< خروج 20 >

و خدا تکلم فرمود و همه این کلمات را بگفت: ۱ 1
Då tala Gud alle desse ordi, og sagde:
«من هستم یهوه، خدای تو، که تو را از زمین مصر و از خانه غلامی بیرون آوردم. ۲ 2
«Eg er Herren, din Gud, som henta deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset.
تو را خدایان دیگر غیر از من نباشد. ۳ 3
Du skal ikkje hava nokon annan gud attåt meg!
صورتی تراشیده و هیچ تمثالی از آنچه بالا درآسمان است، و از آنچه پایین در زمین است، و ازآنچه در آب زیر زمین است، برای خود مساز. ۴ 4
Du skal ikkje gjera deg noko gudebilæte, eller nokor likning av det som er uppi himmelen, eller det som er nedpå jordi, eller det som er i vatnet, nedunder jordi!
نزد آنها سجده مکن، و آنها را عبادت منما، زیرامن که یهوه، خدای تو می‌باشم، خدای غیورهستم، که انتقام گناه پدران را از پسران تا پشت سوم و چهارم از آنانی که مرا دشمن دارندمی گیرم. ۵ 5
Du skal ikkje beda til deim, og ikkje skal du tena deim! For eg, Herren, din Gud, er ein streng Gud, som hemnar broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni åt deim som hatar meg,
و تا هزار پشت بر آنانی که مرا دوست دارند و احکام مرا نگاه دارند، رحمت می‌کنم. ۶ 6
men gjer vel imot tusund etter tusund av deim som elskar meg og held bodi mine.
نام یهوه، خدای خود را به باطل مبر، زیراخداوند کسی را که اسم او را به باطل برد، بی‌گناه نخواهد شمرد. ۷ 7
Du skal ikkje nemna namnet åt Herren, din Gud, utan age! For Herren held ikkje den uskuldig som brukar namnet hans vyrdlaust.
روز سبت را یاد کن تا آن راتقدیس نمایی. ۸ 8
Kom i hug at du held kviledagen heilag!
شش روز مشغول باش و همه کارهای خود را بجا آور. ۹ 9
Seks dagar må du arbeida og gjera alt det du skal.
اما روز هفتمین، سبت یهوه، خدای توست. در آن هیچ کار مکن، تو و پسرت و دخترت و غلامت و کنیزت وبهیمه ات و مهمان تو که درون دروازه های توباشد. ۱۰ 10
Men den sjuande dagen skal vera ein kviledag vigd åt Herren, din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di eller drengen din eller tenestgjenta di eller feet ditt eller den framande som held seg innan portarne dine!
زیرا که در شش روز، خداوند آسمان وزمین و دریا و آنچه را که در آنهاست بساخت، ودر روز هفتم آرام فرمود. از این سبب خداوند روزهفتم را مبارک خوانده، آن را تقدیس نمود. ۱۱ 11
For i seks dagar skapte Herren himmelen og jordi og havet og alt som i deim er; men den sjuande dagen kvilde han; difor velsigna Herren kviledagen, og lyste honom heilag.
پدر و مادر خود را احترام نما، تا روزهای تو درزمینی که یهوه خدایت به تو می‌بخشد، درازشود. ۱۲ 12
Æra far din og mor di, so du fær liva lenge i det landet som Herren, din Gud, gjev deg!
قتل مکن. ۱۳ 13
Du skal ikkje drepa!
زنا مکن. ۱۴ 14
Du skal ikkje vera utru mot maken din!
دزدی مکن. ۱۵ 15
Du skal ikkje stela!
بر همسایه خود شهادت دروغ مده. ۱۶ 16
Du skal ikkje vitna rangt imot grannen din!
به خانه همسایه خود طمع مورز، و به زن همسایه ات وغلامش و کنیزش و گاوش و الاغش و به هیچ‌چیزی که از آن همسایه تو باشد، طمع مکن.» ۱۷ 17
Du skal ikkje trå etter huset åt grannen din! Du skal ikkje trå etter kona åt grannen din, eller drengen eller tenestgjenta eller uksen eller asnet hans, eller noko anna som høyrer grannen din til».
و جمیع قوم رعدها و زبانه های آتش وصدای کرنا و کوه را که پر از دود بود دیدند، وچون قوم این را بدیدند لرزیدند، و از دوربایستادند. ۱۸ 18
Og heile folket såg og høyrde toreslagi og eldingarne og lurljoden og røyken av fjellet; og då dei gådde det, skalv dei, og heldt seg langt undan.
و به موسی گفتند: «تو به ما سخن بگو و خواهیم شنید، اما خدا به ما نگوید، مبادابمیریم.» ۱۹ 19
Og dei sagde til Moses: «Tala du med oss, so skal me høyra, men lat ikkje Gud tala med oss; for då døyr me!»
موسی به قوم گفت: «مترسید زیراخدا برای امتحان شما آمده است، تا ترس اوپیش روی شما باشد و گناه نکنید.» ۲۰ 20
Då sagde Moses til folket: «Ver ikkje rædde! Gud vil røyna dykk; difor er det han kjem - og at agen for honom skal bu i hjarto dykkar, so de ikkje syndar.»
پس قوم ازدور ایستادند و موسی به ظلمت غلیظ که خدا درآن بود، نزدیک آمد. ۲۱ 21
Men folket vart standande langt burte, medan Moses gjekk innåt myrkeskodda, der Gud var.
و خداوند به موسی گفت: «به بنی‌اسرائیل چنین بگو: شما دیدید که ازآسمان به شما سخن گفتم: ۲۲ 22
Og Herren sagde til Moses: «So skal du segja til Israels-folket: «De hev høyrt korleis eg tala til dykk frå himmelen.
با من خدایان نقره مسازید و خدایان طلا برای خود مسازید. ۲۳ 23
De skal ikkje gjera dykk nokon gud attåt meg! Gudar av sylv eller gull skal de ikkje gjera dykk!
مذبحی از خاک برای من بساز، و قربانی های سوختنی خود و هدایای سلامتی خود را از گله ورمه خویش بر آن بگذران، در هر جایی که یادگاری برای نام خود سازم، نزد تو خواهم آمد، و تو را برکت خواهم داد. ۲۴ 24
Eit altar av torv skal du gjera meg, og på det skal du ofra brennofferi og takkofferi dine, småfeet og storfeet ditt! Kvar den stad som eg vil hava namnet mitt æra, skal eg koma til deg og velsigna deg.
و اگر مذبحی ازسنگ برای من سازی، آن را از سنگهای تراشیده بنا مکن، زیرا اگر افزار خود را بر آن بلند کردی، آن را نجس خواهی ساخت. ۲۵ 25
Men gjer du eit steinaltar åt meg, so skal du ikkje byggja det av hoggen stein; for brukar du bitjarn på steinarne, so vanhelgar du deim.
و بر مذبح من ازپله‌ها بالا مرو، مبادا عورت تو بر آن مکشوف شود.» ۲۶ 26
Heller ikkje skal du stiga upp til altaret mitt etter ei tropp, so du nækjer blygsli di uppyver det.

< خروج 20 >