< Ii Paralipomenon 16 >

1 anno autem tricesimo sexto regni eius ascendit Baasa rex Israhel in Iudam et muro circumdabat Rama ut nullus tute posset egredi et ingredi de regno Asa
I det seks og trettiande styringsåret åt Asa drog kong Baesa i Israel upp imot Juda og bygde ei borg i Rama, av di han ville hindra at nokon drog ut eller inn hjå Asa, kongen i Juda.
2 protulit ergo Asa argentum et aurum de thesauris domus Domini et de thesauris regis misitque ad Benadad regem Syriae qui habitabat in Damasco dicens
Då tok Asa sylv og gull ut or skattkammeri i Herrens hus og i huset åt kongen og sende deim til Benhadad, kongen i Syria, som budde i Damaskus, med dei ordi:
3 foedus inter me et te est pater quoque meus et pater tuus habuere concordiam quam ob rem misi tibi argentum et aurum ut rupto foedere quod habes cum Baasa rege Israhel facias eum a me recedere
«Det er eit samband millom meg og deg, sameleis som millom min far og din far, no sender eg deg sylv og gull. Gjer no vel og brjot sambandet ditt med Israels-kongen Baesa, so han lyt draga burt ifrå meg!»
4 quo conperto Benadad misit principes exercituum suorum ad urbes Israhel qui percusserunt Ahion et Dan et Abelmaim et universas urbes muratas Nepthalim
Benhadad lydde kong Asa og sende herhovdingarne sine mot byarne i Israel, og dei herja Ijon og Dan og Abel-Majim og alle forrådshusi i Naftali-byarne.
5 quod cum audisset Baasa desivit aedificare Rama et intermisit opus suum
Då Baesa høyrde dette, lagde han ned borgbyggjingi i Rama og slutta arbeidet.
6 porro Asa rex adsumpsit universum Iudam et tulerunt lapides Rama et ligna quae aedificationi praeparaverat Baasa aedificavitque ex eis Gabaa et Maspha
Men kong Asa tok heile Juda med seg, og dei førde burt steinarne og trevyrket som Baesa hadde bruka til byggverket i Rama, og han bruka deim til å byggja Geba og Mispa.
7 in tempore illo venit Anani propheta ad Asam regem Iuda et dixit ei quia habuisti fiduciam in rege Syriae et non in Domino Deo tuo idcirco evasit Syriae regis exercitus de manu tua
På den tid kom sjåaren Hanani til Asa, kongen i Juda, og sagde til honom: «For di du studde deg til Syria-kongen og ikkje til Herren, din Gud, hev heren åt Syria-kongen sloppe or henderne dine.
8 nonne Aethiopes et Lybies multo plures erant quadrigis et equitibus et multitudine nimia quos cum Domino credidisses tradidit in manu tua
Var ikkje ætioparne og libyararne ein stor her med ei ovmengd med vogner og hestfolk? Men då du studde deg til Herren, då gav han deim i di magt.
9 oculi enim eius contemplantur universam terram et praebent fortitudinem his qui corde perfecto credunt in eum stulte igitur egisti et propter hoc ex praesenti tempore contra te bella consurgent
For Herrens augo fer utyver all jordi, av di han med kraft vil koma deim til hjelp som hev hjarta sitt heilt med honom. Du hev fare fåvist åt i dette; for heretter kjem du til å hava ufred stødt.»
10 iratusque Asa adversus videntem iussit eum mitti in nervum valde quippe super hoc fuerat indignatus et interfecit de populo in tempore illo plurimos
Då vart Asa harm på sjåaren og kasta honom i fangehuset, so vond var han for dette. På same tid for Asa hardt fram mot andre av folket.
11 opera autem Asa prima et novissima scripta sunt in libro regum Iuda et Israhel
Det som er å fortelja um Asa frå fyrst til sist, er uppskrive i boki um kongarne i Juda og Israel.
12 aegrotavit etiam Asa anno tricesimo nono regni sui dolore pedum vehementissimo et nec in infirmitate sua quaesivit Dominum sed magis in medicorum arte confisus est
I det ni og trettiande styringsåret sitt vart Asa sjuk i føterne, og sjukdomen hans vart svært hard. Men ikkje i sjukdomen sin heller søkte han Herren, men lækjarane.
13 dormivitque cum patribus suis et mortuus est anno quadragesimo primo regni sui
Og Asa lagde seg til kvile hjå federne sine og døydde i det eitt og fyrtiande styringsåret sitt.
14 et sepelierunt eum in sepulchro suo quod foderat sibi in civitate David posueruntque eum super lectulum suum plenum aromatibus et unguentis meretriciis quae erant pigmentariorum arte confecta et conbuserunt super eum ambitione nimia
Dei gravlagde honom i gravi hans, som han hadde late hogga ut i Davidsbyen, og lagde honom på ei lega som dei hadde fyllt med kryddor av ymse slag som var tillaga i salveblanding, og dei kveikte eit ovlagt bål for honom.

< Ii Paralipomenon 16 >