< ᎣᏍᏛ ᎧᏃᎮᏛ ᎷᎦ ᎤᏬᏪᎳᏅᎯ 7 >

1 ᎿᎭᏉᏃ ᎤᏍᏆᏛ ᏂᎦᏛ ᎦᏬᏂᏍᎬ ᎠᎾᏛᎩᏍᎬ ᏴᏫ, ᎨᏆᏂ ᏭᏴᎴᎢ.
So tala Jesus, og folket lydde på honom; då han hadde tala til endes, gjekk han inn i Kapernaum.
2 ᎩᎶᏃ ᎢᏳᏍᏗ ᎠᏍᎪᎯᏧᏈ ᎠᏂᏯᏫᏍᎩ ᏗᏖᏂᏙᎯ ᎤᏅᏏᏓᏍᏗ, ᎣᏍᏛ ᎤᏰᎸᎯ, ᎤᏢᎨᎢ, ᎠᎴ ᎤᏲᎱᏏᏕᎾ ᎨᏎᎢ.
Ein hovudsmann hadde ein dreng som låg so sjuk at det leid åt med honom, og den drengen heldt han svært gjæv.
3 ᏥᏌᏃ ᎠᏥᏃᎮᏍᎬ ᎤᏛᎦᏅ, ᏚᏅᏎ ᏤᏙᎲ ᏗᏂᎳᏫᎩ ᎠᏂᏧᏏ ᏧᎾᏤᎵᎦ, ᏭᏔᏲᏎᎮ ᏅᏓᏳᏪᏅᏍᏗᏱ ᎤᏅᏬᏗᏱ ᎤᏅᏏᏗᏍᏗ.
Han hadde høyrt um Jesus, og no sende han nokre av rådsmennerne åt jødarne til honom, og bad at vilde koma og berga livet åt drengen.
4 ᏥᏌᏃ ᎬᏩᎷᏤᎸ, ᎤᏣᏘ ᎬᏩᏍᏗ ᏰᏔᏁᎢ, ᎯᎠ ᎾᏂᏪᏍᎨᎢ; ᎤᏓᏅᏘᏳ ᎾᏍᎩ ᎯᎠ ᏥᏅᏘᏯᏛᏁᎵ;
Då dei kom til Jesus, bad dei honom so mykje at han skulde gjera det. «Han er verd at du gjer dette for honom, » sagde dei;
5 ᎤᎨᏳᎯᏳᏰᏃ ᎢᎩᏠᏱ ᎨᏒ ᏴᏫ, ᎠᎴ ᎢᎦᏁᏍᎨᎸ ᏗᎩᎳᏫᎢᏍᏗᏱ.
«for han elskar folket vårt, og det er han som hev bygt synagoga åt oss.»
6 ᏥᏌᏃ ᏚᏍᏓᏩᏛᏎᎢ. ᎿᎭᏉᏃ ᎾᎥᏉ ᎤᎷᎴ ᏗᏓᏁᎸ, ᎠᏍᎪᎯᏧᏈ ᎠᏂᏯᏫᏍᎩ ᏗᏘᏂᏙᎯ ᏙᏧᏅᏎ ᏧᎵᎢ ᏂᏙᏓᎬᏩᏠᎯᏍᏗᏱ, ᎯᎠ ᏅᏧᏪᏎᎴᎢ; ᏣᎬᏫᏳᎯ, ᏞᏍᏗ ᏨᏒ ᏣᏓᏕᏯᏙᏔᏅᎩ; ᎥᏝᏰᏃ ᏰᎵ ᏱᏂᎪᎯ ᏣᏴᏍᏗᏱ ᏥᏁᎸᎢ ᏥᎾᏆᏍᏗᏉ;
Jesus gjekk med deim; men då han ikkje hadde langt att til huset, sende hovudsmannen nokre vener til honom med det bodet: «Herre, du skal’kje umaka deg! Eg er for ring til at du skulde stiga inn under taket mitt;
7 ᎥᏝ ᎠᎴ ᎾᏍᏉ ᏰᎵ ᏂᎪᎢ ᏱᏇᎵᏎ ᏫᎬᎷᏤᏗᏱ; ᎯᏁᎩᏉᏍᎩᏂ, ᏥᏅᏏᏓᏍᏗᏃ ᏧᏳᏗᏩᏏ.
difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men seg eit ord, so guten min vert god att!
