< Liber Numeri 20 >

1 veneruntque filii Israhel et omnis multitudo in desertum Sin mense primo et mansit populus in Cades mortuaque est ibi Maria et sepulta in eodem loco
I den fyrste månaden kom Israels-sønerne, heile lyden, til Sinheidi, og dei gav seg til i Kades. Der døydde Mirjam, og der vart ho gravlagd.
2 cumque indigeret aqua populus coierunt adversum Mosen et Aaron
Men der var ikkje vatn åt folket, og dei flokka seg i hop mot Moses og Aron,
3 et versi in seditionem dixerunt utinam perissemus inter fratres nostros coram Domino
og trætta med Moses, og sagde: «Gud gjeve me og hadde roke med då brørne våre let livet for Herrens åsyn!
4 cur eduxistis ecclesiam Domini in solitudinem ut et nos et nostra iumenta moriantur
Kvi hev de havt Herrens folk ut i denne øydemarki, so me lyt døy her, både me og feet vårt?
5 quare nos fecistis ascendere de Aegypto et adduxistis in locum istum pessimum qui seri non potest qui nec ficum gignit nec vineas nec mala granata insuper et aquam non habet ad bibendum
Kvi lokka de oss burt frå Egyptarland, og førde oss hit til denne fæle staden, der det ikkje veks anten korn eller fikor eller vintre eller aplar og ikkje finst drikkevatn?»
6 ingressusque Moses et Aaron dimissa multitudine tabernaculum foederis corruerunt proni in terram et apparuit gloria Domini super eos
Moses og Aron hadde seg undan flokken, og gjekk fram i møtetjelddøri og kasta seg på kne. Då synte Herrens herlegdom seg for deim.
7 locutusque est Dominus ad Mosen dicens
Og Herren tala til Moses, og sagde:
8 tolle virgam et congrega populum tu et Aaron frater tuus et loquimini ad petram coram eis et illa dabit aquas cumque eduxeris aquam de petra bibet omnis multitudo et iumenta eius
«Du skal taka staven, og du og Aron, bror din, skal kalla lyden i hop og tala til berget for augo deira, so skal det gjeva vatn utor seg. Lat det koma vatn utor berget for deim, og gjev deim og feet deira drikka!»
9 tulit igitur Moses virgam quae erat in conspectu Domini sicut praeceperat ei
Moses gjorde som Herren sagde: han tok staven som låg framfor Herrens åsyn,
10 congregata multitudine ante petram dixitque eis audite rebelles et increduli num de petra hac vobis aquam poterimus eicere
og han og Aron kalla lyden i hop framfyre berget; so sagde han til deim: «Høyr no, stridnakkar! Skal me lata det koma vatn åt dykk ut or dette berget?»
11 cumque elevasset Moses manum percutiens virga bis silicem egressae sunt aquae largissimae ita ut et populus biberet et iumenta
So lyfte han handi, og slo på berget med staven sin tvo gonger; då strøymde det ut mykje vatn, og folket og feet deira fekk drikka.
12 dixitque Dominus ad Mosen et Aaron quia non credidistis mihi ut sanctificaretis me coram filiis Israhel non introducetis hos populos in terram quam dabo eis
Men Herren sagde til Moses og Aron: «Sidan de ikkje trudde på meg, og ikkje let Israels-borni sjå mi guddomsmagt, so skal de ikkje få føra denne lyden inn i det landet eg hev gjeve deim.»
13 haec est aqua Contradictionis ubi iurgati sunt filii Israhel contra Dominum et sanctificatus est in eis
Det var denne kjelda som vart kalla Meribavatnet; der var det Israels-sønerne tretta med Herren, og han synte deim si guddomsmagt.
14 misit interea nuntios Moses de Cades ad regem Edom qui dicerent haec mandat frater tuus Israhel nosti omnem laborem qui adprehendit nos
Frå Kades sende Moses dette bodet til kongen i Edom: «So segjer Israel, bror din: «Du veit kor mykje vondt me hev lide.
