< Canticum Canticorum 2 >

1 Ego flos campi, et lilium convallium.
«Ein engblom frå Saron er eg, ei lilja frå dalom.»
2 Sicut lilium inter spinas, sic amica mea inter filias.
«Ja, som ei lilja i klunger-holt millom møyar min hugnad er.»
3 Sicut malus inter ligna silvarum, sic dilectus meus inter filios. Sub umbra illius quem desideraveram, sedi: et fructus eius dulcis gutturi meo.
«Liksom ein apall, i skogen stend er venen min millom sveinar. Eg sitje so ljuvt i skuggen hans, og søt er frukti i munn.
4 Introduxit me in cellam vinariam, ordinavit in me charitatem.
Inn i vinhuset hev han meg ført, og hans merke yver meg det er kjærleik.
5 Fulcite me floribus, stipate me malis: quia amore langueo.
Å, styrk meg med druvekakor, med eple meg kveik! For eg er sjuk av kjærleik.
6 Laeva eius sub capite meo, et dextera illius amplexabitur me.
Hans vinstre hand er under mitt hovud, med den høgre femner han meg.
7 Adiuro vos filiae Ierusalem per capreas, cervosque camporum, ne suscitetis, neque evigilare faciatis dilectam, quoadusque ipsa velit.
Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, ved gasellor og hindar i skog, at ikkje de vekkje eller eggje kjærleik, fyrr sjølv han so vil!»
8 Vox dilecti mei, ecce iste venit saliens in montibus, transiliens colles:
«Høyr! Min ven! Sjå der, han kjem! Yver fjelli, sjå, han sprett, yver haugarne han renn.
9 similis est dilectus meus capreae, hinnuloque cervorum. en ipse stat post parietem nostrum respiciens per fenestras, prospiciens per cancellos.
Min ven ei gasella er lik eller som ungan hjort. Sjå der! No han stend attum vår vegg. Gjenom glyttom ser han inn.
10 En dilectus meus loquitur mihi: Surge, propera amica mea, columba mea, formosa mea, et veni.
Han tek til min ven å tala til meg: «Du, min hugnad, statt upp, du, mi fagre, kom ut!
11 Iam enim hiems transiit, imber abiit, et recessit.
For sjå, no er vinteren slutt, regnet hev kvorve burt.
12 Flores apparuerunt in terra nostra, tempus putationis advenit: vox turturis audita est in terra nostra:
Du ser blomarne sprett utpå voll. D’er det bilet dei vintrei skjer, og turtelduva ho syng i vårt land.
13 ficus protulit grossos suos: vineae florentes dederunt odorem suum. Surge, propera amica mea, speciosa mea, et veni:
Fiketreet skyt frukt, vintrei stend alt i blom med angande dåm, du, min hugnad, statt upp, du, mi fagre, kom!
14 columba mea in foraminibus petrae, in caverna maceriae, ostende mihi faciem tuam, sonet vox tua in auribus meis: vox enim tua dulcis, et facies tua decora.
Du, mi duva, i bergeskard, som i fjellveggen sit, lat ditt andlit meg sjå, lat meg høyra ditt mål, for ditt mål er so ljuvt, og ditt andlit so vænt.»
15 Capite nobis vulpes parvulas, quae demoliuntur vineas: nam vinea nostra floruit.
«Fare av og revarne slå, dei revarne små, som i hagom mun gå, for hagarne no, dei tek til å gro.»
16 Dilectus meus mihi, et ego illi, qui pascitur inter lilia
Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter millom liljor.»
17 donec aspiret dies, et inclinentur umbrae. Revertere: similis esto, dilecte mi, capreae, hinnuloque cervorum super montes Bethel.
«Skrid du, min ven, til dagen vert sval, og skuggarne flyr, ei gasella lik eller ungan hjort uppi skardefjellom.»

< Canticum Canticorum 2 >