8 ᎠᏴᏰᏃ ᎾᏍᏉ ᏗᏆᏓᏁᎶᏗᏉ, ᎠᎴ ᏗᎩᎧᎭ ᎠᏂᏯᏫᏍᎩ ᎠᎴ ᎠᏴ ᏕᎬᏆᏁᎶᏙᎢ, ᎩᎶᏃ ᎮᎾ ᏥᏲᏏ, ᎡᎪᎢ; ᏅᏩᏓᎴᏃ ᎡᎮᎾ ᏥᏲᏏ, ᏗᎡᎪᎢ; ᏥᏅᏏᏓᏍᏗᏃ ᎯᎠ ᎿᎭᏛᎦ ᏥᏲᏏ, ᎾᏍᎩ ᎾᏛᏁᎰᎢ.
For eg er og ein mann som må lyda deim som større er, og sjølv hev eg hersveinar under meg, og segjer eg til ein av deim: «Gakk!» so gjeng han, og til ein annan: «Kom!» so kjem han, og til tenaren min: «Gjer det!» so gjer han det.»
9 ᏥᏌᏃ ᎾᏍᎩ ᎯᎠ ᎤᏛᎦᏅ, ᎤᏍᏆᏂᎪᏎᎴᎢ, ᎠᎴ ᎤᎦᏔᎲᏎᎢ, ᎠᎴ ᎯᎠ ᏂᏚᏪᏎᎵ ᏴᏫ ᎾᏍᎩ ᏅᏓᎬᏩᏍᏓᏩᏛᏛ; ᎯᎠ ᏂᏨᏪᏎᎭ; ᎥᏝ ᎾᏍᏉ ᎢᏏᎵ ᎠᏁᎲ ᎾᏍᎩ ᎢᎦᎢ ᎪᎯᏳᏗ ᎨᏒ ᏯᎩᏩᏛᎲ.
Då Jesus høyrde det, undra han seg yver mannen; han snudde seg, og sagde til folket som fylgde honom: «Det segjer eg dykk: Ikkje ein gong i Israel hev eg funne so stor ei tru.»
10 ᎾᏍᎩᏃ Ꮎ ᏅᏓᎨᏥᏅᏏᏛ, ᏫᎤᏂᎷᏨ ᏗᏓᏁᎸ, ᎠᏥᏅᏏᏓᏍᏗ ᎤᏢᏨᎯ ᎤᏂᏩᏛᎮ ᎤᏗᏩᏒᎯ ᎢᎨᏎᎢ.
Då dei som hovudsmannen hadde sendt, kom attende til huset hans, fekk dei sjå at drengen var god att.
11 ᎯᎠᏃ ᏄᎵᏍᏔᏁ ᎤᎩᏨᏛ, ᎾᏍᎩ ᏗᎦᏚᎲ ᎾᏱᏂ ᏧᏙᎢᏛ ᏭᏴᎴᎢ; ᏰᎵᏃ ᎠᏂᎪᏗᏳ ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯ ᎬᏩᏍᏓᏩᏛᏎᎢ, ᎠᎴ ᎤᏂᏣᏘ ᏴᏫ.
Snart etter bar det so til at Jesus for til ein by som heiter Nain, og læresveinarne hans og ein stor folkehop var med honom.
12 ᎿᎭᏉᏃ ᎦᎶᎯᏍᏗᏱ ᎪᏢᏒ ᎦᏚᎲ ᎾᎥ ᎤᎷᏨ, ᎬᏂᏳᏉ ᎠᏍᎦᏯ ᎤᏲᎱᏒᎯ ᎠᏂᏄᎪᏫᏍᎨ ᎠᏂᏂᏎᎢ, ᎤᏩᏒᎯᏳ ᎤᏪᏥ ᎨᏎ ᎤᏥ, ᎠᎴ ᎾᏍᎩ ᎤᏬᏑᎶᏨᎯ ᎨᏎᎢ; ᎤᏂᏣᏖᏃ ᏴᏫ ᎦᏚᎲ ᎠᏁᎯ ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏎᎢ.