15 quomodo descenderint patres nostri in Aegyptum et habitaverimus ibi multo tempore adflixerintque nos Aegyptii et patres nostros
Federne våre for ned til Egyptarland, og der budde me mange, mange år, og egyptarane var harde med oss og federne våre;
16 et quomodo clamaverimus ad Dominum et exaudierit nos miseritque angelum qui eduxerit nos de Aegypto ecce in urbe Cades quae est in extremis finibus tuis positi
då ropa me til Herren, og han høyrde bønerne våre, og sende oss ein engel, som førde oss ut or Egyptarland, og sjå no er me i Kadesbygdi, innmed landskilet ditt.
17 obsecramus ut nobis transire liceat per terram tuam non ibimus per agros nec per vineas non bibemus aquas de puteis tuis sed gradiemur via publica nec ad dextram nec ad sinistram declinantes donec transeamus terminos tuos
Snilde deg, lat oss få fara igjenom landet ditt! Me skal ikkje ganga yver åkrarne eller vinhagarne, og ikkje taka vatn or brunnarne; me skal fara etter kongsvegen og ikkje taka av, korkje til høgre eller vinstre, fyrr me er komne igjenom landet ditt.»»
18 cui respondit Edom non transibis per me alioquin armatus occurram tibi
Men Edom svara: «Du må’kje fara fram her; gjer du det, so møter eg deg med sverd i hand.»
19 dixeruntque filii Israhel per tritam gradiemur viam et si biberimus aquas tuas nos et pecora nostra dabimus quod iustum est nulla erit in pretio difficultas tantum velociter transeamus
«Eg skal fylgja storvegen, » sagde Israel, «og dersom eg drikk av vatnet ditt, eg eller buskapen min, so skal eg gjeva deg like for det. Det kann då’kje gjera noko um eg gjeng etter vegen.»
20 at ille respondit non transibis statimque egressus est obvius cum infinita multitudine et manu forti
«Nei, du slepp ikkje fram her, » svara Edom, og gjekk imot deim med mykje folk og våpn.
21 nec voluit adquiescere deprecanti ut concederet transitum per fines suos quam ob rem devertit ab eo Israhel
Edom vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara igjenom landet sitt, og Israel laut taka ei onnor leid.
22 cumque castra movissent de Cades venerunt in montem Or qui est in finibus terrae Edom
So tok dei ut ifrå Kades, heile Israels-lyden, og kom til Horfjellet.
23 ubi locutus est Dominus ad Mosen
Og der, ved Horfjellet, i landskilet åt Edom, sagde Herren til Moses og Aron:
24 pergat inquit Aaron ad populos suos non enim intrabit terram quam dedi filiis Israhel eo quod incredulus fuerit ori meo ad aquas Contradictionis
«No skal Aron fara til federne sine. De var ulyduge mot meg ved Meribabrunnen; difor skal han ikkje koma inn i det landet eg hev gjeve Israels-sønerne.
25 tolle Aaron et filium eius cum eo et duces eos in montem Or
Hav Aron og Eleazar, son hans, med deg upp på Horfjellet;
26 cumque nudaveris patrem veste sua indues ea Eleazarum filium eius et Aaron colligetur et morietur ibi
og tak av Aron presteklædi, og hav deim på Eleazar, son hans! So skal Aron døy der, og fara til federne sine.»
27 fecit Moses ut praeceperat Dominus et ascenderunt in montem Or coram omni multitudine
Moses gjorde som Herren sagde, og dei steig upp på Horfjellet for augo åt alt folket,
28 cumque Aaron spoliasset vestibus suis induit eis Eleazarum filium eius illo mortuo in montis supercilio descendit cum Eleazaro
og Moses tok av Aron presteklædi, og hadde deim på Eleazar, son hans. So døydde Aron der uppå fjellet, og då Moses og Eleazar kom ned av fjellet,
29 omnis autem multitudo videns occubuisse Aaron flevit super eo triginta diebus per cunctas familias suas
og folket såg at Aron var burte, då syrgde alle Israels-ætterne yver honom i tretti dagar.

< Liber Numeri 20 >