< Jeremias 45 >

1 Det ordet som profeten Jeremia tala til Baruk Neriason då han skreiv desse ordi i ei bok etter Jeremias munn i det fjorde styringsåret åt Juda-kongen Jojakim Josiason; han sagde: 2 So segjer Herren, Israels Gud, um deg, Baruk: 3 Du sagde: «Eie meg! For Herren hev lagt sorg til min hugverk. Eg er trøytt av sukkarne mine og finn ingi kvild.» 4 So skal du segja med honom: So segjer Herren: Sjå, det eg hev bygt upp, det riv eg ned, og det eg hev planta, det rykkjer eg upp, og dette gjeld heile jordi. 5 Og du, du trår etter store ting åt deg: ikkje trå etter deim! For sjå, eg let ulukka koma yver alt kjøt, segjer Herren. Men eg vil gjeva deg livet ditt til herfang på kvar den stad du ferdast.

< Jeremias 45 >