< 以弗所书 5 >

1 所以,你们该效法 神,好像蒙慈爱的儿女一样。
Vert difor Guds etterfylgjarar som hans kjære born,
2 也要凭爱心行事,正如基督爱我们,为我们舍了自己,当作馨香的供物和祭物,献与 神。
og ferdast i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss til ei gåva og eit offer, Gud til ein hugleg ange!
3 至于淫乱并一切污秽,或是贪婪,在你们中间连提都不可,方合圣徒的体统。
Men utukt og all ureinskap eller havesykja må ikkje eingong verta nemnde millom dykk, so som det sømer seg for heilage,
4 淫词、妄语,和戏笑的话都不相宜;总要说感谢的话。
og skjemdarferd og dårlegt svall og lauslyndt skjemt, som alt saman er usømelegt, men heller takksegjing!
5 因为你们确实地知道,无论是淫乱的,是污秽的,是有贪心的,在基督和 神的国里都是无分的。有贪心的,就与拜偶像的一样。
For dette veit de og skynar, at ingen horkar eller urein eller girug - som er ein avgudsdyrkar - hev arv i Kristi og Guds rike.
6 不要被人虚浮的话欺哄;因这些事, 神的忿怒必临到那悖逆之子。
Lat ingen dåra dykk med tome ord! for av slike ting kjem Guds vreide yver dei vantruande!
7 所以,你们不要与他们同伙。
Hav difor ingen ting saman med deim!
8 从前你们是暗昧的,但如今在主里面是光明的,行事为人就当像光明的子女。
For de var fordom myrker, men no er de ljos i Herren; ferdast som born av ljoset
9 光明所结的果子就是一切良善、公义、诚实。
- for frukti av ljoset syner seg i all godleik og rettferd og sanning -
10 总要察验何为主所喜悦的事。
so de prøver kva som er Herren til hugnad,
11 那暗昧无益的事,不要与人同行,倒要责备行这事的人;
og hav inkje samlag med dei fruktlause gjerningar av myrkret; men refs deim heller!
12 因为他们暗中所行的,就是提起来也是可耻的。
For det som løynlegt vert gjort av deim, er det skamlegt endå berre å tala um;
13 凡事受了责备,就被光显明出来,因为一切能显明的就是光。
men når det vert refst, vert det alt saman openberra av ljoset; for alt som vert openberra, er ljos.
14 所以主说: 你这睡着的人当醒过来, 从死里复活! 基督就要光照你了。
Difor segjer skrifti: «Vakna, du som søv, og statt upp frå dei daude, og Kristus skal lysa for deg!»
15 你们要谨慎行事,不要像愚昧人,当像智慧人。
Sjå difor til korleis de kann ferdast varleg, ikkje som uvise, men som vise,
16 要爱惜光阴,因为现今的世代邪恶。
so de kjøper den laglege tid; for dagarne er vonde!
17 不要作糊涂人,要明白主的旨意如何。
Ver difor ikkje uvituge, men skyna kva Herrens vilje er!
18 不要醉酒,酒能使人放荡;乃要被圣灵充满。
Og fyll dykk ikkje med vin, som det er skamløysa i, men vert fyllte med Anden,
19 当用诗章、颂词、灵歌彼此对说,口唱心和地赞美主。
so de talar til kvarandre med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng og leikar i dykkar hjarto for Herren,
20 凡事要奉我们主耶稣基督的名常常感谢父 神。
og alltid takkar Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn,
21 又当存敬畏基督的心,彼此顺服。
og er kvarandre undergjevne i age for Kristus!
22 你们作妻子的,当顺服自己的丈夫,如同顺服主。
De konor, ver dykkar eigne menn undergjevne som Herren!
23 因为丈夫是妻子的头,如同基督是教会的头;他又是教会全体的救主。
For mannen er hovudet for kona, liksom Kristus er hovudet for kyrkja, han som er frelsaren for sin likam.
24 教会怎样顺服基督,妻子也要怎样凡事顺服丈夫。
Men liksom kyrkja er Kristus undergjevi, so skal og konorne vera sine eigne menner undergjevne i alle ting.
25 你们作丈夫的,要爱你们的妻子,正如基督爱教会,为教会舍己。
De menner, elska konorne dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,
26 要用水借着道把教会洗净,成为圣洁,
so han kunde helga henne, med di han reinsa henne ved vatsbadet i ordet,
27 可以献给自己,作个荣耀的教会,毫无玷污、皱纹等类的病,乃是圣洁没有瑕疵的。
so han kunde framstella kyrkja for seg i herlegdom, utan flekk eller rukka eller noko slikt, men so ho kunde vera heilag og ulasteleg.
28 丈夫也当照样爱妻子,如同爱自己的身子;爱妻子便是爱自己了。
Soleis er mennerne skuldige til å elska konorne sine som sine eigne likamar. Den som elskar si kona, elskar seg sjølv.
29 从来没有人恨恶自己的身子,总是保养顾惜,正像基督待教会一样,
For aldri hev nokon hata sitt eige kjøt, men han føder og fjelgar det, liksom Kristus gjer med kyrkja;
30 因我们是他身上的肢体。
for me er lemer på hans likam.
31 为这个缘故,人要离开父母,与妻子连合,二人成为一体。
Difor skal mannen skiljast med far og mor og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt.
32 这是极大的奥秘,但我是指着基督和教会说的。
Denne løyndomen er stor - men eg tenkjer på Kristus og kyrkja.
33 然而,你们各人都当爱妻子,如同爱自己一样。妻子也当敬重她的丈夫。
Men de og skal elska kvar si kona som seg sjølv, og kona hava age for mannen.

< 以弗所书 5 >