< ܠܘܩܘܣ 6 >

ܗܘܐ ܕܝܢ ܒܫܒܬܐ ܟܕ ܡܗܠܟ ܝܫܘܥ ܒܝܬ ܙܪܥܐ ܬܠܡܝܕܘܗܝ ܡܠܓܝܢ ܗܘܘ ܫܒܠܐ ܘܦܪܟܝܢ ܒܐܝܕܝܗܘܢ ܘܐܟܠܝܢ 1
Den næstfyrste kviledagen bar det so til at han gjekk gjenom ein åker, og læresveinarne hans reiv av aks og gnudde deim millom henderne og åt.
ܐܢܫܝܢ ܕܝܢ ܡܢ ܦܪܝܫܐ ܐܡܪܝܢ ܠܗܘܢ ܡܢܐ ܥܒܕܝܢ ܐܢܬܘܢ ܡܕܡ ܕܠܐ ܫܠܝܛ ܠܡܥܒܕ ܒܫܒܬܐ 2
Då sagde nokre av farisæarane: «Kvi gjer de slikt som ingen hev lov til å gjera på kviledagen?»
ܥܢܐ ܝܫܘܥ ܘܐܡܪ ܠܗܘܢ ܘܠܐ ܗܕܐ ܩܪܝܬܘܢ ܡܕܡ ܕܥܒܕ ܕܘܝܕ ܟܕ ܟܦܢ ܗܘ ܘܐܝܠܝܢ ܕܥܡܗ 3
Men Jesus tok til ords og sagde til deim: «Hev de då’kje lese kva David gjorde då han og mennerne hans var svoltne?
ܕܥܠ ܠܒܝܬܗ ܕܐܠܗܐ ܘܠܚܡܐ ܕܦܬܘܪܗ ܕܡܪܝܐ ܢܤܒ ܐܟܠ ܘܝܗܒ ܠܐܝܠܝܢ ܕܥܡܗ ܗܘ ܕܠܐ ܫܠܝܛ ܗܘܐ ܠܡܐܟܠ ܐܠܐ ܠܟܗܢܐ ܒܠܚܘܕ 4
korleis han gjekk inn i Guds hus og tok skodebrødi og åt, og gav mennerne sine! Og dei brødi hev ingen lov til å eta utan berre prestarne.»
ܘܐܡܪ ܠܗܘܢ ܕܡܪܗ ܗܘ ܕܫܒܬܐ ܒܪܗ ܕܐܢܫܐ 5
So sagde han til deim: «Menneskjesonen råder yver kviledagen og.»
ܗܘܐ ܕܝܢ ܠܫܒܬܐ ܐܚܪܬܐ ܥܠ ܠܟܢܘܫܬܐ ܘܡܠܦ ܗܘܐ ܘܐܝܬ ܗܘܐ ܬܡܢ ܓܒܪܐ ܕܐܝܕܗ ܕܝܡܝܢܐ ܝܒܝܫܐ ܗܘܬ 6
Ein annan kviledag bar det so til at han gjekk inn i synagoga og lærde. Der var det ein mann som den høgre handi hans var nomi,
ܘܤܦܪܐ ܘܦܪܝܫܐ ܢܛܪܝܢ ܗܘܘ ܠܗ ܕܐܢ ܗܘ ܕܡܐܤܐ ܒܫܒܬܐ ܕܢܫܟܚܘܢ ܢܐܟܠܘܢ ܩܪܨܘܗܝ 7
og dei skriftlærde og farisæarane gjætte på honom, um han vilde lækja på kviledagen, so dei kunde finna noko å klaga honom for.
ܗܘ ܕܝܢ ܝܕܥ ܡܚܫܒܬܗܘܢ ܘܐܡܪ ܠܗܘ ܓܒܪܐ ܕܝܒܝܫܐ ܐܝܕܗ ܩܘܡ ܬܐ ܠܟ ܠܡܨܥܬ ܟܢܘܫܬܐ ܘܟܕ ܐܬܐ ܘܩܡ 8
Men han kjende tankarne deira, og sagde til mannen som hadde den nomne handi: «Reis deg upp, og kom fram!» Då reiste han seg upp og gjekk fram,
ܐܡܪ ܠܗܘܢ ܝܫܘܥ ܐܫܐܠܟܘܢ ܡܢܐ ܫܠܝܛ ܒܫܒܬܐ ܕܛܒ ܠܡܥܒܕ ܐܘ ܕܒܝܫ ܢܦܫܐ ܠܡܚܝܘ ܐܘ ܠܡܘܒܕܘ 9
og Jesus sagde til deim: «Eg spør dykk: Er det rett å gjera godt på kviledagen eller å gjera vondt, berga liv eller øyda liv?»
