< Jeremiæ 26 >

1 in principio regis Ioachim filii Iosiae regis Iuda factum est verbum istud a Domino dicens
I den fyrste tidi som Jojakim Josiason, Juda-kongen, styrde, kom dette ordet frå Herren; han sagde:
2 haec dicit Dominus sta in atrio domus Domini et loqueris ad omnes civitates Iuda de quibus veniunt ut adorent in domo Domini universos sermones quos ego mandavi tibi ut loquaris ad eos noli subtrahere verbum
So segjer Herren: Gakk i fyregarden til Herrens hus og tala mot Juda-byarne som kjem og tilbed i Herrens hus, tala alle dei ordi som eg hev bode deg å tala til deim! Tak ikkje undan eit einaste ord!
3 si forte audiant et convertantur unusquisque a via sua mala et paeniteat me mali quod cogito facere eis propter malitias studiorum eorum
Må henda dei kunde høyra og snu seg, kvar og ein frå sin vonde veg; då vil eg angra det vonde som eg tenkjer å gjera mot deim for den vonde framferdi deira.
4 et dices ad eos haec dicit Dominus si non audieritis me ut ambuletis in lege mea quam dedi vobis
Og du skal segja med deim: So segjer Herren: Um de ikkje høyrer på meg og ferdast i den lovi som eg hev lagt fram for dykk,
5 ut audiatis sermones servorum meorum prophetarum quos ego misi ad vos de nocte consurgens et dirigens et non audistis
so høyrer ordi åt tenarane mine, profetarne, som eg sender dykk jamt og samt, endå de ikkje vil høyra,
6 dabo domum istam sicut Silo et urbem hanc dabo in maledictionem cunctis gentibus terrae
då vil eg fara åt med dette huset likeins som med Silo, og alle folkeslag på jord bruka denne byen til ei våbøn.
7 et audierunt sacerdotes et prophetae et omnis populus Hieremiam loquentem verba haec in domo Domini
Og prestarne og profetarne og alt folket høyrde Jeremia tala desse ordi i Herrens hus.
8 cumque conplesset Hieremias loquens omnia quae praeceperat ei Dominus ut loqueretur ad universum populum adprehenderunt eum sacerdotes et prophetae et omnis populus dicens morte morietur
Og då Jeremia hadde tala til endes alt det som Herren hadde bode honom å tala til heile folket, då tok prestarne og profetarne og alt folket honom og sagde: «No skal du døy.
9 quare prophetavit in nomine Domini dicens sicut Silo erit domus haec et urbs ista desolabitur eo quod non sit habitator et congregatus est omnis populus adversum Hieremiam in domum Domini
Kvi hev du spått i Herrens namn og sagt: «Det skal ganga med dette huset likeins som med Silo, og denne byen skal verta øydelagd so ingen bur her?»» Og alt folket samla seg imot Jeremia i Herrens hus.
10 et audierunt principes Iuda verba haec et ascenderunt de domo regis in domum Domini et sederunt in introitu portae Domini novae
Og då Juda-hovdingarne frette dette, gjekk dei frå kongsgarden upp til Herrens hus og sette seg i inngangen til Herrens port, den nye.
11 et locuti sunt sacerdotes et prophetae ad principes et ad omnem populum dicentes iudicium mortis est viro huic quia prophetavit adversum civitatem istam sicut audistis auribus vestris
Då sagde prestarne og profetarne med hovdingarne og med alt folket: «Denne mannen er skuldig til å døy; for han hev spått mot denne byen, so som de hev høyrt med dykkar eigne øyro.»
12 et ait Hieremias ad omnes principes et ad universum populum dicens Dominus misit me ut prophetarem ad domum istam et ad civitatem hanc omnia verba quae audistis
Då sagde Jeremia med alle hovdingarne og med alt folket: «Herren hev sendt meg til å spå imot dette huset og denne byen alt det som de hev høyrt.
13 nunc ergo bonas facite vias vestras et studia vestra et audite vocem Domini Dei vestri et paenitebit Dominum mali quod locutus est adversum vos
Lat då dykkar vegar og gjerningar betrast, og høyr på Herren, dykkar Guds røyst! So vil Herren angra det vonde som han hev tala imot dykk.
