< Jeremiæ 40 >

1 sermo qui factus est ad Hieremiam a Domino postquam dimissus est a Nabuzardan magistro militiae de Rama quando tulit eum vinctum catenis in medio omnium qui migrabant de Hierusalem et Iuda et ducebantur in Babylonem
Det ordet som kom til Jeremia frå Herren etter at Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, hadde slept honom laus frå Rama, med di han henta honom, då han var bunden med lekkjor i lag med alle hine burtførde frå Jerusalem og Juda som vart burtførde til Babel.
2 tollens ergo princeps militiae Hieremiam dixit ad eum Dominus Deus tuus locutus est malum hoc super locum istum
Hovdingen for livvakti henta då Jeremia. Og han sagde med honom: «Herren, din Gud, hev truga denne staden med denne ulukka.
3 et adduxit et fecit Dominus sicut locutus est quia peccastis Domino et non audistis vocem eius et factus est vobis sermo hic
Og Herren let det koma, og gjorde so som han hadde truga. For de synda mot Herren og lydde ikkje hans røyst, og so råka dette dykk.
4 nunc ergo ecce solvi te hodie de catenis quae sunt in manibus tuis si placet tibi ut venias mecum in Babylonem veni et ponam oculos meos super te si autem displicet tibi venire mecum in Babylonem reside ecce omnis terra in conspectu tuo quod elegeris et quo placuerit tibi ut vadas illuc perge
Og sjå, no hev eg løyst lekkjorne av henderne dine i dag. Um du er huga på å koma med meg til Babel, so kom, og eg skal sjå til med deg; men um du er uhuga på å koma med meg til Babel, so lat vera. Sjå, alt landet ligg ope for deg; kvar du synest godt og rett å ganga, dit kann du ganga.»
5 et mecum noli venire sed habita apud Godoliam filium Ahicam filii Saphan quem praeposuit rex Babylonis civitatibus Iudaeae habita ergo cum eo in medio populi vel quocumque placuerit tibi ut vadas vade dedit quoque ei magister militiae cibaria et munuscula et dimisit eum
Men då han drygde med heimferdi, sagde han: «Du må gjerne fara til Gedalja, son åt Ahikam Safansson, som Babel-kongen hev sett yver Juda-byarne, og ver med honom millom folket, eller gakk kvar du synest det er rett å ganga!» Og hovdingen for livvakti gav honom nistemat og gåvor og let honom fara.
6 venit autem Hieremias ad Godoliam filium Ahicam in Masphat et habitavit cum eo in medio populi qui relictus fuerat in terra
Og Jeremia for til Gedalja Ahikamsson i Mispa og var med honom millom det folket som var etter i landet.
7 cum ergo audissent omnes principes exercitus qui dispersi fuerant per regiones ipsi et socii eorum quod praefecisset rex Babylonis Godoliam filium Ahicam terrae et quod commendasset ei viros et mulieres et parvulos et de pauperibus terrae qui non fuerant translati in Babylonem
Då so alle herhovdingarne som var ute i bygderne, dei og mennerne deira, frette at Babel-kongen hadde sett Gedalja Ahikamsson yver landet, og at han hadde bede honom sjå til med menner og kvende og born og deim av ålmugen i landet som ikkje var burtførde til Babel,
8 venerunt ad Godoliam in Masphat et Ismahel filius Nathaniae et Iohanan et Ionathan filii Caree et Sareas filius Thenoemeth et filii Offi qui erat de Nethophathi et Iezonias filius Maachathi ipsi et viri eorum
so for dei til Gedalja i Mispa, både Ismael Netanjason og Johanan og Jonatan Kareahs-søner og Seraja Tanhumetsson og sønerne åt Efai frå Netofa og Jezanja, ma’akatitsonen, og mennerne deira.
9 et iuravit eis Godolias filius Ahicam filii Saphan et comitibus eorum dicens nolite timere servire Chaldeis habitate in terra et servite regi Babylonis et bene erit vobis
Og Gedalja, son åt Ahikam Safansson, gjorde deim og mennerne deira eiden sin og sagde: «Det tarv ikkje ottast lydskyldnaden under kaldæarane. Ver i landet og ten Babel-kongen! so skal det ganga dykk vel!
10 ecce ego habito in Masphat ut respondeam praecepto Chaldeorum qui mittuntur ad nos vos autem colligite vindemiam et messem et oleum et condite in vasis vestris et manete in urbibus vestris quas tenetis
Og eg, sjå, eg buar i Mispa, so eg kann taka imot dei kaldæarar som kjem til oss. Men de lyt samla vin og frukt og olje og leggja det i kjeraldi dykkar og vera i byarne dykkar, som de hev teke til eiga.»
11 sed et omnes Iudaei qui erant in Moab et in filiis Ammon et in Idumea et in universis regionibus audito quod dedisset rex Babylonis reliquias in Iudaeam et quod praeposuisset super eos Godoliam filium Ahicam filii Saphan
Og alle jødarne som var i Moab og hjå Ammons-sønerne og i Edom og i alle andre land, dei frette og at Babel-kongen hadde late nokre av jødarne vera att, og at han hadde sett yver deim Gedalja, son åt Ahikam Safansson.
12 reversi sunt inquam omnes Iudaei de universis locis ad quae profugerant et venerunt in terram Iuda ad Godoliam in Masphat et collegerunt vinum et messem multam nimis
Alle dei jødarne vende då heim att frå alle staderne som dei var drivne burt til, og kom til Judalandet, til Gedalja i Mispa, og dei samla vin og frukt i store mengder.
13 Iohanan autem filius Caree et omnes principes exercitus qui dispersi erant in regionibus venerunt ad Godoliam in Masphat
Men Johanan Kareahsson og alle herhovdingarne som var ute i bygderne, for til Gedalja i Mispa
14 et dixerunt ei scito quia Baalis rex filiorum Ammon misit Ismahel filium Nathaniae percutere animam tuam et non credidit eis Godolias filius Ahicam
og sagde med han: «Veit du at Ba’alis, kongen yver Ammons-sønerne, hev sendt Ismael Netanjason til å slå deg i hel?» Men Gedalja Ahikamsson trudde deim ikkje.
15 Iohanan vero filius Caree dixit ad Godoliam seorsum in Masphat loquens ibo et percutiam Ismahel filium Nathaniae nullo sciente ne interficiat animam tuam et dissipentur omnes Iudaei qui congregati sunt ad te et peribunt reliquiae Iuda
Og Johanan Kareahsson sagde i løynd med Gedalja i Mispa: «Lat meg ganga og drepa Ismael Netanjason! og ingen skal få vita det. Kvi skal han slå deg i hel, og alt Juda spreidast, dei som hev samla seg til deg, og leivningen av Juda tyntast?»
16 et ait Godolias filius Ahicam ad Iohanan filium Caree noli facere verbum hoc falsum enim tu loqueris de Ismahel
Men Gedalja Ahikamsson sagde med Johanan Kareahsson: «Gjer ikkje det! For det er lygn det du melder um Ismael.»

< Jeremiæ 40 >