ܘܚܪ ܒܗܘܢ ܒܟܠܗܘܢ ܘܐܡܪ ܠܗ ܦܫܘܛ ܐܝܕܟ ܘܦܫܛ ܘܬܩܢܬ ܐܝܕܗ ܐܝܟ ܚܒܪܬܗ 10
So såg han rundt ikring på deim alle og sagde til mannen: «Rett fram handi di!» Han so gjorde, og handi hans vart god att.
ܗܢܘܢ ܕܝܢ ܐܬܡܠܝܘ ܚܤܡܐ ܘܡܡܠܠܝܢ ܗܘܘ ܚܕ ܥܡ ܚܕ ܕܡܢܐ ܢܥܒܕܘܢ ܠܗ ܠܝܫܘܥ 11
Men dei vart so vonde at dei var reint frå vitet, og tala med kvarandre um kva dei skulde gjera med Jesus.
ܗܘܐ ܕܝܢ ܒܝܘܡܬܐ ܗܢܘܢ ܢܦܩ ܝܫܘܥ ܠܛܘܪܐ ܠܡܨܠܝܘ ܘܬܡܢ ܐܓܗ ܗܘܐ ܒܨܠܘܬܗ ܕܐܠܗܐ 12
I dei dagarne hende det, at han gjekk upp i fjellet og vilde beda, og han var der heile natti i bøn til Gud.
ܘܟܕ ܢܓܗܬ ܩܪܐ ܠܬܠܡܝܕܘܗܝ ܘܓܒܐ ܡܢܗܘܢ ܬܪܥܤܪ ܗܢܘܢ ܕܫܠܝܚܐ ܫܡܝ ܐܢܘܢ 13
Då det vart dag, kalla han til seg læresveinarne sine og valde ut tolv; deim kalla han apostlar.
ܫܡܥܘܢ ܗܘ ܕܫܡܝ ܟܐܦܐ ܘܐܢܕܪܐܘܤ ܐܚܘܗܝ ܘܝܥܩܘܒ ܘܝܘܚܢܢ ܘܦܝܠܝܦܘܤ ܘܒܪ ܬܘܠܡܝ 14
Det var Simon - honom kalla han og Peter - og Andreas, bror hans, og Jakob, og Johannes, og Filip, og Bartolomæus,
ܘܡܬܝ ܘܬܐܘܡܐ ܘܝܥܩܘܒ ܒܪ ܚܠܦܝ ܘܫܡܥܘܢ ܕܡܬܩܪܐ ܛܢܢܐ 15
og Mattæus, og Tomas, og Jakob, son åt Alfæus, og Simon, som dei kalla Zelotes,
ܘܝܗܘܕܐ ܒܪ ܝܥܩܘܒ ܘܝܗܘܕܐ ܤܟܪܝܘܛܐ ܗܘ ܕܗܘܐ ܡܫܠܡܢܐ 16
og Judas, son åt Jakob, og Judas Iskariot, han som vart svikar.
