< Liber Numeri 10 >

1 Locutusque est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
2 Fac tibi duas tubas argenteas ductiles, quibus convocare possis multitudinem quando movenda sunt castra.
«Gjer deg tvo lurar av drive sylv! Deim skal du hava til å kalla lyden i hop med, og til å varsla folket når lægret skal flytjast.
3 Cumque increpueris tubis, congregabitur ad te omnis turba ad ostium tabernaculi foederis.
Blæs de i båe, so skal heile lyden samla seg hjå deg framanfor møtetjelddøri;
4 Si semel clangueris, venient ad te principes, et capita multitudinis Israel.
blæs de berre i ein, so skal styresmennerne, hovdingarne yver Israels-ætterne, samla seg hjå deg.
5 Si autem prolixior atque concisus clangor increpuerit, movebunt castra primi qui sunt ad orientalem plagam.
Blæs de alarm, so skal dei flokkarne fara i veg som hev lægret sitt i aust;
6 In secundo autem sonitu et pari ululatu tubae, levabunt tentoria qui habitant ad meridiem. et iuxta hunc modum reliqui facient, ululantibus tubis in profectionem.
blæs de alarm andre venda, so skal dei som ligg i sud taka ut. Alarm skal de blåsa kvar gong de bryt upp frå lægret;
7 Quando autem congregandus est populus, simplex tubarum clangor erit, et non concise ululabunt.
men når du vil kalla folket i hop til ålmannamøte, skal de låta lint i lurarne, og ikkje blåsa alarm.
8 Filii autem Aaron sacerdotis clangent tubis: eritque hoc legitimum sempiternum in generationibus vestris.
Arons-sønerne, prestarne, er det som skal blåsa i deim. Dette skal vera ei æveleg lov hjå dykk, frå ætt til ætt.
9 Si exieritis ad bellum de terra vestra contra hostes qui dimicant adversum vos, clangetis ululantibus tubis, et erit recordatio vestri coram Domino Deo vestro, ut eruamini de manibus inimicorum vestrorum.
Og når de fær ufred i landet, og fienden bryt på dykk, so skal de blåsa sterkt i lurarne; då skal Herren, dykkar Gud, koma dykk i hug, so de vert berga for uvenerne.
10 Si quando habebitis epulum, et dies festos, et calendas, canetis tubis super holocaustis, et pacificis victimis, ut sint vobis in recordationem Dei vestri. ego Dominus Deus vester.
Og på glededagarne dykkar og høgtiderne og nymånedagarne skal de låta i lurarne til brennofferi og takkofferi dykkar, so det kann minna dykkar Gud um dykk. Eg, Herren, er dykkar Gud.»
11 Anno secundo, mense secundo, vigesima die mensis elevata est nubes de tabernaculo foederis:
Tjugande dagen i andre månaden i det andre året lyfte skyi seg upp ifrå gudshuset,
12 profectique sunt filii Israel per turmas suas de deserto Sinai, et recubuit nubes in solitudine Pharan.
Då tok Israels-sønerne ut frå Sinaiheidi, flokk for flokk, etter som dei var fylkte; og skyi let seg ned att i Paranheidi.
13 Moveruntque castra primi iuxta imperium Domini per manum Moysi.
Dette var fyrste gongen dei braut lægret, og det var etter Herrens bod, som Moses hadde kunngjort for deim.
14 Filii Iuda per turmas suas: quorum princeps erat Nahasson filius Aminadab.
Fyrst tok Juda-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Nahson, son åt Amminadab, som stod yver Juda-flokken;
15 In tribu filiorum Issachar fuit princeps Nathanael filius Suar.
yver Issakars-flokken stod Netanel, son åt Suar,
16 In tribu Zabulon erat princeps Eliab filius Helon.
og yver Sebulons-flokken Eliab, son åt Helon.
17 Depositumque est tabernaculum, quod portantes egressi sunt filii Gerson et Merari.
Kvar gong gudshuset var teke ned, for Gersons-sønerne og Merari-sønerne i veg, dei som førde huset.
