< Leviticus 5 >

1 Si peccaverit anima, et audierit vocem iurantis, testisque fuerit quod aut ipse vidit, aut conscius est: nisi indicaverit, portabit iniquitatem suam.
Når nokon høyrer ei våbøn som vert lyst yver ein brotsmann, og han hev set eller veit noko so han kunde vitna mot honom, men like vel ikkje segjer ifrå, og soleis syndar og fører skuld yver seg,
2 Anima, quae tetigerit aliquid immundum, sive quod occisum a bestia est, aut per se mortuum, aut quodlibet aliud reptile: et oblita fuerit immunditiae suae, rea est, et deliquit:
eller nokon, seg uvitande, kjem innåt noko ureint, anten det er etslet av eit ureint villdyr eller av eit ureint krøter eller av eit ureint krek, og soleis sjølv vert urein og fører skuld yver seg,
3 et si tetigerit quidquam de immunditia hominis iuxta omnem impuritatem, qua pollui solet, oblitaque cognoverit postea, subiacebit delicto.
eller når han kjem nær noko ureint av folk, kva det so er for ureinska som er på deim, og han ikkje veit av det, men sidan fær vita det og ser at han hev ført skuld yver seg,
4 Anima, quae iuraverit, et protulerit labiis suis ut vel male quid faceret, vel bene, et idipsum iuramento et sermone firmaverit, oblitaque postea intellexerit delictum suum,
eller når nokon sver tankelaust burt i veret at han vil gjera eitt eller anna, slikt som folk kann koma til å sverja på i tankeløysa, og han ikkje håttar det, men sidan vert vis med at han hev ført skuld yver seg med eitkvart sovore,
5 agat poenitentiam pro peccato,
so skal den som soleis hev ført skuld yver seg standa til kva han hev synda i,
6 et offerat de gregibus agnam sive capram, orabitque pro ea sacerdos et pro peccato eius:
og til bot for den syndi han hev gjort, skal han koma til Herren med eit syndoffer - det skal vera eit småkrøter av hoslaget, søya eller geit - og presten skal bera fram soningsoffer for honom og gjer honom rein for syndi.
7 sin autem non potuerit offerre pecus, offerat duos turtures, vel duos pullos columbarum Domino, unum pro peccato, et alterum in holocaustum,
Hev han ikkje råd til eit småkrøter, so skal han til bot for den syndi han hev gjort bera fram for Herren tvo turtelduvor eller tvo duveungar, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer.
8 dabitque eos sacerdoti: qui primum offerens pro peccato, retorquebit caput eius ad pennulas, ita ut collo adhaereat, et non penitus abrumpatur.
Han skal koma til presten med deim, og presten skal fyrst bera fram den duva som skal vera til syndoffer. Han skal vrida um hovudet på henne tett uppmed nakken, men ikkje skilja det frå bulen.
9 Et asperget de sanguine eius parietem altaris. quidquid autem reliquum fuerit, faciet distillare ad fundamentum eius, quia pro peccato est.
So skal han skvetta noko av syndofferblodet på altarveggen, og det som er att av blodet, skal kreistast ut so det renn ned innmed altarfoten. Då er det eit rett syndoffer.
10 Alterum vero adolebit in holocaustum, ut fieri solet: rogabitque pro eo sacerdos et pro peccato eius, et dimittetur ei.
Av den andre duva skal han laga til eit brennoffer, på rette gjerdi. Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for den syndi han hev gjort, so skal han få tilgjeving.
11 Quod si non quiverit manus eius duos offerre turtures, aut duos pullos columbarum, offeret pro peccato suo similae partem ephi decimam. non mittet in eam oleum, nec turis aliquid imponet, quia pro peccato est.
Hev han ikkje råd til tvo turtelduvor eller tvo duveungar, so skal han til bot for di han hev synda koma med ei kanna fint mjøl; det skal vera syndofferet hans. Han skal ikkje hava olje på det, og ikkje leggja røykjelse attmed; for det er eit syndoffer.
12 tradetque eam sacerdoti: qui plenum ex ea pugillum hauriens, cremabit super altare in monimentum eius qui obtulerit,
Til presten skal han koma med det, og presten skal taka ein neve av mjølet og brenna på altaret, saman med offerretterne åt Herren, då er det eit rett syndoffer.
13 rogans pro illo et expians, reliquam vero partem ipse habebit in munere.
Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for den syndi han på den eine eller den andre måten hev gjort, so skal han få tilgjeving. Dette offeret skal høyra presten til på same vis som grjonofferet.»»
14 Locutusque est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
15 Anima si praevaricans ceremonias, per errorem in his, quae Domino sunt sanctificata, peccaverit, offeret pro delicto suo arietem immaculatum de gregibus, qui emi potest duobus siclis, iuxta pondus Sanctuarii:
«Er det nokon som uviljande eignar til seg noko av det som er vigt åt Herren, og soleis vert saka i svik, so skal han til bot for si skuld koma til Herren med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er verd minst tvo sylvdalar i heilag mynt; det skal vera skuldofferet hans.
16 ipsumque quod intulit damni restituet, et quintam partem ponet supra, tradens sacerdoti, qui rogabit pro eo offerens arietem, et dimittetur ei.
Det han med urett hev eigna til seg av dei vigde gåvorne, skal han gjeva att, og attåt leggja femteparten av verdet. Han skal gjeva det til presten, og når presten hev ofra skuldofferveren til soning for honom, skal han få tilgjeving.
17 Anima si peccaverit per ignorantiam, feceritque unum ex his quae Domini lege prohibentur, et peccati rea intellexerit iniquitatem suam,
Når nokon syndar og gjer noko av det som Herren hev forbode å gjera, og han ikkje veit av det, men skynar at han hev fare i mist og ført skuld yver seg,
18 offeret arietem immaculatum de gregibus sacerdoti, iuxta mensuram, aestimationemque peccati: qui orabit pro eo, quia nesciens fecerit: et dimittetur ei,
so skal han til bot for si skuld koma til presten med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er eit fullgodt offer; og presten skal bera fram soningsoffer for den misgjerdi han hev gjort og ikkje visste av, og då skal han få tilgjeving.
19 quia per errorem deliquit in Dominum.
Dette er eit skuldoffer; for det var visst at han bar på ei skuld imot Herren.»

< Leviticus 5 >