< Esdræ 4 >

1 audierunt autem hostes Iudae et Beniamin quia filii captivitatis aedificarent templum Domino Deo Israhel
Uvenerne til Juda og Benjamin fekk høyra at dei som var komne heim or utlægdi, heldt på å byggja eit tempel åt Herren, Israels Gud.
2 et accedentes ad Zorobabel et ad principes patrum dixerunt eis aedificemus vobiscum quia ita ut vos quaerimus Deum vestrum ecce nos immolamus victimas ex diebus Asoraddan regis Assur qui adduxit nos huc
Då gjekk dei til Zerubbabel og til ættarhovdingarne og sagde: «Lat oss få vera med dykk og byggja; me held oss til dykkar Gud likso vel som de, og til honom hev me ofra alt sidan den tid Asarhaddon var konge i Assyria og førde oss hit.»
3 et dixit eis Zorobabel et Iosue et reliqui principes patrum Israhel non est vobis et nobis ut aedificemus domum Deo nostro sed nos ipsi soli aedificabimus Domino Deo nostro sicut praecepit nobis rex Cyrus rex Persarum
Men Zerubbabel og Jesua og dei andre ættarhovdingarne for Israel sagde til deim: «Det sømer seg ikkje at de skal vera med oss og byggja eit hus åt vår Gud; me vil sjølve hjelpast åt og byggja hus åt Herren, Israels Gud, soleis som Kyrus, persarkongen, hev sagt oss fyre.»
4 factum est igitur ut populus terrae inpediret manus populi Iudae et turbaret eos in aedificando
Folket i landet skræmde då Juda-folket av og gjorde deim huglause, so dei slutta med byggjingi.
5 conduxerunt quoque adversum eos consiliatores ut destruerent consilium eorum omnibus diebus Cyri regis Persarum et usque ad regnum Darii regis Persarum
Dei leigde folk til å leggja meinråder mot deim, og tiltaket vart stogga i all den tid som Kyrus var konge, alt til Darius hadde teke til å styra i Persia.
6 in regno autem Asueri principio regni eius scripserunt accusationem adversum habitatores Iudae et Hierusalem
Då Ahasveros hadde vorte konge, i den fyrste tid han styrde, då skreiv dei brev og klaga på ibuarane i Juda og Jerusalem.
7 et in diebus Artarxersis scripsit Beselam Mitridatis et Tabel et reliqui qui erant in consilio eorum ad Artarxersen regem Persarum epistula autem accusationis scripta erat syriace et legebatur sermone syro
I Artahsastas tid skreiv Bislam og Mitredat og Tabe’el og dei andre embætsbrørne hans til Artahsasta, konge i Persia. Brevet var skrive med syrisk skrift og umsett på syrisk.
8 Reum Beelteem et Samsai scriba scripserunt epistulam unam de Hierusalem Artarxersi regi huiuscemodi
Rådsherren Rehum og skrivaren Simsai skreiv eit brev mot Jerusalem til kong Artahsasta, og innholdet var dette:
9 Reum Beelteem et Samsai scriba et reliqui consiliatores eorum Dinei et Apharsathei Terphalei Apharsei Erchuei Babylonii Susannechei Deaei Aelamitae
Dengong: Rådsherren Rehum og skrivaren Simsai og dei andre embetsbrørne deira, dei frå Dina og Afarsatka, Tarpela og Persia, Erek og Babel, Susan, Deha og Elam
10 et ceteri de gentibus quas transtulit Asennaphar magnus et gloriosus et habitare eas fecit in civitatibus Samariae et in reliquis regionibus trans Flumen in pace
og dei andre folki som den store og velduge Asnappar hadde ført burt og late bu i Samaria-byen og det andre landet på hi sida elvi, og so burtetter.
11 hoc est exemplar epistulae quam miserunt ad eum Artarxersi regi servi tui viri qui sunt trans Fluvium salutem dicunt
Dette er avskrift av det brevet dei sende til kong Artahsasta: «Tenarane dine, mennerne på hi sida elvi og so burtetter.
12 notum sit regi quia Iudaei qui ascenderunt a te ad nos venerunt in Hierusalem civitatem rebellem et pessimam quam aedificant extruentes muros eius et parietes conponentes
Det skal kongen vita at dei jødarne som for ifrå deg og hit til oss, er no komne til Jerusalem, og der held dei på å byggja upp denne vonde uprørsbyen og setja murarne i stand og stella på grunnvollarne.
