< 出埃及记 17 >

1 以色列全会众都遵耶和华的吩咐,按着站口从汛的旷野往前行,在利非订安营。百姓没有水喝,
So tok heile Israels-lyden ut frå Sinheidi, og for dagsleid etter dagsleid, soleis som Herren sagde deim fyre. Sidan lægra dei seg i Refidim; med der fanst det ikkje vatn so folket kunde få drikka.
2 所以与摩西争闹,说:“给我们水喝吧!”摩西对他们说:“你们为什么与我争闹?为什么试探耶和华呢?”
Og folket trætta med Moses og sagde: «Gjev oss vatn, so me fær drikka!» Då sagde Moses med deim: «Kvi trættar de med meg? Kvi freistar de Herren?»
3 百姓在那里甚渴,要喝水,就向摩西发怨言,说:“你为什么将我们从埃及领出来,使我们和我们的儿女并牲畜都渴死呢?”
Men folket tyrsta etter vatn, og dei mukka mot Moses og sagde: «Kvi hev du då ført oss burt frå Egyptarland? Vil du då at me og borni våre og feet vårt skal døy av torste?»
4 摩西就呼求耶和华说:“我向这百姓怎样行呢?他们几乎要拿石头打死我。”
Då ropa Moses til Herren og sagde: «Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge fyrr dei steinar meg!»
5 耶和华对摩西说:“你手里拿着你先前击打河水的杖,带领以色列的几个长老,从百姓面前走过去。
Og Herren sagde til Moses: «Far i veg fyre folket! Få med deg nokre av dei øvste i Israel, og staven din som du slo i elvi med, tak den i handi, og gakk so!
6 我必在何烈的磐石那里,站在你面前。你要击打磐石,从磐石里必有水流出来,使百姓可以喝。”摩西就在以色列的长老眼前这样行了。
Du skal få sjå meg standa midt for augo dine uppyver ei ufs der burte på Horeb; då skal du slå på ufsi, og det skal koma vatn ut or henne, so folket fær drikka.» Moses gjorde som Herren sagde, so dei øvste i Israel såg på det.
7 他给那地方起名叫玛撒,又叫米利巴;因以色列人争闹,又因他们试探耶和华,说:“耶和华是在我们中间不是?”
Den staden kalla han Massa og Meriba, av di at Israels-folket trætta med honom, og av di dei freista Herren og sagde: «Er Herren imillom oss eller ikkje?»
8 那时,亚玛力人来在利非订,和以色列人争战。
Sidan kom Amalek-mennerne og gav seg i strid med Israel i Refidim.
9 摩西对约书亚说:“你为我们选出人来,出去和亚玛力人争战。明天我手里要拿着 神的杖,站在山顶上。”
Då sagde Moses til Josva: «Vel oss ut nokre menner, og tak ut og haldt slag med Amalek-heren, so skal eg i morgon standa øvst på haugen med gudsstaven i handi.»
10 于是约书亚照着摩西对他所说的话行,和亚玛力人争战。摩西、亚伦,与户珥都上了山顶。
Josva gjorde som Moses sagde til honom og slost med Amalek-heren, og Moses og Aron og Hur steig upp på høgste haugen.
11 摩西何时举手,以色列人就得胜,何时垂手,亚玛力人就得胜。
Då gjekk det so at når Moses heldt handi i veret, hadde Israel yvertaket, og når han let handi siga, so vann Amalek.
12 但摩西的手发沉,他们就搬石头来,放在他以下,他就坐在上面。亚伦与户珥扶着他的手,一个在这边,一个在那边,他的手就稳住,直到日落的时候。
Men so tok Moses til å trøytna i henderne; då tok dei ein stein og lagde til rettes for honom; den sette han seg på, og Aron og Hur studde henderne hans, ein på kvar sida. Då heldt han henderne støde alt til soli var gladd.
13 约书亚用刀杀了亚玛力王和他的百姓。
Josva hogg ned Amalek-kongen og folket hans med kvasse sverdet.
14 耶和华对摩西说:“我要将亚玛力的名号从天下全然涂抹了;你要将这话写在书上作纪念,又念给约书亚听。”
Og Herren sagde til Moses: «Skriv dette upp i ei bok, so det ikkje gjeng dykk or minne, og lat Josva feste det i hugen at eg vil rydja ut av jordi alt som ber Amalek-namnet.»
15 摩西筑了一座坛,起名叫“耶和华尼西”,
Då bygde Moses eit altar og kalla det: «Herren er hermerket mitt»,
16 又说:“耶和华已经起了誓,必世世代代和亚玛力人争战。”
og han kvad: «Frå Herrens høgsæte ei hand er lyft! Med ufred søkjer han Amalek, ætt for ætt.»

< 出埃及记 17 >