< 历代志下 20 >

1 此后,摩押人和亚扪人,又有米乌尼人,一同来攻击约沙法。
Sidan hende det, at Moabs-sønerne og Ammons-sønerne og nokre av me’unitarne saman med deim drog i herferd mot Josafat.
2 有人来报告约沙法说:“从海外亚兰那边有大军来攻击你,如今他们在哈洗逊·他玛,就是隐·基底。”
Og dei kom og melde det til Josafat og sagde: «Det kjem ein stor hop imot deg frå landi på hi sida havet, frå Syria, og dei er i Haseson-Tamar, det er En-Gedi.»
3 约沙法便惧怕,定意寻求耶和华,在犹大全地宣告禁食。
Då vart Josafat rædd og tok til å søkja Herren, og lyste ut ei fasta yver heile Juda.
4 于是犹大人聚会,求耶和华帮助。犹大各城都有人出来寻求耶和华。
Då kom Juda saman og søkte hjelp hjå Herren, og dei kom frå alle Juda-byarne og søkte Herren.
5 约沙法就在犹大和耶路撒冷的会中,站在耶和华殿的新院前,
Men Josafat stelte seg i samlingslyden frå Juda og Jerusalem i Herrens hus, framanfor den nye tunet,
6 说:“耶和华—我们列祖的 神啊,你不是天上的 神吗?你不是万邦万国的主宰吗?在你手中有大能大力,无人能抵挡你。
og han sagde: «Herre, vår fedregud! Du er då Gud i himmelen, du råder yver alle heidningriki, i di hand er det kraft og velde, og imot deg kann ingen standa seg.
7 我们的 神啊,你不是曾在你民以色列人面前驱逐这地的居民,将这地赐给你朋友亚伯拉罕的后裔永远为业吗?
Hev ikkje du, vår Gud, jaga burt ibuarane i dette landet for Israel, folket ditt, og gjeve det til ættingarne åt Abraham, venen din, for alder og æva?
8 他们住在这地,又为你的名建造圣所,说:
Og dei busette seg i det og bygde deg ein heilagdom der for ditt namn, med di dei og sagde:
9 ‘倘有祸患临到我们,或刀兵灾殃,或瘟疫饥荒,我们在急难的时候,站在这殿前向你呼求,你必垂听而拯救,因为你的名在这殿里。’
«Um det kjem nokor ulukka yver oss, sverd, straffedom, farsott eller hungersnaud, då vil me stella oss upp framanfor dette huset for di åsyn, for namnet ditt bur i dette huset; og me vil ropa til deg i naudi vår, og so vil du høyra og hjelpa.»
10 从前以色列人出埃及地的时候,你不容以色列人侵犯亚扪人、摩押人,和西珥山人,以色列人就离开他们,不灭绝他们。
Sjå no Ammons-sønerne og Moab og folket ifrå Se’irfjelli - du gav ikkje Israel lov til å trengja inn i deira land då dei kom frå Egyptarlandet, difor heldt dei seg burte frå deim og øyde deim ikkje -
11 看哪,他们怎样报复我们,要来驱逐我们出离你的地,就是你赐给我们为业之地。
sjå no korleis dei løner oss, med di dei kjem og vil jaga oss burt ifrå eigedomen din, som du hev gjeve oss til eiga.
12 我们的 神啊,你不惩罚他们吗?因为我们无力抵挡这来攻击我们的大军,我们也不知道怎样行,我们的眼目单仰望你。”
Vår Gud, vil du då ikkje halda dom yver deim? for hjå oss er det ingi kraft imot denne velduge hopen, som kastar seg yver oss, og me veit ikkje kva me skal gjera, men vender augo våre imot deg.»
13 犹大众人和他们的婴孩、妻子、儿女都站在耶和华面前。
Og heile Juda stod framfor Herrens åsyn, ja, småborni og konorne og sønerne deira var med.