ܘܢܚܬ ܥܡܗܘܢ ܝܫܘܥ ܘܩܡ ܒܦܩܥܬܐ ܘܟܢܫܐ ܤܓܝܐܐ ܕܬܠܡܝܕܘܗܝ ܘܤܘܓܐܐ ܕܟܢܫܐ ܕܥܡܐ ܡܢ ܟܠܗ ܝܗܘܕ ܘܡܢ ܐܘܪܫܠܡ ܘܡܢ ܤܦܪ ܝܡܐ ܕܨܘܪ ܘܕܨܝܕܢ 17
So gjekk han nedyver i lag med deim, og vart standande på ei sletta. Der var ein heil flokk av læresveinarne hans, og ei stor mengd med folk frå heile Jødeland og Jerusalem og frå sjøbygderne ved Tyrus og Sidon,
ܕܐܬܘ ܕܢܫܡܥܘܢ ܡܠܬܗ ܘܕܢܬܐܤܘܢ ܡܢ ܟܘܪܗܢܝܗܘܢ ܘܐܝܠܝܢ ܕܡܬܐܠܨܝܢ ܡܢ ܪܘܚܐ ܛܢܦܬܐ ܘܡܬܐܤܝܢ ܗܘܘ 18
som var komne for å høyra på honom og lækjast for sjukdomarne sine. Då vart dei gode att dei som var plåga av ureine ånder;
ܘܟܠܗ ܟܢܫܐ ܒܥܝܢ ܗܘܘ ܠܡܬܩܪܒܘ ܠܗ ܚܝܠܐ ܓܝܪ ܢܦܩ ܗܘܐ ܡܢܗ ܘܠܟܠܗܘܢ ܡܐܤܐ ܗܘܐ 19
og alt folket freista å koma nær honom, for det gjekk ei kraft ut ifrå honom og lækte alle.
ܘܐܪܝܡ ܥܝܢܘܗܝ ܥܠ ܬܠܡܝܕܘܗܝ ܘܐܡܪ ܛܘܒܝܟܘܢ ܡܤܟܢܐ ܕܕܝܠܟܘܢ ܗܝ ܡܠܟܘܬܐ ܕܐܠܗܐ 20
Då lyfte han upp augo og såg på læresveinarne sine og sagde: «Sæle de som fatige er! Guds rike er dykkar!
ܛܘܒܝܟܘܢ ܐܝܠܝܢ ܕܟܦܢܝܢ ܗܫܐ ܕܬܤܒܥܘܢ ܛܘܒܝܟܘܢ ܠܕܒܟܝܢ ܗܫܐ ܕܬܓܚܟܘܢ 21
Sæle de som no svelt! De skal mettast! Sæle de som no græt! De skal koma til å læ!
ܛܘܒܝܟܘܢ ܡܐ ܕܤܢܝܢ ܠܟܘܢ ܒܢܝܢܫܐ ܘܡܦܪܫܝܢ ܠܟܘܢ ܘܡܚܤܕܝܢ ܠܟܘܢ ܘܡܦܩܝܢ ܫܡܟܘܢ ܐܝܟ ܒܝܫܐ ܚܠܦ ܒܪܗ ܕܐܢܫܐ 22
Sæle er de når folk hatar dykk, og når dei stengjer dykk ute og spottar dykk, og bannlyser namnet dykkar som noko vondt for Menneskjesonen skuld.
ܚܕܘ ܒܗܘ ܝܘܡܐ ܘܕܘܨܘ ܕܐܓܪܟܘܢ ܤܓܝ ܒܫܡܝܐ ܗܟܢܐ ܓܝܪ ܥܒܕܝܢ ܗܘܘ ܐܒܗܬܗܘܢ ܠܢܒܝܐ 23
Den dagen må de gleda dykk, ja, de må hoppa av gleda; stor er løni som ventar dykk i himmelen; for på same vis for federne deira åt mot profetarne.
ܒܪܡ ܘܝ ܠܟܘܢ ܥܬܝܪܐ ܕܩܒܠܬܘܢ ܒܘܝܐܟܘܢ 24
Men ve yver dykk, de som rike er! De hev alt fenge hugnaden dykkar!
ܘܝ ܠܟܘܢ ܤܒܥܐ ܕܬܟܦܢܘܢ ܘܝ ܠܟܘܢ ܠܕܓܚܟܝܢ ܗܫܐ ܕܬܒܟܘܢ ܘܬܬܐܒܠܘܢ 25
Ve yver dykk, de som no er mette! De skal koma til å svelta! Ve yver dykk som no lær! De skal syrgja og gråta!
ܘܝ ܠܟܘܢ ܟܕ ܢܗܘܘܢ ܐܡܪܝܢ ܥܠܝܟܘܢ ܒܢܝ ܐܢܫܐ ܕܫܦܝܪ ܗܟܢܐ ܓܝܪ ܥܒܕܝܢ ܗܘܘ ܠܢܒܝܐ ܕܕܓܠܘܬܐ ܐܒܗܬܗܘܢ 26
Ve, når alle folk talar vel um dykk! For på same vis for federne deira åt med dei falske profetarne.
