< Dommernes 8 >

1 Efraims-mennerne sagde til Gideon: «Korleis er det du hev bore deg imot oss! Kvi sende du’kje bod etter oss då du tok ut i striden mot midjanitare?» Og dei tok kvast på honom.
ויאמרו אליו איש אפרים מה הדבר הזה עשית לנו לבלתי קראות לנו כי הלכת להלחם במדין ויריבון אתו בחזקה
2 Då sagde han til deim: «Kva hev eg gjort no som kann liknast med det de hev gjort? Var’kje etterrakstren åt Efraim betre enn avlingi åt Abiezer?
ויאמר אליהם מה עשיתי עתה ככם הלא טוב עללות אפרים--מבציר אביעזר
3 I dykkar hender gav Gud midjanitar-hovdingarne, Oreb og Ze’eb! Og kva hev eg vunnest gjort, so eg kunde mæla meg med dykk?» Då han tala so, logna dei og var’kje vonde på honom lenger.
בידכם נתן אלהים את שרי מדין את ערב ואת זאב ומה יכלתי עשות ככם אז רפתה רוחם מעליו בדברו הדבר הזה
4 Gideon kom til Jordan, og for yver, han og dei tri hundrad mann som var med honom, og dei var trøytte og svoltne.
ויבא גדעון הירדנה עבר הוא ושלש מאות האיש אשר אתו עיפים ורדפים
5 Då sagde han til Sukkot-mennerne: «Kjære, gjev folki som fylgjer meg nokre matbitar! Dei er trøytte, og eg elter Zebah og Salmunna, Midjans-kongarne.»
ויאמר לאנשי סכות תנו נא ככרות לחם לעם אשר ברגלי כי עיפים הם--ואנכי רדף אחרי זבח וצלמנע מלכי מדין
6 Men hovdingarne i Sukkot sagde: «Hev du alt fenge kloi i Zebah og Salmunna, sidan me skal gjeva heren din mat?»
ויאמר שרי סכות הכף זבח וצלמנע עתה בידך כי נתן לצבאך לחם
7 «Godt!» svara Gideon, «når Herren hev gjeve Zebah og Salmunna i henderne mine, so skal eg treskja kropparne dykkar med villtornar og tistlar.»
ויאמר גדעון--לכן בתת יהוה את זבח ואת צלמנע בידי ודשתי את בשרכם את קוצי המדבר ואת הברקנים
8 So for han upp til Penuel, og tala like eins der, og Penuels-mennerne svara honom på same vis som Sukkot-buarne hadde svara.
ויעל משם פנואל וידבר אליהם כזאת ויענו אותו אנשי פנואל כאשר ענו אנשי סכות
9 Då sagde han til deim og: «Kjem eg vel heim att, so skal eg riva ned denne borgi.»
ויאמר גם לאנשי פנואל לאמר בשובי בשלום אתץ את המגדל הזה
10 Zebah og Salmunna låg i Karkor med heren sin, um lag femtan tusund mann; det var alt som var att av heile austmannheren, og hundrad og tjuge tusund våpnføre menner var falne.
וזבח וצלמנע בקרקר ומחניהם עמם כחמשת עשר אלף--כל הנותרים מכל מחנה בני קדם והנפלים מאה ועשרים אלף איש שלף חרב
11 Og Gideon for uppetter driftevegen austanfor Nobah og Jogbea og kom yver fiendeheren, med dei låg ottelause i lægret.
ויעל גדעון דרך השכוני באהלים מקדם לנבח ויגבהה ויך את המחנה והמחנה היה בטח
12 Zebah og Salmunna rømde, men han sette etter deim; han tok båe Midjans-kongarne, Zebah og Salmunna, og støkte heile heren ifrå einannan.
וינסו זבח וצלמנע וירדף אחריהם וילכד את שני מלכי מדין את זבח ואת צלמנע וכל המחנה החריד
13 Då Gideon Joasson var komen til Solskardet, vende han heim att frå striden.
וישב גדעון בן יואש מן המלחמה מלמעלה החרס
14 Han fekk tak i ein gut som høyrde heime i Sukkot, og spurde honom ut; og guten skreiv upp for honom hovdingarne og styresmennerne i Sukkot, sju og sytti mann.
וילכד נער מאנשי סכות וישאלהו ויכתב אליו את שרי סכות ואת זקניה--שבעים ושבעה איש
15 Då han so kom til Sukkot-buarne, sagde han: «Sjå her er Zebah og Salmunna, dei som de spotta meg med då de sagde: «Hev du alt fenge kloi i Zebah og Salmunna, sidan me skal gjeva mat til dei trøytte mennerne dine?»»
ויבא אל אנשי סכות ויאמר הנה זבח וצלמנע אשר חרפתם אותי לאמר הכף זבח וצלמנע עתה בידך כי נתן לאנשיך היעפים לחם
16 So greip han styresmennerne i byen, og han tok villtornar og tistlar, og tukta med deim Sukkot-buarne.
ויקח את זקני העיר ואת קוצי המדבר ואת הברקנים וידע בהם את אנשי סכות
17 Penuelborgi reiv han ned, og slo i hel mennerne i byen.
ואת מגדל פנואל נתץ ויהרג את אנשי העיר
18 Sidan sagde han til Zebah og Salmunna: «Korleis såg dei ut, dei mennerne som de slo i hel på Tabor?» «Dei var like eins som du, » svara dei. «Kvar var som ein kongsson på skapnad».