Då han kom nær innåt byporten, såg han at liket av ein ung mann vart bore ut; det var einaste sonen åt ei enkja; og mykje folk frå byen var med henne.
13 ᎤᎬᏫᏳᎯᏃ ᎤᎪᎲ ᎤᏪᏙᎵᏤᎢ, ᎠᎴ ᎯᎠ ᏄᏪᏎᎴᎢ; ᏞᏍᏗ ᏗᏣᏠᏱᎸᎩ.
Då Herren vart var enkja, tykte han hjarteleg synd um henne og sagde til henne: «Gråt ikkje!»
14 ᎤᎷᏨᏃ ᎤᏏᏔᏕ ᎠᏥᏢᏛᎢ, ᎬᏩᏁᎩᏃ ᎤᎾᎴᎾᏫᏍᏔᏁᎢ. ᎯᎠᏃ ᏄᏪᏎᎢ; ᎯᏫᏅ, ᎭᏗᏛ, ᎬᏲᏎᎭ.
Han gjekk innåt og tok i båri, og dei som bar, stana. So sagde han: «Unge mann, eg segjer deg: Statt upp!»
15 ᎤᏲᎱᏒᎯᏃ ᎤᏗᏛᎮ ᎤᏪᏁᎢ, ᎠᎴ ᎤᎴᏅᎮ ᎤᏬᏂᏎᎢ; ᎤᏥᏃ ᎤᏪᎧᏁᎴᎢ.
Og med ein gong reiste den daude seg upp og tok til å tala, og han gav honom åt mori.
16 ᏂᎦᏛᏃ ᎤᏂᎾᏰᏎᎢ; ᎠᎴ ᎤᏂᎸᏉᏔᏁ ᎤᏁᎳᏅᎯ, ᎯᎠ ᎾᏂᏪᏍᎨᎢ; ᎠᏥᎸᏉᏗ ᎠᏙᎴᎰᏍᎩ ᎦᎾᏄᎪᎩ ᎢᏕᎲᎢ; ᎠᎴ ᎯᎠ; ᎤᏁᎳᏅᎯ ᏓᏩᏛᎯᎦ ᏧᏤᎵ ᏴᏫ.
Då vart alle tekne av otte; dei lova Gud og sagde: «Ein stor profet hev stade fram millom oss!» og: «Gud hev vitja sitt folk!»
17 ᎾᏍᎩᏃ ᎯᎠ ᎠᏥᏃᎮᏍᎬ ᏧᏗᏱ ᏂᎬᎾᏛ ᏚᏰᎵᏏᏙᎴᎢ, ᎠᎴ ᎾᎿᎭᎬᏩᏚᏫᏛ ᎨᏒᎢ.
Og det ordet um honom kom ut yver heile Jødeland og bygderne ikring.
18 ᏣᏂᏃ ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯ ᎾᏍᎩ ᎯᎠ ᏂᎦᏛ ᎬᏩᏃᏁᎴᎢ.
Alt dette fekk Johannes bod um av læresveinarne sine. Då kalla han tvo av deim til seg,
19 ᏣᏂᏃ ᎠᏂᏔᎵ ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯ ᏫᏚᏯᏅᎮ ᏥᏌ ᏤᏙᎲ ᏚᏅᏎ ᎯᎠ ᏫᏄᏪᏎᎢ; ᏂᎯᏍᎪ ᎤᎷᎯᏍᏗ ᏥᎩ? ᏥᎪᎨ ᏅᏩᏓᎴ ᎣᏥᎦᏕᏃᎮᏍᏗ?
og sende deim til Herren med dei ordi: «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?»
20 ᎠᏂᏍᎦᏯᏃ ᎬᏩᎷᏤᎸ, ᎯᎠ ᏄᏂᏪᏎᎢ; ᏣᏂ ᏗᏓᏬᏍᎩ ᏦᎩᏂᏅᏒ ᎢᏍᏛᎷᏤᏗᏱ, ᎯᎠ ᏅᏗᎦᏪᎭ; ᏂᎯᏍᎪ ᎤᎷᎯᏍᏗ ᏥᎨᏒᎩ? ᏥᎪᎨ ᏅᏩᏓᎴ ᎣᏥᎦᏖᏃᎮᏍᏗ?
