< ԳՈՐԾՔ ԱՌԱՔԵԼՈՑ 5 >

1 Բայց մարդ մը՝ Անանիա անունով, իր կնոջ՝ Սափիրայի հետ ստացուածք մը ծախեց,
Men ein mann med namnet Ananias med kona si Saffira selde ein eigedom,
2 անոր հասոյթէն խորեց իր կնոջ գիտակցութեամբ, ու մաս մը բերելով՝ դրաւ առաքեալներու տրամադրութեան տակ՝՝:
og han gøymde undan noko av pengeverdet, so kona hans visste det, og bar fram ein deil og lagde det for føterne på apostlarne.
3 Պետրոս ըսաւ. «Անանիա՛, ինչո՞ւ Սատանան լեցուց սիրտդ, որ ստես Սուրբ Հոգիին եւ խորես արտին հասոյթէն:
Men Peter sagde: «Ananias, kvifor hev Satan fyllt hjarta ditt, so du skulde ljuga for den Heilage Ande og gøyma undan av pengeverdet for jordstykket?
4 Քուկդ չէ՞ր ան՝ քանի կեցած էր, ու ծախուած ալ՝ իշխանութեանդ տակ էր: Ինչո՞ւ այս բանը դրիր սիրտիդ մէջ. դուն ստեցիր ո՛չ թէ մարդոց, հապա՝ Աստուծոյ»:
Var det ikkje ditt medan du åtte det? og var det ikkje i di magt då det vart selt? Kvi hev du då sett deg denne gjerning fyre i hjarta ditt? Du hev ikkje loge for menneskje, men for Gud.»
5 Անանիա՝ լսելով այս խօսքերը՝ ինկաւ եւ շունչը փչեց. ու մեծ վախ համակեց բոլոր անոնք՝՝ որ լսեցին ասիկա:
Men då Ananias høyrde desse ordi, seig han ned og gav upp åndi. Og det kom stor otte på alle deim som høyrde dette.
6 Երիտասարդները կանգնեցան, պատանքով փաթթեցին զայն, եւ դուրս հանելով թաղեցին:
Men dei unge mennerne stod upp og budde liket til og bar honom ut og jorda honom.
7 Գրեթէ երեք ժամ ետք՝ անոր կինը ներս մտաւ, չգիտնալով պատահածը:
Og det hende seg umkring tri timar seinare, då kom kona hans inn og visste ikkje um det som hadde hendt.
8 Պետրոս ըսաւ անոր. «Ըսէ՛ ինծի, արտը ա՞յդ գինով ծախեցիք»: Ան ալ ըսաւ. «Այո՛, ա՛յդ գինով»:
Peter sagde då til henne: «Seg du meg, selde de jordstykket for den pris?» Ho svara: «Ja, for den pris.»
9 Ուստի Պետրոս ըսաւ անոր. «Այդ ի՞նչ է, որ դուք համաձայնեցաք՝ Տէրոջ Հոգին փորձելու. ահա՛ ամուսինդ թաղողներուն ոտքերը դրան քով են, քե՛զ ալ պիտի հանեն դուրս»:
Då sagde Peter til henne: «Kvi hev de vorte samtykte um å freista Herrens Ande! Sjå, deira føter som jorda mannen din, er utfyre døri, og dei skal bera deg ut.»
10 Եւ անմի՛ջապէս կինը ինկաւ անոր ոտքերուն քով ու շունչը փչեց: Երիտասարդները՝ ներս մտնելով՝ մեռած գտան զայն, եւ դուրս հանելով՝ թաղեցին իր ամուսինին քով:
Og ho seig straks ned for føterne hans og gav upp åndi. Men dei unge mennerne kom inn og fann henne daud og bar henne ut og jorda henne attved mannen hennar.
11 Մեծ վախ մը համակեց ամբողջ եկեղեցին, ու բոլոր անոնք՝ որ լսեցին այս բաները:
Og det kom stor otte på heile kyrkjelyden og på alle deim som høyrde dette.
12 Շատ նշաններ եւ սքանչելիքներ կը գործուէին առաքեալներուն ձեռքով՝ ժողովուրդին մէջ, ու բոլորը միաբանութեամբ Սողոմոնի սրահին մէջ էին:
Men ved henderne til apostlarne vart det gjort mange teikn og under millom folket, og dei var alle samstendige i Salomons sulehall.
13 Ուրիշներէն ո՛չ մէկը կը յանդգնէր յարիլ անոնց, բայց ժողովուրդը կը մեծարէր զանոնք:
Men av dei andre våga ingen å slå lag med deim; men folket høgvyrde deim;
14 Տէրոջ հաւատացողները ա՛լ աւելի կը շատնային, այր մարդիկ ու կիներ՝ բազմութեամբ.
og enn fleire som trudde, vart lagde til Herren, ei mengd både av menner og kvinnor,
15 այնպէս որ հիւանդները կը հանէին հրապարակները եւ կը դնէին պատգարակներով ու մահիճներով, որպէսզի Պետրոսի անցնելու ատեն՝ գոնէ անոր շուքը իյնայ անոնցմէ մէկուն վրայ:
so dei jamvel bar dei sjuke ut på gatorne og lagde deim på sengjer og benkjer, so i det minste skuggen av Peter kunde yverskyggja nokon av deim, når han kom.
