< Salmenes 144 >

1 Av David. Lova vere Herren, mitt berg, som lærde mine hender strid og mine fingrar ufred, 2 mi miskunn og mi festning, mi borg og min bergar, min skjold og den eg flyr til, han som tvingar mitt folk under meg! 3 Herre, kva er ein mann, at du kjenner honom, eit menneskjebarn, at du agtar på det? 4 Mannen likjest ein pust, hans dagar er som ein kvervande skugge. 5 Herre, bøyg din himmel, og stig ned, rør du fjelli so dei ryk! 6 Lat ljonet lyna, og spreid deim, send dine piler, og skræm deim! 7 Rett henderne ned frå det høge, frels meg og fria meg ut frå dei store vatni, frå handi åt framande, 8 dei som med munnen talar svik, og deira høgre hand er lygne-hand. 9 Gud, ein ny song vil eg syngja deg, til tistrengs-harpa vil eg syngja deg lov, 10 du som gjev kongar frelsa, som friar David, tenaren din, frå det vonde sverd. 11 Frels meg og fria meg ut frå handi åt framande, dei som med munnen talar svik, og deira høgre hand er lygne-hand! 12 So våre søner kann vera i sin ungdom som høgvaksne vokstrar, våre døtter som hyrnestolpar, hogne som til eit slott, 13 so våre bur kann vera fulle og gjeva av alle slag, so våre sauer kann auka seg i tusundtal, ja, ti tusundtal på våre marker, 14 so våre kyr kann hava kalv, og der ikkje må vera brot og ikkje tap, og inkje klagerop på våre gator. 15 Sælt er det folk som hev det soleis; sælt er det folk som hev Herren til Gud.

< Salmenes 144 >