Då mennerne kom til Jesus, sagde dei: «Johannes, døyparen, sender oss til deg og spør: «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?»»
21 ᎾᎯᏳᏉᏃ ᏚᏅᏩᏁ ᎤᏂᏣᏘ ᏚᏂᏢᎬ ᎠᎴ ᎥᏳᎩ ᏚᏂᏱᎵᏙᎲ, ᎠᎴ ᎤᏂᏲᏗᏓᏅᏙ ᎬᏩᏂᏱᎵᏙᎲᎢ; ᎠᎴ ᎤᏂᏣᏘ ᏗᏂᎨᏫ ᎬᏩᏂᎪᏩᏛᏗ ᏄᏩᏁᎴᎢ.
I same bilet lækte han mange for sjukdomar og plågor og vonde ånder, og mange blinde gav han syni;
22 ᎿᎭᏉᏃ ᏥᏌ ᎤᏁᏨ ᎯᎠ ᏂᏚᏪᏎᎴᎢ; ᏥᏍᏕᎾ ᎠᎴ ᏣᏂ ᏪᏍᏗᏃᎲᏏ ᏄᏍᏛ ᎢᏍᏗᎪᎲ ᎠᎴ ᏄᏍᏛ ᎢᏍᏓᏛᎦᏅᎢ; ᎾᏍᎩ ᏗᏂᎨᏫ ᎠᏂᎪᏩᏘᏍᎬᎢ, ᏗᏂᏲᎤᎵ ᎠᏁᏙᎲᎢ, ᎠᏓᏰᏍᎩ ᏧᏂᏢᎩ ᎨᏥᏅᎦᎵᏍᎬᎢ, ᏧᏂᎵᎡᏅ ᎠᎾᏛᎩᏍᎬᎢ, ᏧᏂᏲᎱᏒᎯ ᏕᎨᎦᎴᏗᏍᎬᎢ, ᎤᏲᏃ ᎢᏳᎾᏛᎿᎭᏕᎩ ᎣᏍᏛ ᎧᏃᎮᏛ ᎨᎦᎵᏥᏙᏁᎲᎢ.
so svara han deim: «Gakk og ber bod til Johannes um det de hev set og høyrt: Blinde fær att syni si, halte gjeng ikring, spilte vert reine, dauve høyrer, daude stend upp att, og fatige fær høyra fagnadbodet;
23 ᎠᎴ ᎣᏏᏳ ᎢᏳᎵᏍᏓᏁᏗ ᎩᎶ ᎠᏴ ᏂᏗᏥᏲᏕᏍᏗᏍᎬᎾ ᎢᎨᏎᏍᏗ.
og sæl er den som ikkje styggjest ved meg!»
24 ᎿᎭᏉᏃ ᏣᏂ ᏂᏙᏓᏳᏅᏏᏛ ᎢᎤᏁᏅ, ᎤᎴᏅᎮ ᏣᏂ ᏚᏁᎢᏍᏓᏁᎴ ᏴᏫ; ᎦᏙ ᎢᏣᎦᏔᏅᏎ ᎢᎾᎨᎢ? ᏩᏐᎾᏍᎪ ᎤᏃᎴ ᎤᏖᎸᎮᏍᎬᎢ?
Då ærendsveinarne åt Johannes var gjengne, tok Jesus til å tala til folket um Johannes: «Kvi gjekk de ut i øydemarki? Vilde de sjå på ei røyr som svagar att og fram i vinden?
25 ᎦᏙᎨ ᎢᏣᎦᏔᏅᏎᎢ? ᎠᏍᎦᏯᏍᎪ ᏗᏬᏍᎩᎵ ᏧᏄᏩᎢ? ᎬᏂᏳᏉ ᏧᏬᏚᎯ ᏧᎾᏄᏩᎢ ᎠᎴ ᎣᏍᏛ ᏗᎾᎵᏍᏓᏴᎲᏍᎩ ᎤᏂᎬᏫᏳᎯ ᏓᏂᏁᎸ ᎠᏁᎰᎢ.
Kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein mann som er klædd i fine klæde? Nei, dei som er gildt klædde og liver sine dagar i ovlivnad, dei held til i kongeslotti.
26 ᎦᏙᎨ ᎢᏣᎦᏔᏅᏎᎢ? ᎠᏙᎴᎰᏍᎩᏍᎪ? ᎥᎥ, ᎢᏨᏲᏎᎭ, ᎠᎴ ᎤᏟ ᎠᏥᎸᏉᏗᏳ ᎡᏍᎦᏉ ᎠᏙᎴᎰᏍᎩ.
Men kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein profet? Ja, segjer eg dykk, og det ein som er meir enn profet.
27 ᎾᏍᎩᏍᎩᏂ ᎯᎠ ᎠᏥᏃᎮᏍᎬ ᎯᎠ ᏥᏂᎬᏅ ᏥᎪᏪᎳ; ᎬᏂᏳᏉ ᏥᏅᎵ ᏥᏅᏏᏓᏍᏗ ᏣᎧᏛ ᎢᎬᏱᏗᏢ, ᎾᏍᎩ ᏓᏣᏛᏅᎢᏍᏓᏁᎵ ᏣᎶᎯᏍᏗᏱ ᎢᎬᏱᏗᏢ.
Det er um honom det er skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; der du vil fara, skal han vegen rydja.»
28 ᎯᎠᏰᏃ ᏂᏨᏪᏎᎭ; ᎠᏂᎨᏴ ᎬᏩᏂᎾᏄᎪᏫᏒᎯ ᏥᎩ ᎥᏝ ᏳᏜᏓᏍᏗ ᎩᎶ ᎠᏙᎴᎰᏍᎩ ᎤᏟ ᎢᏯᏥᎷᏉᏗ ᎡᏍᎦᏉ ᏣᏂ ᏗᏓᏬᏍᎩ; ᎠᏎᏃ ᎤᏍᏗᎧᏂ ᎤᏁᎳᏅᎯ ᎤᏤᎵᎪᎯ ᎨᎳ ᎤᏟ ᎠᏥᎸᏉᏗᏳ ᎡᏍᎦᏉ ᏣᏂ.
Eg segjer dykk: Det finst ingen større profet millom menneskjeborni enn Johannes; og endå er den minste i Guds rike større enn han.
29 ᏂᎦᏛᏃ ᏴᏫ ᎤᎾᏛᎦᏅᎯ, ᎠᎴ ᎠᏕᎸ ᎠᏂᎩᏏᏙᎯ, ᎤᏂᎸᏉᏔᏁ ᎤᏁᎳᏅᎯ, ᏗᎨᎦᎧᏍᏔᏅᎯᏰᏃ ᎨᏎ ᏣᏂ ᏧᏓᏬᏍᏙᏗ ᎨᏒᎢ.
Og alt folket som høyrde honom, tollmennerne med, gav Gud rett og tok imot dåpen åt Johannes;
30 ᎠᏂᏆᎵᏏᏍᎩᏂ ᎠᎴ ᏗᎧᎿᎭᏩᏛᏍᏗ ᏗᏃᏏᏏᏍᎩ ᎤᏁᎳᏅᎯ ᏚᏓᏅᏖᎮᎸᎢ ᎤᏂᏲᎢᏎᎴ ᎤᏅᏒ ᎤᎾᏓᏡᏔᏁᎢ, ᏂᏗᎨᎦᏬᎥᎾ ᎨᏒᎢ.
men farisæarane og dei lovkunnige gjorde Guds råd til inkjes for seg, og tok ikkje imot dåpen hans.
31 ᎤᎬᏫᏳᎯᏃ ᎯᎠ ᏄᏪᏎᎢ; ᎦᏙᎨᏙᏓᎦᏥᏯᏟᎶᏍᏔᏂ ᏴᏫ ᎪᎯ ᏣᏁᎭ? ᎠᎴ ᎦᏙ ᏓᎾᏤᎸ?
Kven skal eg då likna folki i denne mannsalderen med? kven er det dei likjest?
