< Книга пророка Иезекииля 2 >

1 Сие видение подобие славы Господни. И видех, и падох ниц, и слышах глас Глаголющаго, и рече ко мне: сыне человечь, стани на ноги твоя, и возглаголю тебе.
Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Statt upp på føterne dine so eg kann få tala med deg!»
2 И прииде на мя дух, и взя мя, и воздвиже мя, и постави мя на ногах моих, и слышах Его глаголюща ко мне.
Og det kom ånd i meg med det same han tala med meg, og reiste meg upp på mine føter, og eg lydde på honom som tala til meg.
3 И рече (Господь) ко мне: сыне человечь, послю тя Аз к дому Израилеву, огорчевающым Мя, иже огорчиша Мя: сами и отцы их отвергошася Мене до днешняго дне:
Og han sagde til meg: «Menneskjeson! Eg sender deg til Israels-borni, dei upprørske heidningar som hev gjort upprør imot meg. Dei sjølve og deira feder hev forbrote seg mot meg alt til den dag i dag.
4 и сынове жестоколичнии и твердосердечнии. Аз послю тя к тем, и речеши к ним: тако глаголет Адонаи Господь:
Og til borni med dei harde andliti og stive hjarto - eg sender deg til deim. Og du skal segja med deim: «So segjer Herren, Herren.»
5 аще убо услышат, или убоятся, зане дом огорчеваяй есть, и познают, яко пророк еси ты посреде их.
Og dei, anten dei lyder på eller ikkje - for ei tråssug ætt er dei - so skal dei få vita at ein profet hev vore midt imillom deim.
6 И ты, сыне человечь, да не убоишися их, ни ужасайся от лица их: зане разсверепеют и обыдут тя окрест, посреде бо скорпиев ты живеши: словес их не убойся и от лица их не ужасайся, зане дом огорчеваяй есть:
Og du, menneskjeson! Ikkje ottast deim! og ordi deira ottast du ikkje! For tistlar og klunger er hjå deg, og med skorpionar bur du. For ordi deira ottast du ikkje, og for deira åsyn vere du ikkje forfærd! For ei tråssug ætt er dei.
7 и возглаголеши словеса Моя к ним, аще убо услышат, или убоятся, зане дом прогневаяй есть.
Og du skal tala ordi mine til deim, anten dei lyder på eller ikkje, for tråssuge, det er dei.
8 И ты, сыне человечь, послушай Глаголющаго к тебе, не буди огорчеваяй, якоже дом преогорчеваяй: отверзи уста твоя и снеждь, яже Аз даю тебе.
Men du, menneskjeson, lyd på det som eg vil tala til deg! Ver ikkje tråssug som den tråssuge ætti! Lat upp munnen din og et det som eg gjev deg!»
9 И видех, и се, рука простерта ко мне, и в ней свиток книжный:
Og som eg såg, og sjå, ei hand var rett ut til meg. Og sjå, i den var ein bokrull.
10 и разви его предо мною, и в том писана быша предняя и задняя: и вписано бяше в нем рыдание и жалость и горе.
Og han rulla honom upp framfor mi åsyn, og han var fullskriven inni og utanpå. Og skrive var det på honom syrgjesongar, sukkar og verop.

< Книга пророка Иезекииля 2 >