< 撒母耳记下 12 >

1 耶和华差遣拿单去见大卫。拿单到了大卫那里,对他说:“在一座城里有两个人:一个是富户,一个是穷人。
Og Herren sende Natan til David. Då han kom inn til honom, sagde han med honom: «Det var tvo menner i ein by; den eine var rik, og den andre var fatig.
2 富户有许多牛群羊群;
Rikmannen åtte bufe og smale i rikleg mengd.
3 穷人除了所买来养活的一只小母羊羔之外,别无所有。羊羔在他家里和他儿女一同长大,吃他所吃的,喝他所喝的,睡在他怀中,在他看来如同女儿一样。
Fatigmannen åtte inkje anna enn eit lite saulamb, som han hadde kjøpt og ale upp, og som voks upp inne hjå honom og sønerne hans, i lag med deim; det åt av brødbiten hans og drakk av staupet hans, og låg i fanget hans og var som ei dotter for honom.
4 有一客人来到这富户家里;富户舍不得从自己的牛群羊群中取一只预备给客人吃,却取了那穷人的羊羔,预备给客人吃。”
So kom ein vegfarande mann til rikmannen. Då timdest han ikkje taka av sine eigne sauer eller naut sine og laga til åt ferdamannen som var komen til honom, men tok saulambet åt fatigmannen og laga til åt mannen som var komen til honom.»
5 大卫就甚恼怒那人,对拿单说:“我指着永生的耶和华起誓,行这事的人该死!
Då loga harmen veldug upp i David mot mannen, og han sagde til Natan: «So sant Herren liver: den mannen som det hev gjort, skal lata livet;
6 他必偿还羊羔四倍;因为他行这事,没有怜恤的心。”
og saulambet skal han bøta firfaldt, for di han for soleis fram og var so hjartelaus.»
7 拿单对大卫说:“你就是那人!耶和华—以色列的 神如此说:‘我膏你作以色列的王,救你脱离扫罗的手。
Natan svara: «Du er mannen. So segjer Herren, Israels Gud: «Eg salva deg til konge yver Israel; eg frelste deg or Sauls hand.
8 我将你主人的家业赐给你,将你主人的妻交在你怀里,又将以色列和犹大家赐给你;你若还以为不足,我早就加倍地赐给你。
Eg gav deg huset åt herren din, og konorne åt herren din lagde eg i ditt fang. Eg sette deg yver Israels hus og Judas hus. Og var det for lite, so hadde eg gjeve deg endå meir både av eitt og hitt.
9 你为什么藐视耶和华的命令,行他眼中看为恶的事呢?你借亚扪人的刀杀害赫人乌利亚,又娶了他的妻为妻。
Kvifor hev du då vanvyrdt Herrens ord, og gjort det som er ilt i hans augo? Hetiten Uria hev du drepe med sverd, og kona hans hev du teke til kona åt deg sjølv! Honom myrde du med ammonitarsverd.
10 你既藐视我,娶了赫人乌利亚的妻为妻,所以刀剑必永不离开你的家。’
Difor skal no sverdet aldri vika frå ditt hus, av di du vanvyrde meg og tok kona åt hetiten Uria til kona åt deg sjølv.»
11 耶和华如此说:‘我必从你家中兴起祸患攻击你;我必在你眼前把你的妃嫔赐给别人,他在日光之下就与她们同寝。
So segjer Herren: «Sjå, eg let ulukke koma yver deg frå ditt eige hus. Konorne dine tek eg burt frå augo dine og gjev deim åt ein annan, so han ligg med konorne dine midt på ljose dagen.
12 你在暗中行这事,我却要在以色列众人面前,日光之下,报应你。’”
Du let det henda i løyndom; eg let dette henda midt på ljose dagen, so heile Israel er vitne til det.»»
13 大卫对拿单说:“我得罪耶和华了!”拿单说:“耶和华已经除掉你的罪,你必不至于死。
David svara Natan: «Synda hev eg mot Herren.» Natan sagde til David: «So hev Herren ogso ettergjeve deg skuldi di; du skal ikkje døy.
14 只是你行这事,叫耶和华的仇敌大得亵渎的机会,故此,你所得的孩子必定要死。”
Men av di du hev fenge Herrens fiendar til å spotta honom for denne sak skuld, so skal heller ikkje den sonen du hev fenge vera liv lage.»
15 拿单就回家去了。 耶和华击打乌利亚妻给大卫所生的孩子,使他得重病。
So gjekk Natan heim. Men Herren søkte med sott det barnet David hadde fenge med kona hans Uria.
16 所以大卫为这孩子恳求 神,而且禁食,进入内室,终夜躺在地上。
David spurde Gud for barnet. Og David fasta. Og når han kom heim og skulde leggja seg um natti, lagde han seg på golvet.
