< Nehemiæ 13 >

1 In die autem illo lectum est in volumine Moysi audiente populo: et inventum est scriptum in eo, quod non debeant introire Ammonites et Moabites in ecclesiam Dei usque in aeternum:
På den tidi las dei upp for folket or Moseboki, og dei fann det skrive der at ingen ammonit eller moabit nokon sinn måtte vera med i Guds lyd,
2 eo quod non occurrerint filiis Israel cum pane et aqua: et conduxerint adversum eos Balaam, ad maledicendum eis: et convertit Deus noster maledictionem in benedictionem.
for di dei ikkje hadde kome imot Israels-borni med brød og vatn, og for di dei hadde leigt imot deim Bileam til å lysa våbøn yver deim; endå vår Gud vende våbøni um til velsigning.
3 Factum est autem, cum audissent legem, separaverunt omnem alienigenam ab Israel.
Då dei høyrde lovi, skilde dei ut frå Israel allslag framandfolk.
4 Et super hoc erat Eliasib sacerdos, qui fuerat praepositus in gazophylacio domus Dei nostri, et proximus Tobiae.
Men fyrr dette hende, hadde presten Eljasib, som stod i skyldskap til Tobia, fenge tilsynet med kovarne i Guds hus.
5 Fecit ergo sibi gazophylacium grande, et ibi erant ante eum reponentes munera, et thus, et vasa, et decimam frumenti, vini, et olei, partes Levitarum, et cantorum, et ianitorum, et primitias sacerdotales.
Og han hadde innreidt ein stor kove åt honom der dei fyrr hadde gøymt grjonofferet, røykjelsen, kjeraldi, tiendi, korn, druvesaft og olje, dei lovheimla avgifterne til levitarne og songarane og portvaktarane, og prestereidorne.
6 In omnibus autem his non fui in Ierusalem, quia anno trigesimo secundo Artaxerxis regis Babylonis veni ad regem, et in fine dierum rogavi regem.
Då alt dette gjekk fyre seg, var ikkje eg i Jerusalem; i det tvo og trettiande styringsåret åt Babel-kongen Artahsasta var eg attkomen til kongen. Men då ei tid var lidi, bad eg kongen um heimlov.
7 Et veni in Ierusalem, et intellexi malum, quod fecerat Eliasib Tobiae ut faceret ei thesaurum in vestibulis domus Dei.
Då eg so kom til Jerusalem, gådde eg det vonde Eljasib hadde gjort, med å reida inn åt Tobia ein kove i tuni ved Guds hus.
8 Et malum mihi visum est valde. Et proieci vasa domus Tobiae foras de gazophylacio:
Eg tykte fælt ille um det, og eg kasta ut or koven all husbunaden hans Tobia.
9 praecepique et emundaverunt gazophylacium: et retuli ibi vasa domus Dei, sacrificium, et thus.
Eg baud at dei skulde reinsa kovarne. Og so fekk eg inn att gognerne til Guds hus, grjonofferet og røykjelsen.
10 Et cognovi quod partes Levitarum non fuissent datae: et fugisset unusquisque in regionem suam de Levitis, et cantoribus, et de his, qui ministrabant:
Framleides fekk eg greida på at levitarne ikkje fekk avgifterne sine, og at difor levitarne og songarane hadde flutt ut på landet til kvar sin eigedom, i staden for å gjera tempeltenesta.
11 et egi causam adversus magistratus, et dixi: Quare dereliquimus domum Dei? Et congregavi eos, et feci stare in stationibus suis.
Då skjemde eg på formennerne og sagde: «Kvifor hev Guds hus vorte gløymt?» Eg stemnde deim saman og sette deim inn att kvar på sin stad.
12 Et omnis Iuda apportabat decimam frumenti, vini, et olei in horrea.
Og heile Juda førde fram til upplagsromi tiendi av korn og druvesaft og olje.
13 Et constituimus super horrea Selemiam Sacerdotem, et Sadoc scribam, et Phadaiam de Levitis, et iuxta eos Hanan filium Zachur, filium Mathaniae: quoniam fideles comprobati sunt, et ipsis creditae sunt partes fratrum suorum.
Tilsynet med upplagsromi gav eg til presten Selemja og den skriftlærde Sadok og ein levit, Pedaja; til hjelpesmann gav eg deim Hanan, son åt Zakkur Mattanjason; for dei vart haldne for pålitande. Til deim låg det no å skifta ut til brørne sine.
14 Memento mei Deus meus pro hoc, et ne deleas miserationes meas, quas feci in domo Dei mei, et in ceremoniis eius.
Kom meg i hug for dette, min Gud, og lat ikkje dei kjærleiksgjerningar verta gløymde som eg hev gjort for min Guds hus og tenesta der!
15 In diebus illis vidi in Iuda calcantes torcularia in sabbato, portantes acervos, et onerantes super asinos vinum, et uvas, et ficus, et omne onus, et inferentes in Ierusalem die sabbati. Et contestatus sum ut in die qua vendere liceret, venderent.
Samstundes såg eg i Juda kor dei trødde vinpersa um kviledagen, kor dei bar heim kornbandi og klyvja deim på asni, like eins vin, druvor, fikor og allslags varor, og førde til Jerusalem um kviledagen. Eg vara deim åt den dagen dei selde desse matvaror.
16 Et Tyrii habitaverunt in ea inferentes pisces, et omnia venalia: et vendebant in sabbatis filiis Iuda in Ierusalem:
Tyrus-folk som hadde busett seg der, kom ogso med fisk og allslag varor og selde til jødarne um kviledagen, og det i Jerusalem.
