< Dommernes 9 >

1 Abimelek, son åt Jerubba’al, for til Sikem, til morbrørne sine, og tala med deim og med alt morfolket sitt:
וילך אבימלך בן ירבעל שכמה אל אחי אמו וידבר אליהם ואל כל משפחת בית אבי אמו לאמר
2 «Kjære dykk, » sagde han, «tala til alle Sikems-mennerne, og seg: «Kva er best for dykk: at sytti mann, alle sønerne åt Jerubba’al, styrer dykk, eller at ein mann styrer dykk?» Og kom so i hug at me er same folket!»
דברו נא באזני כל בעלי שכם מה טוב לכם--המשל בכם שבעים איש כל בני ירבעל אם משל בכם איש אחד וזכרתם כי עצמכם ובשרכם אני
3 Då tala morbrørne hans um honom for alle borgarane i Sikem, og sagde alt dette; og hugen drog deim til Abimelek. «Han er ein av våre!» sagde dei.
וידברו אחי אמו עליו באזני כל בעלי שכם את כל הדברים האלה ויט לבם אחרי אבימלך כי אמרו אחינו הוא
4 So gav dei honom sytti lodd sylv av tempelskatten åt Sambands-Ba’al. For deim leigde Abimelek nokre lause uvyrdne karar, og dei fylgde honom kvar han gjekk.
ויתנו לו שבעים כסף מבית בעל ברית וישכר בהם אבימלך אנשים ריקים ופחזים וילכו אחריו
5 So for han til huset åt far sin i Ofra, og drap brørne sine, sønerne åt Jerubba’al, sytti mann på ein stein; berre Jotam, den yngste sonen åt Jerubba’al, vart att; han hadde fenge løynt seg.
ויבא בית אביו עפרתה ויהרג את אחיו בני ירבעל שבעים איש על אבן אחת ויותר יותם בן ירבעל הקטן--כי נחבא
6 Då samla dei seg, alle borgarane i Sikem og alt folket i Millo, og dei drog ut og valde Abimelek til konge under Minnesteinseiki ved Sikem.
ויאספו כל בעלי שכם וכל בית מלוא וילכו וימליכו את אבימלך למלך--עם אלון מצב אשר בשכם
7 Då Jotam fekk spurt det, steig han upp på toppen av Gerizimfjellet; der stod han, og ropa til deim og sagde: «Høyr på meg, Sikems-menner, so sant de vil at Gud skal høyra på dykk!
ויגדו ליותם וילך ויעמד בראש הר גרזים וישא קולו ויקרא ויאמר להם שמעו אלי בעלי שכם וישמע אליכם אלהים
8 Det var ein gong trei vilde kåra seg ein konge. Dei sagde til oljetreet: «Du skal vera kongen vår!»
הלוך הלכו העצים למשח עליהם מלך ויאמרו לזית מלוכה (מלכה) עלינו
9 Men oljetreet svara: «Skulde eg missa oljen min, som gudar og menneskje ærar meg for, og gjeva meg til å svaga att og fram yver skogen?»
ויאמר להם הזית החדלתי את דשני אשר בי יכבדו אלהים ואנשים והלכתי לנוע על העצים
10 Då sagde dei til fiketreet: «Kom du og ver kongen vår!»
ויאמרו העצים לתאנה לכי את מלכי עלינו
11 Og Fiketreet svara: «Skulde eg missa søtleiken min og den gode frukti mi, og gjeva meg til å svaga at og fram yver skogen?»
ותאמר להם התאנה החדלתי את מתקי ואת תנובתי הטובה והלכתי לנוע על העצים
12 So sagde dei til vintreet: «Kom du og ver kongen vår!»
ויאמרו העצים לגפן לכי את מלוכי (מלכי) עלינו
13 Vintreet svara: «Skulde eg missa safti mi, som gjer gudar og menneskje glade, og gjeva meg til å svaga att og fram yver skogen?»
ותאמר להם הגפן החדלתי את תירושי המשמח אלהים ואנשים והלכתי לנוע על העצים
14 Då sagde alle trei til klungeren: «Kom so du og ver kongen vår!»
ויאמרו כל העצים אל האטד לך אתה מלך עלינו
15 «Er det ålvor at de vil kåra meg til konge, » sagde klungeren, «so kom og svala dykk i skuggen min! Men er det ikkje, so skal det fara eld ut frå klungeren og øyda cedrarne på Libanon.»
