< Jeremiæ 5 >

1 circuite vias Hierusalem et aspicite et considerate et quaerite in plateis eius an inveniatis virum facientem iudicium et quaerentem fidem et propitius ero eius
Gakk kringum i gatorne i Jerusalem, og sjå etter og få vita og leita på torgi um de finn einkvar, um det er nokon som gjer rett, som legg vinn på ærlegdom, so vil eg tilgjeva byen.
2 quod si etiam vivit Dominus dixerint et hoc falso iurabunt
Og endå um dei segjer: «So sant som Herren liver, » so gjer dei rang eid like vel.
3 Domine oculi tui respiciunt fidem percussisti eos et non doluerunt adtrivisti eos et rennuerunt accipere disciplinam induraverunt facies suas super petram noluerunt reverti
Herre, ser ikkje augo dine etter ærlegdom? Du slo deim, men dei anka seg ikkje, du tynte deim, men dei let seg ikkje aga. Dei gjorde andlitet hardare enn stein, dei vilde ikkje venda um.
4 ego autem dixi forsitan pauperes sunt et stulti ignorantes viam Domini iudicium Dei sui
Då sagde eg: «Dette er berre småfolk; dei er fåvituge, for dei veit ikkje Herrens veg, sin Guds rett.
5 ibo igitur ad optimates et loquar eis ipsi enim cognoverunt viam Domini iudicium Dei sui et ecce magis hii simul confregerunt iugum ruperunt vincula
No vil eg ganga til storfolket og tala med deim, for dei veit Herrens veg, sin Guds rett.» Men nettupp dei, alle saman, hev brote sund oket, slite av seg bandi.
6 idcirco percussit eos leo de silva lupus ad vesperam vastavit eos pardus vigilans super civitates eorum omnis qui egressus fuerit ex eis capietur quia multiplicatae sunt praevaricationes eorum confortatae sunt aversiones eorum
Difor skal løva frå skogen slå deim, vargen frå villmarkerne tyna deim. Panteren ligg og gjæter attmed byarne deira; kvar den som gjeng ut or deim, vert sundriven. For mange er deira forbrot, mangfaldige deira fråfall.
7 super quo propitius tibi esse potero filii tui dereliquerunt me et iurant in his qui non sunt dii saturavi eos et moechati sunt et in domo meretricis luxuriabantur
Kvi skulde då eg gjeva deg til? Borni dine hev vendt seg frå meg og svore ved slikt som ikkje er gud. Og eg metta deim, men dei dreiv hor og flokka seg i skjøkjehuset.
8 equi amatores et admissarii facti sunt unusquisque ad uxorem proximi sui hinniebat
Som velfødde hestar er dei tidleg ute; kvar ein kneggjar dei åt grannekona si.
9 numquid super his non visitabo dicit Dominus et in gente tali non ulciscetur anima mea
Skulde eg ikkje heimsøkja slikt, segjer Herren, eller skulde mi sjæl ikkje harma seg på eit sovore folk?
10 ascendite muros eius et dissipate consummationem autem nolite facere auferte propagines eius quia non sunt Domini
Stig upp på hennar murar og øydelegg, men gjer ikkje reint audt. Riv av hennar vinrankor, dei høyrer ikkje Herren til.
11 praevaricatione enim praevaricata est in me domus Israhel et domus Iuda ait Dominus
For dei hev ille svike meg, både Israels hus og Judas hus, segjer Herren.
12 negaverunt Dominum et dixerunt non est ipse neque veniet super nos malum gladium et famem non videbimus
Dei hev neitta Herren og sagt: «Det er ikkje han, og nokor ulukka skal ikkje koma yver oss, og sverd og svolt skal me ikkje sjå.
13 prophetae fuerunt in ventum et responsum non fuit in eis haec ergo evenient illis
Og profetarne skal verta til vind, for det er ingen som talar i deim. Soleis skal det ganga med deim sjølve.»
14 haec dicit Dominus Deus exercituum quia locuti estis verbum istud ecce ego do verba mea in ore tuo in ignem et populum istum ligna et vorabit eos
Difor, so segjer Herren, allhers drott: Sidan de talar slike ord, sjå, so gjera eg mine ord i din munn til ein eld og dette folket til ved, og han skal øyda deim.
15 ecce ego adducam super vos gentem de longinquo domus Israhel ait Dominus gentem robustam gentem antiquam gentem cuius ignorabis linguam nec intelleges quid loquatur
Sjå, eg let eit folk frå eit land langt burte koma yver dykk, Israels hus, segjer Herren, eit sterkt folk er det, eit eldegamalt folk er det, eit folk med eit mål du ikkje kjenner, og ikkje skynar du kva dei segjer.
