Aionian Verses

Genesis 37:35 (1 Mosebok 37:35)
(parallel missing)
Og alle sønerne og døtterne hans kom og vilde trøysta honom, men han let seg ikkje trøysta; «Med sorg og sut lyt eg fara ned til son min i nåheimen!» sagde han. Og far hans gret yver honom; (Sheol h7585)
Genesis 42:38 (1 Mosebok 42:38)
(parallel missing)
Men han svara: «Son min skal ikkje fara med dykk der ned. For bror hans er burte, og han er att åleine, og hender det honom nokor ulukka på den vegen de ferdast etter, so kjem de til å senda dei grå håri mine med sorg ned i nåheimen.» (Sheol h7585)
Genesis 44:29 (1 Mosebok 44:29)
(parallel missing)
Tek de no denne og ifrå meg, og vert han fyre ei uheppa, so kjem de til å senda dei grå håri mine med sut og harm ned i nåheimen.» (Sheol h7585)
Genesis 44:31 (1 Mosebok 44:31)
(parallel missing)
då vert det dauden hans, med same han ser at sveinen ikkje er med, og me lyt senda dei grå håri åt far vår med sut og sorg ned i nåheimen. (Sheol h7585)
Numbers 16:30 (4 Mosebok 16:30)
(parallel missing)
men dersom Herren let henda noko som aldri fyrr hev hendt, dersom jordi let upp gapet sitt, og gløyper deim og alt som deira er, so dei fer livande ned i helheimen, so veit de at desse mennerne hev spotta Herren.» (Sheol h7585)
Numbers 16:33 (4 Mosebok 16:33)
(parallel missing)
Dei for livande ned i helheimen med alt som deira var, jordi gøymde deim, og dei kvarv burt or lyden. (Sheol h7585)
Deuteronomy 32:22 (5 Mosebok 32:22)
(parallel missing)
For ein eld er kveikt av min ande, og logar til djupt under jord; han øyder grunnen og grøda og fatar i fastaste fjell. (Sheol h7585)
1 Samuel 2:6 (1 Samuels 2:6)
(parallel missing)
Herren er den som tek liv og gjev liv, han fører ned til Helheim og upp derifrå. (Sheol h7585)
2 Samuel 22:6
(parallel missing)
Helheims reip var snørde ikring meg. Daudsens snaror fanga meg. (Sheol h7585)
1 Kings 2:6 (1 Kongebok 2:6)
(parallel missing)
Stell deg no difor som du hev visdom til, og lat ikkje dei grå håri hans fara i fred ned i helheimen. (Sheol h7585)
1 Kings 2:9 (1 Kongebok 2:9)
(parallel missing)
Men no må du ikkje lata honom vera ustraffa, for du er ein vis mann, og veit korleis du skal fara åt med honom, so du let dei grå håri hans fara blodute ned i helheimen.» (Sheol h7585)
Job 7:9 (Jobs 7:9)
(parallel missing)
Som skyi framum fer og kverv, so ingen att frå helheim vender, (Sheol h7585)
Job 11:8 (Jobs 11:8)
(parallel missing)
Høgar’ enn himmelen - kva gjer du? Djupar’ enn helheimen - kva veit du? (Sheol h7585)
Job 14:13 (Jobs 14:13)
(parallel missing)
Å, gjev du gøymde meg i helheim, løynde meg, til din vreide gav seg, gav meg ein frest, og so meg hugsa! (Sheol h7585)
Job 17:13 (Jobs 17:13)
(parallel missing)
Eit hus i helheim er mi von, i myrkret reider eg mi seng. (Sheol h7585)
Job 17:16 (Jobs 17:16)
(parallel missing)
Til helheims bommar fer ho ned, når eg til kvile gjeng i moldi.» (Sheol h7585)
Job 21:13 (Jobs 21:13)
(parallel missing)
I lukka liver dei si tid og fer so brått til helheim ned. (Sheol h7585)
Job 24:19 (Jobs 24:19)
(parallel missing)
Som snøvatn kverv for turk og hite, so gløyper helheim deim som synda. (Sheol h7585)
Job 26:6 (Jobs 26:6)
(parallel missing)
Helheimen open ligg for honom, avgrunnen utan noko dekkje. (Sheol h7585)
Psalms 6:5 (Salmenes 6:5)
(parallel missing)
For i dauden er det ikkje minne um deg; kven vil prisa deg i helheimen? (Sheol h7585)
Psalms 9:17 (Salmenes 9:17)
(parallel missing)
Dei ugudlege skal fara burt til helheimen, alle heidningar som gløymer Gud. (Sheol h7585)
Psalms 16:10 (Salmenes 16:10)
(parallel missing)
For du vil ikkje yverlata mi sjæl til helheimen, du vil ikkje lata din heilage sjå undergang. (Sheol h7585)
Psalms 18:5 (Salmenes 18:5)
(parallel missing)
Helheims reip var snørde um meg, daudsens snaror fanga meg. (Sheol h7585)
Psalms 30:3 (Salmenes 30:3)
(parallel missing)
Herre, du hev ført meg upp frå helheimen, du hev vakt meg upp til liv frå deim som fer ned i gravi. (Sheol h7585)
Psalms 31:17 (Salmenes 31:17)
(parallel missing)
Herre, lat meg ikkje verta til skammar, for eg ropar til deg; lat dei ugudlege verta til skammar og tagna i helheimen! (Sheol h7585)
Psalms 49:14 (Salmenes 49:14)
(parallel missing)
Som sauer vert dei førde ned i helheimen, dauden gjæter deim, og dei trurøkne tred deim ned, når morgonen renn; og deira skapnad vert øydelagd av helheimen, so dei hev ingen heimstad lenger. (Sheol h7585)
Psalms 49:15 (Salmenes 49:15)
(parallel missing)
Men Gud skal løysa ut mi sjæl or handi på helheimen; for han skal taka meg til seg. (Sela) (Sheol h7585)
Psalms 55:15 (Salmenes 55:15)
(parallel missing)
Lat dauden koma brått på deim! Lat deim fara ned til helheimen livande! For vondskap råder i deira bustad og i deira hjarta. (Sheol h7585)
Psalms 86:13 (Salmenes 86:13)
(parallel missing)
For di miskunn er stor yver meg, og du hev frelst mi sjæl frå den djupe helheimen. (Sheol h7585)
Psalms 88:3 (Salmenes 88:3)
(parallel missing)
For mi sjæl er mett av ulukkor, og mitt liv er kome nær til helheimen. (Sheol h7585)
Psalms 89:48 (Salmenes 89:48)
(parallel missing)
Kven fær vel liva og ikkje sjå dauden? Kven friar si sjæl frå helheims vald? (Sela) (Sheol h7585)
Psalms 116:3 (Salmenes 116:3)
(parallel missing)
Daude-band hadde spent seg um meg, helheims trengsla hadde funne meg; naud og sorg fann eg. (Sheol h7585)
Psalms 139:8 (Salmenes 139:8)
(parallel missing)
For eg upp til himmelen, so er du der, og reidde eg seng i helheimen, sjå, der er du og. (Sheol h7585)
Psalms 141:7 (Salmenes 141:7)
(parallel missing)
Som når ein pløgjer og rotar i jordi, so ligg beini våre spreidde kring ved døri til helheimen. (Sheol h7585)
Proverbs 1:12 (Salomos Ordsprog 1:12)
(parallel missing)
Me vil gløypa deim som helheimen livande, og heile som når dei fer i gravi; (Sheol h7585)
Proverbs 5:5 (Salomos Ordsprog 5:5)
(parallel missing)
Hennar føter stig ned til dauden, hennar fet fører radt til helheims. (Sheol h7585)
Proverbs 7:27 (Salomos Ordsprog 7:27)
(parallel missing)
Hennar hus er vegar til helheim, dei gjeng ned til daudens kot. (Sheol h7585)
Proverbs 9:18 (Salomos Ordsprog 9:18)
(parallel missing)
Og han veit’kje at der bur daudingar, at hennar gjester er i helheims djup. (Sheol h7585)
Proverbs 15:11 (Salomos Ordsprog 15:11)
(parallel missing)
Helheim og avgrunn ligg i dagen for Herren, kor mykje meir då menneskje-hjarto. (Sheol h7585)
Proverbs 15:24 (Salomos Ordsprog 15:24)