ויאמר האטד אל העצים אם באמת אתם משחים אתי למלך עליכם באו חסו בצלי ואם אין--תצא אש מן האטד ותאכל את ארזי הלבנון
16 Hev no de fare truge og ærleg fram med di de hev teke Abimelek til konge, og hev de gjort vel mot Jerubba’al og ætti hans, og hev de gjort lika for det han gjorde,
ועתה אם באמת ובתמים עשיתם ותמליכו את אבימלך ואם טובה עשיתם עם ירבעל ועם ביתו ואם כגמול ידיו עשיתם לו
17 då han, far min, stridde for dykk, og våga livet, og berga dykk frå midjanitarne
אשר נלחם אבי עליכם וישלך את נפשו מנגד ויצל אתכם מיד מדין
18 - og endå hev de no reist dykk mot ætti åt far min, og drepe sønerne hans, sytti mann på ein stein, og gjort Abimelek, son åt terna hans, til konge yver Sikems-buarne, for di han er skyld dykk -
ואתם קמתם על בית אבי היום ותהרגו את בניו שבעים איש על אבן אחת ותמליכו את אבימלך בן אמתו על בעלי שכם כי אחיכם הוא
19 hev de no i dag fare truge og ærleg fram mot Jerubba’al og ætti hans, so gjev de må få gleda av Abimelek, og gjev han må få gleda av dykk!
ואם באמת ובתמים עשיתם עם ירבעל ועם ביתו היום הזה--שמחו באבימלך וישמח גם הוא בכם
20 Men hev de ikkje det, so gjev det må fara eld ut frå Abimelek og tyna Sikems-buarne og Millo-folket, og gjev det må fara eld ut frå Sikems-buarne og Millo-folket, og tyna Abimelek!»
ואם אין--תצא אש מאבימלך ותאכל את בעלי שכם ואת בית מלוא ותצא אש מבעלי שכם ומבית מלוא ותאכל את אבימלך
21 So rømde Jotam, og kom seg undan; sidan for han til Be’er, og der slo han seg ned, so Abimelek, bror hans, ikkje kunde nå i honom.
וינס יותם ויברח וילך בארה וישב שם מפני אבימלך אחיו
22 I tri år rådde Abimelek i Israel.
וישר אבימלך על ישראל שלש שנים
23 Då sende Gud ei vond ånd som sette ilt millom Abimelek og Sikems-mennerne, og Sikems-mennerne sveik Abimelek;
וישלח אלהים רוח רעה בין אבימלך ובין בעלי שכם ויבגדו בעלי שכם באבימלך
24 for Gud vilde at valdsverket mot dei sytti sønerne åt Jerubba’al skulde hemnast, og blodet deira koma yver Abimelek, bror deira, som hadde drepe deim, og yver Sikems-mennerne, som hadde gjeve honom magt til å drepa brørne sine.
לבוא חמס שבעים בני ירבעל ודמם לשום על אבימלך אחיהם אשר הרג אותם ועל בעלי שכם אשר חזקו את ידיו להרג את אחיו
25 Sikems-mennerne sette ut vaktmenner på fjelltindarne, som skulde halda auga med Abimelek, og røva alle som for framum der på vegen, og Abimelek fekk vita det.
וישימו לו בעלי שכם מארבים על ראשי ההרים ויגזלו את כל אשר יעבר עליהם בדרך ויגד לאבימלך
26 Ved det leitet kom Ga’al Ebedsson med brørne sine og flutte inn i Sikem, og Sikems-mennerne sette lit til honom.
ויבא געל בן עבד ואחיו ויעברו בשכם ויבטחו בו בעלי שכם
27 Dei gjekk ut på marki, og hausta vinhagarne sine og persa druvorne; so heldt dei takkehøgtid, og gjekk inn i templet åt guden sin, og åt og drakk og banna Abimelek.
ויצאו השדה ויבצרו את כרמיהם וידרכו ויעשו הלולים ויבאו בית אלהיהם ויאכלו וישתו ויקללו את אבימלך
28 Og Ga’al Ebedsson sagde: «Er Abimelek slik mann, og sikemitarne slike folk, at me skulde vera tenarane hans? Hev’kje son åt Jerubba’al og Zebul, futen hans, tent ætti åt Hemor, den gamle Sikems-kongen? Men kvi skulde me so tena honom mannen.