17 et obiurgavi optimates Iuda, et dixi eis: Quae est haec res mala, quam vos facitis et profanatis diem Sabbati?
Då skjemde eg på adelsmennerne i Juda, og sagde til deim: «Korleis kann de fara so ille og vanhelga kviledagen?
18 Numquid non haec fecerunt patres nostri, et adduxit Deus noster super nos omne malum hoc, et super civitatem hanc? Et vos additis iracundiam super Israel violando Sabbatum.
Var det ikkje av di federne dykkar for åt like eins, at vår Gud førde all denne ulukka yver oss og yver denne byen? Og no aukar de endå meir harmen hans mot Israel, med å vanhelga kviledagen!»
19 Factum est autem, cum quievissent portae Ierusalem in die Sabbati, dixi: et clauserunt ianuas, et praecepi ut non aperirent eas usque post Sabbatum: et de pueris meis constitui super portas, ut nullus inferret onus in die Sabbati.
So snart det tok til å myrkna i portarne i Jerusalem fyre kviledagen, gav eg bod um å læsa portarne, og ikkje opna deim att fyrr kviledagen var liden. Eg sette nokre av drengjerne mine på vakt ved portarne, so ingen skulde føra inn nokor byrd um kviledagen.
20 Et manserunt negotiatores, et vendentes universa venalia foris Ierusalem semel et bis.
Kjøpmenner og handlarar med allslags torgvaror natta utanfor Jerusalem både ein og tvo gonger.
21 Et contestatus sum eos, et dixi eis: Quare manetis ex adverso muri? si secundo hoc feceritis, manum mittam in vos. Itaque ex tempore illo non venerunt in Sabbato.
Men eg vara deim åt og sagde: «Kva skal det vera til at de nattar utanfor muren? Gjer de det ein gong til, so skal de få kjenna neven min.» Frå den tidi kom dei ikkje meir um kviledagen.
22 Dixi quoque Levitis ut mundarentur, et venirent ad custodiendas portas, et sanctificandam diem Sabbati: et pro hoc ergo memento mei Deus meus, et parce mihi secundum multitudinem miserationum tuarum.
Eg baud levitarne reinsa seg og so koma og halda vakt ved portarne, so kviledagen kunde haldast heilag. Ogso for dette må du koma meg i hug, min Gud, og miskunna meg etter din store nåde.
23 Sed et in diebus illis vidi Iudaeos ducentes uxores Azotidas, Ammonitidas, et Moabitidas.
Samstundes såg eg kor jødarne hadde gift seg med asdoditiske, ammonitiske og moabitiske kvinnor.
24 Et filii eorum ex media parte loquebantur Azotice, et nesciebant loqui Iudaice, et loquebantur iuxta linguam populi, et populi.
Helvti av borni deira tala Asdod-mål eller tungemålet til dei andre folki, og kunde ikkje tala jødisk.
25 Et obiurgavi eos, et maledixi. Et cecidi ex eis viros, et decalvavi eos, et adiuravi in Deo, ut non darent filias suas filiis eorum, et non acciperent de filiabus eorum filiis suis, et sibimetipsis, dicens:
Eg skjemde på deim og banna deim, ja, eg slog og lugga sume av deim. Og eg tok deim i eid ved Gud og sagde: «Ikkje må det gifta døtterne dykkar med sønerne deira og ikkje taka døtterne deira til konor åt sønerne dykkar eller åt dykk sjølve.
26 Numquid non in huiuscemodi re peccavit Salomon rex Israel? et certe in gentibus multis non erat rex similis ei, et dilectus Deo suo erat, et posuit eum Deus regem super omnem Israel: et ipsum ergo duxerunt ad peccatum mulieres alienigenae.
Var det ikkje for deira skuld at Salomo, Israels konge, synda? Det fanst ikkje makan til konge millom dei mange folki. Hans Gud elska honom, og Gud sette honom til konge yver heile Israel. Jamvel honom fekk dei framande kvinnorne til å synda.
27 Numquid et nos inobedientes faciemus omne malum grande hoc ut praevaricemur in Deo nostro, et ducamus uxores peregrinas?
Skal det verkeleg verta spurt at de hev gjort all denne store vondskap og vore utrue mot vår Gud og gift dykk med framande kvinnor?»
28 De filiis autem Ioiada filii Eliasib sacerdotis magni, gener erat Sanaballat Horonites, quem fugavi a me.
Ein av sønerne åt Jojada, son åt øvstepresten Eljasib, var mågen åt horoniten Sanballat; honom jaga eg burt frå meg.
29 Recordare Domine Deus meus adversum eos, qui polluunt sacerdotium, iusque Sacerdotale et Leviticum.
Kom deim i hug, min Gud, for di dei hev sulka til prestedømet og pakti um prestarne og levitarne!
30 Igitur mundavi eos ab omnibus alienigenis, et constitui ordines Sacerdotum et Levitarum, unumquemque in ministerio suo:
Soleis reinsa eg deim for alt framandt. Eg fastsette tenestorne for prestarne og levitarne, det kvar skulde ha umsut med i sitt arbeid,
31 et in oblatione lignorum in temporibus constitutis, et in primitivis: memento mei Deus meus in bonum. Amen.
og korleis det skulde vera med vedofferet til visse tider og med fyrstegrøda. Kom meg i hug for dette, min Gud, og rekna meg det til godes!

< Nehemiæ 13 >