< 以西结书 34 >

1 耶和华的话临到我说:
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 “人子啊,你要向以色列的牧人发预言,攻击他们,说,主耶和华如此说:祸哉!以色列的牧人只知牧养自己。牧人岂不当牧养群羊吗?
Menneskjeson! Spå mot Israels hyrdingar! Spå og seg med deim, med hyrdingarne: So segjer Herren, Herren: Usæle Israels hyrdingar som røktar seg sjølve! Er det ikkje hjordi hyrdingen skal røkta?
3 你们吃脂油、穿羊毛、宰肥壮的,却不牧养群羊。
Feita et de, og med ulli klæder de dykk, og det gjødde slagtar de; hjordi gjæter de ikkje.
4 瘦弱的,你们没有养壮;有病的,你们没有医治;受伤的,你们没有缠裹;被逐的,你们没有领回;失丧的,你们没有寻找;但用强暴严严地辖制。
Det veike hev de ikkje styrkt, og det sjuke hev de ikkje lækt, det beinbrotne hev de ikkje bunde um, og det burtdrivne hev de ikkje sanka, og det burtkomne hev de ikkje leita upp, men de hev fare hardt fram mot deim og med vald.
5 因无牧人,羊就分散;既分散,便作了一切野兽的食物。
Og dei vart spreidde, av di dei var hyrdinglause, og dei vart til føda åt kvart villdyr på marki, og spreidde vart dei.
6 我的羊在诸山间、在各高冈上流离,在全地上分散,无人去寻,无人去找。
Forvilla fer sauerne mine på alle fjell og på alle høge hamrar, og utyver alt landet er sauerne mine spreidde, og ingen spør etter deim, og ingen leitar.
7 “所以,你们这些牧人要听耶和华的话。
Difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord!
8 主耶和华说:我指着我的永生起誓,我的羊因无牧人就成为掠物,也作了一切野兽的食物。我的牧人不寻找我的羊;这些牧人只知牧养自己,并不牧养我的羊。
So sant som eg liver, segjer Herren, sanneleg, etter di sauerne mine er vorte til eit ran, ja, sauerne mine er vortne til føda for åt kvart villdyr på marki, og hyrdingarne mine ikkje spurde etter sauerne mine, men hyrdingarne røkta seg sjølve og ikkje røkta sauerne mine -
9 所以你们这些牧人要听耶和华的话。
difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord!
10 主耶和华如此说:我必与牧人为敌,必向他们的手追讨我的羊,使他们不再牧放群羊;牧人也不再牧养自己。我必救我的羊脱离他们的口,不再作他们的食物。”
So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna hyrdingarne og krevja sauerne mine av deira hand og taka frå deim gjætsla, so hyrdingarne ikkje lenger skal røkta seg sjølve. Og eg vil berga sauerne mine frå deira munn, so dei ikkje skal verta til føda åt deim.
11 “主耶和华如此说:看哪,我必亲自寻找我的羊,将它们寻见。
For so segjer Herren, Herren: Sjå, her er eg sjølv, og eg vil spyrja etter sauerne mine og sjå til deim.
12 牧人在羊群四散的日子怎样寻找他的羊,我必照样寻找我的羊。这些羊在密云黑暗的日子散到各处,我必从那里救回它们来。
Likeins som ein hyrding ser til si hjord den dagen han er millom dei spreidde sauerne sine, soleis vil eg sjå til sauerne mine. Og eg vil berga deim frå alle stader der dei er spreidde på ein dag med skyer og myrkeskodda.
13 我必从万民中领出它们,从各国内聚集它们,引导它们归回故土,也必在以色列山上—一切溪水旁边、境内一切可居之处—牧养它们。
Og eg vil føra deim ut ifrå folkeslagi og sanka deim ut or landi, og føra deim til deira eige land; og eg vil gjæta deim i Israelsfjelli, i dalarne og på alle bustader i landet.
14 我必在美好的草场牧养它们。它们的圈必在以色列高处的山上,它们必在佳美之圈中躺卧,也在以色列山肥美的草场吃草。
I ei god gjætslemark vil eg gjæta deim, og i Israels høge fjell skal deira hamning vera. Der skal dei roa seg i ei god hamning og ganga i feit beitemark i Israelsfjelli.
15 主耶和华说:我必亲自作我羊的牧人,使它们得以躺卧。
Eg sjølv vil gjæta sauerne mine, og eg vil få deim til å roa seg, segjer Herren, Herren.
