< ՂՈԻԿԱՍ 19 >

1 Երիքով մտնելով՝ քաղաքին մէջէն կ՚անցնէր,
So kom han til Jeriko, og for fram igjenom byen.
2 երբ ահա՛ հարուստ մարդ մը՝ Զաքէոս կոչուած, որ մաքսապետ էր,
Der var det ein mann som heitte Sakkæus; han var ein høg tollmann og rik.
3 կը ջանար տեսնել թէ ո՛վ է Յիսուսը. բայց բազմութեան պատճառով չէր կրնար, որովհետեւ կարճահասակ էր:
Han hadde slik hug til å sjå Jesus, kven han var, men kunde ikkje koma til for folkemengdi; for han var liten på vokster.
4 Ուստի յառաջ վազեց եւ ժանտաթզենիի մը վրայ ելաւ՝ որպէսզի տեսնէ զայն, քանի որ անկէ պիտի անցնէր:
So sprang han i fyrevegen og kleiv upp i eit sykomortre, so han kunde få sjå honom; for der laut han koma framum.
5 Երբ Յիսուս այդ տեղը եկաւ, վեր նայելով՝ տեսաւ զայն ու ըսաւ անոր. «Զաքէո՛ս, աճապարէ՛, իջի՛ր ատկէ. որովհետեւ այսօր տունդ պէտք է մնամ»:
Då Jesus kom dit, såg han upp og sagde til honom: «Sakkæus, skunda deg og kom ned! I dag lyt eg vera hjå deg.»
6 Ան ալ աճապարելով իջաւ, եւ ուրախութեամբ ընդունեց զայն:
Då skunda han seg ned, og tok imot Jesus med gleda.
7 Երբ բոլորն ալ տեսան, կը տրտնջէին ու կ՚ըսէին. «Մեղաւոր մարդու քով գնաց՝ իջեւանելու»:
Alle som såg det, murra og sagde seg imillom: «Han gjeng inn til ein syndig mann og tek herbyrge der.»
8 Իսկ Զաքէոս կայնեցաւ եւ ըսաւ Տէրոջ. «Տէ՛ր, ահա՛ ինչքիս կէ՛սը կու տամ աղքատներուն. ու եթէ զրպարտութեամբ ոեւէ մէկը զրկած եմ, քառապատի՛կ կը հատուցանեմ անոր»:
Men Sakkæus steig fram og sagde til Herren: «Herre, helvti av alt det eg eig, gjev eg dei fatige, og hev eg truga pengar frå nokon, gjev eg det att firdubbelt.»
9 Յիսուս ըսաւ անոր. «Այսօր փրկութիւն եղաւ այս տան, քանի որ ի՛նք ալ Աբրահամի որդի է:
Og Jesus sagde um honom: «I dag hev det timst dette huset å få frelsa, etter di han og er Abrahams son;
10 Արդարեւ մարդու Որդին եկաւ՝ որպէսզի փնտռէ կորսուածը եւ փրկէ»:
for Menneskjesonen er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det.»
11 Երբ անոնք կը լսէին այս բաները՝ առակ մըն ալ ըսաւ, քանի որ ինք Երուսաղէմի կը մօտենար եւ անոնք կը կարծէին թէ Աստուծոյ թագաւորութիւնը անմի՛ջապէս պիտի երեւնար:
Med dei lydde på det, heldt han ved og fortalde ei likning, av di han var so nær Jerusalem, og dei tenkte at Guds rike skulde koma til synes straks.
12 Ուրեմն ըսաւ. «Ազնուական մարդ մը գնաց հեռաւոր երկիր մը՝ իրեն թագաւորութիւն ստանալու եւ վերադառնալու:
Han sagde: «Det var ein gong ein høgætta mann, som for langt burt til eit anna land og vilde få seg kongedøme og so venda heim att.
13 Իր տասը ծառաները կանչելով՝ տասը մնաս տուաւ անոնց, ու ըսաւ անոնց. “Շահարկեցէ՛ք՝ մինչեւ որ գամ”:
Då kalla han åt seg ti av tenarane sine og gav deim ti pund og sagde: «Driv no handel med dette med eg er burte!»
14 Անոր քաղաքացիները կ՚ատէին զայն, եւ պատուիրակութիւն մը ղրկեցին անոր ետեւէն՝ ըսելով. “Չենք ուզեր որ ասիկա թագաւորէ մեր վրայ”:
Men landsmennerne hans hata honom og skikka sendemenner av stad etter honom, som skulde segja: «Me vil ikkje at den mannen skal vera kongen vår!»
15 Բայց երբ ան վերադարձաւ՝ թագաւորութիւնը ստանալով, իրեն կանչեց այն ծառաները՝ որոնց դրամ տուեր էր, որպէսզի գիտնայ թէ ո՛վ ի՛նչպէս շահագործած էր:
Då han no kom att og hadde fenge kongedømet, sagde han at dei tenarane han hadde gjeve pengarne til, skulde ropast inn til honom, so han kunde få vita kor mykje dei hadde tent.