32 ᏗᏂᏲᎵᏉ ᎾᏍᎩᏯ ᎦᏃᏙᏗᏱ ᏣᏂᏃᎢ, ᎠᎴ ᏥᏫᏓᎾᏓᏯᏂᏍᎪᎢ, ᎯᎠ ᏥᏫᎾᏂᏪᏍᎪᎢ; ᎠᏤᎷᎩ ᎣᎬᏔᏅ ᏕᏨᏃᎩᎡᎸ, ᎠᏎᏃ ᎥᏝ ᏱᏣᎵᏍᎩᏎᎢ; ᏙᏥᏴᎬ ᎢᏣᏛᎪᏗ, ᎠᏎᏃ ᎥᏝ ᏱᏗᏣᏠᏱᎴᎢ.
Dei likjest borni som sit på torget og ropar til kvarandre: «Me let i fløyta åt dykk, og de dansa ikkje; me song eit syrgjekvæde, og de gret ikkje.»
33 ᏣᏂᏰᏃ ᏗᏓᏬᏍᎩ ᎤᎷᏨᎩ ᎥᏝ ᎦᏚ ᏯᎩᏍᎨᎢ, ᎥᏝ ᎠᎴ ᎩᎦᎨ-ᎠᏗᏔᏍᏗ ᏯᏗᏔᏍᎨᎢ; ᎯᎠᏃ ᏂᏥᏪᏎ; ᎠᏍᎩᎾ ᎤᏯᎠ.
For Johannes døyparen er komen; han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og so segjer de: «Han er forgjord!»
34 ᏴᏫ ᎤᏪᏥ ᎤᎷᏨ ᎠᎵᏍᏓᏴᎲᏍᎦ ᎠᎴ ᎠᏗᏔᏍᎦ; ᎯᎠᏃ ᏂᏥᏪᎭ; ᎬᏂᏳᏉ ᎠᏍᎦᏯ ᎤᎬᎥᏍᎩ ᎠᎵᏍᏓᏴᏗ ᎠᎴ ᎩᎦᎨ-ᎠᏗᏔᏍᏗ ᎠᏗᏔᏍᎩ, ᎠᏕᎸ ᎠᏂᎩᏏᏙᎯ ᎠᎴ ᎠᏂᏍᎦᎾ ᎤᎾᎵᎢ.
Menneskjesonen er komen; han et og drikk, og so segjer de: «Sjå for ein etar og drikkar! Han er godvener med tollmenner og syndarar!»
35 ᎠᏎᏃ ᎠᎦᏔᎾᎢ ᏧᏪᏥ ᏂᎦᏛ ᎣᏏᏳ ᎢᎬᏩᏰᎸᎭ
Men at visdomen hev rett, det hev alle sveinarne hans sanna.»
36 ᎩᎶᏃ ᎢᏳᏍᏗ ᎠᏆᎵᏏ ᎤᏔᏲᏎᎴ ᎤᎵᏍᏓᏴᎾᏁᏗᏱ ᏭᏴᎴᏃ ᎠᏆᎵᏏ ᎦᏁᎸᎢ, ᎠᎴ ᎤᎵᎩᏳᏍᏓᏅᏁ ᎠᎵᏍᏓᏴᏗᏱ.
Ein av farisæarane bad honom eta hjå seg, og Jesus gjekk heim til honom og sette seg til bords.
37 ᎬᏂᏳᏉᏃ ᎠᎨᏴ ᎾᎿᎭᎦᏚᎲ ᎡᎯ, ᎠᏍᎦᎾᎢ, ᎤᏙᎴᎰᏒ ᏥᏌ ᎠᏆᎵᏏ ᎦᏁᎸ ᎦᏅᎬ ᎠᎵᏍᏓᏴᎲᏍᎬᎢ, ᎤᏲᎴ ᎫᎫ ᏅᏯ ᎤᏁᎬ ᎪᏢᏔᏅᎯ ᎠᏟᏍᏕ ᎠᏠᏁᏗ,
No var det der i byen ei kvinna som hadde livt eit syndefullt liv; då ho fekk vita at han sat til bords hjå farisæaren, kom ho med ei alabaster-krukka full av myrrasalve
38 ᎠᎴ ᎤᎴᏁ ᏚᏜᏓᏌᏛ ᎣᏂᏗᏢ ᏓᏠᏱᎮᎢ, ᎠᎴ ᎤᎴᏅᎮ ᏧᎳᏏᏕᏂ ᏚᏬᏑᎴᏔᏁ ᏧᎦᏌᏬᎸᎯ, ᎠᎴ ᏚᎧᏲᏙᏔᏁ ᎤᏍᏗᏰᎬᎢ, ᎠᎴ ᏚᏚᏣᎳᏁ ᏧᎳᏏᏕᏂ, ᎠᎴ ᏚᎶᏁᏔᏁ ᎠᏠᏁᏗ.
