< Josvas 16 >

1 Den landsluten som fall på Josefs-sønerne, tok til aust med Jordanåi, der ho renn frammed Jeriko, og gjekk um Jerikokjelda gjenom øydemarki som stig frå Jeriko uppyver fjellet til Betel. 2 Frå Betel heldt bytestrengen fram til Luz, og gjekk so burtyver til Arkiteigni, til Atarot; 3 der tok han vestetter ned til Jafletiteigni, heldt fram til Nedre Bet-Horoneigni og Gezer, og enda utmed havet. 4 Dette var det landet som Josefs-borni, Manasse og Efraim, fekk til odel og eiga. 5 Landet åt Efraims-sønerne og ættgreinerne deira låg soleis til: Fylkesdeilet gjekk på austkanten frammed Atrot-Addar, tok burtetter til Øvre Bet-Horon, 6 og enda utmed havet. På nordsida gjekk fylkesdeilet frammed Mikmetat og vende seg austetter til Ta’anat-Silo; sidan heldt bytestrengen fram i aust til Janoah, 7 og tok frå Janoah ned til Atarot og Na’ara, snart innåt Jeriko, og gjekk ut i Jordan. 8 Frå Tappuah gjekk fylkesdeilet vestetter til Kanabekken, og enda utmed havet. Dette var odelseiga åt Efraims-sønerne og ættgreinerne deira, 9 og attåt det dei byarne som vart utskilde åt Efraims-sønerne i Manassefylket, både byarne og grenderne som låg ikring. 10 Men Efraims-sønerne dreiv ikkje ut dei kananitarne som budde i Gezer; Kananitarne vart buande i Efraimsfylket, som dei gjer den dag i dag, men laut gjera trælearbeid.

< Josvas 16 >