16 失丧的,我必寻找;被逐的,我必领回;受伤的,我必缠裹;有病的,我必医治;只是肥的壮的,我必除灭,也要秉公牧养它们。
Det burtkomne vil eg leita upp, og det burtdrivne vil eg sanka, og det beinbrotne vil eg binda um, og det sjuke vil eg styrkja. Men det feite og det sterke vil eg tyna; rett vil eg røkta deim.
17 “我的羊群哪,论到你们,主耶和华如此说:我必在羊与羊中间、公绵羊与公山羊中间施行判断。
Og de, sauerne mine - so segjer Herren, Herren -: Sjå, eg dømer millom sauer og sauer, millom verar og bukkar.
18 你们这些肥壮的羊,在美好的草场吃草还以为小事吗?剩下的草,你们竟用蹄践踏了;你们喝清水,剩下的水,你们竟用蹄搅浑了。
Er det ikkje nok åt dykk å ganga i det beste beite, sidan de trakkar ned med føterne det som stend att på beitet dykkar? Er det ikkje nok at de drikk det klåraste vatnet, sidan de rotar upp med føterne det som er att?
19 至于我的羊,只得吃你们所践踏的,喝你们所搅浑的。
Og sauerne mine, dei lyt eta det som de hev trakka med føterne, og drikka det de hev rota upp med føterne.
20 “所以,主耶和华如此说:我必在肥羊和瘦羊中间施行判断。
Difor, so segjer Herren, Herren med deim: Sjå, her er eg sjølv, og eg vil døma millom dei feite sauerne og dei magre sauerne.
21 因为你们用胁用肩拥挤一切瘦弱的,又用角抵触,以致使它们四散。
Etter di de trengjer alle dei veike undan med sida og bog og stangar deim med horni dykkar, til de fær spreidt deim og jaga deim av,
22 所以,我必拯救我的群羊不再作掠物;我也必在羊和羊中间施行判断。
so vil eg berga sauerne mine, og dei skal ikkje lenger vera til ran, og eg vil døma millom sauer og sauer.
23 我必立一牧人照管他们,牧养他们,就是我的仆人大卫。他必牧养他们,作他们的牧人。
Og eg vil reisa upp ein einaste hyrding yver deim, og han skal gjæta deim, min tenar David. Han skal gjæta deim, og han skal vera deira hyrding.
24 我—耶和华必作他们的 神,我的仆人大卫必在他们中间作王。这是耶和华说的。
Eg, Herren, skal vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste millom deim. Eg, Herren, hev tala.
25 “我必与他们立平安的约,使恶兽从境内断绝,他们就必安居在旷野,躺卧在林中。
Og eg vil gjera ei fredspakt med deim og rydja ut udyr or landet, so dei trygt kann bu i øydemarki og sova i skogarne.
26 我必使他们与我山的四围成为福源,我也必叫时雨落下,必有福如甘霖而降。
Og til ei velsigning vil eg gjera deim og landet rundt ikring min haug, eg vil lata det regna i rett tid, eit regn til velsigning skal det vera.
27 田野的树必结果,地也必有出产;他们必在故土安然居住。我折断他们所负的轭,救他们脱离那以他们为奴之人的手;那时,他们就知道我是耶和华。
Og trei på marki skal gjeva si frukt, og jordi skal gjeva si grøda, og dei skal hava det trygt i landet sitt. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg bryt sund stengerne i oket deira, og frelsar deim frå deira hender som trælka deim.
28 他们必不再作外邦人的掠物,地上的野兽也不再吞吃他们;却要安然居住,无人惊吓。
Og dei skal ikkje lenger vera eit ran for folki, og villdyri i landet skal ikkje eta deim upp. Men trygt skal dei bu, og ingen skal skræma deim.
29 我必给他们兴起有名的植物;他们在境内不再为饥荒所灭,也不再受外邦人的羞辱,
Og eg vil laga til ein namngjeten plantehage åt deim, og dei skal aldri meir verta burtrykte av hunger i landet, og aldri meir skal dei tola hæding frå heidningfolki.
30 必知道我、耶和华—他们的 神是与他们同在的,并知道他们—以色列家是我的民。这是主耶和华说的。
Og dei skal sanna at eg, Herren, deira Gud, er med deim, og at dei, Israels-lyden, er mitt folk, segjer Herren, Herren.
31 你们作我的羊,我草场上的羊,乃是以色列人,我也是你们的 神。这是主耶和华说的。”
Og de, sauerne mine, sauerne som eg beiter, menneskje er de. Eg er dykkar Gud segjer, Herren, Herren.

< 以西结书 34 >