我,却叫你存活。
Og det kjem til å ganga so, at når egyptarane fær sjå deg, so segjer dei: «Dette er kona hans, » og so slær dei meg i hel, men deg let dei liva.
13 求你说,你是我的妹子,使我因你得平安,我的命也因你存活。”
Kjære deg, seg du er syster mi, so det kann ganga meg vel for di skuld, og eg ikkje skal missa livet!»
14 及至亚伯兰到了埃及,埃及人看见那妇人极其美貌。
Då so Abram kom fram til Egyptarland, såg egyptarane kona, og tykte ho var ovfager.
15 法老的臣宰看见了她,就在法老面前夸奖她。那妇人就被带进法老的宫去。
Og hovdingarne åt Farao såg henne, og rosa henne for Farao. So vart kona henta til huset åt Farao.
16 法老因这妇人就厚待亚伯兰,亚伯兰得了许多牛、羊、骆驼、公驴、母驴、仆婢。
Og Abram gjorde han vel imot for hennar skuld, og han fekk både sauer og naut og asen og drengjer og gjentor og asenfyljor og kamelar.
17 耶和华因亚伯兰妻子撒莱的缘故,降大灾与法老和他的全家。
Men Herren søkte Farao og huset hans med svære plågor for Saraj skuld, kona hans Abram.
18 法老就召了亚伯兰来,说:“你这向我做的是什么事呢?为什么没有告诉我她是你的妻子?
Og Farao kalla Abram til seg og sagde: «Kva er det du hev gjort imot meg! Kvi let du meg ikkje vita at ho var kona di?
19 为什么说她是你的妹子,以致我把她取来要作我的妻子?现在你的妻子在这里,可以带她走吧。”
Kvi sagde du at ho var syster di, so eg tok henne og vilde havt henne til kona? Sjå der hev du kona di! Tak henne og far din veg!»
20 于是法老吩咐人将亚伯兰和他妻子,并他所有的都送走了。
Og Farao sette nokre menner til å fylgja honom ut or landet med kona hans og alt det han åtte.

< 创世记 12 >