ויאמר אל זבח ואל צלמנע איפה האנשים אשר הרגתם בתבור ויאמרו כמוך כמוהם אחד כתאר בני המלך
19 «Då var det brørne mine, » sagde han, «sønerne åt mi eigi mor. So sant Herren liver: hadde de spart livet deira, skulde eg ikkje ha drepe dykk.»
ויאמר אחי בני אמי הם חי יהוה לו החיתם אותם--לא הרגתי אתכם
20 So sagde han til Jeter, eldste son sin: «Gakk fram, og slå deim i hel!» Men guten drog ikkje sverdet sitt. Han torde ikkje; han var endå berre ein gut.
ויאמר ליתר בכורו קום הרג אותם ולא שלף הנער חרבו כי ירא כי עודנו נער
21 Då sagde Zebah og Salmunna: «Kom du og hogg oss ned! Det vil manns nerk til å gjera manns verk.» So gjekk Gideon fram, og slo Zebah og Salmunna i hel, og tok sylgjorne som kamelarne deira hadde kring halsen.
ויאמר זבח וצלמנע קום אתה ופגע בנו--כי כאיש גבורתו ויקם גדעון ויהרג את זבח ואת צלמנע ויקח את השהרנים אשר בצוארי גמליהם
22 Og Israels-mennerne sagde til Gideon: «Du skal vera kongen vår, både du og son din og soneson din; for du hev berga oss frå midjanitarne!»
ויאמרו איש ישראל אל גדעון משל בנו גם אתה גם בנך גם בן בנך כי הושעתנו מיד מדין
23 Men Gideon svara: «Ikkje vil eg vera kongen dykkar, og ikkje skal son min vera det; Herren skal vera kongen dykkar!»
ויאמר אלהם גדעון לא אמשל אני בכם ולא ימשל בני בכם יהוה ימשל בכם
24 Sidan sagde Gideon til deim: «Eg vil beda dykk um ein ting: at de alle vil gjeva meg dei ringarne de hev vunne i krigen!» For Midjans-mennerne gjekk med gullringar; dei var ismaelitar.
ויאמר אלהם גדעון אשאלה מכם שאלה ותנו לי איש נזם שללו כי נזמי זהב להם כי ישמעאלים הם
25 «Det skal du då visst få, » svara dei. So breidde dei ut ei kåpa, og på den kasta alle mann dei ringarne dei hadde vunne i krigen.
ויאמרו נתון נתן ויפרשו את השמלה וישליכו שמה איש נזם שללו
26 Då dei so vog gullringane som han hadde bede um, so var det halvonnor vog gull, umfram gullsylgjorne og øyredobborne og purpurklædi som midjanitarkongarne hadde havt på seg, og umfram lekkjorne som kamelarne deira hadde bore kring halsen.
ויהי משקל נזמי הזהב אשר שאל אלף ושבע מאות זהב--לבד מן השהרנים והנטיפות ובגדי הארגמן שעל מלכי מדין ולבד מן הענקות אשר בצוארי גמליהם
27 Av gullet gjorde Gideon eit gudsbilæte. Det sette han upp i Ofra, heimbygdi si; heile Israel dyrka det der som ein avgud, og det vart til ulukka for Gideon og hans hus.
ויעש אותו גדעון לאפוד ויצג אותו בעירו בעפרה ויזנו כל ישראל אחריו שם ויהי לגדעון ולביתו למוקש
28 Soleis laut Midjan bøygja seg under Israel, og vann ikkje reisa hovudet meir, og sidan hadde landet ro i fyrti år, so lenge som Gideon livde.
ויכנע מדין לפני בני ישראל ולא יספו לשאת ראשם ותשקט הארץ ארבעים שנה בימי גדעון
29 So for Jerubba’al Joasson heim att til garden sin, og vart buande der.
וילך ירבעל בן יואש וישב בביתו
30 Han, Gideon, hadde sytti søner, som var hans eigne born; for han hadde mange konor.
ולגדעון היו שבעים בנים יצאי ירכו כי נשים רבות היו לו
31 Med fylgjekona si i Sikem fekk han ein son, og kalla han Abimelek.
ופילגשו אשר בשכם ילדה לו גם היא בן וישם את שמו אבימלך
32 Gideon Joasson døydde i høg alder, og vart nedsett i gravstaden åt Joas, far sin, i Ofra, bygdi åt Abiezer-ætti.
וימת גדעון בן יואש בשיבה טובה ויקבר בקבר יואש אביו בעפרה אבי העזרי
33 Då Gideon var burte, tok Israels-sønerne atter til å halda seg med avgudarne, og gjorde Sambands-Ba’al til guden sin.
ויהי כאשר מת גדעון וישובו בני ישראל ויזנו אחרי הבעלים וישימו להם בעל ברית לאלהים
34 Israels-sønerne kom ikkje i hug Herren, sin Gud, som hadde berga deim frå alle fiendar rundt ikring;
ולא זכרו בני ישראל את יהוה אלהיהם המציל אותם מיד כל איביהם מסביב
35 og dei gjorde ikkje vel mot Jerubba’als, Gideons, ætt for alt det gode han hadde gjort Israel.
ולא עשו חסד עם בית ירבעל גדעון ככל הטובה--אשר עשה עם ישראל

< Dommernes 8 >