(parallel missing)
Den vituge gjeng livsens veg uppetter, for han vil sleppa burt frå helheimen der nede. (Sheol h7585)
Proverbs 23:14 (Salomos Ordsprog 23:14)
(parallel missing)
Du slær han med riset, og sjæli hans bergar du frå helheim. (Sheol h7585)
Proverbs 27:20 (Salomos Ordsprog 27:20)
(parallel missing)
Helheim og avgrunn vert ikkje mette, og menneskjeaugo vert ikkje mette. (Sheol h7585)
Proverbs 30:16 (Salomos Ordsprog 30:16)
(parallel missing)
Helheim og barnlaust moderfang, jordi som aldri vert mett av vatn, og elden som ei segjer: «Nok!» (Sheol h7585)
Ecclesiastes 9:10 (Predikerens 9:10)
(parallel missing)
Alt det di hand vinn gjera med di kraft, det skal du gjera, for det finst ikkje arbeid eller utrekning eller kunnskap eller visdom i helheimen som du gjeng til. (Sheol h7585)
Song of Solomon 8:6 (Salomos Høisang 8:6)
(parallel missing)
«Ved hjarta meg hav som eit segl, som eit segl på din arm. Kjærleik som dauden er sterk, som helheimen strid i si trå. Ho logar som logande eld, gneisten frå Herren. (Sheol h7585)
Isaiah 5:14 (Esaias 5:14)
(parallel missing)
Difor vert helheimen dess meir grådig og spilar upp sitt gap umåteleg, og ned sturtar dei som er store i byen, dei som ståkar og bråkar, og dei som hev gaman der. (Sheol h7585)
Isaiah 7:11 (Esaias 7:11)
(parallel missing)
«Krev deg eit teikn av Herren, din Gud, anten nedan or helheimsdjupet, eller ovan ifrå høgdi!» (Sheol h7585)
Isaiah 14:9 (Esaias 14:9)
(parallel missing)
Helheim der nede vert uroa for di skuld, når han skal taka imot deg. Han vekkjer skuggarne for di skuld, alle fyrstar på jordi; alle folkekongarne reisar seg frå sine kongsstolar. (Sheol h7585)
Isaiah 14:11 (Esaias 14:11)
(parallel missing)
Ned til helheimen hev din herlegdom sokke med brusen frå dine harpor; du ligg på ei roti lega, hev makkar til yverbreidsla. (Sheol h7585)
Isaiah 14:15 (Esaias 14:15)
(parallel missing)
Ja, til helheimen laut du fara, lengst ned i svartaste hola. (Sheol h7585)
Isaiah 28:15 (Esaias 28:15)
(parallel missing)
For de segjer: «Me hev gjort ein avtale med dauden og eit samband med helheimen; når den susande svipa fer fram, skal ho ikkje nå oss; for me hev gjort lygni til livd og svikråd til skjol.» (Sheol h7585)
Isaiah 28:18 (Esaias 28:18)
(parallel missing)
Og dykkar avtale med dauden skal verta stroken, og dykkar samband med helheimen skal ikkje standa fast. Når den susande svipa fer fram, skal de verta nedslegne. (Sheol h7585)
Isaiah 38:10 (Esaias 38:10)
(parallel missing)
«Eg sagde: I mine beste år lyt eg fara igjenom helheimsportarne; eg lyt bøta med resten av åri mine. (Sheol h7585)
Isaiah 38:18 (Esaias 38:18)
(parallel missing)
For ikkje prisar helheimen deg, ikkje lovar dauden deg; ikkje vonar dei som fer ned i gravi på truskapen din. (Sheol h7585)
Isaiah 57:9 (Esaias 57:9)
(parallel missing)
Du drog til kongen med olje, med mykje kryddesalve, du sende dine bod langt burt, steig ned til helheim. (Sheol h7585)
Ezekiel 31:15 (Esekiel 31:15)
(parallel missing)
So segjer Herren, Herren: Den dagen han for ned til helheimen, let eg syrgja på honom; vatsdjupet breidde eg yver for hans skuld, og åerne derifrå stemde eg, og dei store vatn laut stana. Og eg klædde Libanon i svart for hans skuld, og kvart tre på marki ormegtast for hans skuld. (Sheol h7585)
Ezekiel 31:16 (Esekiel 31:16)
(parallel missing)
Med dunen av hans fall fekk eg folkeslag til å skjelva, då eg støypte honom ned i helheimen med deim som fer ned i gravi. Då huggast dei i nedheimen, alle Eden-trei, dei likaste og beste på Libanon, alle som drikk vatn. (Sheol h7585)
Ezekiel 31:17 (Esekiel 31:17)
(parallel missing)
Dei og for ned i helheimen til deim som var slegne i hel med sverd. For dei hadde vore hans arm medan dei sat i livd i hans skugge midt imillom folki. (Sheol h7585)
Ezekiel 32:21 (Esekiel 32:21)
(parallel missing)
Velduge millom kjempor skal tala um honom og hans hjelpesmenner midt utor helheimen: «Ned er dei farne, der ligg dei, dei u-umskorne, slegne i hel med sverd.» (Sheol h7585)
Ezekiel 32:27 (Esekiel 32:27)
(parallel missing)
Skulde dei då ikkje liggja hjå kjempor, hjå dei falne av dei u-umskorne, som for ned i helheimen med sin stridsbunad og fekk sverdi sine lagde under sine hovud, og misgjerningarne sine yver sine bein, for dei hadde vore ei skræmsla for kjempor i landet åt dei livande? (Sheol h7585)
Hosea 13:14 (Hoseas 13:14)
(parallel missing)
Or helheims vald vil eg fria deim, frå dauden vil eg løysa deim ut. Kvar er di sott, du daude? Kvar er di tyning, du helheim? Anger er løynd for augo mine. (Sheol h7585)
Amos 9:2
(parallel missing)
Bryt dei seg inn i helheim, mi hand tek deim derifrå ut, stig dei til himmelen upp, derifrå driv eg deim ned. (Sheol h7585)
Jonah 2:2 (Jonas 2:2)
(parallel missing)
han sagde: «Eg ropa til Herren i mi naud, og han svara meg. Frå helheims buk ropa eg, og du høyrde mi røyst. (Sheol h7585)
Habakkuk 2:5 (Habakuk 2:5)
(parallel missing)
For liksom vinen ikkje er å lita på, so skal den kaute karen ikkje få bu i ro, um han so gaper som helheimen og er som dauden umettande, og um han hev sanka til seg alle folk og henta til seg alle folkeslag. (Sheol h7585)
Matthew 5:22 (Matteus 5:22)
(parallel missing)
Men eg segjer dykk at den som er vond på bror sin forutan grunn, han skal koma for retten; og den som segjer til bror sin: «Din stakar!» han skal koma for rådet; og den som segjer: «Din dåre!» han skal koma i helviteselden. (Geenna g1067)
Matthew 5:29 (Matteus 5:29)
(parallel missing)
Um det høgre auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta det frå deg! Du er betre faren du misser ein av lemerne dine, enn at heile likamen vert kasta i helvite. (Geenna g1067)
Matthew 5:30 (Matteus 5:30)
(parallel missing)
Og um den høgre handi freistar deg, so hogg henne av og kasta henne frå deg! Du er betre faren du misser ein lem enn at heile likamen din kjem i helvite. (Geenna g1067)
Matthew 10:28 (Matteus 10:28)
(parallel missing)
Ottast ikkje dei som drep likamen, men ikkje kann drepa sjæli! Ottast heller honom som kann tyna både sjæl og likam i helvite! (Geenna g1067)
Matthew 11:23 (Matteus 11:23)
(parallel missing)
Og du, Kapernaum, som hev vore lyft upp til himmelen, til helheimen skal du støytast ned! For hadde dei underi som er gjorde i deg, vore gjorde i Sodoma, so hadde han stade til denne dag. (Hadēs g86)
Matthew 12:32 (Matteus 12:32)
(parallel missing)
