< Isaiæ 11 >

1 et egredietur virga de radice Iesse et flos de radice eius ascendet
Men ein kvist skal renna or Isaistuven, og ein renning frå hans røter skal bera frukt.
2 et requiescet super eum spiritus Domini spiritus sapientiae et intellectus spiritus consilii et fortitudinis spiritus scientiae et pietatis
Og Herrens Ande skal kvila yver honom, anden med visdom og vit, anden med råd og styrke, anden med Herrens kunnskap og otte.
3 et replebit eum spiritus timoris Domini non secundum visionem oculorum iudicabit neque secundum auditum aurium arguet
Han skal hava sin hugnad i Herrens otte, og han skal ikkje døma etter det augo ser, og ikkje skipa rett etter det øyro høyrer.
4 sed iudicabit in iustitia pauperes et arguet in aequitate pro mansuetis terrae et percutiet terram virga oris sui et spiritu labiorum suorum interficiet impium
Han skal døma armingar med rettferd, og skipa rett med rettvisa for dei smålåtne i landet, og han skal slå jordi med riset i sin munn og drepa den gudlause med anden frå lipporne sine.
5 et erit iustitia cingulum lumborum eius et fides cinctorium renis eius
Rettferd skal vera beltet um lenderne og truskap beltet um mjødmarne hans.
6 habitabit lupus cum agno et pardus cum hedo accubabit vitulus et leo et ovis simul morabuntur et puer parvulus minabit eos
Då skal ulven bu saman med lambet, og panteren liggja i lag med kidlingen; og kalven og ungløva og gjødfeet skal semjast saman, og ein smågut skal gjæta deim.
7 vitulus et ursus pascentur simul requiescent catuli eorum et leo quasi bos comedet paleas
Kui og bjørnen skal beita saman, ungarne deira skal liggja i lag, og løva skal eta halm som ein ukse.
8 et delectabitur infans ab ubere super foramine aspidis et in caverna reguli qui ablactatus fuerit manum suam mittet
Sogbarnet skal leika seg innved bolet til hoggormen, og barnet som nyst er avvant, skal retta handi inn i hola åt basilisken.
9 non nocebunt et non occident in universo monte sancto meo quia repleta est terra scientia Domini sicut aquae maris operientes
Ingen skal gjera det som vondt eller skadelegt er, på heile mitt heilage fjell; for landet er fyllt av kunnskap um Herren, liksom vatnet fyller havet.
10 in die illa radix Iesse qui stat in signum populorum ipsum gentes deprecabuntur et erit sepulchrum eius gloriosum
På den dagen skal heidningfolki søkja til rotrenningen av Isai, som stend til fana for folki; og bustaden hans skal vera herleg.
11 et erit in die illa adiciet Dominus secundo manum suam ad possidendum residuum populi sui quod relinquetur ab Assyriis et ab Aegypto et a Fetros et ab Aethiopia et ab Aelam et a Sennaar et ab Emath et ab insulis maris
Og på den dagen skal Herren endå ein gong retta ut handi og vinna leivningen av folket sitt, det som er att frå Assyria og Egyptarland og Patros og Ætiopia og Elam og Sinear og Hamat og havstrenderne.
12 et levabit signum in nationes et congregabit profugos Israhel et dispersos Iuda colliget a quattuor plagis terrae
Og han skal reisa ei fana for folki og samla dei burtdrivne menner av Israel og sanka saman dei spreidde kvinnor av Juda frå heimsens fire hyrno.
13 et auferetur zelus Ephraim et hostes Iuda peribunt Ephraim non aemulabitur Iudam et Iudas non pugnabit contra Ephraim
Då skal Efraims ovund kverva, og uvenskapen hjå Juda vika; Efraim skal ikkje hysa ovund mot Juda og Juda ikkje visa uvenskap mot Efraim.
14 et volabunt in umeros Philisthim per mare simul praedabuntur filios orientis Idumea et Moab praeceptum manus eorum et filii Ammon oboedientes erunt
Som rovfuglar skal dei slå ned på herdarne åt filistarane i vest, og sameinte skal dei taka herfang av austerlendingarne. På Edom og Moab skal dei leggja hand, og Ammons-borni skal lyda deim.
15 et desolabit Dominus linguam maris Aegypti et levabit manum suam super Flumen in fortitudine spiritus sui et percutiet eum in septem rivis ita ut transeant per eum calciati
Og Herren skal turka upp viki av Egyptarhavet, og i brennande harm svinga handi yver elvi, og han skal kløyva henne i sju bekkjer, so ein kann ganga turrskodd yver.
16 et erit via residuo populo meo qui relinquetur ab Assyriis sicut fuit Israhel in die qua ascendit de terra Aegypti
So skal det verta ein brøytt veg for leivningen av folket hans, som er att frå Assyria, liksom det var for Israel den dagen dei drog upp frå Egyptarland.

< Isaiæ 11 >