16 Շրջակայ քաղաքներուն բազմութիւնը Երուսաղէմ կը համախմբուէր՝ հիւանդներ եւ անմաքուր ոգիներէ տանջուողներ բերելով, որոնք բոլորն ալ կը բուժուէին:
Ja, endå frå byarne der i kring kom ei mengd saman til Jerusalem og førde sjuke med, og folk som var plåga av ureine ånder; og dei vart alle lækte.
17 Իսկ քահանայապետն ու բոլոր իրեն հետ եղողները, որոնք Սադուկեցիներու աղանդէն էին, կանգնեցան՝ նախանձով լեցուած,
Men øvstepresten stod upp og alle dei som heldt med honom, det var sadducæarflokken, og dei vart fulle av brennhug,
18 ձեռք բարձրացուցին առաքեալներուն վրայ եւ դրին զանոնք հանրային արգելարանը:
og dei lagde hand på apostlarne og kasta deim i det ålmenne fengslet.
19 Բայց Տէրոջ հրեշտակը գիշերուան մէջ բացաւ բանտին դռները, ու դուրս հանելով զանոնք՝ ըսաւ.
Men Herren engel opna um natti dørerne til fengslet og førde deim ut og sagde:
20 «Գացէ՛ք, եւ տաճարին մէջ կայնելով՝ ժողովուրդին քարոզեցէ՛ք այս կեանքին բոլոր խօսքերը»:
«Gakk og stig fram og tala i templet alle dette livs ord til folket!»
21 Երբ լսեցին ասիկա, տաճարը մտան առտուն կանուխ, եւ կը սորվեցնէին: Իսկ քահանայապետը եկաւ, նաեւ իրեն հետ եղողները, ժողովի կանչեցին ատեանը եւ Իսրայէլի որդիներուն ամբողջ ծերակոյտը, ու մարդ ղրկեցին բանտը՝ որպէսզի բերեն զանոնք:
Då dei høyrde det, gjekk dei i dagningi inn i templet og lærde. Då so øvstepresten kom og dei som var med honom, kalla dei saman rådet og alle styresmennerne for Israels born, og dei sende bod til fengslet, at dei skulde føra deim fram.
22 Երբ սպասաւորները գացին, չգտնելով զանոնք բանտին մէջ՝ վերադարձան, պատմեցին
Men då tenarane kom der, fann dei deim ikkje i fengslet, og so vende dei um att og fortalde det og sagde:
23 եւ ըսին. «Իրաւ է թէ գտանք բանտը՝ ամէն ապահովութեամբ գոցուած, ու պահապանները՝ դռներուն առջեւ կայնած. բայց բանալով՝ ո՛չ մէկը գտանք ներսը»:
«Fengslet fann me stengt med all umsyn, og vakterne stod ved dørerne. Men då me let upp, fann me ingen der inne.»
24 Երբ մեծ քահանան եւ տաճարին մեծաւորն ու քահանայապետները լսեցին այս խօսքերը, կը տարակուսէին թէ ի՛նչ եղած էր անոնց:
Då hovudsmannen for tempelvakti og øvsteprestarne høyrde dei ordi, vart dei rådville um deim, kva dette skulde verta til.
25 Մէկը եկաւ եւ պատմեց իրենց. «Ահա՛ այն մարդիկը՝ որ բանտը դրած էիք, տաճարը կայնած են ու ժողովուրդին կը սորվեցնեն»:
So kom det ein og fortalde deim og sagde: «Sjå, dei mennerne som de kasta i fengsel, dei stend i templet og lærer folket.»
26 Այն ատեն մեծաւորը գնաց սպասաւորներուն հետ եւ բերաւ զանոնք առանց բռնութեան, որովհետեւ կը վախնային ժողովուրդէն՝ որ չքարկոծուին:
Då gjekk hovudsmannen dit med tenarane og henta deim, men ikkje med magt; for dei var rædde for folket, at dei skulde verta steina.
27 Երբ բերին զանոնք՝ ներկայացուցին ատեանին, ու քահանայապետը հարցուց անոնց.
Men då dei hadde henta deim, stelte dei deim for rådet. Og øvstepresten spurde deim og sagde:
28 «Սաստիկ չպատուիրեցի՞նք ձեզի, որ չսորվեցնէք այդ անունով. բայց դուք Երուսաղէմը լեցուցիք ձեր ուսուցումով, եւ կը փափաքիք մեր վրայ բերել այն մարդուն արիւնը»:
«Baud me dykk ikkje strengt, at de ikkje skulde læra i dette namnet? og sjå, de hev fyllt Jerusalem med læra dykkar, og de vil føra yver oss denne manns blod.»
29 Պետրոս եւ միւս առաքեալները պատասխանեցին. «Աստուծո՛յ պէտք է հնազանդիլ՝ փոխանակ մարդոց:
Då svara Peter og apostlarne og sagde: «Ein skal lyda Gud meir enn menneskje.