14 ego autem ecce in manibus vestris sum facite mihi ut bonum et rectum est in oculis vestris
Men eg, sjå, eg er i dykkar hand: gjer med meg det de tykkjer godt og rett!
15 verumtamen scitote et cognoscite quod si occideritis me sanguinem innocentem traditis contra vosmet ipsos et contra civitatem istam et habitatores eius in veritate enim misit me Dominus ad vos ut loquerer in auribus vestris omnia verba haec
Men det skal de vita, at um de drep meg, so let de skuldlaust blod koma yver dykk og yver denne byen og yver deim som her bur. For Herren hev i sanning sendt meg til dykk å tala for øyro dykkar alle desse ordi.»
16 et dixerunt principes et omnis populus ad sacerdotes et prophetas non est viro huic iudicium mortis quia in nomine Domini Dei nostri locutus est ad nos
Då sagde hovdingarne og alt folket til prestarne og profetarne: «Denne mannen er ikkje skuldig til å døy, for i Herrens, vår Guds, namn hev han tala til oss.»
17 surrexerunt ergo viri de senioribus terrae et dixerunt ad omnem coetum populi loquentes
Og nokre av dei øvste i landet stod upp og sagde til heile folkehopen:
18 Michas de Morasthim fuit propheta in diebus Ezechiae regis Iudae et ait ad omnem populum Iudae dicens haec dicit Dominus exercituum Sion quasi ager arabitur et Hierusalem in acervum lapidum erit et mons domus in excelsa silvarum
«Mika frå Moreset spådde i dei dagarne då Hizkia var konge i Juda, og sagde til alt folket i Juda: «So segjer Herren, allhers drott: Sion skal verta pløgt til åker, og Jerusalem skal verta til steinrøysar og tempelberget til skograbbar.»
19 numquid morte condemnavit eum Ezechias rex Iuda et omnis Iuda numquid non timuerunt Dominum et deprecati sunt faciem Domini et paenituit Dominum mali quod locutus erat adversum eos itaque nos facimus malum grande contra animas nostras
Tok då Hizkia, Juda-kongen, og alt Juda og drap honom? Ottast han ikkje Herren og blidka Herren, so han angra på det vonde han hadde tala imot deim? Men me held på å koma oss i den største ulukka.»
20 fuit quoque vir prophetans in nomine Domini Urias filius Semei de Cariathiarim et prophetavit adversum civitatem istam et adversum terram hanc iuxta universa verba Hieremiae
Det var og ein annan mann som spådde i Herrens namn, Uria Semajason frå Kirjat-Jearim. Og han spådde mot denne byen og dette landet nett på same måten som Jeremia.
21 et audivit rex Ioachim et omnes potentes et principes eius verba haec et quaesivit rex interficere eum et audivit Urias et timuit fugitque et ingressus est Aegyptum
Men då kong Jojakim og alle hans kjempor og alle hans hovdingar høyrde ordi hans, so vilde kongen drepa honom. Men då Uria frette det, vart han rædd og flydde burt kom til Egyptarland.
22 et misit rex Ioachim viros in Aegyptum Elnathan filium Achobor et viros cum eo in Aegyptum
Då sende kong Jojakim nokre menner til Egyptarland, Elnatan Akborsson og menner med honom inn i Egyptarland.
23 et eduxerunt Uriam de Aegypto et adduxerunt eum ad regem Ioachim et percussit eum gladio et proiecit cadaver eius in sepulchris vulgi ignobilis
Og dei tok Uria ut or Egyptarlandet og for med honom til kong Jojakim, og han let drepa honom med sverd og kasta liket hans millom ålmuge-graverne.
24 igitur manus Ahicam filii Saphan fuit cum Hieremia ut non traderetur in manu populi et interficerent eum
Men Ahikam Safansson heldt si hand yver Jeremia, so han ikkje vart gjeven i henderne på folket og miste livet.

< Jeremiæ 26 >