< Salmenes 22 >

1 Til songmeisteren etter «Morgonraudens hind»; ein salme av David. Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg? Dei ord eg skrik ut, er langt burte frå mi frelsa.
εἰς τὸ τέλος ὑπὲρ τῆς ἀντιλήμψεως τῆς ἑωθινῆς ψαλμὸς τῷ Δαυιδ ὁ θεὸς ὁ θεός μου πρόσχες μοι ἵνα τί ἐγκατέλιπές με μακρὰν ἀπὸ τῆς σωτηρίας μου οἱ λόγοι τῶν παραπτωμάτων μου
2 Min Gud! eg ropar um dagen, og du svarar meg ikkje, og um natti, og eg fær ikkje tegja.
ὁ θεός μου κεκράξομαι ἡμέρας καὶ οὐκ εἰσακούσῃ καὶ νυκτός καὶ οὐκ εἰς ἄνοιαν ἐμοί
3 Og du er då heilag, du som bur yver Israels lovsongar.
σὺ δὲ ἐν ἁγίοις κατοικεῖς ὁ ἔπαινος Ισραηλ
4 På deg leit våre feder; dei leit på deg, og du frelste deim.
ἐπὶ σοὶ ἤλπισαν οἱ πατέρες ἡμῶν ἤλπισαν καὶ ἐρρύσω αὐτούς
5 Til deg ropa dei og slapp undan; på deg leit dei og vart ikkje til skammar.
πρὸς σὲ ἐκέκραξαν καὶ ἐσώθησαν ἐπὶ σοὶ ἤλπισαν καὶ οὐ κατῃσχύνθησαν
6 Men eg er ein makk og ikkje ein mann, ei spott for menneskje og vanvyrd av folk.
ἐγὼ δέ εἰμι σκώληξ καὶ οὐκ ἄνθρωπος ὄνειδος ἀνθρώπου καὶ ἐξουδένημα λαοῦ
7 Alle som ser meg, spottar meg, rengjer munnen og rister på hovudet og segjer:
πάντες οἱ θεωροῦντές με ἐξεμυκτήρισάν με ἐλάλησαν ἐν χείλεσιν ἐκίνησαν κεφαλήν
8 «Legg det på Herren! han frelse honom, han berge honom, sidan han hev hugnad i honom!»
ἤλπισεν ἐπὶ κύριον ῥυσάσθω αὐτόν σωσάτω αὐτόν ὅτι θέλει αὐτόν
9 Ja, du er den som drog meg fram frå morslivet, som let meg kvila trygt ved morsbrjostet.
ὅτι σὺ εἶ ὁ ἐκσπάσας με ἐκ γαστρός ἡ ἐλπίς μου ἀπὸ μαστῶν τῆς μητρός μου
10 På deg er eg kasta frå morslivet, frå morsfanget er du min Gud.
ἐπὶ σὲ ἐπερρίφην ἐκ μήτρας ἐκ κοιλίας μητρός μου θεός μου εἶ σύ
11 Ver ikkje langt burte frå meg! for trengsla er nær, for det finst ingen hjelpar.
μὴ ἀποστῇς ἀπ’ ἐμοῦ ὅτι θλῖψις ἐγγύς ὅτι οὐκ ἔστιν ὁ βοηθῶν
12 Sterke uksar ringar meg inne, Basans stutar kringset meg.
περιεκύκλωσάν με μόσχοι πολλοί ταῦροι πίονες περιέσχον με
13 Dei spilar upp sitt gap imot meg, som ei flengjande og burande løva.
ἤνοιξαν ἐπ’ ἐμὲ τὸ στόμα αὐτῶν ὡς λέων ὁ ἁρπάζων καὶ ὠρυόμενος
14 Eg er runnen ut som vatn, og alle mine bein skilst frå kvarandre; mitt hjarta hev vorte voks, smolte inst i mitt liv.
ὡσεὶ ὕδωρ ἐξεχύθην καὶ διεσκορπίσθη πάντα τὰ ὀστᾶ μου ἐγενήθη ἡ καρδία μου ὡσεὶ κηρὸς τηκόμενος ἐν μέσῳ τῆς κοιλίας μου
15 Mi kraft er uppturka som eit krusbrot, mi tunga kleimer seg til min gom, og du legg meg ned i daudens dust.
ἐξηράνθη ὡς ὄστρακον ἡ ἰσχύς μου καὶ ἡ γλῶσσά μου κεκόλληται τῷ λάρυγγί μου καὶ εἰς χοῦν θανάτου κατήγαγές με
16 For hundar hev sanka seg um meg, ein hop av illmenne kringsett meg; dei hev gjenombora mine hender og mine føter.
ὅτι ἐκύκλωσάν με κύνες πολλοί συναγωγὴ πονηρευομένων περιέσχον με ὤρυξαν χεῖράς μου καὶ πόδας
