< عَدَد 1 >

فِي الْيَوْمِ الأَوَّلِ مِنَ الشَّهْرِ الثَّانِي مِنَ السَّنَةِ الثَّانِيَةِ لِخُرُوجِ بَنِي إِسْرَائِيلَ مِنْ دِيَارِ مِصْرَ، أَمَرَ الرَّبُّ مُوسَى فِي بَرِّيَّةِ سِينَاءَ فِي خَيْمَةِ الاجْتِمَاعِ قَائِلاً: ١ 1
So var det den fyrste dagen i den andre månaden året etter dei hadde fare frå Egyptarlandet, då tala Herren til Moses på Sinaiheidi, i møtetjeldet, og sagde:
«أَحْصُوا كُلَّ ذَكَرٍ بِاسْمِهِ مِنْ شَعْبِ إِسْرَائِيلَ حَسَبَ قَبَائِلِهِمْ وَبُيُوتِ آبَائِهِمْ. ٢ 2
«De skal taka tal på heile Israels-lyden etter ætter og ættgreiner, og skriva upp namni på alle karar, ein for ein,
وَعَلَيْكَ أَنْتَ وَهَرُونَ أَنْ تَحْسِبَهُمْ وَفْقاً لفِرَقِهِمْ مِنِ ابْنِ عِشْرِينَ سَنَةً فَمَا فَوْقُ، مِنَ الْقَادِرِينَ عَلَى الْقِتَالِ فِي الْحَرْبِ، مِنْ إِسْرَائِيلَ. ٣ 3
alle våpnføre menner i Israel som er tjuge år gamle eller meir, skal de mynstra, flokk for flokk, du og Aron.
وَلْيَكُنْ مَعَكُمَا مِنْ كُلِّ سِبْطٍ رَجُلٌ يَتَوَلَّى رِيَاسَةَ بَيْتِ آبَائِهِ. ٤ 4
Og med dykk skal det vera ein mann av kvar ætt, den som er hovdingen for alle greinerne i ætti.
وَهَذِهِ أَسْمَاءُ الرِّجَالِ الَّذِينَ يُشْرِفُونَ مَعَكُمَا عَلَى الإحْصَاءِ: عَنْ سِبْطِ رَأُوبَيْنَ أَلِيصُورُ بْنُ شَدَيْئُورَ. ٥ 5
So heiter dei mennerne som skal vera dykk til hjelp: av Rubens-ætti: Elisur, son åt Sede’ur;
عَنْ سِبْطِ شِمْعُونَ شَلُومِيئِيلُ بْنُ صُورِيشَدَّايْ. ٦ 6
av Simeons-ætti: Selumiel, son åt Surisaddai;
عَنْ سِبْطِ يَهُوذَا نَحْشُونُ بْنُ عَمِّينَادَابَ. ٧ 7
av Juda-ætti: Nahson, son åt Amminadab;
عَنْ سِبْطِ يَسَّاكَرَ نَثَنَائِيلُ بْنُ صُوغَرَ. ٨ 8
av Issakars-ætti: Netanel, son åt Suar;
عَنْ سِبْطِ زَبُولُونَ أَلِيآبُ بْنُ حِيلُونَ. ٩ 9
av Sebulons-ætti; Eliab, son åt Helon;
عَنْ سِبْطِ أَفْرَايِمَ بْنُ يُوسُفَ أَلِيشَمَعُ بْنُ عَمِّيهُودَ. عَنْ سِبْطِ مَنَسَّى بْنِ يُوسُفَ جَمْلِيئِيلُ بْنُ فَدَهْصُورَ. ١٠ 10
av Josefs-sønerne: Elisama, son åt Ammihud, av Efraims-ætti, og Gamliel, son åt Pedasur, av Manasse-ætti;
عَنْ سِبْطِ بَنْيَامِينَ أَبِيدَنُ بْنُ جِدْعُونِي. ١١ 11
av Benjamins-ætti: Abidan, son åt Gideoni;
عَنْ سِبْطِ دَانَ أَخِيعَزَرُ بْنُ عَمِّيشَدَّايْ. ١٢ 12
av Dans-ætti: Ahiezer, son åt Ammisaddai;
عَنْ سِبْطِ أَشِيرَ فَجْعِيئِيلُ بْنُ عُكْرَنَ. ١٣ 13
av Assers-ætti: Pagiel, son åt Okran;
عَنْ سِبْطِ جَادَ أَلِيَاسَافُ بْنُ دَعُوئِيلَ. ١٤ 14
av Gads-ætti: Eljasaf, son åt Re’uel;
عَنْ سِبْطِ نَفْتَالِي أَخِيرَعُ بْنُ عِينَنَ. ١٥ 15
av Naftali-ætti: Ahira, son åt Enan.»
