< Genesis 40 >

1 his ita gestis accidit ut peccarent duo eunuchi pincerna regis Aegypti et pistor domino suo
Ei tid etter dette hadde gjenge fyre seg, hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egyptarland forsåg seg mot herren sin, kongen i Egyptarland.
2 iratusque Pharao contra eos nam alter pincernis praeerat alter pistoribus
Og Farao vart harm på båe hirdmennerne sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren,
3 misit eos in carcerem principis militum in quo erat vinctus et Ioseph
og sette deim faste hjå hovdingen yver livvakti, i tårnet, der Josef sat fanga.
4 at custos carceris tradidit eos Ioseph qui et ministrabat eis aliquantum temporis fluxerat et illi in custodia tenebantur
Og hovdingen yver livvakti sette Josef til å sjå til deim, og han gjekk deim til handa. Og dei vart sitjande ei tid i fangehuset.
5 videruntque ambo somnium nocte una iuxta interpretationem congruam sibi
Ein gong hadde dei kvar sin draum, båe tvo, skjenkaren og bakaren åt kongen i Egyptarland, dei som sat fanga i tårnet; i ei og same natti hadde dei kvar sin draum, og draumarne deira hadde kvar si meining.
6 ad quos cum introisset Ioseph mane et vidisset eos tristes
Og då Josef kom inn til deim um morgonen, såg han det på deim at dei var i ulag.
7 sciscitatus est dicens cur tristior est hodie solito facies vestra
Då tala han til hirdmennerne åt Farao, deim som sat fengsla med honom hjå husbonden hans, og spurde: «Kvi er de so sturne av dykk i dag?»
8 qui responderunt somnium vidimus et non est qui interpretetur nobis dixitque ad eos Ioseph numquid non Dei est interpretatio referte mihi quid videritis
«Me hev drøymt, » svara dei, «og det er ingen som kann tyda draumarne våre.» Då sagde Josef med deim: «Er det ikkje Gud som råder for uttydingi! Seg de meg kva de hev drøymt!»
9 narravit prior praepositus pincernarum somnium videbam coram me vitem
So fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin og sagde med honom: «Eg tykte so skilleg det stod eit vintre framfyre meg,
10 in qua erant tres propagines crescere paulatim gemmas et post flores uvas maturescere
og på det vintreet var det tri greiner. Og det syntest skjota knuppar, blomarne spratt, kartarne mogna til druvor.
11 calicemque Pharaonis in manu mea tuli ergo uvas et expressi in calicem quem tenebam et tradidi poculum Pharaoni
Og staupet åt Farao heldt eg i handi, og druvorne tok eg og kreista utor deim upp i staupet åt Farao, og so rette eg staupet til Farao.»
12 respondit Ioseph haec est interpretatio somnii tres propagines tres adhuc dies sunt
Og Josef sagde med honom: «Dette er so å tyda: Dei tri greinerne, det er tri dagar.
13 post quos recordabitur Pharao magisterii tui et restituet te in gradum pristinum dabisque ei calicem iuxta officium tuum sicut facere ante consueveras
Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og setja deg inn att i romet ditt, og du skal retta staupet til Farao, som du fyrr var van med å gjera, den tid du var skjenkjaren hans.
14 tantum memento mei cum tibi bene fuerit et facies mecum misericordiam ut suggeras Pharaoni et educat me de isto carcere
Men kom no i hug meg, når du hev fenge det godt! Kjære væne, gjer vel og tala um meg til Farao, so eg kann koma ut or dette huset!
15 quia furto sublatus sum de terra Hebraeorum et hic innocens in lacum missus sum
For eg er stolen frå Hebræarlandet, og her hev eg ikkje heller gjort noko som dei skulde setja meg i fangeholet for.»
16 videns pistorum magister quod prudenter somnium dissolvisset ait et ego vidi somnium quod haberem tria canistra farinae super caput meum
Då bakarmeisteren såg at han hadde gjeve so god ei uttyding, sagde han med Josef: «Eg tykte so skilleg eg bar tri korger med kveitebrød uppå hovudet.
17 et in uno canistro quod erat excelsius portare me omnes cibos qui fiunt arte pistoria avesque comedere ex eo
Og i den øvste korgi var allslags kakor, som var baka åt Farao, og fuglarne åt deim upp utor korgi på hovudet mitt.»
18 respondit Ioseph haec est interpretatio somnii tria canistra tres adhuc dies sunt
Og Josef tok til ords og sagde: «Dette er so å tyda: Dei tri korgerne, det er tri dagar.
19 post quos auferet Pharao caput tuum ac suspendet te in cruce et lacerabunt volucres carnes tuas
Når det lid um tri dagar, skal Farao retta upp hovudet ditt og hogge det av deg; so skal han hengja deg i eit tre, og fuglarne skal eta kjøtet av deg.»
20 exin dies tertius natalicius Pharaonis erat qui faciens grande convivium pueris suis recordatus est inter epulas magistri pincernarum et pistorum principis
So hende det den tridje dagen - det var årmålsdagen åt Farao - då gjorde han eit gjestebod for alle mennerne sine; og han rette upp hovudet åt skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren imillom mennerne sine.
21 restituitque alterum in locum suum ut porrigeret regi poculum
Han sette skjenkjarmeisteren inn att i embættet hans, so han fekk retta staupet til Farao,
22 alterum suspendit in patibulo ut coniectoris veritas probaretur
og bakarmeisteren hengde han, so som Josef hadde spått deim.
23 et tamen succedentibus prosperis praepositus pincernarum oblitus est interpretis sui
Men skjenkjarmeisteren kom ikkje i hug Josef; han gløymde honom.

< Genesis 40 >