ܠܟܘܢ ܕܝܢ ܐܡܪ ܐܢܐ ܠܕܫܡܥܝܢ ܐܚܒܘ ܠܒܥܠܕܒܒܝܟܘܢ ܘܥܒܕܘ ܕܫܦܝܪ ܠܐܝܠܝܢ ܕܤܢܝܢ ܠܟܘܢ 27
Men åt dykk segjer eg, de som høyrer: «Elska fiendarne dykkar! Gjer vel mot deim som hatar dykk!
ܘܒܪܟܘ ܠܐܝܠܝܢ ܕܠܝܛܝܢ ܠܟܘܢ ܘܨܠܘ ܥܠ ܐܝܠܝܢ ܕܕܒܪܝܢ ܠܟܘܢ ܒܩܛܝܪܐ 28
Velsigna deim som bannar dykk! Bed for deim som talar ille um dykk!
ܘܠܕܡܚܐ ܠܟ ܥܠ ܦܟܟ ܩܪܒ ܠܗ ܐܚܪܢܐ ܘܡܢ ܡܢ ܕܫܩܠ ܡܪܛܘܛܟ ܠܐ ܬܟܠܐ ܐܦ ܟܘܬܝܢܟ 29
Slær nokon deg på den eine kinni, so bjod den andre og fram! Tek nokon kjolen din frå deg, so neitta honom ikkje trøya heller!
ܠܟܠ ܕܫܐܠ ܠܟ ܗܒ ܠܗ ܘܡܢ ܡܢ ܕܫܩܠ ܕܝܠܟ ܠܐ ܬܬܒܥ 30
Gjev kvar som bed deg, og tek nokon det som ditt er, so krev det ikkje att!
ܘܐܝܟܢܐ ܕܨܒܝܢ ܐܢܬܘܢ ܕܢܥܒܕܘܢ ܠܟܘܢ ܒܢܝ ܐܢܫܐ ܗܟܘܬ ܥܒܕܘ ܠܗܘܢ ܐܦ ܐܢܬܘܢ 31
Gjer mot anna folk som de vil at dei skal gjera mot dykk!
ܐܢ ܓܝܪ ܡܚܒܝܢ ܐܢܬܘܢ ܠܐܝܠܝܢ ܕܡܚܒܝܢ ܠܟܘܢ ܐܝܕܐ ܗܝ ܛܝܒܘܬܟܘܢ ܐܦ ܓܝܪ ܚܛܝܐ ܠܐܝܠܝܢ ܕܡܚܒܝܢ ܠܗܘܢ ܪܚܡܝܢ 32
Um de elskar deim som elskar dykk, kva er det å takka dykk for? syndarane elskar då og deim som deim elskar.
ܘܐܢ ܥܒܕܝܢ ܐܢܬܘܢ ܕܛܒ ܠܐܝܠܝܢ ܕܡܛܐܒܝܢ ܠܟܘܢ ܐܝܕܐ ܗܝ ܛܝܒܘܬܟܘܢ ܐܦ ܚܛܝܐ ܓܝܪ ܗܟܢܐ ܥܒܕܝܢ 33
Og um de gjer vel mot deim som gjer vel mot dykk, kva er det å takka dykk for? so gjer syndarane og.
ܘܐܢ ܡܘܙܦܝܢ ܐܢܬܘܢ ܠܡܢ ܕܤܒܪܝܢ ܐܢܬܘܢ ܕܬܬܦܪܥܘܢ ܡܢܗ ܐܝܕܐ ܗܝ ܛܝܒܘܬܟܘܢ ܐܦ ܚܛܝܐ ܓܝܪ ܠܚܛܝܐ ܡܘܙܦܝܢ ܕܗܟܘܬ ܢܬܦܪܥܘܢ 34
Og um de låner til deim som de ventar å få att av, kva er det å takka dykk for? syndarane låner og til syndarar på den måten at dei skal få like mykje att.
