< Ii Samuelis 4 >

1 audivit autem filius Saul quod cecidisset Abner in Hebron et dissolutae sunt manus eius omnisque Israhel perturbatus est
Då Saulssonen spurde at Abner var dåen i Hebron, miste han reint modet, og heile Israel vart forstøkt.
2 duo autem viri principes latronum erant filio Saul nomen uni Baana et nomen alteri Rechab filii Remmon Berothitae de filiis Beniamin siquidem et Beroth reputata est in Beniamin
Saulssonen hadde hjå seg tvo herhovdingar for herjeferderne sine. Ba’ana heitte ein, og Rekab heitte hin, sønerne åt Rimmon frå Be’erot, av Benjamins-ætti; for Be’erot vart og rekna med til Benjamin;
3 et fugerunt Berothitae in Getthaim fueruntque ibi advenae usque in tempus illud
folket i Be’erot hadde rømt til Gittajim, og budde sidan der som utlendingar, alt til no.
4 erat autem Ionathan filio Saul filius debilis pedibus quinquennis enim fuit quando venit nuntius de Saul et Ionathan ex Iezrahel tollens itaque eum nutrix sua fugit cumque festinaret ut fugeret cecidit et claudus effectus est habuitque vocabulum Mifiboseth
Jonatan Saulsson hadde ein son som var lamen på båe føterne. Fem år gamall var han då tidendi frå Jizre’el kom um Saul og Jonatan. Barnfostra tok og rømde med honom. Men i hurten og sturten datt han; og so vart han lamen. Mefiboset heitte han.
5 venientes igitur filii Remmon Berothitae Rechab et Baana ingressi sunt fervente die domum Hisboseth qui dormiebat super stratum suum meridie
No gjekk Rekab og Ba’ana, sønerne åt Rimmon frå Be’erot, av stad og kom høgstedags til huset åt Isboset medan han låg og kvilde middag.
6 ingressi sunt autem domum adsumentes spicas tritici et percusserunt eum in inguine Rechab et Baana frater eius et fugerunt
Dei lest henta kveite, kom seg soleis inn i huset, og såra honom i livet. Og so kom dei seg undan både Rekab og Ba’ana, bror hans.
7 cum autem ingressi fuissent domum ille dormiebat super lectulum suum in conclavi et percutientes interfecerunt eum sublatoque capite eius abierunt per viam deserti tota nocte
Det var medan han låg i sengi i kammerset at dei kom inn i huset og gav honom banesår. Dei hogg av hovudet hans, og tok det med seg, gjekk yver heidi heile natti,
8 et adtulerunt caput Hisboseth ad David in Hebron dixeruntque ad regem ecce caput Hisboseth filii Saul inimici tui qui quaerebat animam tuam et dedit Dominus domino meo regi ultiones hodie de Saul et de semine eius
førde hovudet hans Isboset til David i Hebron, og sagde med kongen: «Her er hovudet åt uvenen din, Isboset Saulsson, han som vilde taka livet ditt. Herren hev i dag gjeve deg, herre konge, hemn yver Saul og ætti hans.»
9 respondens autem David Rechab et Baana fratri eius filiis Remmon Berothei dixit ad eos vivit Dominus qui eruit animam meam de omni angustia
David svara Rekab og Ba’ana, bror hans, sønerne åt Rimmon frå Be’erot: «So sant Herren liver som hev frelst meg ut frå all fåre:
10 quoniam eum qui adnuntiaverat mihi et dixerat mortuus est Saul qui putabat se prospera nuntiare tenui et occidi in Siceleg cui oportebat me dare mercedem pro nuntio
den som kom med tidendi: «Saul er dåen!» og meintest koma med fagnadbod til meg, honom let eg gripa og drepa i Siklag, han som eg skulde gjeve løn for fagnadbod.
11 quanto magis nunc cum homines impii interfecerint virum innoxium in domo sua super lectulum suum non quaeram sanguinem eius de manu vestra et auferam vos de terra
Men når nidingar myrder ein rettvis mann i heimen hans, i sengi - kor mykje meir må eg ikkje krevja blodet hans av dykkar hender, og rydja dykk burt frå jordi!»
12 praecepit itaque David pueris et interfecerunt eos praecidentesque manus et pedes eorum suspenderunt eos super piscinam in Hebron caput autem Hisboseth tulerunt et sepelierunt in sepulchro Abner in Hebron
David baud sveinarne sine drepa deim, og hogga av deim hender og føter og hengje deim upp attmed Hebrontjørni. Hovudet hans Isboset tok dei og gravlagde i Abners grav i Hebron.

< Ii Samuelis 4 >