16 Առաջինը եկաւ եւ ըսաւ. “Տէ՛ր, քու մնասդ՝ տասը մնաս վաստկեցաւ”:
Då gjekk den fyrste fram og sagde: «Herre, pundet ditt hev gjeve av seg ti pund.»
17 Ան ալ ըսաւ անոր. “Ապրի՛ս, բարի՛ ծառայ. որովհետեւ ամենափոքր բանին մէջ հաւատարիմ եղար, տա՛սը քաղաքի վրայ իշխանութիւն ունեցիր”:
«Det var rett, du gode tenar!» svara herren; «for di du hev vore tru med det som lite var, skal du hava velde yver ti byar.»
18 Երկրորդը եկաւ ու ըսաւ. “Տէ՛ր, քու մնասդ՝ հինգ մնաս բերաւ”:
So kom den andre og sagde: «Pundet ditt, herre, hev lagt inn fem pund.
19 Եւ ըսաւ անոր. “Դուն ալ հի՛նգ քաղաքի վրայ եղիր”:
Til honom sagde herren: «Du skal råda yver fem byar.»
20 Ուրիշ մը եկաւ ու ըսաւ. “Տէ՛ր, ահա՛ քու մնասդ՝ որ կը պահէի թաշկինակի մը մէջ ծրարած,
So kom det ein annan og sagde: «Herre, sjå her er pundet ditt! Eg hev havt det liggjande i eit knyte;
21 քանի որ կը վախնայի քեզմէ. որովհետեւ դուն խիստ մարդ մըն ես, կը վերցնես չդրած բանդ, եւ կը հնձես չսերմանածդ”:
for eg var rædd deg, av di du er ein streng mann: du tek inn det du ikkje lagde ut, og haustar det du ikkje sådde.»
22 Ան ալ ըսաւ անոր. “Բերանո՛վդ պիտի դատեմ քեզ, չա՛ր ծառայ: Գիտէիր թէ ես խիստ մարդ մըն եմ, կը վերցնեմ չդրած բանս ու կը հնձեմ չսերմանածս.
Då sagde herren: «Etter dine eigne ord dømer eg deg, du låke tenar! Du visste at eg er ein streng mann, som tek inn det eg ikkje lagde ut, og haustar det eg ikkje sådde?
23 ուրեմն ինչո՞ւ չտուիր իմ դրամս սեղանաւորներուն, որպէսզի եկած ատենս՝ տոկոսո՛վ պահանջէի զայն”:
Kvi sette du då ikkje pengarne mine i banken? so hadde eg fenge deim att med rentor når eg kom heim!
24 Քովը կայնողներուն ըսաւ. “Առէ՛ք ատկէ մնասը, եւ տուէ՛ք անոր՝ որ տասը մնաս ունի.
Tak pundet frå honom!» sagde han til deim som stod innmed, og gjev det til den som hev ti pund!»
25 (Ըսին իրեն. "Տէ՛ր, ան տա՛սը մնաս ունի".)
«Herre, han hev då ti pund!» sagde dei.
26 որովհետեւ կը յայտարարեմ ձեզի թէ ամէն ունեցողի պիտի տրուի, ու չունեցողին՝ ունեցա՛ծն ալ պիտի առնուի իրմէ:
«Eg segjer dykk at kvar den som hev, skal få, og den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.
27 Բայց այդ թշնամիներս, որոնք չէին ուզեր որ իրենց վրայ թագաւորեմ, բերէ՛ք հոս եւ մեռցուցէ՛ք իմ առջեւս”»:
Men desse uvenerne mine, som ikkje vilde at eg skulde vera kongen deira, deim skal de føra hit og hogga deim ned for augo mine!»»
28 Այս բաները խօսելէն ետք, յառաջ գնաց՝ որ բարձրանայ Երուսաղէմ:
Då han hadde sagt det, gjekk han fyre på ferdi upp til Jerusalem.
29 Երբ մօտեցաւ Բեթփագէի ու Բեթանիայի, այն լերան մօտ՝ որ Ձիթենիներու լեռ կը կոչուի, իր աշակերտներէն երկուքը ղրկեց
Som han no kom burtimot Betfage og Betania, til det berget dei kallar Oljeberget, sende han tvo av læresveinarne i veg og sagde:
30 եւ ըսաւ. «Գացէ՛ք մեր դիմացի գիւղը. երբ մտնէք անոր մէջ՝ պիտի գտնէք կապուած աւանակ մը, որուն վրայ բնա՛ւ մարդ նստած չէ. արձակեցէ՛ք զայն ու բերէ՛ք:
«Gakk burt i den grendi som ligg midt imot oss! Når de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det aldri hev sete menneskje på; den skal de løysa og leida hit.
31 Եթէ մէկը հարցնէ ձեզի. “Ինչո՞ւ կ՚արձակէք”, սա՛ ըսէք անոր. “Տէրո՛ջ պէտք է”»:
Og dersom nokon spør dykk kvi de løyser honom, skal de svara so: «Herren treng um honom.»»
32 Ղրկուածները գացին, եւ գտան ինչպէս ըսած էր իրենց:
Dei som var sende, gjekk, og fann det so som han hadde sagt med deim.