Og den som lastar Menneskjesonen, skal få tilgjeving for det; men den som lastar den Heilage Ande, fær aldri tilgjeving, korkje i dette livet eller i det som skal koma. (aiōn g165)
Matthew 13:22 (Matteus 13:22)
(parallel missing)
Det som var sått millom klunger, det er den som høyrer ordet, men suti for det timelege og den svikalle rikdomen kjøver ordet, so det ikkje ber frukt. (aiōn g165)
Matthew 13:39 (Matteus 13:39)
(parallel missing)
uvenen som sådde svimlingen, er djevelen; hausten er endelykti på verdi, og skurdfolket er englarne. (aiōn g165)
Matthew 13:40 (Matteus 13:40)
(parallel missing)
Liksom no svimlingen vert sanka i hop og uppbrend, soleis skal det ganga til når det vert ende på verdi: (aiōn g165)
Matthew 13:49 (Matteus 13:49)
(parallel missing)
Soleis skal det ganga til når det vert ende på verdi. Då skal englarne fara ut og skilja dei vonde frå dei gode (aiōn g165)
Matthew 16:18 (Matteus 16:18)
(parallel missing)
Og no segjer eg deg at du er Peter; yver den steinen vil eg byggja mi kyrkja, og helheimsportarne skal ikkje vinna yver henne. (Hadēs g86)
Matthew 18:8 (Matteus 18:8)
(parallel missing)
Um handi di eller foten din freistar deg, so hogg deim av og kasta deim frå deg! Det er betre for deg å ganga einhendt eller halt inn til livet enn å hava tvo hender og tvo føter og kastast i den ævelege elden. (aiōnios g166)
Matthew 18:9 (Matteus 18:9)
(parallel missing)
Og um auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta det frå deg! Det er betre for deg å ganga einøygd inn til livet enn å hava tvo augo og kastast i helveteselden. (Geenna g1067)
Matthew 19:16 (Matteus 19:16)
(parallel missing)
Då kom det ein til honom og sagde: «Meister, kva godt skal eg gjera so eg kann få eit æveleg liv?» (aiōnios g166)
Matthew 19:29 (Matteus 19:29)
(parallel missing)
Og kvar som hev skilt seg med hus eller brør eller syster eller far eller mor eller born eller gardar for mitt namn skuld, han skal få det att mange gonger og erva eit ævelegt liv. (aiōnios g166)
Matthew 21:19 (Matteus 21:19)
(parallel missing)
Då fekk han sjå eit einsleg fiketre attmed vegen. Han gjekk der burt, men fann’kje anna på treet enn lauv. Då sagde han til det: «Aldri i verdi skal det koma frukt på deg meir.» Og straks turka fiketreet. (aiōn g165)
Matthew 23:15 (Matteus 23:15)
(parallel missing)
Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de fer land og strand og leitar etter ein fylgjesvein, og finn de ein, so gjer de honom til eit helvitesbarn, tvo gonger verre enn de er sjølve. (Geenna g1067)
Matthew 23:33 (Matteus 23:33)
(parallel missing)
De eiterormar, de slange-ungar, korleis kann de sleppa undan helvitesdomen? (Geenna g1067)
Matthew 24:3 (Matteus 24:3)
(parallel missing)
Sidan, då han sat på Oljeberget, og ingen annan var med, gjekk læresveinarne fram til honom og sagde: «Seg oss: Når skal alt dette henda, og kva merke skal me hava på koma di og enden på verdi!» (aiōn g165)
Matthew 25:41 (Matteus 25:41)
(parallel missing)
So segjer han til deim på vinstre sida: «Gakk burt frå meg, de bannstøytte, til den ævelege elden, som er tilbudd åt djevelen og englarne hans! (aiōnios g166)
Matthew 25:46 (Matteus 25:46)
(parallel missing)
So skal dei ganga burt til æveleg straff, men dei rettferdige til eit ævelegt liv. (aiōnios g166)
Matthew 28:20 (Matteus 28:20)
(parallel missing)
og lærer deim å halda alt det som eg hev bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend!» (aiōn g165)
Mark 3:29 (Markus 3:29)
(parallel missing)
men den som spottar den Heilage Ande, fær i all æva ikkje tilgjeving; han er saka i ei æveleg synd» - (aiōn g165, aiōnios g166)
Mark 4:19 (Markus 4:19)
(parallel missing)
men suterne for det timelege og den svikfulle rikdomen og fysna etter alle andre ting, trengjer seg inn og kjøver ordet, so det vert grødelaust. (aiōn g165)
Mark 9:43 (Markus 9:43)
(parallel missing)
Dersom handi di freistar deg, so hogg henne av! Det er betre du gjeng vanfør inn til livet, enn at du hev båe henderne dine og kjem i helvite, i den usløkkjande elden, (Geenna g1067)
Mark 9:45 (Markus 9:45)
(parallel missing)
Og dersom foten din freistar deg, so hogg honom av! Det er betre du gjeng einføtt inn til livet, enn at du hev båe føterne dine og vert kasta i helvite, (Geenna g1067)
Mark 9:47 (Markus 9:47)
(parallel missing)
Og dersom auga ditt freistar deg, so riv det ut! Det er betre du gjeng einøygd inn i Guds rike, enn at du hev tvo augo og vert kasta i helvite, (Geenna g1067)
Mark 10:17 (Markus 10:17)
(parallel missing)
Då han kom ut på vegen, sprang det ein fram og fall på kne for honom og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit æveleg liv?» (aiōnios g166)
Mark 10:30 (Markus 10:30)
(parallel missing)
utan han skal få det att hundrad gonger - no i denne tidi heim og brør og syster og møder og born og gardar, alt um han jamt er i fåre, og i den verdi som kjem eit æveleg liv. (aiōn g165, aiōnios g166)
Mark 11:14 (Markus 11:14)
(parallel missing)
Då tala han til treet og sagde: «Gjev aldri i verdi nokon må koma til å eta frukt av deg meir!» Og det høyrde læresveinarne på. (aiōn g165)
y sinará Crallis deltó andré o quer de Jacob. Y desquero chim na terelará anda. (aiōn g165)
han skal vera konge yver Jakobs-ætti i all æva, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.» (aiōn g165)
Andiar sasta penó á amáres batuces, á Abraham y á sus chaborés deltó. (aiōn g165)
So var hans ord til federn’ våre - si miskunn mot Abraham og hans ætt.» (aiōn g165)
Como penó por mui de sus majarés Prophetas, andré os sarés gresés. (aiōn g165)
Som han frå fordom gjenom Heilag profetmunn sagde: (aiōn g165)
Y le manguelaban, que na os bichabase al butron. (Abyssos g12)
og dei bad at han ikkje vilde lata deim fara ned i avgrunnen. (Abyssos g12)
Y tucue, Capharnaúm, ardiñado disde o Charos, disde o butrón sinarás chibado ostely. (Hadēs g86)
Og du, Kapernaum - skal du kann henda lyftast upp til himmelen? nei, til helheimen skal du støytast ned. (Hadēs g86)
Y se ardiñó yeque Chande de la Eschastra, y le penó somia pesquilarle: ¿Duquendio, que quereláre somia terelar chipen deltó? (aiōnios g166)
Då gjekk det fram ein som var kunnig i lovi; han vilde freista Jesus og sagde: «Meister, kva skal eg gjera for å vinna eit æveleg liv?» (aiōnios g166)
Tami menda penaré sangue á coin jomte terelar dal: Terelad dal á ocola, sos despues de nicobar a chipen, terela ezor de bucharar al butron: andiar sangue penelo, a ocona terelad dal. (Geenna g1067)
