< Rute 4 >

1 E Boaz subiu à porta, e assentou-se ali: e eis que o remidor de que Boaz tinha falado ia passando, e disse-lhe: Ó fulano, desvia-te para cá, assenta-te aqui. E desviou-se para ali, e assentou-se.
Og Boaz hadde gjenge upp på tinget og sett seg der. Då høvde det so at den løysingsmannen som Boaz hadde tala um, gjekk framum der. Han tala åt honom og sagde: «Kom hit og set deg her!» Og han kom og sette seg.
2 Então tomou dez homens dos anciãos da cidade, e disse: assentai-vos aqui. E assentaram-se.
So tok han burtåt seg ti av styresmennerne i byen og sagde: «Set dykk her!» Og dei sette seg.
3 Então disse ao remidor: aquela parte da terra que foi de Elimelech, nosso irmão, Noemi, que tornou da terra dos moabitas, a vendeu.
Då sagde han til løysingsmannen: «Det åkerstykket som høyrde Elimelek, bror vår, til, vil No’omi selja, ho som hev kome att frå Moablandet.
4 E disse eu: manifesta-lo-ei em teus ouvidos, dizendo: Toma-a diante dos habitantes, e diante dos anciãos do meu povo; se a as de redimir, redime-a, e, se não se houver de redimir, declara-mo, para que o saiba, pois outro não há senão tu que a redima, e eu depois de ti. Então disse ele: Eu a redimirei.
Difor tenkte eg at eg skulde fortelja deg det og segja: Kjøp det du når dei er til stades dei som sit her, og styresmennerne for folket mitt! Vil du taka det etter løysingsretten, so gjer det; vil du ikkje løysa det, då seg meg det, so eg fær vita det; for ingen annan eig løysingsretten enn du, og næst etter deg er det eg sjølv.» Han sagde: «Eg vil løysa det.»
5 Disse porém Boaz: No dia em que tomares a terra da mão de Noemi, também a tomarás da mão de Ruth, a moabita, mulher do defunto, para suscitar o nome do defunto sobre a sua herdade.
Då sagde Boaz: «Når du kjøper åkeren av No’omi, so kjøper du honom og av moabitkvinna Rut, kona åt den avlidne, og du skyldar å reisa upp att namnet åt den avlidne, og festa det til arvluten hans.»
6 Então disse o remidor: Para mim não a poderei redimir, para que não dane a minha herdade: redime tu a minha remissão para ti, porque eu não a poderei redimir.
Løysingsmannen svara: «Då kann eg ikkje nytta løysingsretten min, for so spiller eg min eigen arvlut. Løys du åt deg det eg skulde ha løyst, for eg kann ikkje gjera det.»
7 Havia, pois, já de muito tempo este costume em Israel, enquanto a remissão e contrato, para confirmar todo o negócio, que o homem descalçava o sapato e o dava ao seu próximo: e isto era por testemunho em Israel.
Det var gamall sed i Israel når ein mann skulde stadfesta ei løysing eller eit avtala byte, då drog han av seg skoen og gav honom til den andre, og dette gjaldt som ein vitnesburd i Israel.
8 Disse pois o remidor a Boaz: Toma-a para ti. E descalçou o sapato.
Då sagde løysingsmannen til Boaz: «Kjøp det du!» og so drog han av seg skoen.
9 Então Boaz disse aos anciãos e a todo o povo: Sois hoje testemunhas de que tomei tudo quanto foi de Elimelech, e de Chilion, e de Mahlon, da mão de Noemi,
Boaz sagde no til styresmennerne og til alt folket: «De er i dag vitne på at eg hev kjøpt av No’omi alt det som hev høyrt Elimelek til, og alt som hev høyrt Kiljon og Mahlon til.
10 E de que também tomo por mulher a Ruth, a moabita, que foi mulher de Mahlon, para suscitar o nome do defunto sobre a sua herdade, para que o nome do defunto não seja desarraigado dentre seus irmãos e da porta do seu lugar: disto sois hoje testemunhas.
Like eins hev eg kjøpt moabitkvinna Rut, kona hans Mahlon, til kona åt meg, so eg kann reisa namnet åt den avlidne og festa det til arvluten hans, so namnet hans ikkje kjem burt millom brørne hans eller frå porten på heimstaden hans. De er vitne på dette i dag.»
11 E todo o povo que estava na porta, e os anciãos, disseram: Somos testemunhas: o Senhor faça a esta mulher, que entra na tua casa, como a Rachel e como a Leah, que ambas edificaram a casa de Israel; e há-te já valorosamente em Ephrata, e faze-te nome afamado em Beth-lehem.
Og alt folket som var på tinget og styresmennerne sagde: «Ja, det er me. Herren gjeve at den kvinna som no gjeng inn i huset ditt, må verta som Rakel og Lea, dei tvo som hev bygt upp Israels hus! Og gjev du må koma til velmagt i Efrata og verta namngjeten i Betlehem!
12 E seja a tua casa como a casa de Perez (que Tamar pariu a Judah), da semente que o Senhor te der desta moça.
Og gjev at dei etterkomarar som Herren vil gjeva deg med denne unge kvinna, må verta ei ætt som ætti hans Peres, han som Tamar fødde åt Juda!»
13 Assim tomou Boaz a Ruth, e ela lhe foi por mulher; e ele entrou a ela, e o Senhor lhe deu conceição, e pariu um filho.
So tok då Boaz Rut til seg, og ho vart kona hans; han gjekk inn til henne, og Herren gav henne livsfrukt, og ho fødde ein son.
14 Então as mulheres disseram a Noemi: bendito seja o Senhor, que não deixou hoje de te dar remidor, e seja o seu nome afamado em Israel.
Då sagde kvinnorne til No’omi: «Lova vere Herren som hev gjort at du idag ikkje vantar løysingsmann! Han skal verta namngjeten i Israel.
15 Ele te será por recreador da alma, e conservará a tua velhice, pois tua nora, que te ama, o pariu, e ela te é melhor do que sete filhos.
Han skal verta ein trøystar åt deg og din alderdoms hjelp; for sonekona di, ho som held av deg, hev født honom; ho som er meir for deg enn sju søner.»
16 E Noemi tomou o filho, e o pôs no seu regaço, e foi sua ama.
Og No’omi tok barnet og lagde det i fanget sitt og vart fostermor åt det.
17 E as vizinhas lhe deram um nome, dizendo: A Noemi nasceu um filho. E chamaram o seu nome Obed. Este é o pai de Jessé, pai de David.
Og grannekvinnorne gav honom namn og sagde: «No’omi hev fenge ein son, » og dei gav honom namnet Obed; Han vart far åt Isai, far åt David.
18 Estas são pois as gerações de Perez: Perez gerou a Esrom,
Her er ættartalet hans Peres: Peres var far åt Hesron.
19 E Esrom gerou a Arão, e Arão gerou a Amminadab,
Hesron var far åt Ram, og Ram var far åt Amminadab.
20 E Amminadab gerou a Nahasson, e Nahasson gerou a Salmon,
Amminadab var far åt Nahson, og Nahson far åt Salma.
21 E Salmon gerou a Boaz, e Boaz gerou a Obed,
Salmon var far åt Boaz, og Boaz far åt Obed.
22 E Obed gerou a Jessé, e Jessé gerou a David.
Obed var far åt Isai, og Isai far åt David.

< Rute 4 >