< حِزْقِيال 30 >

وَأَوْحَى إِلَيَّ الرَّبُّ بِكَلِمَتِهِ قَائِلاً: ١ 1
Og Herrens ord kom til meg, han sagde:
«يَاابْنَ آدَمَ، تَنَبَّأْ وَقُلْ: هَذَا مَا يُعْلِنُهُ السَّيِّدُ الرَّبُّ: وَلْوِلُوا قَائِلِينَ: يَالَلْيَوْمِ الرَّهِيبِ! ٢ 2
Menneskjeson! Spå og seg: So segjer Herren, Herren: Barma dykk: «Å! for ein dag!»
إِنَّ يَوْمَ الرَّبِّ بَاتَ وَشِيكاً؛ يَوْمُ الرَّبِّ قَرِيبٌ، إِنَّهُ يَوْمٌ مُكْفَهِرٌّ بِالْغُيُومِ، سَاعَةُ دَيْنُونَةٍ لِلأُمَمِ، ٣ 3
For nær er ein dag, ein dag for Herren; ein myrkskya dag, ei uppgjerdstid for folkeslagi skal det vera.
إِذْ يُجَرَّدُ سَيْفٌ عَلَى مِصْرَ، فَيَعُمُّ الذُّعْرُ الشَّدِيدُ كُوشَ، عِنْدَمَا يَتَهَاوَى قَتْلَى مِصْرَ وَيُسْتَوْلَى عَلَى ثَرْوَتِهَا، وَتُنْقَضُ أُسُسُهَا. ٤ 4
Og sverd skal koma mot Egyptarland, og Ætiopia skal få skjelve-rider når ihelstungne fell i Egyptarland. Og dei skal taka landsens rikdom, og grunnvollarne skal verta nedrivne.
ثُمَّ تَسْقُطُ مَعَهُمْ بِالسَّيْفِ كُوشُ وَفُوطُ وَلُودُ وَشِبْهُ الْجَزِيرَةِ الْعَرَبِيَّةِ وَلِيبِيَا وَشُعُوبُ الأَرْضِ الْمُتَحَالِفَةِ مَعَهُمْ. ٥ 5
Ætiopar og folk frå Put og Lud og alt blandingsfolket og Kub og sønerne åt sambandslandet skal falla for sverd i lag med deim.
حَقّاً يَسْقُطُ مُنَاصِرُ مِصْرَ وَتُذَلُّ كِبْرِيَاءُ عِزَّتِهَا، فَيَتَهَاوَى بِالسَّيْفِ سُكَّانُهَا مِنْ مَجْدَلَ إِلَى أَسْوَانَ، يَقُولُ السَّيِّدُ الرَّبُّ. ٦ 6
So segjer Herren: Dei som styd Egyptarland, skal falla, og ovmodet og magti skal kverva; frå Migdol til Syene skal folket falla for sverd, segjer Herren, Herren.
فَتُصْبِحُ أَكْثَرَ الأَرَاضِي الْمُقْفِرَةِ وَحْشَةً، وَتَضْحَى مُدُنُهَا أَكْثَرَ الْمُدُنِ خَرَاباً! ٧ 7
Og i øyde skal dei liggja millom øydeland, og byarne skal vera millom øydestader.
فَيُدْرِكُونَ أَنِّي أَنَا الرَّبُّ حِينَ أُضْرِمُ نَاراً فِي مِصْرَ وَيَنْهَارُ جَمِيعُ حُلَفَائِهَا. ٨ 8
Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg kveikjer eld på Egyptarland, og alle deira hjelparar vert krasa.
فِي ذَلِكَ الْيَوْمِ يُسْرِعُ رُسُلِي إِلَى كُوشَ الْمُطْمَئِنَّةِ لِيُثِيرُوا فِيهَا الرُّعْبَ فِي يَوْمِ هَلاَكِ مِصْرَ، الَّذِي لاَبُدَّ أَنْ يَتَحَقَّقَ. ٩ 9
Den dagen skal det fara sendemenner frå mi åsyn på skip til å setja støkk i det ottelause Ætiopia, og det skal få skjelve-rider som på Egyptarlands dag. For sjå, det kjem.