Eg skal syna dykk kven de skal ottast; de skal ottast honom som hev magt til å drepa og sidan kasta i helvite. Ja, segjer eg dykk, honom skal de ottast! (Geenna g1067)
Y loó ó erañó al queresquero choro, presas queró saro cuerdamente: presas os chai de ocona gré chanelan butér andré su beda, que os chai e dut. (aiōn g165)
Og Herren rosa uærlege hushaldaren for di han hadde fare klokt åt. For denne verdsens born er klokare til å stella seg med sine jamlikar enn ljossens born er. (aiōn g165)
Menda sangue penelo: Que quereleis monres es manchines e choripen; somia que pur perareis, ustilelen sangue andré eternos querés. (aiōnios g166)
Og eg segjer dykk: Vinn dykk vener med den urettferdige Mammon, so dei kann taka imot dykk i dei ævelege heimarne når han tryt! (aiōnios g166)
Y ardiñelando as aquias, pur sinaba andré os jacháres, diqueló de muy dur á Abraham, y á Lazaro andré desquero chepo: (Hadēs g86)
Som han no slo upp augo sine i helheimen, der han låg og pintest, ser han Abraham langt burte, og Lasarus innmed barmen hans. (Hadēs g86)
Y le puchabó yeque tintin baro, penando: Duquendio lacho, ¿qué querelaré somia alachar a chipen que na marela? (aiōnios g166)
Ein synagoge-forstandar spurde honom: «Gode meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit ævelegt liv?» (aiōnios g166)
Sos na terele de alachar baribu butér andré ocona chiros; y andré o chim que abillele a chipen que na marela. (aiōn g165, aiōnios g166)
utan han skal få det att mangdubbelt i denne tidi, og i den verdi som kjem eit ævelegt liv.» (aiōn g165, aiōnios g166)
Y Jesus les penó: Os chabores de ocona sueti se romandiñelan, y sinelan diñados en romandiñipen: (aiōn g165)
Jesus svara: «Dei som liver her i verdi, dei gifter seg og vert burtgifte; (aiōn g165)
Tami junos sos sinarán juzgados cabalicos de ocola sueti, y e resurreccion es mulés, na se romandiñarán, ni sinarán diñados en romandiñipen. (aiōn g165)
men dei som vert haldne verdige til å nå hi verdi og standa upp att frå dei daude, dei korkje gifter seg eller vert burtgifte; (aiōn g165)
John 3:16 (Johannes 3:16)
(parallel missing)
For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur på honom, ikkje skal verta fortapt, men hava ævelegt liv. (aiōnios g166)
John 3:36 (Johannes 3:36)
(parallel missing)
Den som trur på Sonen, hev æveleg liv; men den som ikkje lyder Sonen, fær ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande yver honom». (aiōnios g166)
John 4:14 (Johannes 4:14)
(parallel missing)
men den som drikk av det vatnet eg vil gjeva honom, vert aldri tyrst meir; for det vatnet eg gjev honom, vert i honom til ei kjelda med vatn som vell upp til ævelegt liv.» (aiōn g165, aiōnios g166)
John 4:36 (Johannes 4:36)
(parallel missing)
Den som haustar fær løn, og samlar grøda til ævelegt liv, so dei skal få gleda seg saman både den som sår og den som haustar. (aiōnios g166)
John 5:24 (Johannes 5:24)
(parallel missing)
Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som høyrer mitt ord og trur den som sende meg, han hev ævelegt liv, og kjem ikkje for domen, men hev gjenge yver frå dauden til livet. (aiōnios g166)
John 5:39 (Johannes 5:39)
(parallel missing)
De granskar skrifterne av di de tenkjer at de hev eit ævelegt liv i deim, og dei er det som vitnar um meg. (aiōnios g166)
John 6:27 (Johannes 6:27)
(parallel missing)
Vinn dykk ikkje føda som forgjengst, men føda som varer og gjev eit ævelegt liv! Den skal Menneskjesonen gjeva dykk; for honom hev Faderen, Gud, sett sitt innsigle på.» (aiōnios g166)
John 6:40 (Johannes 6:40)
(parallel missing)
For so vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på honom, skal hava ævelegt liv, og at eg skal vekkja honom upp att på den siste dag.» (aiōnios g166)
John 6:47 (Johannes 6:47)
(parallel missing)
Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som trur, hev ævelegt liv. (aiōnios g166)
John 6:51 (Johannes 6:51)
(parallel missing)
Eg er det livande brødet som kom ned frå himmelen; dersom nokon et av det brødet, skal liva i all æva; og brødet eg vil gjeva, er kjøtet mitt, som eg gjev til liv for verdi.» (aiōn g165)
John 6:54 (Johannes 6:54)
(parallel missing)
Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, hev eit ævelegt liv, og eg skal vekkja honom upp att på den siste dag. (aiōnios g166)
John 6:58 (Johannes 6:58)
(parallel missing)
Det er brødet som kom ned frå himmelen; det er’kje som det federne dykkar åt, og so døydde: den som et dette brødet, skal liva i all æva.» (aiōn g165)
John 6:68 (Johannes 6:68)
(parallel missing)
Simon Peter svara: «Herre, kven skulde me ganga til? Du hev det ævelege livs ord, (aiōnios g166)
John 8:35 (Johannes 8:35)
(parallel missing)
Men trælen vert ikkje verande i huset for all tid - sonen vert verande der for all tid. (aiōn g165)
John 8:51 (Johannes 8:51)
(parallel missing)
Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva sjå dauden.» (aiōn g165)
John 8:52 (Johannes 8:52)
(parallel missing)
«No veit me at du er forgjord, » sagde jødarne. «Abraham hev døytt, og profetarne og, og du segjer: «Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva smaka dauden.» (aiōn g165)
John 9:32 (Johannes 9:32)
(parallel missing)
Frå ævords tid hev det ikkje vore spurt at nokon hev opna augo på ein blindfødd. (aiōn g165)
John 10:28 (Johannes 10:28)
(parallel missing)
og eg gjev deim eit ævelegt liv; dei skal ikkje i all æve forkomast, og ingen skal riva dei ut or handi mi. (aiōn g165, aiōnios g166)
John 11:26 (Johannes 11:26)
(parallel missing)
og kvar den som liver og trur på meg, skal i all æva ikkje døy. Trur du det?» (aiōn g165)
John 12:25 (Johannes 12:25)
(parallel missing)
Den som elskar livet sitt, misser det, og den som hatar livet sitt i denne verdi, skal berga det til eit ævelegt liv. (aiōnios g166)
John 12:34 (Johannes 12:34)
(parallel missing)
Folket svara: «Me hev høyrt av lovi at Messias liver æveleg; korleis hev det seg då at du segjer Menneskjesonen skal lyftast upp? Kven er denne Menneskjesonen?» (aiōn g165)
John 12:50 (Johannes 12:50)
(parallel missing)
og eg veit at hans fyresegn er eit ævelegt liv. So talar eg då det som eg talar heiltupp so som Faderen hev sagt meg.» (aiōnios g166)
John 13:8 (Johannes 13:8)
(parallel missing)
«Aldri i verdi skal du två mine føter, » segjer Peter. «Dersom eg ikkje tvær deg, hev du ingen ting i hop med meg, » svara Jesus. (aiōn g165)
