< 以西结书 41 >

1 他带我到殿那里量墙柱:这面厚六肘,那面厚六肘,宽窄与会幕相同。
So let han meg koma til tempelsalen. Og han mælte stolparne: seks alner breide på den eine sida og seks alner på hi; det er breiddi på tjeldbudi.
2 门口宽十肘。门两旁,这边五肘,那边五肘。他量殿长四十肘,宽二十肘。
Og dørgapet var ti alner breidt, og sideveggjerne innmed døri var fem alner på kvar sida. So mælte han lengdi på det: fyrti alner, og breiddi: tjuge alner.
3 他到内殿量墙柱,各厚二肘。门口宽六肘,门两旁各宽七肘。
Sidan gjekk han inn i det inste romet. Og han mælte dørstolparne: tvo alner kvar, og døri: seks alner, og breiddi på døri: sju alner.
4 他量内殿,长二十肘,宽二十肘。他对我说:“这是至圣所。”
Og han mælte lengdi på det: tjuge alner, og breiddi: tjuge alner, beint innåt templet! So sagde han med meg: «Dette er det høgheilage.»
5 他又量殿墙,厚六肘;围着殿有旁屋,各宽四肘。
So mælte han husveggen: seks alner, og breiddi på sidekovarne: fire alner, rundt ikring heile huset.
6 旁屋有三层,层叠而上,每层排列三十间。旁屋的梁木搁在殿墙坎上,免得插入殿墙。
Og sidekovarne låg, kove attmed kove, i tri høgder, tretti i rad, og dei rakk inni den muren som huset hadde mot sidekovarne rundt ikring, so dei hadde studnad. Men dei studde seg ikkje i sjølve husveggen.
7 这围殿的旁屋越高越宽;因旁屋围殿悬叠而上,所以越上越宽,从下一层,由中一层,到上一层。
Og viddi rundt ikring auka på for sidekovarne uppetter og uppetter; for hussvali gjekk uppetter og uppetter rundt kringum huset. Difor vidkast huset uppetter, og soleis steig ein upp frå nedste høgdi gjenom den millomste til den høgste.
8 我又见围着殿有高月台。旁屋的根基,高足一竿,就是六大肘。
Og eg såg at huset låg på ein pall som nådde rundt ikring, og grunnvollarne åt sidekovarne var ei full stong, seks alner til kanten.
9 旁屋的外墙厚五肘。旁屋之外还有余地。
Tjukkleiken på utveggen åt sidekovarne var fem alner. Og romet millom sidekovarne på huset
10 在旁屋与对面的房屋中间有空地,宽二十肘。
og hine kovarne hadde ei vidd på tjuge alner kringum huset, rundt ikring.
11 旁屋的门都向余地:一门向北,一门向南。周围的余地宽五肘。
Og inngangarne til sidekovarne låg ut åt dette romet, ein inngang i nord og ein i sud. Og breiddi på romet som var att, var fem alner breidt rundt ikring.
12 在西面空地之后有房子,宽七十肘,长九十肘,墙四围厚五肘。
Og den bygnaden som låg innmed det fråskilde tunet på vestsida, var sytti alner breid, og veggen på bygnaden var fem alner tjukk, rundt ikring, og nitti alner lang.
13 这样,他量殿,长一百肘,又量空地和那房子并墙,共长一百肘。
Og han mælte huset: hundrad alner langt, og det fråskilde tunet og bygnaden med vegg: hundrad alner lange.
14 殿的前面和两旁的空地,宽一百肘。
Og framsida på huset og det fråskilde tunet mot aust var hundrad alner på breidd.
15 他量空地后面的那房子,并两旁的楼廊,共长一百肘。
So mælte han lengdi på den bygnaden som låg på baksida innmed det fråskilde tunet, og svalerne på båe sidor åt bygnaden: hundrad alner. Likeins det indre templet og hallerne i fyregarden,
16 内殿、院廊、门槛、严紧的窗棂,并对着门槛的三层楼廊,从地到窗棂(窗棂都有蔽子),
dørstokkarne og vindaugo med dei faste grindar og svalerne rundt ikring i deira tri høgder, romi innmed dørstokken, som var klædde med tre, rundt ikring, likeins høgdi frå jordi upp åt vindaugo. Og attfyre vindaugo var det lemmar.
17 直到门以上,就是到内殿和外殿内外四围墙壁,都按尺寸用木板遮蔽。
Uppyver døri, både inn imot det indre romet og utetter, og elles utyver heile veggen, innan og utan, var det utmælte bolkar.
18 墙上雕刻基路伯和棕树。每二基路伯中间有一棵棕树,每基路伯有二脸。
Og der var det gjort kerubar og palmor, so at det var ei palma millom tvo kerubar, kvar kerub hadde tvo andlit;
19 这边有人脸向着棕树,那边有狮子脸向着棕树,殿内周围都是如此。
eit mannsandlit mot palma på den eine sida og eit ungløve-andlit mot palma på hi. So var gjort på heile huset rundt ikring.
20 从地至门以上,都有基路伯和棕树。殿墙就是这样。
Frå jordi til uppyver døri var kerubar og palmor gjorde, slik var tempelveggen.
21 殿的门柱是方的。至圣所的前面,形状和殿的形状一样。
Templet hadde firkanta dørskier, og framsida på heilagdomen såg like eins ut.
22 坛是木头做的,高三肘,长二肘。坛角和坛面,并四旁,都是木头做的。他对我说:“这是耶和华面前的桌子。”
Og altaret var av tre, tri alner høgt og tvo alner langt, og det hadde hyrno sine, og langsida og veggjerne var av tre. Og han tala til meg: «Dette er bordet som stend framfor Herrens åsyn.»
23 殿和至圣所的门各有两扇。
Og templet og heilagdomen hadde tvo dører.
24 每扇分两扇,这两扇是折叠的。这边门分两扇,那边门也分两扇。
Og dørerne var tvihurda, kvar hurd med gangjarn; tvihurda var den eine og tvihurda var den andre.
25 殿的门扇上雕刻基路伯和棕树,与刻在墙上的一般。在外头廊前有木槛。
Og på deim, på tempeldørerne, var det gjort kerubar og palmor likeins som på veggjerne. Og det var eit vartak av tre på framsida åt forhalli utantil.
26 廊这边那边都有严紧的窗棂和棕树;殿的旁屋和槛就是这样。
Og det var vindaugo med fast grind og palmor på sideveggjerne åt forhalli, på båe sidor, likeins på sidekovarne i huset og på vartaki.

< 以西结书 41 >