ܒܪܡ ܐܚܒܘ ܠܒܥܠܕܒܒܝܟܘܢ ܘܐܛܐܒܘ ܠܗܘܢ ܘܐܘܙܦܘ ܘܠܐ ܬܦܤܩܘܢ ܤܒܪܐ ܕܐܢܫ ܘܢܗܘܐ ܤܓܝ ܐܓܪܟܘܢ ܘܬܗܘܘܢ ܒܢܘܗܝ ܕܪܡܐ ܕܗܘ ܒܤܝܡ ܗܘ ܥܠ ܒܝܫܐ ܘܥܠ ܟܦܘܪܐ 35
Nei, elska fiendarne dykkar, gjer vel og lån burt, og venta ikkje å få noko att! Då skal løni de fær vera stor, og de skal vera borni åt den Høgste; for han er god mot dei utakksame og vonde.
ܗܘܘ ܗܟܝܠ ܡܪܚܡܢܐ ܐܝܟܢܐ ܕܐܦ ܐܒܘܟܘܢ ܡܪܚܡܢܐ ܗܘ 36
Ver miskunnsame, som Far dykkar er!
ܠܐ ܬܕܘܢܘܢ ܘܠܐ ܡܬܬܕܝܢܝܢ ܐܢܬܘܢ ܠܐ ܬܚܝܒܘܢ ܘܠܐ ܡܬܚܝܒܝܢ ܐܢܬܘܢ ܫܪܘ ܘܬܫܬܪܘܢ 37
Døm ikkje, so skal de ikkje dømast! Fordøm ingen, so skal ingen fordøma dykk! Tilgjev, so skal de få tilgjeving!
ܗܒܘ ܘܡܬܝܗܒ ܠܟܘܢ ܒܟܝܠܬܐ ܛܒܬܐ ܘܪܩܝܥܬܐ ܘܡܫܦܥܬܐ ܢܪܡܘܢ ܒܥܘܒܝܟܘܢ ܒܗܝ ܓܝܪ ܟܝܠܬܐ ܕܡܟܝܠܝܢ ܐܢܬܘܢ ܡܬܬܟܝܠ ܠܟܘܢ 38
Gjev, so skal dei gjeva dykk! Eit godt, stappa, sikka og yverfullt mål skal dei gjeva dykk i fanget. For det målet de mæler med, skal dei mæla att åt dykk med.»»
ܘܐܡܪ ܗܘܐ ܠܗܘܢ ܡܬܠܐ ܠܡܐ ܡܫܟܚ ܤܡܝܐ ܠܤܡܝܐ ܠܡܕܒܪܘ ܠܐ ܬܪܝܗܘܢ ܒܓܘܡܨܐ ܢܦܠܝܢ 39
Han sagde deim og ei likning: «Kann ein blind leida ein blind? kjem dei’kje båe til å falla i grefti?
ܠܝܬ ܬܠܡܝܕܐ ܕܝܬܝܪ ܡܢ ܪܒܗ ܟܠܢܫ ܓܝܪ ܕܓܡܝܪ ܢܗܘܐ ܐܝܟ ܪܒܗ 40
Læresveinen er ikkje yver meisteren; men er han heilt utlært, so vert han lik meisteren sin.
ܡܢܐ ܕܝܢ ܚܙܐ ܐܢܬ ܓܠܐ ܕܒܥܝܢܗ ܕܐܚܘܟ ܩܪܝܬܐ ܕܝܢ ܕܒܥܝܢܟ ܠܐ ܡܬܚܙܝܐ ܠܟ 41
Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var?
ܐܘ ܐܝܟܢܐ ܡܫܟܚ ܐܢܬ ܠܡܐܡܪ ܠܐܚܘܟ ܐܚܝ ܫܒܘܩ ܐܦܩ ܓܠܐ ܡܢ ܥܝܢܟ ܕܗܐ ܩܪܝܬܐ ܕܒܥܝܢܟ ܕܝܠܟ ܠܐ ܡܬܚܙܝܐ ܠܟ ܢܤܒ ܒܐܦܐ ܐܦܩ ܠܘܩܕܡ ܩܪܝܬܐ ܡܢ ܥܝܢܟ ܘܗܝܕܝܢ ܢܬܚܙܐ ܠܟ ܠܡܦܩܘ ܓܠܐ ܡܢ ܥܝܢܗ ܕܐܚܘܟ 42
Korleis kann du segja med bror din: «Bror, lat meg taka ut flisi som sit i auga ditt!» du som ikkje ser bjelken i ditt eige auga? Hyklar! Tak fyrst bjelken ut or ditt auga, då kann du sjå å taka flisi ut or auga åt bror din.