John 14:16 (Johannes 14:16)
(parallel missing)
då skal eg beda Faderen, so gjev han dykk ein annan målsmann, som skal vera hjå dykk i all æva, (aiōn g165)
John 17:2 (Johannes 17:2)
(parallel missing)
etter di du gav honom magt yver alt kjøt, so han kann lata alle deim du hev gjeve honom få ævelegt liv, (aiōnios g166)
John 17:3 (Johannes 17:3)
(parallel missing)
og det er det ævelege livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og den du sende, Jesus Kristus. (aiōnios g166)
Acts 2:27 (Apostlenes-gjerninge 2:27)
(parallel missing)
for du skal ikkje yverlata mi sjæl i helheimen og ikkje lata din heilage sjå undergang. (Hadēs g86)
Acts 2:31 (Apostlenes-gjerninge 2:31)
(parallel missing)
so tala han framsynt um Messias’ uppstoda det ordet at han ikkje vart yverlaten i helheimen, og ikkje heller hans kjøt såg undergang. (Hadēs g86)
Acts 3:21 (Apostlenes-gjerninge 3:21)
(parallel missing)
han som himmelen skal hysa til tidi for atterreisingi av alle ting, som Gud hev tala um gjenom munnen til sine heilage profetar frå gamle dagar. (aiōn g165)
Acts 13:46 (Apostlenes-gjerninge 13:46)
(parallel missing)
Då tok Paulus og Barnabas til ords og sagde beint ut: «Det var naudsynlegt at Guds ord vart tala fyrst til dykk; men sidan de støyter det burt og ikkje dømer dykk sjølve verdige til det ævelege liv, sjå, so vender me oss til heidningarne. (aiōnios g166)
Acts 13:48 (Apostlenes-gjerninge 13:48)
(parallel missing)
Då heidningarne høyrde det, gledde dei seg og prisa Herrens ord, og dei tok ved trui, so mange som var etla til ævelegt liv. (aiōnios g166)
Acts 15:18 (Apostlenes-gjerninge 15:18)
(parallel missing)
som han veit um frå æveleg tid. (aiōn g165)
Romans 1:20 (Romerne 1:20)
(parallel missing)
For hans usynlege grunnhått, både hans ævelege kraft og guddom, er synleg sidan han skapte verdi, då ein kann skyna honom av gjerningarne - so folk skal vera utan orsaking (aïdios g126)
Romans 1:25 (Romerne 1:25)
(parallel missing)
dei som bytte burt Guds sanning for lygn, og æra og dyrka skapningen framfor skaparen, han som er velsigna i all æva. Amen. (aiōn g165)
Romans 2:7 (Romerne 2:7)
(parallel missing)
deim som med trott i god gjerning søkjer herlegdom og æra og uforgjengelegdom, skal han gjeva ævelegt liv; (aiōnios g166)
Romans 5:21 (Romerne 5:21)
(parallel missing)
so liksom syndi rådde ved dauden, skulde nåden og råda ved rettferd til ævelegt liv ved Jesus Kristus, vår Herre. (aiōnios g166)
Romans 6:22 (Romerne 6:22)
(parallel missing)
Men no då de er frigjorde frå syndi og hev vorte Guds tenarar, hev de dykkar frukt til helging, og endelykti er ævelegt liv. (aiōnios g166)
Romans 6:23 (Romerne 6:23)
(parallel missing)
For den løn som syndi gjev, er dauden, men Guds nådegåva er ævelegt liv i Kristus Jesus, vår Herre. (aiōnios g166)
Romans 9:5 (Romerne 9:5)
(parallel missing)
dei som federne høyrer til og som Kristus er ætta frå etter kjøtet, han som er Gud yver alle ting, velsigna i all æva. Amen. (aiōn g165)
Romans 10:7 (Romerne 10:7)
(parallel missing)
eller: «Kven skal fara ned i avgrunnen» - det vil segja til å henta Kristus upp frå dei daude -?» (Abyssos g12)
Romans 11:32 (Romerne 11:32)
(parallel missing)
for Gud hev gjeve deim alle yver til ulydnad, so han skulde kunna miskunna deim alle. (eleēsē g1653)
Romans 11:36 (Romerne 11:36)
(parallel missing)
For av honom og ved honom og til honom er alle ting. Han skal hava æra i all æva! Amen. (aiōn g165)
Romans 12:2 (Romerne 12:2)
(parallel missing)
og skikka dykk ikkje likt med denne verdi, men umlagast med uppatnying av hugen dykkar, so de kann prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne. (aiōn g165)
Romans 16:25 (Romerne 16:25)
(parallel missing)
Men han som er megtig til å styrkja dykk etter mitt evangelium og Jesu Kristi forkynning, etter openberringi av den løyndomen som hev vore duld i ævelege tider, (aiōnios g166)
Romans 16:26 (Romerne 16:26)
(parallel missing)
men no er komen til synes, og i profetiske skrifter etter den ævelege Guds fyresegn kunngjord for alle folk til å verka lydnad i tru, (aiōnios g166)
Romans 16:27 (Romerne 16:27)
(parallel missing)
han, den eine vise Gud ved Jesus Kristus, skal hava æra i all æva! Amen. (aiōn g165)
1-Corinthians 1:20 (1 Korintierne 1:20)
(parallel missing)
Kvar er ein vismann? Kvar er ein skriftlærd? Kvar er ein granskar av denne verdi? Hev ikkje Gud gjort visdomen i verdi til dårskap? (aiōn g165)
1-Corinthians 2:6 (1 Korintierne 2:6)
(parallel missing)
Men me talar visdom hjå dei fullkomne, men ein visdom som ikkje høyrer denne verdi til eller herrarne i denne verdi, dei som forgjengst. (aiōn g165)
1-Corinthians 2:7 (1 Korintierne 2:7)
(parallel missing)
Men som ein løyndom talar me Guds visdom, den dulde, som Gud frå ævelege tider hev etla til vår herlegdom, (aiōn g165)
1-Corinthians 2:8 (1 Korintierne 2:8)
(parallel missing)
Den ingen av herrarne i denne verdi kjende; for hadde dei kjent honom, so hadde dei ikkje krossfest herlegdoms-herren; (aiōn g165)
1-Corinthians 3:18 (1 Korintierne 3:18)
(parallel missing)
Ingen dåre seg sjølv! Um nokon millom dykk tykkjest vera vis i denne verdi, lat honom verta ei dåre, so han kann verta vis! (aiōn g165)
1-Corinthians 8:13 (1 Korintierne 8:13)
(parallel missing)
Difor, dersom mat valdar støyt for bror min, so vil eg i all æva ikkje eta kjøt, so eg ikkje skal valda støyt for bror min. (aiōn g165)
1-Corinthians 10:11 (1 Korintierne 10:11)
(parallel missing)
Men dette hende deim som fyredøme, men det er skrive til påminning for oss som dei siste tider er komne til. (aiōn g165)
1-Corinthians 15:55 (1 Korintierne 15:55)
(parallel missing)
«Daude, kvar er din brodd? Daude, kvar er din siger?» (Hadēs g86)
2-Corinthians 4:4 (2 Korintierne 4:4)
(parallel missing)
dei som guden til denne verdi hev blinda den vantruande hugen på, so ljoset frå evangeliet um Kristi herlegdom, han som er Guds bilæte, ikkje skal skina for deim. (aiōn g165)
2-Corinthians 4:17 (2 Korintierne 4:17)
(parallel missing)
For vår kortvarande og lette trengsla verkar for oss ei æveleg nøgd av herlegdom i yvermål på yvermål, (aiōnios g166)
2-Corinthians 4:18 (2 Korintierne 4:18)
(parallel missing)
med di me ikkje fester oss ved det synlege, men ved det usynlege; for det synlege er timelegt, men det usynlege ævelegt. (aiōnios g166)
2-Corinthians 5:1 (2 Korintierne 5:1)
(parallel missing)
