< 列王纪下 1 >

1 亚哈死后,摩押背叛以色列。
Etter Ahab var dåen, reiv Moab seg laus frå Israel.
2 亚哈谢在撒马利亚,一日从楼上的栏杆里掉下来,就病了;于是差遣使者说:“你们去问以革伦的神巴力·西卜,我这病能好不能好。”
Ahazja låg sjuk, av di han hadde dotte ned millom handridet på loftstova si i Samaria. Han gjorde då av stad ei sendeferd og baud deim fara av og spyrja Ekronguden Ba’al-Zebub um han skulde koma seg av denne sjukdomen.
3 但耶和华的使者对提斯比人以利亚说:“你起来,去迎着撒马利亚王的使者,对他们说:‘你们去问以革伦神巴力·西卜,岂因以色列中没有 神吗?’
Herrens engel sagde då til Elia frå Tisbe: «Gakk til møtes med sendeferdi frå Samaria og seg med deim: «Finst det ingen Gud i Israel, sidan de fer av og fretter Ekronguden Ba’al-Zebub?
4 所以耶和华如此说:‘你必不下你所上的床,必定要死!’”以利亚就去了。
Difor, so segjer Herren: «Or sengi du er lagt i, skal du ikkje koma upp att; du skal døy.»»» Og Elia gjekk.
5 使者回来见王,王问他们说:“你们为什么回来呢?”
Sendeferdi snudde dermed heim att til kongen. Han spurde: «Kvifor kjem de att?»
6 使者回答说:“有一个人迎着我们来,对我们说:‘你们回去见差你们来的王,对他说:耶和华如此说,你差人去问以革伦神巴力·西卜,岂因以色列中没有 神吗?所以你必不下所上的床,必定要死。’”
Dei svara: «Det kom ein mann til møtes med oss. «Snu heim att til kongen som sende dykk, » sagde han, «og meld honom at so segjer Herren: «Finst det ingen Gud i Israel, sidan du sender bod og fretter Ekronguden Ba’al-Zebub? Difor, or sengi du er lagd i, skal du ikkje koma upp att; du skal døy.»»»
7 王问他们说:“迎着你们来告诉你们这话的,是怎样的人?”
Kongen spurde: «Korleis såg han ut, den mannen som møtte dykk og tale soleis med dykk?»
8 回答说:“他身穿毛衣,腰束皮带。”王说:“这必是提斯比人以利亚。”
«Han gjekk med hårkyrtel, » svara dei, «og hadde lerbelte kring livet.» «Det var Elia frå Tisbe, » sagde han.
9 于是,王差遣五十夫长,带领五十人去见以利亚,他就上到以利亚那里;以利亚正坐在山顶上。五十夫长对他说:“神人哪,王吩咐你下来!”
So sende han ein femtimanns-førar med sine femti mann til honom. Han kom upp til honom der han sat øvst på fjellet, og ropa til honom: «Du gudsmann, kongen byd deg koma ned!»
10 以利亚回答说:“我若是神人,愿火从天上降下来,烧灭你和你那五十人!”于是有火从天上降下来,烧灭五十夫长和他那五十人。
Elia svara femtimanns-føraren: «So sant eg er ein gudsmann, so fare eld ned frå himmelen og øyde deg og dine femti mann!» Og det for ned eld frå himmelen og øydde både honom og dei femti han førde.
11 王第二次差遣一个五十夫长,带领五十人去见以利亚。五十夫长对以利亚说:“神人哪,王吩咐你快快下来!”
So sende han til honom ein annan femtimanns-førar med sine femti mann. Han tok til ords og sagde til honom: «Du gudsmann, so segjer kongen: «Kom ned snøggast du kann!»»
12 以利亚回答说:“我若是神人,愿火从天上降下来,烧灭你和你那五十人!”于是 神的火从天上降下来,烧灭五十夫长和他那五十人。
Elia svara: «So sant som eg er ein gudsmann, so fare eld ned frå himmelen og øyde deg og dine femti mann!» Det for då ned eld frå himmelen og øydde både honom og dei femti mann han førde.
13 王第三次差遣一个五十夫长,带领五十人去。这五十夫长上去,双膝跪在以利亚面前,哀求他说:“神人哪,愿我的性命和你这五十个仆人的性命在你眼前看为宝贵!
Då sende han ein tridje femtimanns-førar med femti mann til. Denne tridje femtimanns-føraren drog upp og fall på kne for Elia og naudbad honom: «Du gudsmann! lat mitt liv og livet åt desse femti tenarane dine vera dyrt i dine augo!
14 已经有火从天上降下来,烧灭前两次来的五十夫长和他们各自带的五十人;现在愿我的性命在你眼前看为宝贵!”
Du veit at eld for ned frå himmelen og øydde båe dei fyrre førarane og deira femtimanns-tropp. Haldt no mitt liv dyrt!»
15 耶和华的使者对以利亚说:“你同着他下去,不要怕他!”以利亚就起来,同着他下去见王,
Då sagde Herrens engel til Elia: «Gakk med honom! Ver ikkje rædd for honom!» So stod han upp og gjekk med honom til kongen.
16 对王说:“耶和华如此说:‘你差人去问以革伦神巴力·西卜,岂因以色列中没有 神可以求问吗?所以你必不下所上的床,必定要死!’”
Og sagde til honom: «So segjer Herren: «Av di du gjorde av stad ei sendeferd til å fretta Ekronguden Ba’al-Zebub - nett som det ingen Gud vore i Israel til å spyrja um det - difor skal du ikkje koma upp or sengi du er lagd i; du skal døy!»»
17 亚哈谢果然死了,正如耶和华借以利亚所说的话。因他没有儿子,他兄弟约兰接续他作王,正在犹大王约沙法的儿子约兰第二年。
Og han døydde so som Herren tala ved Elia. Og Joram vart konge etter honom; for han hadde ingen son. Dette hende i andre styringsåret åt Juda-kongen Joram Josafatsson.
18 亚哈谢其余所行的事都写在以色列诸王记上。
Det som elles er å fortelja um Ahazja, det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

< 列王纪下 1 >