16 faretra eius quasi sepulchrum patens universi fortes
Deira pilehus er som ei opi grav, alle saman er dei kjempor.
17 et comedet segetes tuas et panem tuum devorabit filios tuos et filias tuas comedet gregem tuum et armenta tua comedet vineam tuam et ficum tuam et conteret urbes munitas tuas in quibus tu habes fiduciam gladio
Og dei skal eta upp din avle og ditt brød, dei skal tyna dine søner og dine døtter, dei skal eta upp dine sauer og dine naut, dei skal øydeleggja dine vintre og fiketre, dine faste byar, som du lit på, skal dei brjota ned med sverd.
18 verumtamen et diebus illis ait Dominus non faciam vos in consummationem
Men jamvel i dei dagarne, segjer Herren, vil eg ikkje heiltupp øyda dykk ut.
19 quod si dixeritis quare fecit Dominus Deus noster nobis haec omnia dices ad eos sicut dereliquistis me et servistis deo alieno in terra vestra sic servietis alienis in terra non vestra
Og når de då segjer: «Kvi hev Herren, vår Gud, gjort alt dette imot oss?» då skal du segja med deim: «Likeins som de sveik meg og tente framande gudar i dykkar land, so skal de tena framande i eit land som ikkje er dykkar land!»
20 adnuntiate hoc domui Iacob et auditum facite in Iuda dicentes
Kunngjer dette i Jakobs hus og lat deim få høyra det i Juda og seg:
21 audi populus stulte qui non habes cor qui habentes oculos non videtis et aures et non auditis
Høyr dette, du fåvise og vitlause lyd, som hev augo, men ikkje ser, som hev øyro, men ikkje høyrer.
22 me ergo non timebitis ait Dominus et a facie mea non dolebitis qui posui harenam terminum mari praeceptum sempiternum quod non praeteribit et commovebuntur et non poterunt et intumescent fluctus eius et non transibunt illud
Vil de ikkje ottast meg, segjer Herren, eller skjelva for mi åsyn? eg som sette fjøresanden til demma for havet, til eit ævelegt stengje som det ikkje kann fløda yver, som bårorne kjem dynjande imot, men ikkje vinn på, og marmar imot, men ikkje kann fløda yver.
23 populo autem huic factum est cor incredulum et exasperans recesserunt et abierunt
Men denne lyden hev eit stridigt og tråssugt hjarta, dei hev vike undan og er burtgjengne.
24 et non dixerunt in corde suo metuamus Dominum Deum nostrum qui dat nobis pluviam temporaneam et serotinam in tempore suo plenitudinem annuae messis custodientem nobis
Og dei hev ikkje sagt i sitt hjarta: «Lat oss ottast Herren, vår Gud, som gjev regn, både haustregn og vårregn, i rett tid, som tek vare på dei visse haustonne-vikorne for oss!»
25 iniquitates nostrae declinaverunt haec et peccata nostra prohibuerunt bonum a nobis
Dykkar misgjerningar hev avlaga alt dette, og dykkar synder hev halde det gode burte frå dykk.
26 quia inventi sunt in populo meo impii insidiantes quasi aucupes laqueos ponentes et pedicas ad capiendos viros
For det finst ugudlege i lyden min, dei legg seg på lur liksom fuglefangarar huker, dei set ut gildra, menneskje veider dei.
27 sicut decipula plena avibus sic domus eorum plenae dolo ideo magnificati sunt et ditati
Nett som eit bur fullt av fuglar, so er husi deira fulle av svik; difor er dei store og rike vortne.
28 incrassati sunt et inpinguati et praeterierunt sermones meos pessime causam non iudicaverunt causam pupilli non direxerunt et iudicium pauperum non iudicaverunt
Dei er feite vortne so det skin av deim; dei er breiddfulle med vondt; dei dømer ikkje i nokor sak, hjelpar ikkje den farlause til sin rett, og i fatigmanns sak dømer dei ikkje.
29 numquid super his non visitabo dicit Dominus aut super gentem huiuscemodi non ulciscetur anima mea
Skulde eg ikkje heimsøkja for slikt, segjer Herren, eller skulde mi sjæl ikkje hemna seg på eit sovore folk?
30 stupor et mirabilia facta sunt in terra
Grysjelege og gruelege ting gjeng fyre seg i landet.
31 prophetae prophetabant mendacium et sacerdotes adplaudebant manibus suis et populus meus dilexit talia quid igitur fiet in novissimo eius
Profetarne spår lygn, og prestarne er strenge herrar etter deira råd, og lyden min likar det. Men kva vil de gjera når enden på dette kjem?

< Jeremiæ 5 >