هَؤُلاَءِ هُمُ الرِّجَالُ الْمُنْتَخَبُونَ مِنْ بَيْنِ الشَّعْبِ، رُؤَسَاءُ أَسْبَاطِهِمْ وَشُيُوخُ عَشَائِرِهِمْ» ١٦ 16
Dette var dei som var kalla til formenner for lyden, dei høgste i fedreætterne sine, hovdingarne yver Israels-folket.
فَأَخَذَ مُوسَى وَهَرُونُ هَؤُلاَءِ الرِّجَالَ الَّذِينَ تَعَيَّنُوا بِأَسْمَائِهِمْ، ١٧ 17
So henta Moses og Aron dei mennerne som var namngjevne,
وَجَمَعَا كُلَّ الشَّعْبِ فِي أَوَّلِ الشَّهْرِ الثَّانِي. فانْتَسَبَ كُلُّ ذَكَرٍ بِاسْمِهِ مِنِ ابْنِ عِشْرِينَ فَمَا فَوْقُ إِلَى سِبْطِهِ حَسَبَ عَشِيرَتِهِ، ١٨ 18
og fyrste dagen i andre månaden kalla dei lyden i hop til eit ålmannamøte; og alle som var yver tjuge år, vart innskrivne i manntalet med namn, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
كَمَا أَمَرَ الرَّبُّ مُوسَى. فَأَحْصَاهُمْ فِي صَحْرَاءِ سِينَاءَ. ١٩ 19
soleis som Herren hadde sagt; og Moses mynstra deim på Sinaiheidi.
فَمِنْ نَسْلِ رَأُوبَيْنَ بِكْرِ إِسْرَائِيلَ تَمَّ إِحْصَاءُ جَمِيعِ الرِّجَالِ الْبَالِغِينَ مِنَ الْعُمْرِ عِشْرِينَ سَنَةً فَمَا فَوْقُ، مِنَ الْقَادِرِينَ عَلَى الْقِتَالِ فِي الْحَرْبِ، كُلٍّ بِاسْمِهِ، حَسَبَ عَشَائِرِهِمْ وَبُيُوتِ آبَائِهِمْ، ٢٠ 20
Fyrst mynstra han Rubens-sønerne - deim som var ætta frå Ruben, eldste son åt Israel - og då alle våpnføre menner av Rubens-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
فَكَانَ عَدَدُ الْمُحْصَيْنَ مِنْ سِبْطِ رَأُوبَيْنَ سِتَّةً وَأَرْبَعِينَ أَلْفاً وَخَمسَ مِئَةٍ. ٢١ 21
so var det seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.
وَمِنْ نَسْلِ شِمْعُونَ، تَمَّ إِحْصَاءُ جَمِيعِ الرِّجَالِ الْبَالِغِينَ مِنَ الْعُمْرِ عِشْرِينَ سَنَةً فَمَا فَوْقُ، مِنَ الْقَادِرِينَ عَلَى الْقِتَالِ فِي الْحَرْبِ، كُلٍّ بِاسْمِهِ، حَسَبَ عَشَائِرِهِمْ وَبُيُوتِ آبَائِهِمْ، ٢٢ 22
So mynstra han Simeons-sønerne og ætterne deira, og då alle våpnføre menner av Simeons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
فَكَانَ عَدَدُ الْمُحْصَيْنَ مِنْ سِبْطِ شِمْعُونَ تِسْعَةً وَخَمْسِينَ أَلْفاً وَثَلاثَ مِئَةٍ. ٢٣ 23
so var det ni og femti tusund og tri hundrad mann.
وَمِنْ نَسْلِ جَادَ، تَمَّ إِحْصَاءُ جَمِيعِ الرِّجَالِ الْبَالِغِينَ مِنَ الْعُمْرِ عِشْرِينَ سَنَةً فَمَا فَوْقُ، مِنَ الْقَادِرِينَ عَلَى الْقِتَالِ فِي الْحَرْبِ، كُلٍّ بِاسْمِهِ، حَسَبَ عَشَائِرِهِمْ وَبُيُوتِ آبَائِهِمْ، ٢٤ 24
So mynstra han Gads-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Gads-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
فَكَانَ عَدَدُ الْمُحْصَيْنَ مِنْ سِبْطِ جَادَ خَمْسَةً وَأَرْبَعِينَ أَلْفاً وَسِتَّ مِئَةٍ وَخَمْسِينَ. ٢٥ 25
so var det fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.
