< Jeremiæ 37 >

1 et regnavit rex Sedecias filius Iosiae pro Iechonia filio Ioachim quem constituit regem Nabuchodonosor rex Babylonis in terra Iuda
Og Sidkia Josiason vart konge etter Konja Jojakimsson, som Nebukadressar, Babel-kongen, hadde gjort til konge i Judalandet.
2 et non oboedivit ipse et servi eius et populus terrae verbis Domini quae locutus est in manu Hieremiae prophetae
Men korkje han eller tenarane hans eller landslyden høyrde på Herrens ord, som han tala ved profeten Jeremia.
3 et misit rex Sedecias Iuchal filium Selemiae et Sophoniam filium Maasiae sacerdotem ad Hieremiam prophetam dicens ora pro nobis Dominum Deum nostrum
Og kong Sidkia sende Jehukal Selemjason og presten Sefanja Ma’asejason til profeten Jeremia med denne ordsendingi: «Bed for oss til Herren, vår Gud!»
4 Hieremias autem libere ambulabat in medio populi non enim miserant eum in custodiam carceris
Jeremia gjekk den-tid ut og inn millom folket, for dei hadde endå ikkje sett honom i fangehuset.
5 igitur exercitus Pharao egressus est Aegyptum et audientes Chaldei qui obsidebant Hierusalem huiuscemodi nuntium recesserunt ab Hierusalem
Og Faraos her var då faren ut frå Egyptarland. Og då kaldæarane, som kringsette Jerusalem, frette det, for dei burt frå Jerusalem.
6 et factum est verbum Domini ad Hieremiam prophetam dicens
Då kom Herrens ord til profeten Jeremia; han sagde:
7 haec dicit Dominus Deus Israhel sic dicetis regi Iuda qui misit vos ad me ad interrogandum ecce exercitus Pharaonis qui egressus est vobis in auxilium revertetur in terram suam in Aegyptum
So segjer Herren, Israels Gud: So skal de segja til Juda-kongen, som sende dykk av stad til å spyrja meg: Sjå, Faraos her, som er faren ut til å hjelpa dykk, vil snu um att til landet sitt, til Egyptarland.
8 et redient Chaldei et bellabunt contra civitatem hanc et capient eam et incendent igni
Og kaldæarane skal og koma att og strida mot denne byen. Og dei skal taka honom og brenna honom upp i eld.
9 haec dicit Dominus nolite decipere animas vestras dicentes euntes abibunt et recedent a nobis Chaldei quia non abibunt
So segjer Herren: Dåra ikkje dykk sjølve med sofalne ord: «Kaldæarane fer no burt frå oss for ollo!» for dei fer ikkje burt.
10 sed et si percusseritis omnem exercitum Chaldeorum qui proeliantur adversum vos et derelicti fuerint ex eis aliqui vulnerati singuli de tentorio suo consurgent et incendent civitatem hanc igni
For um de so slo i hel heile kaldæarheren som strider imot dykk, so det berre var att hjå dei nokre særde menner, då skulde dei risa upp i kvar si tjeldbud og brenna upp denne byen i eld.
11 ergo cum recessisset exercitus Chaldeorum ab Hierusalem propter exercitum Pharaonis
So hende det då kaldæarheren for burt frå Jerusalem for Faraos her,
12 egressus est Hieremias de Hierusalem ut iret in terram Beniamin et divideret ibi possessionem in conspectu civium
at Jeremia gjekk ut or Jerusalem og vilde til Benjaminslandet. Der skulde han taka imot ein arvlut midt ibland folket.
13 cumque pervenisset ad portam Beniamin erat ibi custos portae per vices nomine Hierias filius Selemiae filii Ananiae et adprehendit Hieremiam prophetam dicens ad Chaldeos profugis
Men då han kom til Benjaminsporten, so var der ein vaktmann, og han heitte Jeria, son åt Selemja Hananjason. Han treiv i profeten Jeremia og sagde: «Du vil laupa burt til kaldæarane.»
14 et respondit Hieremias falsum est non fugio ad Chaldeos et non audivit eum sed conprehendit Hierias Hieremiam et adduxit eum ad principes
Men Jeremia sagde: «Det er lygn, eg vil ikkje laupa burt til kaldæarane!» Men han høyrde ikkje på honom, og Jeria treiv i Jeremia og for med honom til hovdingarne.
15 quam ob rem irati principes contra Hieremiam caesum eum miserunt in carcerem qui erat in domo Ionathan scribae ipse enim praepositus erat super carcerem
Og hovdingarne harmast på Jeremia og slo honom. So sette dei honom i fengsel i huset åt riksskrivaren Jonatan, for det hadde dei gjort til fangehus.
16 itaque ingressus est Hieremias in domum laci et in ergastula et sedit ibi Hieremias diebus multis
Då Jeremia var komen i fangeholet, i kjellaren, og hadde sete der ei lang tid,
17 mittens autem rex Sedecias tulit eum et interrogavit in domo sua abscondite et dixit putasne est sermo a Domino et dixit Hieremias est et ait in manu regis Babylonis traderis
sende kong Sidkia bod og let henta honom, og kongen spurde honom i huset sitt i løynd og sagde: «Er det kome noko ord frå Herren?» Jeremia svara: «Ja, » og so sagde han: «Du skal verta gjeven i henderne på Babel-kongen.»
18 et dixit Hieremias ad regem Sedeciam quid peccavi tibi et servis tuis et populo tuo quia misisti me in domum carceris
Dinæst sagde Jeremia med kong Sidkia: «Kva hev eg synda mot deg og mot tenarane dine og mot dette folket, sidan de hev sett meg i fangehuset?
19 ubi sunt prophetae vestri qui prophetabant vobis et dicebant non veniet rex Babylonis super vos et super terram hanc
Og kvar er no profetarne dykkar, som spådde åt dykk og sagde: «Babel-kongen skal ikkje koma yver dykk og yver dette landet?»
20 nunc ergo audi obsecro domine mi rex valeat deprecatio mea in conspectu tuo et ne me remittas in domum Ionathan scribae ne moriar ibi
Og høyr no, herre konge! Å, lat mi bøn koma fram for di åsyn og send meg ikkje attende til huset åt riksskrivaren Jonatan, so eg ikkje skal døy der!»
21 praecepit ergo rex Sedecias ut traderetur Hieremias in vestibulo carceris et daretur ei torta panis cotidie excepto pulmento donec consumerentur omnes panes de civitate et mansit Hieremias in vestibulo carceris
Sidkia gav då påbod, og so sette dei Jeremia i varveitsla i vaktgarden og gav honom ein brødleiv um dagen frå Bakargata, til alt brødet var ende i byen. Jeremia vart då verande i vaktgarden.

< Jeremiæ 37 >