og sette seg gråtande nedmed føterne hans; so tok ho til å væta føterne hans med tårorne sine, og turka deim med håret sitt; og ho kysste føterne hans og smurde deim med myrrasalven.
39 ᎠᏆᎵᏏᏃ ᎾᏍᎩ ᏭᏯᏅᏛ ᎤᎪᎲ, ᎤᏁᏤ ᏧᏓᏅᏛ ᎯᎠ ᏂᎦᏪᏍᎨᎢ; ᎯᎠ ᎠᏍᎦᏯ ᎢᏳᏃ ᎠᏙᎴᎰᏍᎩ ᏱᎨᏎ ᏳᏙᎴᎰᏎ ᎾᏍᎩ ᎨᏒ ᎠᎴ ᎢᏳᏍᏗᏉ ᎨᏒ ᎯᎠ ᎠᎨᏴ ᏧᏃᏟᏍᏗᎭ, ᎠᏍᎦᎾᏰᏃ.
Då farisæaren som hadde bede honom til seg såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, so visste han kva det er for ei kvinna som tek i honom, og kva slag menneskje ho er, at ho er ei syndefull kvinna.»
40 ᏥᏌᏃ ᎤᏁᏨ ᎯᎠ ᏄᏪᏎᎴᎢ; ᏌᏩᏂ, ᎠᎩᎭ ᎪᎱᏍᏗ ᎬᏲᏎᏗ. ᎯᎠᏃ ᏄᏪᏎᎢ; ᏔᏕᏲᎲᏍᎩ, ᏂᏫᎪᎦ.
Då tok Jesus til ords og sagde til honom: «Simon, det er noko eg vil segja deg!» - «Tala, meister!» sagde han.
41 ᎩᎶ ᎢᏳᏍᏗ ᎡᎮ ᏧᏓᏚᎩ, ᎾᏍᎩ ᎠᏂᏔᎵ ᏧᏚᎩ ᎠᏁᎮᎢ; ᏏᏴᏫ ᎯᏍᎩᏧᏈ ᎠᏂᎩᏏ ᏧᎾᎬᏩᎶᏗ ᎠᏥᏚᎨᎢ, ᏐᎢᏃ ᎯᏍᎦᏍᎪᎯ.
«Det var tvo som stod i skuld til ein utlånar; den eine var skuldig hundrad dalar, den andre ti.
42 ᎪᎱᏍᏗᏃ ᏄᏂᎲᎾ ᎨᏒ ᎤᎾᎫᏴᏙᏗ, ᏚᏲᏎᏉ ᎢᏧᎳ. ᎾᏍᎩᏃ ᏍᎩᏃᎲᏏ, ᎦᎪ ᎾᏍᎩ ᎤᏟ ᏄᏓᎨᏳᏎᏍᏗ?
Men dei hadde ikkje noko å greida for seg med, og so ettergav han deim båe skuldi. Kven av deim vil no elska honom mest?»
43 ᏌᏩᏂ ᏧᏁᏨ ᎯᎠ ᏄᏪᏎᎢ; ᎠᏎᎨᎵ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᎤᏟ ᎢᎦᎢ ᏗᎬᏩᏲᎯᏎᎸᎯ. ᎯᎠᏃ ᏄᏪᏎᎴᎢ; ᏚᏳᎪᏛ ᏕᎱᎪᏓ.
«Eg tenkjer, den som han ettergav mest, » svara Simon. «Du dømde rett, » sagde Jesus.