18 Profectique sunt et filii Ruben, per turmas et ordinem suum: quorum princeps erat Helisur filius Sedeur.
So tok Rubens-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisur, son åt Sede’ur, som stod yver Rubens-flokken;
19 In tribu autem filiorum Simeon, princeps fuit Salamiel filius Surisaddai.
yver Simeons-flokken stod Selumiel, son åt Surisaddai,
20 Porro in tribu Gad erat princeps Eliasaph filius Duel.
og yver Gads-flokken Eljasaf, son åt Re’uel.
21 Profectique sunt et Caathitae portantes Sanctuarium. Tamdiu tabernaculum portabatur, donec venirent ad erectionis locum.
So tok Kahats-sønerne i veg, dei som bar dei høgheilage tingi, og fyrr dei kom fram, hadde dei hine reist huset.
22 Moverunt castra et filii Ephraim per turmas suas, in quorum exercitu princeps erat Elisama filius Ammiud.
So tok Efraims-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisama, son åt Ammihud, som stod yver Efraims-flokken;
23 In tribu autem filiorum Manasse princeps fuit Gamaliel filius Phadasseur.
yver Manasse-flokken stod Gamliel, son åt Pedasur,
24 et in tribu Beniamin erat dux Abidan filius Gedeonis.
og yver Benjamins-flokken Abidan, son åt Gideoni.
25 Novissimi castrorum omnium profecti sunt filii Dan per turmas suas, in quorum exercitu princeps fuit Ahiezer filius Ammisaddai.
So tok Dans-heren ut med fana si, flokk i flokk: Dei var attarst i fylkingi. Det var Ahiezer, son åt Ammisaddai, som stod yver Dans-flokken;
26 In tribu autem filiorum Aser erat princeps Phegiel filius Ochran.
yver Assers-flokken stod Pagiel, son åt Okran,
27 Et in tribu filiorum Nephthali princeps fuit Ahira filius Enan.
og yver Naftali-flokken Ahira, son åt Enan.
28 Haec sunt castra, et profectiones filiorum Israel per turmas suas quando egrediebantur.
Soleis var Israels-sønerne fylkte når dei for i veg, herflokk etter herflokk. Då dei skulde taka ut,
29 Dixitque Moyses Hobab filio Raguel Madianitae, cognato suo: Proficiscimur ad locum, quem Dominus daturus est nobis: veni nobiscum, ut benefaciamus tibi: quia Dominus bona promisit Israeli.
sagde Moses til Hobab, son åt Re’uel frå Midjan, verfar hans Moses: «No tek me på vegen til det landet som Herren hev sagt han vil gjeva oss. Kom og ver med oss, so skal me gjera vel mot deg; for Herren hev lova Israel mykje godt.»
30 Cui ille respondit: Non vadam tecum, sed revertar in terram meam, in qua natus sum.
«Nei, » svara Hobab, «eg vil fara heim til mitt eige land og folk.»
31 Et ille: Noli, inquit, nos relinquere: tu enim nosti in quibus locis per desertum castra ponere debeamus, et eris ductor noster.
«Kjære væne, gakk ikkje frå oss!» sagde Moses. «Du veit best kvar me kann setja læger i øydemarki; du lyt vera auga vårt!
32 Cumque nobiscum veneris, quidquid optimum fuerit ex opibus, quas nobis traditurus est Dominus, dabimus tibi.
Gjeng du med oss, so skal me gjeva deg mykje godt, når me fær alt det gode som Herren vil gjeva oss.»
33 Profecti sunt ergo de Monte Domini viam trium dierum, arcaque foederis Domini praecedebat eos, per dies tres providens castrorum locum.
So for dei då frå Gudsfjellet tri dagsleider fram, og Herrens sambandskista for fyre deim alle tri dagarne, og leita etter ein kvilestad for deim.
34 Nubes quoque Domini super eos erat per diem cum incederent.
Herrens sky stod yver deim um dagen, når dei for ifrå lægret.
35 Cumque elevaretur arca, dicebat Moyses: Surge Domine, et dissipentur inimici tui, et fugiant qui oderunt te, a facie tua.
Og kvar gong kista tok i veg, kvad Moses: «Reis deg, Herre, so fienden ryk og uvenern’ dine rømer for deg!»
36 Cum autem deponeretur, aiebat: Revertere Domine, ad multitudinem exercitus Israel.
Og når ho let seg ned, kvad han: «Herre, kom atter til alle dei tusund Israels-ætter!»

< Liber Numeri 10 >