30 Մեր հայրերուն Աստուածը Յիսուսը յարուցանեց, որ դուք սպաննեցիք՝ փայտէն կախելով:
Vår fedregud reiste upp Jesus som de tok livet av då de hengde honom på eit tre.
31 Աստուած իր աջ ձեռքով բարձրացուց զայն՝ իբր Ռահվիրայ ու Փրկիչ, որպէսզի ապաշխարութիւն ու մեղքերու ներում տայ Իսրայէլի:
Denne hev Gud lyft upp ved si høgre hand til ein fyrste og frelsar til å gjeva Israel umvending og forlating for synderne.
32 Եւ մենք անոր վկաներն ենք՝ այս բաներուն համար, նաեւ Սուրբ Հոգին՝ որ Աստուած տուաւ իրեն հնազանդ եղողներուն»:
Og me er hans vitne um desse ting liksom og den Heilage Ande, som Gud hev gjeve deim som lyder honom.»
33 Իսկ անոնք լսելով ասիկա՝ սաստիկ գրգռուեցան, ու խորհրդակցեցան որ սպաննեն զանոնք:
Då dei høyrde dette, skar det deim i hjarta, og dei rådlagde um å slå deim i hel.
34 Բայց փարիսեցի մը՝ որուն անունը Գամաղիէլ էր, Օրէնքի վարդապետ մը, պատուաւոր մէկը՝ ամբողջ ժողովուրդին առջեւ, կանգնեցաւ ատեանին մէջ, եւ հրամայեց որ առաքեալները կարճ պահ մը դուրս հանեն.
Men det reiste seg ein farisæar i rådet med namnet Gamaliel, ein lovlærar som var høgvyrd av heile folket, og han baud deim føra apostlarne ut ei liti stund.
35 ապա ըսաւ. «Իսրայելացի՛ մարդիկ, դուք ձեզի ուշադի՛ր եղէք թէ ի՛նչ պիտի ընէք այս մարդոց հանդէպ:
Og han sagde til deim: «Israelitiske menner! Sjå dykk vel fyre, kva de gjer med desse menneskje!
36 Քանի որ այս օրերէն առաջ Թեւդաս ելաւ, իր մասին ըսելով թէ երեւելի մէկն է, ու թիւով չորս հարիւրի չափ մարդիկ յարեցան իրեն. ինք սպաննուեցաւ, եւ բոլոր անոնք որ անսացին իրեն՝ ցրուեցան ու ոչնչացան:
For fyre desse dagar stod Teudas fram og sagde seg sjølv å vera noko, og ein flokk på umkring fire hundrad menner slo lag med honom; han vart slegen i hel, og alle dei som lydde honom, drivne frå kvarandre og vart til inkjes.
37 Անկէ ետք Յուդա Գալիլեացին ելաւ՝ աշխարհագիր եղած օրերը, եւ շատ ժողովուրդ քաշեց իր ետեւէն. ի՛նք ալ կորսուեցաւ, ու բոլոր անոնք որ անսացին իրեն՝ ցրուեցան:
Etter honom stod galilæaren Judas fram, den tid skatte-utskrivingi var, og eggja upp folket med seg. Han let og livet, og alle dei som lydde honom, vart spreidde frå kvarandre.
38 Եւ հիմա կ՚ըսեմ ձեզի. “Հեռո՛ւ մնացէք՝՝ այդ մարդոցմէն, ու թողուցէ՛ք զանոնք. որովհետեւ եթէ այդ ծրագիրը կամ գործը մարդոցմէ է՝ պիտի քանդուի,
Og no segjer eg dykk: Haldt dykk ifrå desse mennerne og lat deim fara! For er denne rådi eller dette verket av menneskje, skal det verta til inkjes.
39 իսկ եթէ Աստուծմէ է՝ չէք կրնար քանդել ատիկա. որպէսզի Աստուծոյ դէմ իսկ կռուող չգտնուիք”»:
Men er det av Gud, so kann de ikkje gjera det til inkjes! Sjå til at de ikkje må verta funne stridande mot Gud.»
40 Անոնք ալ անսացին անոր. եւ առաքեալները կանչելով՝ ծեծեցին, ու պատուիրելով որ այլեւս Յիսուսի անունով չխօսին՝ արձակեցին զանոնք:
Dei lydde honom, og kalla apostlarne inn att og let deim verta hudfletta, og baud deim at dei ikkje skulde tala i Jesu namn, og let deim so ganga.
41 Իրենք ալ մեկնեցան ատեանին առջեւէն, ուրախանալով որ արժանացան Տէրոջ անունին համար անպատուուելու:
So gjekk dei då burt frå rådet, glade yver at dei var haldne verdige til å lida vanæra for hans namn skuld.
42 Ու ամէն օր տաճարը եւ տուներուն մէջ չէին դադրեր սորվեցնելէ ու Յիսուս Քրիստոսը աւետելէ:
Og dei heldt ikkje upp med å læra kvar dag i templet og heime og forkynna evangeliet um Kristus Jesus.

< ԳՈՐԾՔ ԱՌԱՔԵԼՈՑ 5 >