44 ᎠᎨᏴᏃ ᎦᏙᎬ ᎢᏗᏢ ᏭᎦᏔᎲᏍᏔᏅ ᎯᎠ ᎾᏥᏪᏎᎴ ᏌᏩᏂ; ᎯᎪᏩᏘᏍᎪ ᎯᎠ ᎠᎨᏴ? ᎯᏁᎸ ᎠᎩᏴᎸᎩ, ᎠᎹ ᎥᏝ ᏱᏍᎩᏁᏁᎴ ᏗᏉᏑᎴᏗ ᏗᏆᎳᏏᏕᏂ; ᎾᏍᎩᏍᎩᏂ Ꮎ ᏓᏉᏑᎵᏏ ᏗᏆᎳᏏᏕᏂ ᏧᎦᏌᏬᎸᎯ ᎬᏓ, ᎠᎴ ᏓᎩᎧᏲᏙᏓᏏ ᎤᏍᏘᏰᎬᎢ.
So snudde han seg mot kvinna og sagde til Simon: «Du ser denne kvinna! Eg kom inn i ditt hus - du gav meg ikkje vatn til føterne mine, men ho vætte føterne mine med tåror, og turka deim med håret sitt;
45 ᎥᏝ ᏱᏍᏆᏔᏪᏙᏁᎢ; ᎯᎠᏍᎩᏂ ᎠᎨᏴ, ᎠᎩᏴᎵᎸ ᏅᏓᎬᏩᏓᎴᏅᏛ, ᎥᏝ ᏳᏑᎵᎪᏨ ᏓᏆᏚᏣᎳᏁᎲ ᏗᏆᎳᏏᏕᏂ.
du gav meg ingen kyss, men ho hev halde ved og kysst føterne mine frå den stund eg kom inn;
46 ᏥᏍᎪᎵ ᎥᏝ ᏱᏍᎩᎶᏁᏔᏁ ᎪᎢ; ᎯᎠᏍᎩᏂ ᎠᎨᏴ ᎠᏠᏁᏗ ᏚᎶᏁᏔᏅ ᏗᏆᎳᏏᏕᏂ.
du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føterne mine med myrrasalve.
47 ᎾᏍᎩ ᎢᏳᏍᏗ ᎯᎠ ᏂᎬᏪᏎᎭ; ᎤᏍᎦᏅᏨ, ᎾᏍᎩ ᏧᏈᏯ ᏥᎩ, ᎠᏥᏙᎵᎩ, ᎤᏣᏘᏰᏃ ᎤᏓᎨᏳᏎᎢ; ᎩᎶᏍᎩᏂ ᎤᏍᏗ ᎠᏥᏙᎵᏨᎯ, ᎾᏍᎩ ᎤᏍᏗ ᎤᏓᎨᏳᏐᎢ.
For den skuld segjer eg deg: Tilgjevne er dei mange synderne hennar; difor er det ho elskar so mykje; men den som lite vert tilgjeve, elskar lite.»
48 ᎯᎠᏃ ᏄᏪᏎᎴ ᎠᎨᏴ; ᏣᏍᎦᏅᏨ ᎡᏣᏙᎵᎩ.
So sagde han til henne: «Tilgjevne er synderne dine!»
49 ᎾᏍᎩᏃ Ꮎ ᎢᏧᎳᎭ ᎠᏂᏂᏜᏓᎢ ᎠᎾᎵᏍᏓᏴᎲᏍᎬ ᎤᎾᎴᏅᎮ ᏙᏧᎾᏓᏅᏛ ᎯᎠ ᏄᏂᏪᏎᎢ; ᎦᎪ ᎾᏍᎩ ᎯᎠ, ᎠᏍᎦᏅᏨ ᎾᏍᏉ ᏥᏕᎦᏙᎵᎦ?
Dei som sat med til bords, tok til å tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?»
50 ᎯᎠᏃ ᏄᏪᏎᎴ ᎠᎨᏴ, ᏦᎯᏳᏒ ᏣᏍᏕᎸ; ᏅᏩᏙᎯᏯᏛ ᏥᎮᎾ.
Men han sagde til kvinna: «Trui di hev frelst deg! Gakk heim, og liv sæl.»

< ᎣᏍᏛ ᎧᏃᎮᏛ ᎷᎦ ᎤᏬᏪᎳᏅᎯ 7 >