< Iudicum 13 >

1 rursumque filii Israhel fecerunt malum in conspectu Domini qui tradidit eos in manus Philisthinorum quadraginta annis
Men Israels-sønerne gjorde atter det som var Herren imot. Då let han filistarane få magt yver deim i fyrti år.
2 erat autem vir quidam de Saraa et de stirpe Dan nomine Manue habens uxorem sterilem
Det var ein mann av Dans-ætti som heitte Manoah. Han budde i Sora. Kona hans var’kje barnkjømd; ho hadde aldri ått barn.
3 cui apparuit angelus Domini et dixit ad eam sterilis es et absque liberis sed concipies et paries filium
Og Herrens engel synte seg for kona, og sagde: «Kjære, eg veit at du er’kje barnkjømd og aldri hev ått barn, men du skal verta umhender og eiga ein son.
4 cave ergo ne vinum bibas ac siceram ne inmundum quicquam comedas
Agta deg no, og drikk ikkje vin eller sterk drykk, og et ikkje noko ureint!
5 quia concipies et paries filium cuius non tanget caput novacula erit enim nazareus Dei ab infantia sua et ex matris utero et ipse incipiet liberare Israhel de manu Philisthinorum
For no vert du umhender, og fær ein son: på hans hovud må det aldri koma saks; for sveinen skal vera vigd til Gud alt ifrå morsliv, og han skal gjera upptaket til å berga Israel frå filistarane.»
6 quae cum venisset ad maritum dixit ei vir Dei venit ad me habens vultum angelicum terribilis nimis quem cum interrogassem quis esset et unde venisset et quo nomine vocaretur noluit mihi dicere
So gjekk kona inn, og sagde det med mannen sin: «Det kom ein gudsmann til meg, » sagde ho; «han var å sjå til som Guds engel, fælande ageleg; men eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sagde han meg namnet sitt.
7 sed hoc respondit ecce concipies et paries filium cave ne vinum bibas et siceram et ne aliquo vescaris inmundo erit enim puer nazareus Dei ab infantia sua et ex utero matris usque ad diem mortis suae
«Du skal verta umhender og eiga ein son, » sagde han med meg; «drikk no ikkje vin eller sterk drykk, og et ikkje noko ureint! For sveinen skal vera vigd til Gud frå morsliv og til sin døyande dag.»»
8 oravit itaque Manue Deum et ait obsecro Domine ut vir Dei quem misisti veniat iterum et doceat nos quid debeamus facere de puero qui nasciturus est
Då bad Manoah til Herren, og sagde: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende koma hit att og læra oss korleis me skal fara med det barnet som skal koma til verdi!»
9 exaudivitque Dominus precantem Manue et apparuit rursum angelus Domini uxori eius sedenti in agro Manue autem maritus eius non erat cum ea quae cum vidisset angelum
Og Gud høyrde Manoahs bøn, og Guds engel kom att til kona ein gong ho sat utpå marki, og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne.
10 festinavit et cucurrit ad virum suum nuntiavitque ei dicens ecce apparuit mihi vir quem ante videram
Då sprang ho svint heim, og sagde det med mannen sin: «No hev han synt seg for meg, den mannen som kom til meg her um dagen», sagde ho.
11 qui surrexit et secutus est uxorem suam veniensque ad virum dixit ei tu es qui locutus es mulieri et ille respondit ego sum
Manoah reiste seg, og fylgde kona si, og då han kom til mannen, spurde han: «Er du den mannen som hev tala til kona mi?» «Ja», svara han.
12 cui Manue quando inquit sermo tuus fuerit expletus quid vis ut faciat puer aut a quo se observare debebit
«Når det no gjeng fram det som du sagde, korleis skal me då stella oss med sveinen, og korleis skal me fara med honom?» sagde Manoah.
13 dixitque angelus Domini ad Manue ab omnibus quae locutus sum uxori tuae abstineat se
Då svara Herrens engel: «Alt det eg nemnde for kona, lyt ho agta seg for.
14 et quicquid ex vinea nascitur non comedat vinum et siceram non bibat nullo vescatur inmundo et quod ei praecepi impleat atque custodiat
Ho må ikkje eta noko som kjem av vintreet, og ikkje drikka vin eller sterk drykk, og ikkje eta noko ureint; alt det eg hev sagt til henne, lyt ho halda seg etter.»
15 dixitque Manue ad angelum Domini obsecro te ut adquiescas precibus meis et faciamus tibi hedum de capris
«Kann du’kje bia eit bil, so me fær stella til eit kid for deg!» sagde Manoah. For han visste ikkje at det var Herrens engel.
16 cui respondit angelus si me cogis non comedam panes tuos sin autem vis holocaustum facere offer illud Domino et nesciebat Manue quod angelus Dei esset
«Um eg biar, so et eg like vel ikkje av maten din, » svara Herrens engel; «men vil du laga til eit brennoffer åt Herren, so gjer det!»
17 dixitque ad eum quod est tibi nomen ut si sermo tuus fuerit expletus honoremus te
Då sagde Manoah til Herrens engel: «Kva er namnet ditt - so me kann få æra deg, når det hender det som du hev sagt!»
18 cui ille respondit cur quaeris nomen meum quod est mirabile
«Kvi spør du um namnet mitt?» svara han; «det er eit underleg namn!»
19 tulit itaque Manue hedum de capris et libamenta et posuit super petram offerens Domino qui facit mirabilia ipse autem et uxor eius intuebantur
So tok Manoah kidet og grjonofferet, og ofra det på berget til Herren. Då hende eit stort under, so Manoah og kona hans såg på det:
20 cumque ascenderet flamma altaris in caelum angelus Domini in flamma pariter ascendit quod cum vidisset Manue et uxor eius proni ceciderunt in terram
Då logen steig upp frå altaret mot himmelen, då for Herrens engel upp i altarlogen. Då Manoah og kona hans såg det, kasta dei seg å gruve på jordi.
21 et ultra non eis apparuit angelus Domini statimque intellexit Manue angelum esse Domini
Herrens engel synte seg ikkje oftare for Manoah og kona hans; då skyna Manoah at det var Herrens engel,
22 et dixit ad uxorem suam morte moriemur quia vidimus Deum
og han sagde til kona si: «No lyt me døy; for me hev set Gud!»
23 cui respondit mulier si Dominus nos vellet occidere de manibus nostris holocaustum et libamenta non suscepisset nec ostendisset nobis haec omnia neque ea quae sunt ventura dixisset
Men kona svara: «Hadde Herren havt hug til å drepa oss, so hadde han ikkje teke mot brennoffer og grjonoffer av oss, og me hadde ikkje fenge set alt dette, og ikkje fenge høyrt slikt som det me høyrde no.»
24 peperit itaque filium et vocavit nomen eius Samson crevitque puer et benedixit ei Dominus
Då det leid på, fekk kona ein son, og kalla honom Samson. Guten voks upp, og Herren velsigna honom.
25 coepitque spiritus Domini esse cum eo in castris Dan inter Saraa et Esthaol
Det var i Dans-lægret millom Sora og Estaol, Herrens ande fyrst tok til å driva honom.

< Iudicum 13 >