For me veit, at um vår likams jordiske hus vert nedrive, so hev me ein bygnad av Gud, eit hus som ikkje er gjort med hender, ævelegt i himmelen. (aiōnios g166)
2-Corinthians 9:9 (2 Korintierne 9:9)
(parallel missing)
som skrive stend: «Han strøydde ut, han gav dei fatige, hans rettferd vert verande i all æva.» (aiōn g165)
2-Corinthians 11:31 (2 Korintierne 11:31)
(parallel missing)
Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, som er velsigna i all æva, han veit at eg ikkje lyg! (aiōn g165)
Galatians 1:4 (Galaterne 1:4)
(parallel missing)
som gav seg sjølv for våre synder, so han kunde fria oss ut or den noverande vonde verdi etter vår Gud og Faders vilje; (aiōn g165)
Galatians 1:5 (Galaterne 1:5)
(parallel missing)
honom vere æra i all æve! Amen. (aiōn g165)
Galatians 6:8 (Galaterne 6:8)
(parallel missing)
For den som sår i sitt kjød, skal hausta tjon av kjøtet; men den som sår i Anden, han skal hausta ævelegt liv av Anden. (aiōnios g166)
Ephesians 1:21 (Efeserne 1:21)
(parallel missing)
høgt yver all magt og yverråd og alt velde og herredøme og yver kvart namn som vert nemnt, ikkje berre i denne verdi, men og i den tilkomande, (aiōn g165)
Ephesians 2:2 (Efeserne 2:2)
(parallel missing)
som de fordom ferdast i etter tidarfaret i denne verdi, etter hovdingen yver hermagti i lufti, den åndi som no verkar i borni til vantrui, (aiōn g165)
Ephesians 2:7 (Efeserne 2:7)
(parallel missing)
so han i dei komande tider kunde visa den ovstore rikdomen av sin nåde ved godleik imot oss i Kristus Jesus. (aiōn g165)
Ephesians 3:9 (Efeserne 3:9)
(parallel missing)
og upplysa alle um korleis hushaldet er med den løyndomen som frå ævelege tider hev vore løynd i Gud, som hev skapt alle ting, (aiōn g165)
Ephesians 3:11 (Efeserne 3:11)
(parallel missing)
etter den fyresetning frå ævelege tider som han fullførde i Kristus Jesus, vår Herre, (aiōn g165)
Ephesians 3:21 (Efeserne 3:21)
(parallel missing)
honom vera æra i kyrkja og i Kristus Jesus gjenom alle ætter i alle ævor! Amen. (aiōn g165)
Ephesians 6:12 (Efeserne 6:12)
(parallel missing)
For me hev ikkje strid mot blod og kjøt, men mot herrevelde, mot magter, mot heimsens herrar, som råder i myrkret i denne tid, mot vondskaps åndeher i himmelrømdi. (aiōn g165)
Philippians 4:20 (Filippenserne 4:20)
(parallel missing)
Men vår Gud og Fader vere æra i all æva! Amen. (aiōn g165)
Colossians 1:26 (Kolossenserne 1:26)
(parallel missing)
den løyndomen som var duld frå alle tider og ætter vart til, men no er openberra for hans heilage, (aiōn g165)
2-Thessalonians 1:9 (2 Tessalonikerne 1:9)
(parallel missing)
dei som skal lida refsing, ei æveleg fortaping burt frå Herrens åsyn og frå hans veldes herlegdom, (aiōnios g166)
2-Thessalonians 2:16 (2 Tessalonikerne 2:16)
(parallel missing)
Men han vår Herre Jesus Kristus, og Gud, vår Fader, som elska oss og gav oss ei æveleg trøyst og ei god von i nåde, (aiōnios g166)
1-Timothy 1:16 (1 Timoteus 1:16)
(parallel missing)
men difor fekk eg miskunn, at Jesus Kristus kunde syna alt sitt langmod på meg fyrst, til eit fyredøme for deim som skulde tru på honom til ævelegt liv. (aiōnios g166)
1-Timothy 1:17 (1 Timoteus 1:17)
(parallel missing)
Men den ævelege konge, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud vere pris og æra i all æva! Amen. (aiōn g165)
1-Timothy 6:12 (1 Timoteus 6:12)
(parallel missing)
Strid den gode striden i trui! grip det ævelege liv, som du vart kalla til og bar fram den gode vedkjenningi for mange vitne! (aiōnios g166)
1-Timothy 6:16 (1 Timoteus 6:16)
(parallel missing)
han som åleine hev udøyelegdom, som bur i eit ljos som ingen kann koma til, som inkje menneskje hev set eller kann sjå; han hev æra og æveleg magt! Amen. (aiōnios g166)
1-Timothy 6:17 (1 Timoteus 6:17)
(parallel missing)
Bjod deim som er rike i den noverande verdi, at dei ikkje skal ovmoda seg eller setja si von til den uvisse rikdomen, men til Gud, som gjev oss rikleg alle ting å njota; (aiōn g165)
1-Timothy 6:19 (1 Timoteus 6:19)
(parallel missing)
so dei legg seg upp ein god grunnvoll for den komande tid, so dei kann gripa det sanne liv. (aiōnios g166)
2-Timothy 1:9 (2 Timoteus 1:9)
(parallel missing)
han som frelste oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje etter våre gjerningar, men etter si eigi rådgjerd og den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå ævelege tider, (aiōnios g166)
2-Timothy 2:10 (2 Timoteus 2:10)
(parallel missing)
Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, for at dei og skal vinna frelsa i Kristus Jesus med æveleg herlegdom. (aiōnios g166)
2-Timothy 4:10 (2 Timoteus 4:10)
(parallel missing)
For Demas forlet meg av kjærleik til den noverande verdi og for til Tessalonika, Kreskens til Galatia, Titus til Dalmatia. (aiōn g165)
2-Timothy 4:18 (2 Timoteus 4:18)
(parallel missing)
Herren skal fria meg frå all vond gjerning og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Honom vere æra i all æva! Amen. (aiōn g165)
Titus 1:2
(parallel missing)
i von um ævelegt liv, som Gud, han som ikkje lyg, hev lova frå ævelege tider, (aiōnios g166)
Titus 2:12
(parallel missing)
med di han uppsedar oss til å segja frå oss gudløysa og dei verdslege lyster og liva viseleg og rettferdigt og gudleg i den verdi, (aiōn g165)
Titus 3:7
(parallel missing)
so me, rettferdiggjorde ved hans nåde, i voni skulde verta ervingar til det ævelege liv. (aiōnios g166)
Philemon 1:15 (Filemon 1:15)
(parallel missing)
For kann henda han difor vart skild frå deg for ei stund, at du kunde få honom att til æveleg eiga, (aiōnios g166)
Hebrews 1:2 (Hebreerne 1:2)
(parallel missing)
so hev han i desse siste dagar tala til oss gjenom Sonen. Honom hev han sett til erving yver alle ting, og ved honom hev han og gjort verdi. (aiōn g165)
Hebrews 1:8 (Hebreerne 1:8)
(parallel missing)
men um Sonen: «Din kongsstol, Gud, stend i all æva; ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike. (aiōn g165)
Hebrews 5:6 (Hebreerne 5:6)
(parallel missing)
Liksom han og segjer ein annan stad: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.» (aiōn g165)
Hebrews 5:9 (Hebreerne 5:9)
(parallel missing)
og då han var fullenda, vart han upphav til æveleg frelsa for alle deim som lyder honom, (aiōnios g166)
Hebrews 6:2 (Hebreerne 6:2)
(parallel missing)
med læra um dåp og handpåleggjing og uppstoda av daude og æveleg dom. (aiōnios g166)
Hebrews 6:5 (Hebreerne 6:5)
(parallel missing)