لأَنِّي سَأُفْنِي جَمَاهِيرَ مِصْرَ بِيَدِ نَبُوخَذْنَاصَّرَ مَلِكِ بَابِلَ. ١٠ 10
So segjer Herren, Herren: Eg vil hava Nebukadressar, Babel-kongen, til å gjera ende på den ståkande mengdi i Egyptarland.
إِذْ يُقْبِلُ هُوَ وَجَيْشُهُ، أَعْتَى جُيُوشِ الأُمَمِ، لِخَرَابِ دِيَارِ مِصْرَ، فَيُجَرِّدُونَ عَلَيْهَا سُيُوفَهُمْ وَيَمْلأُونَ أَرْضَهَا بِالْقَتْلَى. ١١ 11
Han og lyden hans med honom, valdsmennerne millom folki, skal verta henta til å herja landet. Og dei skal draga sine sverd mot Egyptarland og fylla landet med drepne menner.
وَأُجَفِّفُ مَجَارِي نَهْرِ النِّيلِ، وَأَبِيعُ الأَرْضَ لِقَوْمٍ أَشْرَارٍ، وَأُخَرِّبُ الْبِلاَدَ فِيهَا بِيَدِ غُرَبَاءَ. أَنَا الرَّبُّ قَضَيْتُ. ١٢ 12
Eg vil lata elvarne torna og selja landet i henderne på illmenne. Og eg vil hava framande til å øyda landet og alt som i det er; eg, Herren, hev tala.
ثُمَّ أُحَطِّمُ الأَصْنَامَ وَأُزِيلُ الأَوْثَانَ مِنْ مَمْفِيسَ، وَلاَ يَبْقَى بَعْدُ رَئِيسٌ فِي دِيَارِ مِصْرَ، وَأُلْقِي فِيهَا الرُّعْبَ. ١٣ 13
So segjer Herren, Herren: Eg vil tyna dei ufysne gudarne og rydja ut avgudarne or Nof, og aldri meir skal der vera ein fyrste or Egyptarland, og eg vil leggja rædsla på Egyptarland.
وَأُخَرِّبُ فَتْرُوسَ، وَأُضْرِمُ نَاراً فِي صُوعَنَ، وَأُنَفِّذُ أَحْكَاماً فِي طِيبَةَ. ١٤ 14
Og eg vil leggja Patros i øyde og setja eld på Soan, og halda dom yver No.
وَأَصُبُّ غَضَبِي عَلَى سِينَ حِصْنِ مِصْرَ، وَأُبِيدُ أَهْلَ طِيبَةَ. ١٥ 15
Eg vil renna ut min harm yver Sin, den sterke verni åt Egyptarland, og rydja ut den ståkande mengdi i No.
وَأُضْرِمُ نَاراً فِي مِصْرَ فَتُقَاسِي سِينُ أَشَدَّ الأَلَمِ، وَتَتَمَزَّقُ طِيبَةُ شَرَّ تَمْزِيقٍ، وَتَتَعَرَّضُ مَمْفِيسُ لِلرُّعْبِ فِي كُلِّ يَوْمٍ. ١٦ 16
Og eg vil setja eld på Egyptarland, Sin skal bivrande skjelva, og i No bryt dei seg inn, og inn i Nof kjem fiendar ljose dagen.
وَيَتَسَاقَطُ بِالسَّيْفِ شُبَّانُ آوَنَ وَفِيبِسْتَةَ، وَيُسْبَى بَقِيَّةُ سُكَّانِهَا ١٧ 17
Dei unge menner i Aven og Pibeset skal falla for sverd, og sjølve skal dei fara i utlægd.
وَيُظْلِمُ النَّهَارُ فِي تَحْفَنْحِيسَ عِنْدَمَا أُحَطِّمُ أَنْيَارَ مِصْرَ هُنَاكَ، وَتَتَلاَشَى كِبْرِيَاءُ عِزَّتِهَا. أَمَّا هِيَ فَتَغْشَاهَا سَحَابَةٌ، وَتُسْبَى بَنَاتُهَا. ١٨ 18
I Tehafnehes skal dagen myrkna når eg der bryt sund egyptaroket, og ovmodet og magti skal endast. Sjølv vert det sveipt i skyer, og døtterne lyt fara i utlægd.
