< 申命记 9 >

1 “以色列啊,你当听!你今日要过约旦河,进去赶出比你强大的国民,得着广大坚固、高得顶天的城邑。
Høyr, Israel! No gjeng du yver Jordan, og skal leggja under deg folkeslag som er større og sterkare enn du, svære byar med murar som når radt til himmels,
2 那民是亚衲族的人,又大又高,是你所知道的;也曾听见有人指着他们说:‘谁能在亚衲族人面前站立得住呢?’
eit stort kjempefolk, Anaks-sønerne, som du kjenner, og som du hev høyrt det ordet um: «Kven kann standa seg mot Anaks-sønerne?»
3 你今日当知道,耶和华—你的 神在你前面过去,如同烈火,要灭绝他们,将他们制伏在你面前。这样,你就要照耶和华所说的赶出他们,使他们速速灭亡。
So kom då i hug at Herren, din Gud, gjeng fyre deg som ein øydande eld; han skal tyna deim, og han skal slå deim ned for deg, so du snart fær drive deim burt og rudt deim ut, soleis som Herren hev sagt deg.
4 “耶和华—你的 神将这些国民从你面前撵出以后,你心里不可说:‘耶和华将我领进来得这地是因我的义。’其实,耶和华将他们从你面前赶出去是因他们的恶。
Men når han støyter deim ned framfyre deg, må du ikkje tenkja som so: «For di eg er god og rettvis, hev Herren ført meg hit og gjeve meg dette landet.» Nei, Herren driv desse folki ut for di dei er gudlause.
5 你进去得他们的地,并不是因你的义,也不是因你心里正直,乃是因这些国民的恶,耶和华—你的 神将他们从你面前赶出去,又因耶和华要坚定他向你列祖亚伯拉罕、以撒、雅各起誓所应许的话。
Det er ikkje for di du er god og rettvis, eller for di du er truverdug og ærleg, at du skal koma dit og få landet deira, men for di dei er gudlause, driv Herren deim ut, og av di han vil halda det ordet han gav federne dine, Abraham og Isak og Jakob.
6 “你当知道,耶和华—你 神将这美地赐你为业,并不是因你的义;你本是硬着颈项的百姓。
So skal du då vita at det ikkje er for di rettferd skuld Herren, din Gud, gjev deg dette gilde landet til eiga; for du er eit hardkyndt folk.
7 你当记念不忘,你在旷野怎样惹耶和华—你 神发怒。自从你出了埃及地的那日,直到你们来到这地方,你们时常悖逆耶和华。
Kom i hug og gløym ikkje korleis du arga upp Herren, din Gud, i øydemarki! Alt ifrå den dagen de for frå Egyptarlandet og til de kom hit, hev de sett dykk upp imot Herren.
8 你们在何烈山又惹耶和华发怒;他恼怒你们,要灭绝你们。
Attmed Horeb arga de og Herren, so han vart harm på dykk og vilde rydja dykk ut.
9 我上了山,要领受两块石版,就是耶和华与你们立约的版。那时我在山上住了四十昼夜,没有吃饭,也没有喝水。
Det var den gongen eg gjekk upp på fjellet og skulde taka imot steintavlorne, deim som Herrens pakt med dykk var skrivi på; då var eg på fjellet i fyrti jamdøgar, og gjorde korkje åt eller drakk.
10 耶和华把那两块石版交给我,是 神用指头写的。版上所写的是照耶和华在大会的日子、在山上、从火中对你们所说的一切话。
Og Herren gav meg dei tvo steintavlorne; dei hadde han sjølv skrive på med fingeren sin, og der stod alle dei ordi som han tala til dykk på fjellet, midt utor elden, samkomedagen.
11 过了四十昼夜,耶和华把那两块石版,就是约版,交给我。
Då dei fyrti jamdøgri var lidne, gav Herren meg dei tvo steintavlorne, sambandstavlorne,
12 对我说:‘你起来,赶快下去!因为你从埃及领出来的百姓已经败坏了自己;他们快快地偏离了我所吩咐的道,为自己铸成了偶像。’
og sagde til meg: «Skunda deg ned att; for folket ditt, som du fylgde ut or Egyptarland, hev bore seg stygt åt; det var’kje lenge fyrr dei tok utav den leidi eg synte deim; dei hev støypt seg eit gudebilæte!
13 “耶和华又对我说:‘我看这百姓是硬着颈项的百姓。
Eg hev halde auga med dette folket, » sagde Herren, «og set at det er eit hardkyndt folk.