og smaka Guds gode ord og krafterne av den komande verdi (aiōn g165)
Hebrews 6:20 (Hebreerne 6:20)
(parallel missing)
der Jesus gjekk inn som fyregangsmann for oss, med di han vart øvsteprest etter Melkisedeks vis til æveleg tid. (aiōn g165)
Hebrews 7:17 (Hebreerne 7:17)
(parallel missing)
For han vitnar: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.» (aiōn g165)
Hebrews 7:21 (Hebreerne 7:21)
(parallel missing)
- for hine hev vorte prestar utan eid, men denne med eid ved den som segjer til honom: «Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis»» - (aiōn g165)
Hebrews 7:24 (Hebreerne 7:24)
(parallel missing)
Men denne hev eit uforgjengelegt prestedøme, av di han vert verande til æveleg tid. (aiōn g165)
Hebrews 7:28 (Hebreerne 7:28)
(parallel missing)
For lovi set til øvsteprestar menneskje som hev vesaldom; men den eids ord som kom etter lovi, set Sonen inn, han som er fullenda for all æva. (aiōn g165)
Hebrews 9:12 (Hebreerne 9:12)
(parallel missing)
og ikkje med blod av bukkar eller kalvar, men med sitt eige blod, ein gong inn i heilagdomen og fann ei æveleg utløysing. (aiōnios g166)
Hebrews 9:14 (Hebreerne 9:14)
(parallel missing)
kor mykje meir skal då blodet av Kristus, som ved ei æveleg ånd bar seg sjølv fram som eit ulastelegt offer for Gud, reinsa dykkar samvit frå daude gjerningar til å tena den livande Gud! (aiōnios g166)
Hebrews 9:15 (Hebreerne 9:15)
(parallel missing)
Og difor er han millommann for ei ny pakt, for at dei som er kalla, skal få den ævelege arven som var lova, dermed at ein døydde til utløysing frå misgjerningarne i den fyrste pakt. (aiōnios g166)
Hebrews 9:26 (Hebreerne 9:26)
(parallel missing)
for då hadde han ofte lote lida frå verdi vart grunnlagd; men no er han ein gong ved enden av tiderne openberra til å taka burt syndi ved sitt offer. (aiōn g165)
Hebrews 11:3 (Hebreerne 11:3)
(parallel missing)
Ved tru skynar me at verdi er fullførd ved Guds ord, so det som vert set, ikkje vart til av det synlege. (aiōn g165)
Hebrews 13:8 (Hebreerne 13:8)
(parallel missing)
Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til æveleg tid. (aiōn g165)
Hebrews 13:20 (Hebreerne 13:20)
(parallel missing)
Men fredsens Gud, han som i kraft av æveleg pakts blod førde den store hyrding for sauerne, vår Herre Jesus, upp frå dei daude, (aiōnios g166)
Hebrews 13:21 (Hebreerne 13:21)
(parallel missing)
han gjere dykk full-dugande i all god gjerning, so de gjer hans vilje, med di han verkar i dykk det som er til hugnad for honom, ved Jesus Kristus! Honom vere æra i all æva! Amen. (aiōn g165)
James 3:6 (Jakobs 3:6)
(parallel missing)
Tunga er og ein eld; ei verd full av urettferd, soleis stend tunga millom lemerne våre; ho smittar heile likamen og set livsens hjul i loge, og vert sjølv sett i loge frå helvite. (Geenna g1067)
1-Peter 1:23 (1 Peters 1:23)
(parallel missing)
de som er atterfødde, ikkje av forgjengelegt, men uforgjengelegt sæde, ved Guds ord, som liver og varer! (aiōn g165)
1-Peter 1:25 (1 Peters 1:25)
(parallel missing)
Men Herrens ord varer i all æva. Dette er det ordet som er forkynt for dykk ved evangeliet. (aiōn g165)
1-Peter 4:11 (1 Peters 4:11)
(parallel missing)
Um nokon talar, han tale som Guds ord, um nokon tener i kyrkjelyden, han tene som av den kraft Gud gjev, so Gud må verta æra i alle ting ved Jesus Kristus, som æra og magti høyrer til i all æva. Amen. (aiōn g165)
1-Peter 5:10 (1 Peters 5:10)
(parallel missing)
Men all nådes Gud, som kalla dykk til sin ævelege herlegdom i Kristus Jesus etter ei stuttvarug liding, han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja, grunnfesta dykk. (aiōnios g166)
1-Peter 5:11 (1 Peters 5:11)
(parallel missing)
Honom høyrer magti til i all æva. Amen. (aiōn g165)
2-Peter 1:11 (2 Peters 1:11)
(parallel missing)
For soleis skal det rikleg verta gjeve dykk inngang i vår Herre og frelsar Jesu Kristi ævelege rike. (aiōnios g166)
2-Peter 2:4 (2 Peters 2:4)
(parallel missing)
For so visst som Gud ikkje sparde englar då dei synda, men støytte deim ned i avgrunnen og gav deim yver til myrke holor i varetekt til dom, (Tartaroō g5020)
2-Peter 3:18 (2 Peters 3:18)
(parallel missing)
Men veks i nåde og kjennskap til vår Herre og frelsar Jesus Kristus! Honom vere æra både no og til æveleg tid! Amen. (aiōn g165)
1-John 1:2 (1 Johannes 1:2)
(parallel missing)
- og livet vart openberra, og me hev set det og vitnar og forkynner dykk livet, det ævelege, som var hjå Faderen og vart openberra for oss - (aiōnios g166)
1-John 2:17 (1 Johannes 2:17)
(parallel missing)
Og verdi og hennar lyst forgjengst; men den som gjer Guds vilje, han vert verande til æveleg tid. (aiōn g165)
1-John 2:25 (1 Johannes 2:25)
(parallel missing)
Og dette er den lovnaden som han lova oss: det ævelege livet. (aiōnios g166)
1-John 3:15 (1 Johannes 3:15)
(parallel missing)
Kvar den som hatar bror sin, er ein manndråpar; og de veit at ingen manndråpar hev ævelegt liv verande i seg. (aiōnios g166)
1-John 5:11 (1 Johannes 5:11)
(parallel missing)
Og dette er vitnemålet, at Gud hev gjeve oss ævelegt liv, og dette livet er i son hans. (aiōnios g166)
1-John 5:13 (1 Johannes 5:13)
(parallel missing)
Dette hev eg skrive til dykk, so de skal vita at de hev ævelegt liv, de som trur på Guds sons namn. (aiōnios g166)
1-John 5:20 (1 Johannes 5:20)
(parallel missing)
Men me veit at Guds son er komen og hev gjeve oss skyn til å kjenna den Sanne; og me er i den Sanne, i hans son Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det ævelege livet. (aiōnios g166)
2-John 1:2 (2 Johannes 1:2)
(parallel missing)
for den sanning skuld som vert verande i oss og skal vera med oss til æveleg tid: (aiōn g165)
Jude 1:6 (Judas 1:6)
(parallel missing)
Og dei englar som ikkje heldt fast ved sitt høge stand, men gjekk ifrå sin eigen heim, deim held han i varetekt i ævelege lekkjor under myrkret til domen på den store dagen; (aïdios g126)
Jude 1:7 (Judas 1:7)
(parallel missing)
liksom Sodoma og Gomorra og byarne der ikring, då dei på same vis som desse dreiv hor og for etter framandt kjøt, ligg der til eit fyredøme, lidande ein æveleg elds refsing. (aiōnios g166)
Jude 1:13 (Judas 1:13)
(parallel missing)
ville havbåror som skumar ut si eigi skam, villfarande stjernor, som kolmyrkret er etla åt i all æva. (aiōn g165)
Jude 1:21 (Judas 1:21)
(parallel missing)
og haldt dykk soleis i Guds kjærleik, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi miskunn til ævelegt liv! (aiōnios g166)