وَمِنْ نَسْلِ يَهُوذَا، تَمَّ إِحْصَاءُ جَمِيعِ الرِّجَالِ الْبَالِغِينَ مِنَ الْعُمْرِ عِشْرِينَ سَنَةً فَمَا فَوْقُ، مِنَ الْقَادِرِينَ عَلَى الْقِتَالِ فِي الْحَرْبِ، كُلٍّ بِاسْمِهِ، حَسَبَ عَشَائِرِهِمْ وَبُيُوتِ آبَائِهِمْ، ٢٦ 26
So mynstra han Juda-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Juda-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
فَكَانَ عَدَدُ الْمُحْصَيْنَ مِنْ سِبْطِ يَهُوذَا أَرْبَعَةً وَسَبْعِينَ أَلْفاً وَسِتَّ مِئَةٍ. ٢٧ 27
so var det fire og sytti tusund og seks hundrad mann.
وَمِنْ نَسْلِ يَسَّاكَرَ، تَمَّ إِحْصَاءُ جَمِيعِ الرِّجَالِ الْبَالِغِينَ مِنَ الْعُمْرِ عِشْرِينَ سَنَةً فَمَا فَوْقُ، مِنَ الْقَادِرِينَ عَلَى الْقِتَالِ فِي الْحَرْبِ، كُلٍّ بِاسْمِهِ، حَسَبَ عَشَائِرِهِمْ وَبُيُوتِ آبَائِهِمْ، ٢٨ 28
So mynstra han Issakars-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Issakars-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
فَكَانَ عَدَدُ الْمُحْصَيْنَ مِنْ سِبْطِ يَسَّاكَرَ أَرْبَعَةً وَخَمْسِينَ أَلْفاً وَأَرْبَعَ مِئَةٍ. ٢٩ 29
so var det fire og femti tusund og fire hundrad mann.
وَمِنْ نَسْلِ زَبُولُونَ، تَمَّ إِحْصَاءُ جَمِيعِ الرِّجَالِ الْبَالِغِينَ مِنَ الْعُمْرِ عِشْرِينَ سَنَةً فَمَا فَوْقُ، مِنَ الْقَادِرِينَ عَلَى الْقِتَالِ فِي الْحَرْبِ، كُلٍّ بِاسْمِهِ، حَسَبَ عَشَائِرِهِمْ وَبُيُوتِ آبَائِهِمْ، ٣٠ 30
So mynstra han Sebulons-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Sebulons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
فَكَانَ عَدَدُ الْمُحْصَيْنَ مِنْ سِبْطِ زَبُولُونَ سَبْعَةً وَخَمْسِينَ أَلْفاً وَأَرْبَعَ مِئَةٍ. ٣١ 31
so var det sju og femti tusund og fire hundrad mann.
وَمِنْ نَسْلِ أَفْرَايِمَ بْنِ يُوسُفَ، تَمَّ إِحْصَاءُ جَمِيعِ الرِّجَالِ الْبَالِغِينَ مِنَ الْعُمْرِ عِشْرِينَ سَنَةً فَمَا فَوْقُ، مِنَ الْقَادِرِينَ عَلَى الْقِتَالِ فِي الْحَرْبِ، كُلٍّ بِاسْمِهِ، حَسَبَ عَشَائِرِهِمْ وَبُيُوتِ آبَائِهِمْ، ٣٢ 32
So mynstra han Josefs-sønerne og ætterne deira: Då alle dei våpnføre av Efraims-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
فَكَانَ عَدَدُ الْمُحْصَيْنَ مِنْ سِبْطِ أَفْرَايِمَ أَرْبَعِينَ أَلْفاً وَخَمْسَ مِئَةٍ. ٣٣ 33
so var det fyrti tusund og fem hundrad mann;
وَمِنْ نَسْلِ مَنَسَّى بْنِ يُوسُفَ، تَمَّ إِحْصَاءُ جَمِيعِ الرِّجَالِ الْبَالِغِينَ مِنَ الْعُمْرِ عِشْرِينَ سَنَةً فَمَا فَوْقُ، مِنْ الْقَادِرِينَ عَلَى الْقِتَالِ فِي الْحَرْبِ، كُلٍّ بِاسْمِهِ، حَسَبَ عَشَائِرِهِمْ وَبُيُوتِ آبَائِهِمْ، ٣٤ 34
og då alle dei våpnføre av Manasse-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
فَكَانَ عَدَدُ الْمُحْصَيْنَ مِنْ سِبْطِ مَنَسَّى اثْنَيْنِ وَثَلاَثِينَ أَلْفاً وَمِئَتَيْنِ. ٣٥ 35
so var det tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.