ܠܐ ܐܝܬ ܐܝܠܢܐ ܛܒܐ ܕܥܒܕ ܦܐܪܐ ܒܝܫܐ ܐܦ ܠܐ ܐܝܠܢܐ ܒܝܫܐ ܕܥܒܕ ܦܐܪܐ ܛܒܐ 43
For det finst ikkje noko godt tre som ber låk frukt, ikkje heller noko låkt tre som ber god frukt;
ܟܠ ܐܝܠܢܐ ܓܝܪ ܡܢ ܦܐܪܘܗܝ ܗܘ ܡܬܝܕܥ ܠܐ ܓܝܪ ܠܩܛܝܢ ܡܢ ܟܘܒܐ ܬܐܢܐ ܐܦ ܠܐ ܡܢ ܤܢܝܐ ܩܛܦܝܢ ܥܢܒܐ 44
for treet kjenner me på den frukti det ber; ingen kann sanka fikor av tistlar eller plukka druvor av klunger.
ܓܒܪܐ ܛܒܐ ܡܢ ܤܝܡܬܐ ܛܒܬܐ ܕܒܠܒܗ ܡܦܩ ܛܒܬܐ ܘܓܒܪܐ ܒܝܫܐ ܡܢ ܤܝܡܬܐ ܒܝܫܬܐ ܕܒܠܒܗ ܡܦܩ ܒܝܫܬܐ ܡܢ ܬܘܬܪܝ ܠܒܐ ܓܝܪ ܡܡܠܠܢ ܤܦܘܬܐ 45
Ein god mann ber fram berre godt av det gode han gøymer i hjarta sitt, og ein vond mann ber fram berre vondt av det vonde han gøymer på. For frå munnen hans kjem det som hjarta er fullt av.
ܡܢܐ ܩܪܝܢ ܐܢܬܘܢ ܠܝ ܡܪܝ ܡܪܝ ܘܡܕܡ ܕܐܡܪ ܐܢܐ ܠܐ ܥܒܕܝܢ ܐܢܬܘܢ 46
Men kvi kallar de meg «Herre, Herre, » og gjer ikkje det som eg segjer?
ܟܠ ܐܢܫ ܕܐܬܐ ܠܘܬܝ ܘܫܡܥ ܡܠܝ ܘܥܒܕ ܠܗܝܢ ܐܚܘܝܟܘܢ ܠܡܢܐ ܕܡܐ 47
Eg skal syna dykk kven han er lik, den som kjem til meg og høyrer ordi mine, og gjer etter deim:
ܕܡܐ ܠܓܒܪܐ ܕܒܢܐ ܒܝܬܐ ܘܚܦܪ ܘܥܡܩ ܘܤܡ ܫܬܐܤܐ ܥܠ ܫܘܥܐ ܟܕ ܗܘܐ ܕܝܢ ܡܠܐܐ ܐܬܛܪܝ ܡܠܐܐ ܒܒܝܬܐ ܗܘ ܘܠܐ ܐܫܟܚ ܕܢܙܝܥܝܘܗܝ ܤܝܡܐ ܗܘܬ ܓܝܪ ܫܬܐܤܬܗ ܥܠ ܫܘܥܐ 48
han er lik ein mann som vilde byggja seg eit hus, og som grov djupt i tufti og lagde grunnsteinarne på berget. Då det so kom ein flaum, og straumen braut imot huset, vann han ikkje å rikka det, av di det var godt bygt.
ܘܗܘ ܕܫܡܥ ܘܠܐ ܥܒܕ ܕܡܐ ܠܓܒܪܐ ܕܒܢܐ ܒܝܬܗ ܥܠ ܥܦܪܐ ܕܠܐ ܫܬܐܤܬܐ ܘܟܕ ܐܬܛܪܝ ܒܗ ܢܗܪܐ ܒܪ ܫܥܬܗ ܢܦܠ ܘܗܘܬ ܡܦܘܠܬܗ ܪܒܐ ܕܒܝܬܐ ܗܘ 49
Men den som høyrer, og ikkje gjer etter det han høyrer, han er lik ein mann som bygde seg eit hus på berre marki, forutan grunnsteinar. Då so straumen braut imot huset, datt det i hop med ein gong, og det vart eit stort fall då det huset datt.»

< ܠܘܩܘܣ 6 >