< 使徒行传 27 >

1 非斯都既然定规了,叫我们坐船往意大利去,便将保罗和别的囚犯交给御营里的一个百夫长,名叫犹流。
Då det no var avgjort at me skulde sigla av stad til Italia, gav dei både Paulus og nokre andre fangar yver til ein hovudsmann med namnet Julius ved den keisarlege herflokken.
2 有一只亚大米田的船,要沿着亚细亚一带地方的海边走,我们就上了那船开行;有马其顿的帖撒罗尼迦人亚里达古和我们同去。
Me gjekk då um bord på eit skip frå Adramyttium, som skulde sigla frammed Asialandet, og so lagde me ut; Aristarkus, ein makedonar frå Tessalonika, var med oss.
3 第二天,到了西顿;犹流宽待保罗,准他往朋友那里去,受他们的照应。
Og den andre dagen for me inn til Sidon, og Julius, som var menneskjekjærleg mot Paulus, let honom få ganga til venerne sine og njota godt av deira omsut.
4 从那里又开船,因为风不顺,就贴着塞浦路斯背风岸行去。
Derifrå for me ut og siglde inn under Kypern, av di det var motvind.
5 过了基利家、旁非利亚前面的海,就到了吕家的每拉。
Og då me hadde siglt yver havet ved Kilikia og Pamfylia, kom me til Myra i Lykia.
6 在那里,百夫长遇见一只亚历山大的船,要往意大利去,便叫我们上了那船。
Der fann hovudsmannen eit skip frå Aleksandria, som skulde til Italia, og han sette oss um bord i det.
7 一连多日,船行得慢,仅仅来到革尼土的对面。因为被风拦阻,就贴着克里特背风岸,从撒摩尼对面行过。
I mange dagar gjekk det no seint med siglingi, og det var med naud me vann fram imot Knidus; då vinden var imot, heldt me inn under Kreta ved Salmone,
8 我们沿岸行走,仅仅来到一个地方,名叫佳澳;离那里不远,有拉西亚城。
og det var med naud me vann framum der og kom til ein stad som vert kalla Godhamn, nær ved ein by Lasæa.
9 走的日子多了,已经过了禁食的节期,行船又危险,保罗就劝众人说:
Då lang tid var lidi, og det alt var fårleg å ferdast på sjøen, etter som jamvel fastetidi var ute, vara Paulus deim og sagde:
10 “众位,我看这次行船,不但货物和船要受损伤,大遭破坏,连我们的性命也难保。”
«Menner, eg ser at sjøferdi vil vera eit våverk og til stor skade ikkje berre farm og skip, men og for vårt eige liv.»
11 但百夫长信从掌船的和船主,不信从保罗所说的。
Men hovudsmannen hadde betre tru til styrmannen og skiperen enn til det som Paulus sagde.
12 且因在这海口过冬不便,船上的人就多半说,不如开船离开这地方,或者能到菲尼基过冬。菲尼基是克里特的一个海口,一面朝东北,一面朝东南。
Og då hamni var ulagleg til vinterlægje, tok dei fleste den rådi å leggja ut ogso derifrå, um dei skulde kunna vinna fram og taka vinterlægje i Føniks, ei hamn på Kreta, som vender mot sudvest og nordvest.
13 这时,微微起了南风,他们以为得意,就起了锚,贴近克里特行去。
Då det no bles ein linn sunnanvind, tenkte dei at dei kunde fullføra si rådgjerd. Dei letta då og heldt tett frammed Kreta.
14 不多几时,狂风从岛上扑下来;那风名叫“友拉革罗”。
Men ikkje lenge etter kom det ein kvervelstorm som vert kalla eurakylon, og kasta seg mot øyi;
15 船被风抓住,敌不住风,我们就任风刮去。
då skipet kom på rek og ikkje kunde halda seg upp mot vinden, gav me det upp og let oss driva.
16 贴着一个小岛的背风岸奔行,那岛名叫高大,在那里仅仅收住了小船。
Me gjekk då inn under ei liti øy, som vert kalla Klauda, og det var med naud me fekk berga inn båten;
17 既然把小船拉上来,就用缆索捆绑船底,又恐怕在赛耳底沙滩上搁了浅,就落下篷来,任船飘去。
då dei hadde fenge honom inn, tok dei til naudhjelp og surra skipet med tog. Og då dei var rædde for å driva ned på Syrten, strika dei seglet og dreiv på den måten.
18 我们被风浪逼得甚急,第二天众人就把货物抛在海里。
Då me leid mykje vondt av veret, kasta dei den andre dagen farmen yver bord,
19 到第三天,他们又亲手把船上的器具抛弃了。
og tridje dagen kasta me ut skipsreidskapen med eigne hender.
20 太阳和星辰多日不显露,又有狂风大浪催逼,我们得救的指望就都绝了。
Sidan korkje sol eller stjernor synte seg på fleire dagar, og veret stod stridt på, var det no reint ute med all von um å verta berga.
21 众人多日没有吃什么,保罗就出来站在他们中间,说:“众位,你们本该听我的话,不离开克里特,免得遭这样的伤损破坏。
Og då dei ikkje hadde fenge mat på lenge, steig Paulus fram midt imillom deim og sagde: «Menner, de skulde ha fylgt mi råd og ikkje fare frå Kreta og so sloppe for dette våverket og denne skaden.