وَمِنْ نَسْلِ بَنْيَامِينَ، تَمَّ إِحْصَاءُ جَمِيعِ الرِّجَالِ الْبَالِغِينَ مِنَ الْعُمْرِ عِشْرِينَ سَنَةً فَمَا فَوْقُ، مِنْ الْقَادِرِينَ عَلَى الْقِتَالِ فِي الْحَرْبِ، كُلٍّ بِاسْمِهِ، حَسَبَ عَشَائِرِهِمْ وَبُيُوتِ آبَائِهِمْ، ٣٦ 36
So mynstra han Benjamins-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Benjamins-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
فَكَانَ عَدَدُ الْمُحْصَيْنَ مِنْ سِبْطِ بَنْيَامِينَ خَمْسَةً وَثَلاَثِينَ أَلْفاً وَأَرْبَعَ مِئَةٍ. ٣٧ 37
so var det fem og tretti tusund og fire hundrad mann.
وَمِنْ نَسْلِ دَانَ، تَمَّ إِحْصَاءُ جَمِيعِ الرِّجَالِ الْبَالِغِينَ مِنَ الْعُمْرِ عِشْرِينَ سَنَةً فَمَا فَوْقُ، مِنْ الْقَادِرِينَ عَلَى الْقِتَالِ فِي الْحَرْبِ، كُلٍّ بِاسْمِهِ، حَسَبَ عَشَائِرِهِمْ وَبُيُوتِ آبَائِهِمْ، ٣٨ 38
So mynstra han Dans-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Dans-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
فَكَانَ عَدَدُ الْمُحْصَيْنَ مِنْ سِبْطِ دَانَ اثْنَيْنِ وَسِتِّينَ أَلْفاً وَسَبْعَ مِئَةٍ ٣٩ 39
so var det tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.
وَمِنْ نَسْلِ أَشِيرَ، تَمَّ إِحْصَاءُ جَمِيعِ الرِّجَالِ الْبَالِغِينَ مِنَ الْعُمْرِ عِشْرِينَ سَنَةً فَمَا فَوْقُ، مِنْ الْقَادِرِينَ عَلَى الْقِتَالِ فِي الْحَرْبِ، كُلٍّ بِاسْمِهِ، حَسَبَ عَشَائِرِهِمْ وَبُيُوتِ آبَائِهِمْ، ٤٠ 40
So mynstra han Assers-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Assers-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
فَكَانَ عَدَدُ الْمُحْصَيْنَ مِنْ سِبْطِ أَشِيرَ وَاحِداً وَأَرْبَعِينَ أَلْفاً وَخَمَسَ مِئَةٍ. ٤١ 41
so var det ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.
وَمِنْ نَسْلِ نَفْتَالِي، تَمَّ إِحْصَاءُ جَمِيعِ الرِّجَالِ الْبَالِغِينَ مِنَ الْعُمْرِ عِشْرِينَ سَنَةً فَمَا فَوْقُ، مَنْ الْقَادِرِينَ عَلَى الْقِتَالِ فِي الْحَرْبِ، كُلٍّ بِاسْمِهِ، حَسَبَ عَشَائِرِهِمْ وَبُيُوتِ آبَائِهِمْ، ٤٢ 42
So mynstra han Naftali-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Naftali-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
فَكَانَ عَدَدُ الْمُحْصَيْنَ مِنْ سِبْطِ نَفْتَالِي ثَلاَثَةً وَخَمْسِينَ أَلْفاً وَأَرْبَعَ مِئَةٍ. ٤٣ 43
so var det tri og femti tusund og fire hundrad mann.
هَؤُلاَءِ هُمْ جُمْلَةُ الَّذِينَ أَحْصَاهُمْ مُوسَى وَهَرُونَ وَرُؤَسَاءُ إِسْرَائِيلَ الاثْنَا عَشَرَ الْمُمَثِّلُونَ لأَسْبَاطِهِمْ. ٤٤ 44
Dette var dei som vart mynstra, dei som Moses og Aron og Israels hovdingar mynstra; og hovdingarne var tolv i talet, ein for kvar ætt.