14 你且由着我,我要灭绝他们,将他们的名从天下涂抹,使你的后裔比他们成为更大更强的国。’
Lat no meg råda, so vil eg gjera ende på deim, og rydja namnet deira ut or verdi, og so vil eg gjera deg til eit folk som er større og sterkare enn dei.»
15 于是我转身下山,山被火烧着,两块约版在我两手之中。
So snudde eg meg, og gjekk ned av fjellet, og fjellet stod i ljos loge; og dei tvo sambandstavlorne bar eg i henderne.
16 我一看见你们得罪了耶和华—你们的 神,铸成了牛犊,快快地偏离了耶和华所吩咐你们的道,
Då fekk eg sjå at de hadde synda mot Herren, dykkar Gud, og støypt dykk ein gullkalv; de hadde alt teke utav den leidi Herren synte dykk.
17 我就把那两块版从我手中扔下去,在你们眼前摔碎了。
So tok eg og kasta båe tavlorne or henderne, og slo deim sund for augo dykkar.
18 因你们所犯的一切罪,行了耶和华眼中看为恶的事,惹他发怒,我就像从前俯伏在耶和华面前四十昼夜,没有吃饭,也没有喝水。
Og sidan låg eg på kne for Herren, liksom fyrre gongen, i fyrti dagar og fyrti næter, og smaka korkje mat eller drikka, for di de hadde ført so stor ei synd yver dykk, og gjort det som Herren mislika, so han vart harm;
19 我因耶和华向你们大发烈怒,要灭绝你们,就甚害怕;但那次耶和华又应允了我。
for eg ottast Herren var vorten so vill og vond på dykk at han vilde rydja dykk ut. Og Herren høyrde bøni mi den gongen og.
20 耶和华也向亚伦甚是发怒,要灭绝他;那时我又为亚伦祈祷。
Aron og var Herren fælande harm på, og vilde tyna honom; og eg laut beda for Aron og den gongen.
21 我把那叫你们犯罪所铸的牛犊用火焚烧,又捣碎磨得很细,以致细如灰尘,我就把这灰尘撒在从山上流下来的溪水中。
Men syndeverket dykkar, kalven, tok eg og kasta på elden, og kruste honom, og mulde honom sund, so han vart til dust, og dusti kasta eg i bekken som renn ned frå fjellet.
22 “你们在他备拉、玛撒、基博罗·哈他瓦又惹耶和华发怒。
I Tabera og Massa og Kibrot-Hatta’ava harma de og Herren.
23 耶和华打发你们离开加低斯·巴尼亚,说:‘你们上去得我所赐给你们的地。’那时你们违背了耶和华—你们 神的命令,不信服他,不听从他的话。
Og då han vilde de skulde taka ut frå Kades-Barnea, og sagde: «Far upp og tak det landet som eg hev gjeve dykk!» då var de ulyduge mot Herren, dykkar Gud, og leit ikkje på honom, og høyrde ikkje på det han sagde;
24 自从我认识你们以来,你们常常悖逆耶和华。
ulyduge mot Herren hev de vore so lenge eg hev kjent dykk.
25 “我因耶和华说要灭绝你们,就在耶和华面前照旧俯伏四十昼夜。
So låg eg då på kne for Herren alle dei fyrti dagarne og næterne som de veit; for Herren hadde sagt at han vilde tyna dykk.
26 我祈祷耶和华说:‘主耶和华啊,求你不要灭绝你的百姓。他们是你的产业,是你用大力救赎的,用大能从埃及领出来的。
Og eg bad til Herren og sagde: «Herre, min Gud, gjer ikkje ende på ditt eige folk, som du hev fria ut med di allmagt, og leidt ut or Egyptarland med di sterke hand!
27 求你记念你的仆人亚伯拉罕、以撒、雅各,不要想念这百姓的顽梗、邪恶、罪过,
Kom i hug tenarane dine, Abraham og Isak og Jakob, og tenk ikkje på kor hardt og gudlaust og syndugt det er, dette folket!
28 免得你领我们出来的那地之人说,耶和华因为不能将这百姓领进他所应许之地,又因恨他们,所以领他们出去,要在旷野杀他们。
Elles kunne dei segja so som i det landet du hev ført oss utor: «Herren var ikkje god til å fylgja deim fram til det landet han hadde lova deim, og han hata deim og; difor førde han deim ut i øydemarki, og let deim døy der.»
29 其实他们是你的百姓,你的产业,是你用大能和伸出来的膀臂领出来的。’”
Dei er då din eigen lyd, som du hev leidt ut med di store magt og din sterke arm.»

< 申命记 9 >