22 现在我还劝你们放心,你们的性命一个也不失丧,惟独失丧这船。
Og no manar eg dykk til å vera ved godt mod; for ikkje ei sjæl av dykk skal forgangast, men berre skipet.
23 因我所属所事奉的 神,他的使者昨夜站在我旁边,说:
For i natt stod det framfyre meg ein engel frå den Gud som eg tilhøyrer, og som eg tener, og han sagde:
24 ‘保罗,不要害怕,你必定站在凯撒面前,并且与你同船的人, 神都赐给你了。’
«Ver ikkje rædd, Paulus! du skal stella deg fram for keisaren; og sjå, Gud hev gjeve deg alle deim som siglar med deg.»
25 所以众位可以放心,我信 神他怎样对我说,事情也要怎样成就。
Difor, menner, ver ved godt mod, for eg lit på Gud, at det skal verta so som det er sagt meg.
26 只是我们必要撞在一个岛上。”
Men på ei øy skal me stranda.»
27 到了第十四天夜间,船在亚得里亚海飘来飘去。约到半夜,水手以为渐近旱地,
Då den fjortande natti kom, og me dreiv ikring i Adriatarhavet, merka sjøfolki ved midnatt at det bar nær til land.
28 就探深浅,探得有十二丈;稍往前行,又探深浅,探得有九丈。
Og då dei lodda, fann dei tjuge famnar. Men då dei var komne ei lite stykke derifrå og lodda på nytt, fann dei femtan famnar.
29 恐怕撞在石头上,就从船尾抛下四个锚,盼望天亮。
Og då dei var rædde for at dei skulde støyta på skjer nokon stad, kasta dei fire anker frå bakstamnen; og dei stunda på at det måtte verta dag.
30 水手想要逃出船去,把小船放在海里,假作要从船头抛锚的样子。
Men sjømennerne freista å røma burt frå skipet og sette båten på sjøen og lest vilja føra anker ut frå framstamnen;
31 保罗对百夫长和兵丁说:“这些人若不等在船上,你们必不能得救。”
då sagde Paulus til hovudsmannen og hermennerne: «Dersom ikkje desse der vert verande um bord på skipet, so kann de ikkje verta berga.»
32 于是兵丁砍断小船的绳子,由它飘去。
Då hogg hermennerne togi til båten av, og slepte honom ned.
33 天渐亮的时候,保罗劝众人都吃饭,说:“你们悬望忍饿不吃什么,已经十四天了。
Då det so leid mot dag, bad Paulus alle å taka føda, og han sagde: «I dag er det den fjortande dagen som de ventar fastande, og ikkje fær dykk mat.
34 所以我劝你们吃饭,这是关乎你们救命的事;因为你们各人连一根头发也不至于损坏。”
Difor bed eg dykk å taka føda; dette høyrer med til dykkar berging; for det skal ikkje forkomast eit hår av hovudet på nokon av dykk.»
35 保罗说了这话,就拿着饼,在众人面前祝谢了 神,擘开吃。
Då han hadde sagt dette, tok han eit brød og takka Gud for augo på alle, og han braut det og tok til å eta.
36 于是他们都放下心,也就吃了。
Då vart dei alle ved godt mod og tok føda, dei og.
37 我们在船上的共有二百七十六个人。
Me var i det heile tvo hundrad og seks og sytti sjæler um bord på skipet.
38 他们吃饱了,就把船上的麦子抛在海里,为要叫船轻一点。
Og då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å kasta matvarorne i sjøen.
39 到了天亮,他们不认识那地方,但见一个海湾,有岸可登,就商议能把船拢进去不能。
Då det no vart dag, kjende dei ikkje landet, men dei vart vare ei vik som hadde ei flat strand; der vilde dei setja skipet på land, um det var mogelegt.
40 于是砍断缆索,弃锚在海里;同时也松开舵绳,拉起头篷,顺着风向岸行去。
Og dei slepte ankeri og let deim etter i havet, medan dei og løyste togi som dei hadde bunde styri med, og då dei hadde vunde seglet upp for vinden, heldt dei inn imot strandi.
41 但遇着两水夹流的地方,就把船搁了浅;船头胶住不动,船尾被浪的猛力冲坏。
Men dei dreiv inn på ein grunne med djup sjø på båe sidor, og skipet støytte på; og framstamnen, som sette seg fast, vart standande urørleg, men bakstamnen vart sundslegen av det sterke bårebrotet.
42 兵丁的意思要把囚犯杀了,恐怕有洑水脱逃的。
No vilde hermennerne drepa fangarne, so ingen skulde symja burt og røma.
43 但百夫长要救保罗,不准他们任意而行,就吩咐会洑水的,跳下水去先上岸;
Men hovudsmannen, som vilde berga Paulus, hindra deim i denne rådi og gav det påbodet at dei som kunde symja, fyrst skulde kasta seg ut og koma i land,
44 其余的人可以用板子或船上的零碎东西上岸。这样,众人都得了救,上了岸。
og so dei andre, sume på bordstubbar, andre på stykke av skipet. Og soleis hende det seg at alle vart berga i land.

< 使徒行传 27 >