فَكَانَ الْمَجْمُوعُ الْكُلِّيُّ لِلرِّجَالِ الْمُحْصَيْنَ مِنْ إِسْرَائِيلَ الْبَالِغِينَ مِنْ الْعُمْرِ عِشْرِينَ سَنَةً فَمَا فَوْقُ، حَسَبَ بُيُوتِ آبَائِهِمْ مِنَ الْقَادِرِينَ عَلَى الْقِتَالِ فِي الْحَرْبِ فِي إِسْرَائِيلَ ٤٥ 45
Og talet på deim som vart mynstra av Israels-sønerne og ætterne deira, alle dei våpnføre av Israel, frå tjugeårsalderen og uppetter,
سِتَّ مِئَةِ أَلْفٍ وَثَلاَثَةَ آلافٍ وَخَمْسَ مِئَةٍ وَخَمْسِينَ. ٤٦ 46
var seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti; so mange var det som vart mynstra.
أَمَّا اللاَّوِيُّونَ الْمُنْتَسِبُونَ لِسِبْطِ آبَائِهِمْ فَلَمْ يُحْصَوْا بَيْنَهُمْ، ٤٧ 47
Levitarne og ætterne deira vart ikkje mynstra i hop med dei hine.
إِذْ قَالَ الرَّبُّ لِمُوسَى: ٤٨ 48
For Herren sagde til Moses:
«أَمَّا سِبْطُ لاَوِي فَلاَ تَحْسِبْهُ وَلاَ تُحْصِهِ بَيْنَ بَنِي إِسْرَائِيلَ، ٤٩ 49
«Levi-ætti skal du ikkje mynstra eller taka tal på saman med hitt Israels-folket.
بَلْ اعْهَدْ بِمَسْكِنِ الشَّهَادَةِ وَأَمْتِعَتِهِ كُلِّهَا وَسَائِرِ مَالَهُ إِلَى اللاَّوِيِّينَ. فَهُمْ يَنْقُلُونَ الْمَسْكَنَ وَأَمْتِعَتَهُ كُلَّهَا وَيَعْتَنُونَ بِهِ، وَحَوْلَهُ يُقِيمُونَ. ٥٠ 50
Set levitarne til å stella med huset som lovi er gøymd i, og med all bunaden i det og alt som høyrer til. Dei skal føra huset og all bunaden, og dei skal taka vare på huset, og lægra seg rundt ikring det.
وَهُمُ الَّذِينَ يُنْزِلُونَ الْمَسْكَنَ عِنْدَ ارْتِحَالِهِ وَيَنْصِبُونَهُ عِنْدَ حُلُولِهِ، وَأَيُّ وَاحِدٍ آخَرَ غَيْرَهُمْ يَقْتَرِبُ مِنْهُ يُقْتَلُ. ٥١ 51
Når huset skal flytjast, so skal levitarne taka det ned, og når det skal reisast, skal levitarne setja det upp; kjem nokon framand innåt, lyt han døy.
وَلْيَضْرِبْ بَنُو إِسْرَائِيلَ خِيَامَهُمْ كُلٌّ فِي مَوْضِعِهِ فِي الْمُخَيَّمِ، وَكُلٌّ تَحْتَ رَايَةِ قَوْمِهِ. ٥٢ 52
Israels-sønerne skal lægra seg flokk i flokk, kvar i sitt eige læger og under sitt eige hermerke,
وَأَمَّا اللاَّوِيُّونَ فَيُقِيمُونَ حَوْلَ مَسْكَنِ الشَّهَادَةِ، لِئَلاَّ يَحِلَّ سَخَطُ الرَّبِّ عَلَى شَعْبِ إِسْرَائِيلَ. وَليُحَافِظِ اللاَّوِيُّونَ عَلَى خِدْمَةِ مَسْكَنِ الشَّهَادَةِ وَشَعَائِرِهِ». ٥٣ 53
men levitarne skal lægra seg kringum gudshuset, so det ikkje skal koma vreide yver Israels-lyden; for det er levitarne som skal taka vare på gudshuset.»
فَنَفَّذَ بَنُو إِسْرَائِيلَ تَمَاماً كُلَّ مَا أَمَرَ الرَّبُّ بِهِ مُوسَى. ٥٤ 54
Og Israels-borni gjorde so; dei gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt med Moses.

< عَدَد 1 >