13 nunc igitur notum sit regi quia si civitas illa aedificata fuerit et muri eius instaurati tributum et vectigal et annuos reditus non dabunt et usque ad reges haec noxa perveniet
No vil me gjera det kunnigt for kongen, at skal denne byen verta uppatt-bygd og murarne fullførde, so vil folket der korkje leggja skattar eller gjeva toll eller vegpengar, og det vil verta til meins for innkomorne åt kongarne.
14 nos ergo memores salis quod in palatio comedimus et quia laesiones regis videre nefas ducimus idcirco misimus et nuntiavimus regi
Sidan no me et salt frå kongsgarden, so sømer det seg ikkje at me skal sjå på den skaden som her vert lagd for kongen, difor sender me brev bod og let kongen vita dette,
15 ut recenseas in libris historiarum patrum tuorum et invenies scriptum in commentariis et scies quoniam urbs illa urbs rebellis est et nocens regibus et provinciis et bella concitant in ea ex diebus antiquis quam ob rem et civitas ipsa destructa est
so det kann verta etterset i sogeboki åt federne dine; der vil du sjå og læra at denne byen hev vore ein upprørsby frå gamalt, til stort mein for kongar og land, og at der hev vore skapt mykje uro; difor er og byen lagd i øyde.
16 nuntiamus nos regi quoniam si civitas illa aedificata fuerit et muri ipsius instaurati possessionem trans Fluvium non habebis
Det let me kongen vita, at vert denne byen bygd upp og murane fullførde, då er det ute med landeigni di på andre sida elvi.»
17 verbum misit rex ad Reum Beelteem et Samsai scribam et ad reliquos qui erant in consilio eorum habitatores Samariae et ceteris trans Fluvium salutem dicens et pacem
Kongen sende brev attende til rådsherren Rehum og skrivaren Simsai og dei andre embætsbrørne deira som budde i Samaria og andre herad på hi sida elvi, og i brevet stod det: «Heil og sæl! og so burtetter.
18 accusationem quam misistis ad nos manifeste lecta est coram me
Det brevet som de sende oss, hev vorte greinleg lese for meg.
19 et a me praeceptum est et recensuerunt inveneruntque quoniam civitas illa a diebus antiquis adversum reges rebellat et seditiones et proelia concitantur in ea
Eg let folk sjå etter, og dei fann ut at den byen alt frå dei eldste tider hev sett seg upp mot kongarne, og at uppreist og uro hev vore der rett som det var.
20 nam et reges fortissimi fuerunt in Hierusalem qui et dominati sunt omni regioni quae trans Fluvium est tributum quoque et vectigal et reditus accipiebant
Velduge kongar hev butt i Jerusalem, og dei rådde yver alt landet på hi sida elvi, og dei tok imot skatt og toll og vegpengar.
21 nunc ergo audite sententiam ut prohibeatis viros illos et urbs illa non aedificetur donec si forte a me iussum fuerit
No lyt de skipa det so at desse folki ikkje fær halda på med arbeidet, og at byen ikkje skal verta uppbygd att, utan det skulde koma løyve frå meg.
22 videte ne neglegenter hoc impleatis et paulatim crescat malum contra reges
Og det lyt sjå vel til at ingenting vert gløymd eller forsømt i denne saki, so skaden ikkje skal verta verre og kongarne lida tap.»
23 itaque exemplum edicti Artarxersis regis lectum est coram Reum et Samsai scriba et consiliariis eorum et abierunt festini in Hierusalem ad Iudaeos et prohibuerunt eos in brachio et robore
So snart som dette brevet frå kong Artahsasta hadde vorte lese for Rehum og skrivaren Simsai og embætsbrørne deira, for dei snøgt til jødarne i Jerusalem og hindra dei med vald og magt.
24 tunc intermissum est opus domus Dei in Hierusalem et non fiebat usque ad annum secundum regni Darii regis Persarum
Då vart det stans med byggjingi på Guds hus i Jerusalem. Det vart ingenting gjort med dette fyrr Darius hadde vorte konge i Persia, det andre året han styrde.

< Esdræ 4 >