14 那时,耶和华的灵在会中临到利未人亚萨的后裔—玛探雅的玄孙,耶利的曾孙,比拿雅的孙子,撒迦利雅的儿子雅哈悉。
Då kom Herrens ande yver leviten Jahaziel, son åt Zakarja, son åt Benaja, son åt Je’iel, son åt Mattanja, av Asafs søner, midt i lyden,
15 他说:“犹大众人、耶路撒冷的居民,和约沙法王,你们请听。耶和华对你们如此说:‘不要因这大军恐惧惊惶;因为胜败不在乎你们,乃在乎 神。
og han sagde: «Lyd etter, heile Juda og de Jerusalems-buar og du kong Josafat! So segjer Herren til dykk: «Ottast ikkje og ræddast ikkje for denne megtige hopen! for striden er ikkje dykkar, men Guds sak.
16 明日你们要下去迎敌,他们是从洗斯坡上来,你们必在耶鲁伊勒旷野前的谷口遇见他们。
Drag ned imot deim i morgon, då vil dei stiga upp etter vegen ved Hassis, og de skal råka deim ved enden av dalen imot Jeruel-øydemarki.
17 犹大和耶路撒冷人哪,这次你们不要争战,要摆阵站着,看耶和华为你们施行拯救。不要恐惧,也不要惊惶。明日当出去迎敌,因为耶和华与你们同在。’”
Men dermed er de ikkje dykkar sak å strida, men de skal stella dykk upp og standa stilt og sjå på korleis Herren frelser dykk, de frå Juda og Jerusalem. Ottast ikkje og ræddast ikkje, men drag imot deim i morgon, so skal Herren vera med dykk.»»
18 约沙法就面伏于地,犹大众人和耶路撒冷的居民也俯伏在耶和华面前,叩拜耶和华。
Då bøygde Josafat seg med andlitet til jordi, og heile Juda og alle Jerusalems-buarne fall ned for Herren og tilbad Herren.
19 哥辖族和可拉族的利未人都起来,用极大的声音赞美耶和华以色列的 神。
Men levitarne av kahatitsønerne og korahitsønerne stod upp og lova Herren, Israels Gud, med overlag høg røyst.
20 次日清早,众人起来往提哥亚的旷野去。出去的时候,约沙法站着说:“犹大人和耶路撒冷的居民哪,要听我说:信耶和华—你们的 神就必立稳;信他的先知就必亨通。”
Tidleg um morgonen drog dei so ut til Tekoa-øydemarki; og medan dei drog ut, stod Josafat og sagde: «Høyr meg, Juda, og de Jerusalems-buar! Tru på Herren, dykkar Gud, so stend de traust, og tru på profetarne hans, so skal de verta lukkelege!»
21 约沙法既与民商议了,就设立歌唱的人,颂赞耶和华,使他们穿上圣洁的礼服,走在军前赞美耶和华说:“当称谢耶和华,因他的慈爱永远长存!”
Og han gjorde avtale med folket og stelte upp songarar for Herren; dei skulde lova honom i heilagt skrud, medan dei drog ut fyre deim som var herbudde, og dei skulde segja: «Prisa Herren, for æveleg varer hans miskunn!»
22 众人方唱歌赞美的时候,耶和华就派伏兵击杀那来攻击犹大人的亚扪人、摩押人,和西珥山人,他们就被打败了。
Og straks dei tok til med fagnadropi og lovprisningarne sine, stelte Herren åtakarar som låg i løynlega imot Ammon og Moab og folket frå Se’irfjelli, som drog fram imot Juda, so dei vart slegne.
23 因为亚扪人和摩押人起来,击杀住西珥山的人,将他们灭尽;灭尽住西珥山的人之后,他们又彼此自相击杀。
Ammons-sønerne og Moab stelte seg imot folket frå Se’irfjelli og hogg deim ned og øydelagde deim, og då dei var ferdige med deim, hjelptest dei åt med å tyna kvarandre.
