< Ii Paralipomenon 2 >

1 decrevit autem Salomon aedificare domum nomini Domini et palatium sibi
Salomo sette seg fyre at han vilde byggja eit hus for Herrens namn og eit hus for sitt kongedøme.
2 et numeravit septuaginta milia virorum portantium umeris et octoginta milia qui caederent lapides in montibus praepositosque eorum tria milia sescentos
Difor tok han ut sytti tusund berarar og åtteti tusund steinhoggarar på fjelli og tri tusund og seks hundrad til å hava tilsyn med deim.
3 misit quoque ad Hiram regem Tyri dicens sicut egisti cum David patre meo et misisti ei ligna cedrina ut aedificaret sibi domum in qua et habitavit
So sende han dette bodet til Huram, kongen i Tyrus: «Liksom du gjorde med David, far min, då du sende honom cedertre til å byggja seg eit hus som han kunde bu i.
4 sic fac mecum ut aedificem domum nomini Domini Dei mei et consecrem eam ad adolendum incensum coram illo et fumiganda aromata et ad propositionem panum sempiternam et holocaustomata mane et vespere sabbatis quoque et neomeniis et sollemnitatibus Domini Dei nostri in sempiternum quae mandata sunt Israheli
Eg skal no til å byggja eit hus for namnet åt Herren, min Gud, og vil vigja det til honom soleis at ein der kann kveikja finangande røykjelse, leggja fram dei daglege skodebrødi og ofra brennoffer morgon og kveld, på kviledagarne, nymånedagarne og høgtiderne åt Herren vår Gud; for det er skyldnaden åt Israel til æveleg tid.
5 domus autem quam aedificare cupio magna est magnus est enim Deus noster super omnes deos
Det huset som eg vil byggja, skal vera stort; for vår Gud er større enn alle gudar.
6 quis ergo poterit praevalere ut aedificet ei dignam domum si caelum et caeli caelorum capere eum non queunt quantus ego sum ut possim ei aedificare domum sed ad hoc tantum ut adoleatur incensum coram illo
Kven magtast å byggja honom eit hus? For jamvel himlarne og himle-himlarne kann ikkje røma honom. Og kven er eg, at eg skulde byggja honom eit hus, um det ikkje vore for å kveikja offereld for hans åsyn!
7 mitte igitur mihi virum eruditum qui noverit operari in auro et argento aere ferro purpura coccino et hyacintho et qui sciat scalpere celata cum his artificibus quos mecum habeo in Iudaea et in Hierusalem quos praeparavit David pater meus
So send meg då ein kunnig mann som er hag til å arbeida i gull og sylv og kopar og jarn og i purpurraudt og karmesinraudt og purpurblått garn, og som kann med utskurd, saman med dei kunnige folk som eg hev her i Judalandet og Jerusalem, og som far min hev tinga.
8 sed et ligna cedrina mitte mihi et arceuthina et pinea de Libano scio enim quod servi tui noverint caedere ligna de Libano et erunt servi mei cum servis tuis
Og send meg cedertre, cypresstre og algummimtre frå Libanon; for eg veit at folki dine er dugelege til å hogga tre på Libanon; og folki mine skal vera med dine folk.
9 ut parentur mihi ligna plurima domus enim quam cupio aedificare magna est nimis et inclita
Lat meg få mykje trevyrke; for huset som eg vil byggja, skal vera stort og underfullt.
10 praeterea operariis qui caesuri sunt ligna servis tuis dabo in cibaria tritici choros viginti milia et hordei choros totidem olei quoque sata viginti milia
Til upphelde for dei timberhoggarane som høgg trei, og som er dine folk, vil eg gjeva seksti tusund tunnor kveite, seksti tusund tunnor bygg, tjuge tusund anker vin og tjuge tusund anker olje.»
11 dixit autem Hiram rex Tyri per litteras quas miserat Salomoni quia dilexit Dominus populum suum idcirco te regnare fecit super eum
Huram, kongen i Tyrus, svara i eit brev som han sende Salomo: «For di Herren elskar folket sitt, hev han sett deg til konge yver deim.»
12 et addidit dicens benedictus Dominus Deus Israhel qui fecit caelum et terram qui dedit David regi filium sapientem et eruditum et sensatum atque prudentem ut aedificaret domum Domino et palatium sibi
Og Huram sagde framleides: «Lova vere Herren, Israels Gud, som hev skapt himmelen og jordi, han som hev gjeve kong David ein vis son, som hev vit og skyn til å byggja eit hus for Herren og eit hus for sitt kongedøme.
13 misi ergo tibi virum prudentem et scientissimum Hiram patrem meum
No sender eg deg ein vis mann med godt skyn, Huram, far min.
14 filium mulieris de filiabus Dan cuius pater Tyrius fuit qui noverit operari in auro et argento et aere et ferro et marmore et lignis in purpura quoque et hyacintho et bysso et coccino et qui sciat celare omnem scalpturam et adinvenire prudenter quodcumque in opere necessarium est cum artificibus tuis et cum artificibus domini mei David patris tui
Han er son åt ei kvinna av Dans-ætti, men far hans var ein mann frå Tyrus; han er hæv til å arbeida i gull og sylv, i kopar og jarn og stein og tre, i purpurraudt og purpurblått og kvitt og karmesinraudt garn, til å skjera allslag utskurd, og skapa alle dei kunstverk som han fær til fyreloga, saman med kunstnarane dine og kunstnarane åt min herre David, far din.
15 triticum ergo et hordeum et oleum et vinum quae pollicitus es domine mi mitte servis tuis
Difor kann min herre senda trælarne sine kveiten og bygget, oljen og vinen som du hev tala um.
16 nos autem caedemus ligna de Libano quot necessaria habueris et adplicabimus ea ratibus per mare in Ioppe tuum erit transferre ea in Hierusalem
So vil me hogga so mange tre på Libanon som dei hev bruk for, og senda deim på timberflotar yver havet til Jafo; so fær du sjølv henta deim upp til Jerusalem.»
17 numeravit igitur Salomon omnes viros proselytos qui erant in terra Israhel post dinumerationem quam dinumeravit David pater eius et inventi sunt centum quinquaginta milia et tria milia sescenti
Salomo let då rekna upp alle dei framande mennerne som budde i Israels land, etter den teljingi som David, far hans, hadde gjort; og dei kom til at det var hundrad og tri og femti tusund og seks hundrad.
18 fecitque ex eis septuaginta milia qui umeris onera portarent et octoginta milia qui lapides in montibus caederent tria milia autem et sescentos praepositos operum populi
Av deim gjorde han sytti tusund til berarar, åtteti tusund til steinhoggarar på fjelli og tri tusund og seks hundrad til formenner som skulde halda folket i arbeid.

< Ii Paralipomenon 2 >