وَهَكَذَا أُنَفِّذُ أَحْكَاماً فِي مِصْرَ، فَيُدْرِكُونَ أَنِّي أَنَا الرَّبُّ». ١٩ 19
Og eg vil halda dom yver Egyptarland, og dei skal sanna at eg er Herren.
وَفِي الْيَوْمِ السَّابِعِ مِنَ الشَّهْرِ الأَوَّلِ الْعِبْرِيِّ (أَيْ آذَارَ - مَارِسَ) مِنَ السَّنَةِ الْحَادِيَةَ عَشْرَةَ (مِنْ سَبْيِ الْمَلِكِ يَهُويَاكِينَ)، أَوْحَى إِلَيَّ الرَّبُّ بِكَلِمَتِهِ قَائِلاً: ٢٠ 20
So hende det i det ellevte året, den sjuande dagen i fyrste månaden, at Herrens ord kom til meg; han sagde:
«يَاابْنَ آدَمَ، إِنِّي حَطَّمْتُ ذِرَاعَ فِرْعَوْنَ مَلِكِ مِصْرَ، وَلَنْ تُجْبَرَ بِالرَّفَائِدِ أَوِ الْعَصَائِبِ، فَتُجَرِّدُ سَيْفاً، ٢١ 21
Menneskjeson! Armen åt Farao, egyptarkongen, hev eg brote forderva. Og sjå, han er ikkje vorten umbunden til helsebot, og linda til å bera i fatle, so han kunde sterkna til å gripa sverdet.
وَهَا أَنَا أَنْقَلِبُ عَلَى فِرْعَوْنَ مَلِكِ مِصْرَ وَأُحَطِّمُ ذِرَاعَيْهِ، السَّلِيمَةَ وَالْمَكْسُورَةَ، وَأُسْقِطُ السَّيْفَ مِنْ يَدِهِ. ٢٢ 22
Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg skal finna Farao, Egyptarlands-kongen, og eg skal brjota armarne hans sund, både den heile og den sundbrotne, og lata sverdet falla or handi hans.
وَأُشَتِّتُ الْمِصْرِيِّينَ بَيْنَ الأُمَمِ وَأُفَرِّقُهُمْ فِي الْبُلْدَانِ. ٢٣ 23
Eg vil spreida egyptarane ibland folki og strå deim ut i landi.
وَأُشَدِّدُ ذِرَاعَيْ مَلِكِ بَابِلَ وَأَضَعُ سَيْفِي فِي يَدِهِ، وَأُحَطِّمُ ذِرَاعَ فِرْعَوْنَ، فَيَئِنُّ أَمَامَهُ أَنِينَ الْجَرِيحِ. ٢٤ 24
Og Babel-kongens armar skal eg styrkja og gjeva honom sverdet mitt i hand. Men Faraos armar vil eg brjota, og han skal stynja for hans åsyn som ein stungen mann.
وَأُشَدِّدُ ذِرَاعَيْ مَلِكِ بَابِلَ. أَمَّا ذِرَاعَا فِرْعَوْنَ فَتَتَهَاوَيَانِ، فَيُدْرِكُونَ أَنِّي أَنَا الرَّبُّ حِينَ أَضَعُ سَيْفِي فِي يَدِ مَلِكِ بَابِلَ، فَيُجَرِّدُهُ عَلَى دِيَارِ مِصْرَ. ٢٥ 25
Ja, Babel-kongens armar vil eg styrkja, men Faraos armar skal siga ned. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg gjev Babel-kongen sverdet mitt i hand, og han retter det ut mot Egyptarland.
وَأُبَدِّدُ الْمِصْرِيِّينَ بَيْنَ الأُمَمِ وَأُمَزِّقُهُمْ فِي الْبُلْدَانِ، فَيُدْرِكُونَ أَنِّي أَنَا الرَّبُّ». ٢٦ 26
Og eg vil spreida egyptarane ibland folki og strå deim ut i landi, og dei skal sanna at eg er Herren.

< حِزْقِيال 30 >