ויאמר געל בן עבד מי אבימלך ומי שכם כי נעבדנו--הלא בן ירבעל וזבל פקידו עבדו את אנשי חמור אבי שכם ומדוע נעבדנו אנחנו
29 Gjev eg hadde hand yver dette folket, so skulde eg snart få Abimelek or vegen. Auka heren din, Abimelek, og kom!» kytte han.
ומי יתן את העם הזה בידי ואסירה את אבימלך ויאמר לאבימלך רבה צבאך וצאה
30 Då Zebul, byhovdingen, fekk høyra kva Ga’al Ebedsson hadde sagt, vart han harm;
וישמע זבל שר העיר את דברי געל בן עבד ויחר אפו
31 han sende i løynd bod til Abimelek og sagde: «Ga’al Ebedsson og brørne hans er komne til Sikem, og øser upp byen mot deg.
וישלח מלאכים אל אבימלך בתרמה לאמר הנה געל בן עבד ואחיו באים שכמה והנם צרים את העיר עליך
32 Tak no i vegen nattars tid med det folket du hev hjå deg, og legg deg på lur på marki;
ועתה קום לילה אתה והעם אשר אתך וארב בשדה
33 og når det dagast, og soli sprett, so brjot upp og renn fram imot byen; då fer Ga’al og folket hans ut imot deg, og du kann gjera med honom som du fær høve til.»
והיה בבקר כזרח השמש תשכים ופשטת על העיר והנה הוא והעם אשר אתו יצאים אליך ועשית לו כאשר תמצא ידך
34 So tok Abimelek ut um natti med alle dei folki han hadde hjå seg, og dei lagde seg på lur mot Sikem i fire flokkar.
ויקם אבימלך וכל העם אשר עמו לילה ויארבו על שכם ארבעה ראשים
35 No bar det so til at Ga’al Ebedsson kom ut og stod i byporten i same bilet som Abimelek og folki hans braut fram frå løynlega.
ויצא געל בן עבד ויעמד פתח שער העיר ויקם אבימלך והעם אשר אתו מן המארב
36 Ga’al såg deim, og sagde til Zebul: «Sjå! Det kjem folk ned frå fjelltindarne!» «Det er skuggen av fjelli som du tek for folk, » svara Zebul.
וירא געל את העם ויאמר אל זבל הנה עם יורד מראשי ההרים ויאמר אליו זבל את צל ההרים אתה ראה כאנשים
37 Men Ga’al heldt på og tala: «Sjå der kjem det folk ned frå Midhø’i, » sagde han, «og ein flokk kjem etter den vegen som ber til Trollmanneiki.»
ויסף עוד געל לדבר ויאמר הנה עם יורדים מעם טבור הארץ וראש אחד בא מדרך אלון מעוננים
38 Då sagde Zebul: «Kvar er no dei store ordi dine, du som sagde: «Er Abimelek slik mann at me skulde vera tenarane hans?» Sjå her er dei folki som du vyrde so lite! Drag no ut, og strid imot deim!»
ויאמר אליו זבל איה אפוא פיך אשר תאמר מי אבימלך כי נעבדנו הלא זה העם אשר מאסתה בו צא נא עתה והלחם בו
39 Då drog Ga’al ut med Sikems-mennerne i fylgje, og stridde mot Abimelek.
ויצא געל לפני בעלי שכם וילחם באבימלך
40 Men Abimelek vann yver honom, og jaga han fyre seg, og det vart eit stort mannefall heilt burtåt byporten.
וירדפהו אבימלך וינס מפניו ויפלו חללים רבים עד פתח השער
41 Sidan gav Abimelek seg til i Aruma, og Zebul dreiv Ga’al og brørne hans burt; dei måtte ikkje vera i Sikem.
וישב אבימלך בארומה ויגרש זבל את געל ואת אחיו משבת בשכם
42 Dagen etter skulde Sikems-folket ut på marki. Det fekk Abimelek vita;
ויהי ממחרת ויצא העם השדה ויגדו לאבימלך
43 då tok han og bytte mannskapet sitt i tri flokkar, og lagde seg på lur på marki, og då han såg at folket kom ut or byen, sette han på deim og hogg deim ned.