17 Eg kann telja alle mine bein; dei skodar til, dei ser på meg med lyst.
ἐξηρίθμησα πάντα τὰ ὀστᾶ μου αὐτοὶ δὲ κατενόησαν καὶ ἐπεῖδόν με
18 Dei skifte mine klæde millom seg og kasta lut um min kjole.
διεμερίσαντο τὰ ἱμάτιά μου ἑαυτοῖς καὶ ἐπὶ τὸν ἱματισμόν μου ἔβαλον κλῆρον
19 Men du, Herre, ver ikkje langt burte, du min styrke, skunda deg å hjelpa meg!
σὺ δέ κύριε μὴ μακρύνῃς τὴν βοήθειάν μου εἰς τὴν ἀντίλημψίν μου πρόσχες
20 Fria mi sjæl frå sverdet, mi einaste frå hundevald!
ῥῦσαι ἀπὸ ῥομφαίας τὴν ψυχήν μου καὶ ἐκ χειρὸς κυνὸς τὴν μονογενῆ μου
21 Frels meg frå løvegap, og frå villukse-horn - du bønhøyrer meg!
σῶσόν με ἐκ στόματος λέοντος καὶ ἀπὸ κεράτων μονοκερώτων τὴν ταπείνωσίν μου
22 Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, midt i ålmugen vil eg lova deg.
διηγήσομαι τὸ ὄνομά σου τοῖς ἀδελφοῖς μου ἐν μέσῳ ἐκκλησίας ὑμνήσω σε
23 De som ottast Herren, lova honom, all Jakobs ætt, æra honom, og hav age for honom, all Israels ætt!
οἱ φοβούμενοι κύριον αἰνέσατε αὐτόν ἅπαν τὸ σπέρμα Ιακωβ δοξάσατε αὐτόν φοβηθήτωσαν αὐτὸν ἅπαν τὸ σπέρμα Ισραηλ
24 For han hev ikkje vanvyrdt og ikkje stygst ved ein armings armodsdom, og ikkje løynt si åsyn for honom; men då han ropa til honom, høyrde han.
ὅτι οὐκ ἐξουδένωσεν οὐδὲ προσώχθισεν τῇ δεήσει τοῦ πτωχοῦ οὐδὲ ἀπέστρεψεν τὸ πρόσωπον αὐτοῦ ἀπ’ ἐμοῦ καὶ ἐν τῷ κεκραγέναι με πρὸς αὐτὸν εἰσήκουσέν μου
25 Frå deg kjem min lovsong i ein stor ålmuge; eg vil avgjera mine lovnader for deira augo som ottast honom.
παρὰ σοῦ ὁ ἔπαινός μου ἐν ἐκκλησίᾳ μεγάλῃ τὰς εὐχάς μου ἀποδώσω ἐνώπιον τῶν φοβουμένων αὐτόν
26 Dei audmjuke skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova honom. Dykkar hjarta live til æveleg tid!
φάγονται πένητες καὶ ἐμπλησθήσονται καὶ αἰνέσουσιν κύριον οἱ ἐκζητοῦντες αὐτόν ζήσονται αἱ καρδίαι αὐτῶν εἰς αἰῶνα αἰῶνος
27 Alle endarne av jordi skal koma det i hug og venda um til Herren, og alle heidninge-ætter skal tilbeda for di åsyn.
μνησθήσονται καὶ ἐπιστραφήσονται πρὸς κύριον πάντα τὰ πέρατα τῆς γῆς καὶ προσκυνήσουσιν ἐνώπιόν σου πᾶσαι αἱ πατριαὶ τῶν ἐθνῶν
28 For riket høyrer Herren til, og han råder yver alle hedningarne.
ὅτι τοῦ κυρίου ἡ βασιλεία καὶ αὐτὸς δεσπόζει τῶν ἐθνῶν
29 Alle rikmenner på jordi skal eta og tilbeda; for hans åsyn skal dei bøygja kne, alle dei som stig ned i dusti, og den som ikkje kann halda si sjæl i live.
ἔφαγον καὶ προσεκύνησαν πάντες οἱ πίονες τῆς γῆς ἐνώπιον αὐτοῦ προπεσοῦνται πάντες οἱ καταβαίνοντες εἰς τὴν γῆν καὶ ἡ ψυχή μου αὐτῷ ζῇ
30 Etterkomarar skal tena honom; det skal verta fortalt um Herren til den komande ætt.
καὶ τὸ σπέρμα μου δουλεύσει αὐτῷ ἀναγγελήσεται τῷ κυρίῳ γενεὰ ἡ ἐρχομένη
31 Dei skal koma og forkynna hans rettferd for det folk som vert født, at han hev gjort det.
καὶ ἀναγγελοῦσιν τὴν δικαιοσύνην αὐτοῦ λαῷ τῷ τεχθησομένῳ ὅτι ἐποίησεν ὁ κύριος

< Salmenes 22 >