24 犹大人来到旷野的望楼,向那大军观看,见尸横遍地,没有一个逃脱的。
Då Juda kom til utsynshaugen yver øydemarki og snudde seg imot hopen, då såg dei berre lik som låg på jordi, og ingen hadde kome seg undan.
25 约沙法和他的百姓就来收取敌人的财物,在尸首中见了许多财物、珍宝,他们剥脱下来的多得不可携带;因为甚多,直收取了三日。
Då drog Josafat og folket hans dit og plundra deim, og dei fann ei mengd med gods og lik og kostesame ting. Dei tok meir til seg enn dei kunde føra burt, og dei heldt på i tri dagar med å plundra, so stort var herfanget.
26 第四日众人聚集在比拉迦谷,在那里称颂耶和华。因此那地方名叫比拉迦谷,直到今日。
Den fjorde dagen samla dei seg i Lovprisingsdalen; for der lova dei Herren, og difor kalla dei den staden Lovprisingsdalen, og det heiter han den dag i dag.
27 犹大人和耶路撒冷人都欢欢喜喜地回耶路撒冷,约沙法率领他们;因为耶和华使他们战胜仇敌,就欢喜快乐。
So snudde dei, alle folki frå Juda og Jerusalem, med Josafat i brodden, og drog attende til Jerusalem med gleda, for Herren hadde gjeve deim gleda yver fiendarne deira.
28 他们弹琴、鼓瑟、吹号来到耶路撒冷,进了耶和华的殿。
Og dei drog inn i Jerusalem med harpor, cithrar og lurar til Herrens hus.
29 列邦诸国听见耶和华战败以色列的仇敌,就甚惧怕。
Og ein støkk for Gud kom yver alle dei framande riki då dei høyrde at Herren hadde stridt imot Israels fiendar.
30 这样,约沙法的国得享太平,因为 神赐他四境平安。
Soleis fekk Josafats kongedøme fred, for hans Gud gav honom ro til alle sider.
31 约沙法作犹大王,登基的时候年三十五岁,在耶路撒冷作王二十五年。他母亲名叫阿苏巴,乃示利希的女儿。
So rådde Josafat yver Juda. Fem og tretti år var han då han vart konge, og fem og tjuge år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Azuba og var dotter åt Silhi.
32 约沙法效法他父亚撒所行的,不偏左右,行耶和华眼中看为正的事。
Han gjekk på vegarne åt Asa, far sin, og veik ikkje ifrå deim, for han gjorde det som rett var i Herrens augo.
33 只是邱坛还没有废去,百姓也没有立定心意归向他们列祖的 神。
Men offerhaugarne fekk dei ikkje burt, med di folket ikkje vende hugen sin fast mot sine feders Gud.
34 约沙法其余的事,自始至终都写在哈拿尼的儿子耶户的书上,也载入以色列诸王记上。
Det som elles er å fortelja um Josafat frå fyrst til sist, det finst uppskrivi i krønikeboki åt Jehu Hananison, som er uppteke i boki um Israels-kongarne.
35 此后,犹大王约沙法与以色列王亚哈谢交好;亚哈谢行恶太甚。
Sidan gjorde Josafat i Juda samlag med Ahazja, kongen i Israel, endå han for gudlaust fram.
36 二王合伙造船要往他施去,遂在以旬·迦别造船。
Og han gjorde samlag med honom um å byggja skip som skulde sigla til Tarsis. Dei bygde skip i Esjon-Geber.
37 那时玛利沙人、多大瓦的儿子以利以谢向约沙法预言说:“因你与亚哈谢交好,耶和华必破坏你所造的。”后来那船果然破坏,不能往他施去了。
Men Eliezer Dodavason frå Maresa spådde mot Josafat og sagde: «For di du hev gjort samlag med Ahazja, vil Herren gjera tiltaket ditt um inkje.» Og nokre skip forliste og kunde ikkje sigla til Tarsis.

< 历代志下 20 >