ויקח את העם ויחצם לשלשה ראשים ויארב בשדה וירא והנה העם יצא מן העיר ויקם עליהם ויכם
44 Sjølv sprang han fram, og tok støde ved byporten med den flokken som fylgde honom, og dei hine tvo flokkarne rende på alle deim som var ute på marki, og slo deim i hel.
ואבימלך והראשים אשר עמו פשטו ויעמדו פתח שער העיר ושני הראשים פשטו על כל אשר בשדה--ויכום
45 Abimelek kringsette byen heile den dagen, og tok honom, og drap folket som var der; byen reiv han ned, og strådde tufti med salt.
ואבימלך נלחם בעיר כל היום ההוא וילכד את העיר ואת העם אשר בה הרג ויתץ את העיר ויזרעה מלח
46 Då folket i Sikemsborgi høyrde det, gjekk dei alle inn i tempelbygningen åt Sambands-Ba’al.
וישמעו כל בעלי מגדל שכם ויבאו אל צריח בית אל ברית
47 So snøgt som Abimelek fekk vita at alt folket i Sikemsborgi hadde flokka seg i hop på ein stad,
ויגד לאבימלך כי התקבצו כל בעלי מגדל שכם
48 gjekk han med alle mennerne sine upp på Salmonfjellet. Han tok øksi si i hand, og hogg greiner av trei, tok deim upp, lagde deim på herdi, og sagde til mennerne sine: «Skunda dykk og gjer like eins som de såg eg gjorde!»
ויעל אבימלך הר צלמון הוא וכל העם אשר אתו ויקח אבימלך את הקרדמות בידו ויכרת שוכת עצים וישאה וישם על שכמו ויאמר אל העם אשר עמו מה ראיתם עשיתי--מהרו עשו כמוני
49 Då hogg alle mennerne og kvar si byrd med kvist og fylgde etter honom. So lagde dei veden uppetter tempelbygningen, og sette med den eld på bygningen. Soleis umkomst alt folket i Sikemsborgi, um lag tusund menner og kvinnor.
ויכרתו גם כל העם איש שוכה וילכו אחרי אבימלך וישימו על הצריח ויציתו עליהם את הצריח באש וימתו גם כל אנשי מגדל שכם כאלף--איש ואשה
50 Sidan gjekk Abimelek mot Tebes; den byen kringsette han og tok.
וילך אבימלך אל תבץ ויחן בתבץ וילכדה
51 Inni byen var det eit fast tårn; dit rømde alle menner og kvinnor, alt folket i byen, og dei stengde etter seg og gjekk upp på taket.
ומגדל עז היה בתוך העיר וינסו שמה כל האנשים והנשים וכל בעלי העיר ויסגרו בעדם ויעלו על גג המגדל
52 Då Abimelek kom til tårnet, kringsette han det; so gjekk han fram til porten og vilde setja eld på.
ויבא אבימלך עד המגדל וילחם בו ויגש עד פתח המגדל לשרפו באש
53 Då var det ei kvinna som kasta ein kvernstein ned på hovudet hans, so hausen brotna.
ותשלך אשה אחת פלח רכב--על ראש אבימלך ותרץ את גלגלתו
54 Abimelek ropa svint på sveinen som bar våpni hans, og sagde: «Drag sverdet ditt, og drep meg, so det ikkje skal segjast at ei kvinna slo meg i hel!» Då stakk sveinen sverdet gjenom honom, og han døydde.
ויקרא מהרה אל הנער נשא כליו ויאמר לו שלף חרבך ומותתני--פן יאמרו לי אשה הרגתהו וידקרהו נערו וימת
55 Og då Israels-mennerne såg at han var slokna, gjekk kvar heim til sitt.
ויראו איש ישראל כי מת אבימלך וילכו איש למקמו
56 Soleis hemnde Gud den ugjerningi Abimelek gjorde mot far sin då han drap dei sytti brørne sine.
וישב אלהים את רעת אבימלך אשר עשה לאביו להרג את שבעים אחיו
57 Og alt det vonde Sikems-mennerne hadde gjort, let Gud koma attyver deim; den våbøni Jotam Jerubba’alsson hadde lyst, fekk dei sanna.
ואת כל רעת אנשי שכם השיב אלהים בראשם ותבא אליהם קללת יותם בן ירבעל

< Dommernes 9 >