33 Մինչ աւանակը կ՚արձակէին, անոր տէրերը ըսին անոնց. «Ինչո՞ւ կ՚արձակէք այդ աւանակը»:
Då dei so løyste folen, sagde dei som åtte honom: «Kvi løyser de folen?»
34 Անոնք ալ ըսին. «Տէրո՛ջ պէտք է»:
«Herren treng um honom, » svara dei.
35 Յիսուսի բերին զայն, եւ աւանակին վրայ ձգելով իրենց հանդերձները՝ հեծցուցին Յիսուսը:
So leidde dei folen fram til Jesus, og lagde kjolarne sine på honom, og let Jesus setja seg uppå;
36 Մինչ կ՚երթար, մարդիկ իրենց հանդերձները կը փռէին ճամբային վրայ:
og med han for frametter, breidde dei klædi sine under på vegen.
37 Երբ ա՛լ մօտեցաւ ու Ձիթենիներու լերան զառիվայրէն կ՚իջնէր, աշակերտներուն ամբողջ բազմութիւնը սկսաւ ուրախութեամբ բարձրաձայն Աստուած գովաբանել՝ այն բոլոր հրաշքներուն համար, որ տեսեր էին:
Som han no var tett burtmed der det ber ned frå Oljeberget, tok læresveinarne, heile flokken, glade som dei var, til å lova Gud med høg røyst for alle dei underi dei hadde set, og kvad:
38 Եւ կ՚ըսէին. «Օրհնեա՜լ է այդ թագաւորը, որ կու գայ Տէրոջ անունով. երկինքի մէջ խաղաղութի՜ւն, ու փա՜ռք՝ ամենաբարձր վայրերուն մէջ»:
«Velsigna vere kongen som kjem i Herrens namn! Fred i himmelen og æra i det høgste!»
39 Փարիսեցիներէն ոմանք բազմութեան մէջէն ըսին անոր. «Վարդապե՛տ, յանդիմանէ՛ քու աշակերտներդ»:
Nokre farisæarar som var med i folkehopen, sagde til han: «Meister, tala til læresveinarne dine!»
40 Ան ալ պատասխանեց անոնց. «Կը յայտարարեմ ձեզի. “Եթէ ատոնք լռեն՝ քարե՛րը պիտի աղաղակեն”»:
Då svara han: «Eg segjer dykk: Dersom desse tegjer, so skal steinarne ropa.»
41 Երբ մօտեցաւ, քաղաքը տեսնելով՝ լացաւ անոր վրայ եւ ըսաւ.
Då han kom næmare og såg byen, gret han yver honom og sagde:
42 «Գո՛նէ այս օրուանդ մէջ գիտնայիր քու խաղաղութիւնդ. բայց հիմա ծածկուեցաւ աչքերէդ:
«Hadde du berre visst, um ikkje fyrr enn i dag, kva som tener til di velferd! Men no er det dult for augo dine.
43 Որովհետեւ օրերը պիտի գան քու վրադ, երբ թշնամիներդ պատնէշ պիտի շինեն շուրջդ, պիտի պաշարեն քեզ, ամէն կողմէ պիտի սեղմեն քեզ,
For det skal koma ei tid for deg då fiendarne kastar upp ein voll um deg og kringset deg og trengjer deg frå alle kantar,
44 եւ հիմնայատակ պիտի ընեն քեզ ու մէջդ եղած զաւակներդ. եւ ամե՛նեւին քար մը քարի վրայ պիտի չթողուն մէջդ, քանի որ չգիտցար այցելութեանդ ատենը»:
og støyter deg ned i grunnen, og borni dine med deg, og ikkje let det liggja att stein på stein i deg, for di du ikkje skyna di gjestings tid.»
45 Մտնելով տաճարը՝ սկսաւ դուրս հանել անոր մէջ ծախողներն ու գնողները,
Då han kom inn i templet, tok han til å driva ut deim som handla der,
46 եւ ըսաւ անոնց. «Գրուած է. “Իմ տունս աղօթքի տուն է”, բայց դուք աւազակներու քարայր ըրիք զայն»:
og sagde til deim: «Det stend skrive: «Mitt hus skal vera eit bønehus, » men de hev gjort det til eit røvarbol.»
47 Ամէն օր կը սորվեցնէր տաճարին մէջ: Իսկ քահանայապետները, դպիրներն ու ժողովուրդին գլխաւորները կը փնտռէին թէ ի՛նչպէս կորսնցնեն զայն.
Sidan lærde han dagstødt i templet. Øvsteprestarne og dei skriftlærde var trådde etter å få rudt honom or vegen, og so gjorde dei fyrste mennerne i folket,
48 բայց չէին կրնար գտնել թէ ի՛նչ ընեն, որովհետեւ ամբողջ ժողովուրդը շատ ուշադրութեամբ մտիկ կ՚ընէր անոր:
men dei kunde ikkje finna ut korleis dei skulde bera seg åt med det; for heile folket hekk ved honom og lydde på honom.

< ՂՈԻԿԱՍ 19 >