17 他家中的老臣来到他旁边,要把他从地上扶起来,他却不肯起来,也不同他们吃饭。
Dei øvste tenarane hans gjekk upp til honom og freista reisa honom upp frå golvet. Men han vilde ikkje. Heller ikkje heldt han måltid i lag med deim.
18 到第七日,孩子死了。大卫的臣仆不敢告诉他孩子死了,因他们说:“孩子还活着的时候,我们劝他,他尚且不肯听我们的话,若告诉他孩子死了,岂不更加忧伤吗?”
Sjuande dagen døydde barnet. Då våga ikkje tenarane åt David melda honom at barnet hadde slokna. Dei tenkte: «Tala me til honom med barnet var i live, so lydde han ikkje på oss; kor kann me då melda honom at barnet hev slokna? Han kunde gjera ei ulukka!»
19 大卫见臣仆彼此低声说话,就知道孩子死了,问臣仆说:“孩子死了吗?”他们说:“死了。”
Men David gådde at tenarane kviskra saman, og han skyna barnet var dåe. David spurde tenarane: «Hev barnet slokna?» Dei svara ja.
20 大卫就从地上起来,沐浴,抹膏,换了衣裳,进耶和华的殿敬拜;然后回宫,吩咐人摆饭,他便吃了。
Då reis David upp frå golvet, vaska seg, salva seg, skifte klæde, gjekk inn i Herrens hus og kasta seg ned for honom. Og då han kom heim, bad han um mat. Dei fram mat åt honom, og han tok til å eta.
21 臣仆问他说:“你所行的是什么意思?孩子活着的时候,你禁食哭泣;孩子死了,你倒起来吃饭。”
Då spurde tenarane honom: «Korleis heng dette i hop? So lenge barnet var i live, fasta du og gret for det; men når barnet hev slokna, ris du upp og held måltid!»
22 大卫说:“孩子还活着,我禁食哭泣;因为我想,或者耶和华怜恤我,使孩子不死也未可知。
Han svara: «So lenge barnet var i live, fasta eg og gret. Eg tenkte: «Kven veit? kann henda Herren vil miskunna meg og lata barnet liva!»
23 孩子死了,我何必禁食,我岂能使他返回呢?我必往他那里去,他却不能回我这里来。”
Men kvifor skulde eg fasta no det er dåe? Kann eg få det att meir? Eg skal fara til honom. Men han kjem ikkje att til meg.»
24 大卫安慰他的妻拔示巴,与她同寝,她就生了儿子,给他起名叫所罗门。耶和华也喜爱他,
David trøysta Batseba, kona si. Han budde hjå henne og låg med henne. Ho åtte ein son, som han gav namnet Salomo. Honom hadde Herren kjær.
25 就借先知拿单赐他一个名字,叫耶底底亚,因为耶和华爱他。
Han sende bod med profeten Natan. Og han gav honom namnet Jedidja for Herrens skuld.
26 约押攻取亚扪人的京城拉巴。
Joab gjorde åtak på hovudstaden Rabba i Ammonitarlandet, og hertok byen.
27 约押打发使者去见大卫,说:“我攻打拉巴,取其水城。
So sende Joab bod til David og melde: «Eg hev gjort åtak på Rabba og hev teke vats-byen.
28 现在你要聚集其余的军兵来,安营围攻这城,恐怕我取了这城,人就以我的名叫这城。”
Stemn no i hop resten av folket! Kringset og tak byen, so det ikkje skal heitast at eg hev teke byen, og fær ordet for det!»
29 于是大卫聚集众军,往拉巴去攻城,就取了这城,
David stemnde då saman alt herfolket, drog til Rabba, gjorde åtak og tok byen.
30 夺了亚扪人之王所戴的金冠冕,其上的金子重一他连得,又嵌着宝石。人将这冠冕戴在大卫头上。大卫从城里夺了许多财物,
Han tok kongekruna frå hovudet på kongen. Ho var av gull og vog vel tvo vågar og var prydd med ein glimestein. Ho vart no sett på Davids hovud. Eit veldugt herfang førde han heim frå byen.
31 将城里的人拉出来,放在锯下,或铁耙下,或铁斧下,或叫他经过砖窑;大卫待亚扪各城的居民都是如此。其后,大卫和众军都回耶路撒冷去了。
Folket i byen slæpte han burt, og sette til arbeid ved sagbruki, med treskjevalsorne av jarn og med jarnøksarne, og let deim træla ved tiglomnarne. Soleis gjorde han med alle ammonitarne. So snudde David med alt folket heim att til Jerusalem.

< 撒母耳记下 12 >