< 历代志下 11 >

1 罗波安来到耶路撒冷,招聚犹大家和便雅悯家,共十八万人,都是挑选的战士,要与以色列人争战,好将国夺回再归自己。
Då Rehabeam kom til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamin, hundrad og åtteti tusund utvalde stridsmenner, og vilde strida imot Israel og vinna kongedømet att for Rehabeam.
2 但耶和华的话临到神人示玛雅说:
Men då kom Herrens ord til gudsmannen Semaja soleis:
3 “你去告诉所罗门的儿子犹大王罗波安和住犹大、便雅悯的以色列众人说,
«Seg til Rehabeam Salomoson, kongen i Juda, og til heile Israel i Juda og Benjamin:
4 耶和华如此说:‘你们不可上去与你们的弟兄争战,各归各家去吧!因为这事出于我。’”众人就听从耶和华的话归回,不去与耶罗波安争战。
«So segjer Herren: De skal ikkje fara upp og strida imot brørne dykkar; snu heim att kvar til sitt hus! For det som er hendt, er kome frå meg!»» Då lydde dei ordi frå Herren og snudde heim at og drog ikkje imot Jeroboam.
5 罗波安住在耶路撒冷,在犹大地修筑城邑,
Sidan budde Rehabeam i Jerusalem, og han bygde byar um til borger i Juda.
6 为保障修筑伯利恒、以坦、提哥亚、
Soleis bygde han Betlehem og Etam og Tekoa
7 伯·夙、梭哥、亚杜兰、
og Bet-Sur og Soko og Adullam
8 迦特、玛利沙、西弗、
og Gat og Maresa og Zif
9 亚多莱音、拉吉、亚西加、
og Adorajim og Lakis og Azeka
10 琐拉、亚雅 、希伯 。这都是犹大和便雅悯的坚固城。
og Sora og Ajjalon og Hebron, som låg i Juda og i Benjamin. Han gjorde deim til festningsbyar.
11 罗波安又坚固各处的保障,在其中安置军长,又预备下粮食、油、酒。
Og han gjorde borgerne sterke og sette hovdingar i deim, og gav deim forråd av matvaror og olje og vin.
12 他在各城里预备盾牌和枪,且使城极其坚固。犹大和便雅悯都归了他。
Og kvar einskild av deim gav han skjoldar og spjot, og soleis gjorde han deim overlag sterke. Juda og Benjamin lydde honom.
13 以色列全地的祭司和利未人都从四方来归罗波安。
Men prestarne og levitarne i heile Israel gjekk yver til honom frå alle bygderne.
14 利未人撇下他们的郊野和产业,来到犹大与耶路撒 冷,是因耶罗波安和他的儿子拒绝他们,不许他们供祭司职分事奉耶和华。
For levitarne drog ifrå bumarkerne og eigedomen sin og for til Juda og Jerusalem, for di Jeroboam og sønerne hans jaga deim ut or prestetenesta for Herren,
15 耶罗波安为邱坛、为鬼魔、为自己所铸造的牛犊设立祭司。
og han tilsette prestar åt seg for offerhaugarne og bukketrolli og kalvarne som han hadde late gjera.
16 以色列各支派中,凡立定心意寻求耶和华—以色列 神的,都随从利未人,来到耶路撒冷祭祀耶和华—他们列祖的 神。
Og i fylgje med deim kom dei frå alle Israels ættar som lagde hugen sin på å søkja Herren, Israels Gud. Dei kom til Jerusalem og ofra til Herren, sin fedregud.
17 这样,就坚固犹大国,使所罗门的儿子罗波安强盛三年,因为他们三年遵行大卫和所罗门的道。
Dei styrkte Judariket og tryggja Rehabeam, son åt Salomo i tri år. For i tri år gjekk dei på vegen åt David og Salomo.
18 罗波安娶大卫儿子耶利摩的女儿玛哈拉为妻,又娶耶西儿子以利押的女儿亚比孩为妻。
Rehabeam tok til kona Mahalat, dotter åt Jerimot, son åt David, og åt Abiha’il, dotter åt Eliab, Isais son.
19 从她生了几个儿子,就是耶乌施、示玛利雅、撒罕。
Ho fødde honom sønerne Je’us og Semarja og Zaham.
20 后来又娶押沙龙的女儿玛迦,从她生了亚比雅、亚太、细撒、示罗密。
Og etter henne tok han Ma’aka, dotter åt Absalom, til kona; og ho fødde honom Abia og Attai og Ziza og Selomit.
21 罗波安娶十八个妻,立六十个妾,生二十八个儿子,六十个女儿;他却爱押沙龙的女儿玛迦,比爱别的妻妾更甚。
Rehabeam elska Ma’aka, dotter åt Absalom, meir enn dei andre konorne og fylgjekonorne sine; for han hadde attan konor og seksti fylgjekonor og vart far til åtte og tjuge søner og seksti døtter.
22 罗波安立玛迦的儿子亚比雅作太子,在他弟兄中为首,因为想要立他接续作王。
Difor sette han Abia, son åt Ma’aka, til hovding og fyrste millom brørne sine; for han var tenkt på å gjera honom til konge.
23 罗波安办事精明,使他众子分散在犹大和便雅悯全地各坚固城里,又赐他们许多粮食,为他们多寻妻子。
Og på visleg måte skifte han ut alle landsluterne og dei faste borgerne i Juda og Benjamin til alle sønerne sine, og gav deim flust til å leva av og fekk deim konor i mengd.

< 历代志下 11 >