Jude 1:25 (Judas 1:25)
(parallel missing)
den einaste Gud, vår frelsar ved Jesus Kristus, vår Herre, honom høyrer herlegdom til og majestæt og velde og magt fyre all tid og no og i all æva. Amen. (aiōn g165)
Revelation 1:6 (Apenbaring 1:6)
(parallel missing)
og som hev gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud og sin Fader, honom tilhøyrer æra og magti i all æva! Amen. (aiōn g165)
Revelation 1:18 (Apenbaring 1:18)
(parallel missing)
«Ottast ikkje! eg er den fyrste og den siste og den livande; og eg var daud, og sjå, eg er livande i all æva! Og eg hev lyklarne til dauden og til helheimen. (aiōn g165, Hadēs g86)
Revelation 4:9 (Apenbaring 4:9)
(parallel missing)
Og når dei fire livendi gjev æra og pris og takk åt honom som sit på stolen, og som liver i all æva, (aiōn g165)
Revelation 4:10 (Apenbaring 4:10)
(parallel missing)
so fell dei fire og tjuge eldste ned for honom som sit på stolen, og tilbed honom som liver i all æva, og kastar krunorne sine ned for stolen og segjer: (aiōn g165)
Revelation 5:13 (Apenbaring 5:13)
(parallel missing)
Og kvar skapning som er i himmelen og på jordi og under jordi og på havet, og alt det som er i deim, høyrde eg segja: «Honom som sit på stolen, og Lambet tilhøyrer velsigning og pris og æra og magt i all æva!» (aiōn g165)
Revelation 6:8 (Apenbaring 6:8)
(parallel missing)
Og eg såg, og sjå, ein gul hest; og han som sat på honom, hans namn var Dauden, og helheimen fylgde med honom: og det vart gjeve deim magt yver fjordeparten av jordi til å drepa med sverd og med svolt og med sott og ved villdyri på jordi. (Hadēs g86)
Revelation 7:12 (Apenbaring 7:12)
(parallel missing)
og sagde: «Amen! Velsigning og æra og visdom og takk og pris og magt og styrke høyrer til vår Gud i all æva! Amen.» (aiōn g165)
Revelation 9:1 (Apenbaring 9:1)
(parallel missing)
Og den femte engelen bles. Og eg såg eg ei stjerna som hadde falle frå himmelen ned på jordi, og ho fekk lykelen til avgrunnsbrunnen. (Abyssos g12)
Revelation 9:2 (Apenbaring 9:2)
(parallel missing)
Og ho opna avgrunnsbrunnen, og ein røyk steig upp or brunnen, lik røyken av ein stor omn, og soli og lufti vart myrkte av røyken frå brunnen. (Abyssos g12)
Revelation 9:11 (Apenbaring 9:11)
(parallel missing)
Til konge yver seg hev dei avgrunnsengelen, hans namn er på hebraisk Abaddon, og på gresk hev han namnet Apollyon. (Abyssos g12)
Revelation 10:6 (Apenbaring 10:6)
(parallel missing)
og svor ved honom som liver i all æva, som skapte himmelen og det som er i honom, og jordi og det som er på henne, og havet og det som er i det, at det ikkje lenger skal vera nokor tid. (aiōn g165)
Revelation 11:7 (Apenbaring 11:7)
(parallel missing)
Og når dei hev fullført sitt vitnemål, skal det dyret som stig upp or avgrunnen, føra strid med deim og vinna på deim og drepa deim. (Abyssos g12)
Revelation 11:15 (Apenbaring 11:15)
(parallel missing)
Og den sjuande engelen bles. Og det vart høyrt høge røyster i himmelen, som sagde: «Kongedømet yver verdi er tilfalle vår Herre og den han salva, og han skal vera konge i all æva.» (aiōn g165)
Revelation 14:6 (Apenbaring 14:6)
(parallel missing)
Og eg såg ein annan engel fljuga under det høgste av himmelen; han hadde eit ævelegt evangelium å forkynna deim som bur på jordi og alle folk og ætter og tungemål og landslydar, (aiōnios g166)
Revelation 14:11 (Apenbaring 14:11)
(parallel missing)
Og røyken av pinsla deira stig upp i all æva, og dei hev ikkje kvila dag eller natt, dei som tilbed dyret og bilætet av det, og kvar ein som tek namnemerket til det.» (aiōn g165)
Revelation 15:7 (Apenbaring 15:7)
(parallel missing)
Og eit av dei fire livendi gav dei sju englarne sju gullskåler, fyllte med Guds vreide, hans som liver i all æva. (aiōn g165)
Revelation 17:8 (Apenbaring 17:8)
(parallel missing)
Det dyret du såg, det var og er ikkje, og det skal stiga upp or avgrunnen og fara burt til undergang; og dei som bur på jordi, som ikkje hev namni sine skrivne i livsens bok frå verdi vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser at dyret var og ikkje er og skal koma att. (Abyssos g12)
Revelation 19:3 (Apenbaring 19:3)
(parallel missing)
Og dei sagde ein gong til: «Halleluja! Og røyken av henne stig upp i all æva.» (aiōn g165)
Revelation 19:20 (Apenbaring 19:20)
(parallel missing)
Og dyret vart gripe, og saman med det den falske profeten, han som for augo på det hadde gjort dei teikni han hadde dåra deim med som tok merket åt dyret og tilbad bilætet av det. Desse tvo vart kasta livande i eldsjøen som brenn med svåvel. (Limnē Pyr g3041 g4442)
Revelation 20:1 (Apenbaring 20:1)
(parallel missing)
Og eg såg ein engel stige ned frå himmelen, som hadde lykelen til avgrunnen og ei stor lekkja i handi si. (Abyssos g12)
Revelation 20:3 (Apenbaring 20:3)
(parallel missing)
og kasta honom i avgrunnen og læste honom inne og sette innsigle yver honom, so han ikkje lenger skulde dåra folki, til dess dei tusund år var fullenda. Og etter den tid skal han verta løyst ei liti stund. (Abyssos g12)
Revelation 20:10 (Apenbaring 20:10)
(parallel missing)
Og djevelen, som hadde dåra deim, vart kasta i sjøen med eld og svåvel, der dyret og den falske profeten var; og dei skal verta pinte dag og natt i all æva. (aiōn g165, Limnē Pyr g3041 g4442)
Revelation 20:13 (Apenbaring 20:13)
(parallel missing)
Og havet gav att dei daude som var i det, og dauden og helheimen gav att dei daude som var i deim, og dei vart dømde kvar etter sine gjerningar. (Hadēs g86)
Revelation 20:14 (Apenbaring 20:14)
(parallel missing)
Og dauden og helheimen vart kasta i eldsjøen. Dette er den andre dauden: eldsjøen. (Hadēs g86, Limnē Pyr g3041 g4442)
Revelation 20:15 (Apenbaring 20:15)
(parallel missing)
Og dersom nokon ikkje vart funnen uppskriven i livsens bok, so vart han kasta i eldsjøen. (Limnē Pyr g3041 g4442)
Revelation 21:8 (Apenbaring 21:8)
(parallel missing)
Men dei som er ræddhuga og vantruande og styggjelege og manndråparar og horkarar og trollmenner og avgudsdyrkarar og alle ljugarar, deira lut skal vera i sjøen som brenn med eld og svåvel; det er den andre dauden.» (Limnē Pyr g3041 g4442)
Revelation 22:5 (Apenbaring 22:5)
(parallel missing)
Og natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje til ljos av lampa og ljos av sol, for Gud Herren skal lysa yver deim; og dei skal råda i all æva. (aiōn g165)

CAL > Aionian Verses: 14
NSB > Aionian Verses: 264