< Isaiæ 52 >

1 Consurge, consurge, induere fortitudine tua Sion, induere vestimentis gloriae tuae Ierusalem civitas sancti: quia non adiiciet ultra ut pertranseat per te incircumcisus et immundus.
Vakna, vakna! klæd deg i di kraft, du Sion! Klæd deg i ditt høgtidsskrud, Jerusalem, du heilage by! For aldri meir skal det koma i deg ein u-umskoren eller urein.
2 Excutere de pulvere, consurge; sede Ierusalem: solve vincula colli tui captiva filia Sion.
Rist av deg dusti og reis deg, og kom deg til sætes, Jerusalem! Løys deg frå lekkjorne um din hals, du fanga Sions-dotter!
3 Quia haec dicit Dominus: Gratis venundati estis, et sine argento redimemini.
For so segjer Herren: For inkje vart de selde, og utan pengar skal de verta utløyste.
4 Quia haec dicit Dominus Deus: In Aegyptum descendit populus meus in principio ut colonus esset ibi: et Assur absque ulla causa calumniatus est eum.
For so segjer Herren, Herren: Fyrr drog folket mitt ned til Egyptarland og vilde vera gjester der, og Assur var hard imot det utan grunn.
5 Et nunc quid mihi est hic, dicit Dominus, quoniam ablatus est populus meus gratis? Dominatores eius inique agunt, dicit Dominus, et iugiter tota die nomen meum blasphematur.
Og no, kva skal eg vel gjera her? segjer Herren, då folket mitt er burtrive for inkje, valdsherrarne uler, segjer Herren, og alltid, heile dagen, vert namnet mitt spotta.
6 Propter hoc sciet populus meus nomen meum in die illa: quia ego ipse qui loquebar, ecce adsum.
Difor skal folket mitt læra å kjenna namnet mitt; difor skal de merka den dagen at det er eg som taler: ja, her er eg.
7 Quam pulchri super montes pedes annunciantis et praedicantis pacem: annunciantis bonum, praedicantis salutem, dicentis Sion: Regnabit Deus tuus!
Kor fagre er på fjelli hans føter som ber gledebod, som forkynner fred, som ber godt bod, som forkynner frelsa, som segjer til Sion: «Din Gud er no konge!»
8 Vox speculatorum tuorum: levaverunt vocem, simul laudabunt: quia oculo ad oculum videbunt cum converterit Dominus Sion.
Høyr, dine vaktmenn ropar! Dei jublar alle i hop. For dei ser med eigne augo at Herren kjem heim att til Sion.
9 Gaudete, et laudate simul deserta Ierusalem: quia consolatus est Dominus populum suum, redemit Ierusalem.
Set alle i med jubelrop, de grushaugar i Jerusalem! For Herren trøystar sitt folk, løyser ut Jerusalem.
10 Paravit Dominus brachium sanctum suum in oculis omnium Gentium: et videbunt omnes fines terrae salutare Dei nostri.
Herren syner sin heilage arm for augo på alle folk, og alle utbygder på jordi ser frelsa frå vår Gud.
11 Recedite, recedite, exite inde, pollutum nolite tangere: exite de medio eius, mundamini qui fertis vasa Domini.
Burt, burt, drag ut derifrå! Ikkje rør noko ureint! Drag ut derifrå og reinsa dykk, de som ber Herrens kjerald!
12 Quoniam non in tumultu exibitis, nec in fuga properabitis: praecedet enim vos Dominus, et congregabit vos Deus Israel.
For de skal ikkje fara hovudstup, ikkje heller renna i flog. For Herren gjeng fyre dykk, og Israels Gud fer sist i ferdi.
13 Ecce intelliget servus meus, exaltabitur, et elevabitur, et sublimis erit valde.
Sjå, vist ber min tenar seg åt, han stig og veks, vert umåteleg stor.
14 Sicut obstupuerunt super te multi, sic inglorius erit inter viros aspectus eius, et forma eius inter filios hominum.
Som dei fælte av deg mange - so umenneskjeleg skamførd såg han ut og ei som mannsborn hans skapnad var -
15 Iste asperget gentes multas, super ipsum continebunt reges os suum: quia quibus non est narratum de eo, viderunt: et qui non audierunt, contemplati sunt.
so fær han mange folkeslag til å furda, yver honom skal kongar tagna; for dei ser det som ei var fortalt deim, og dei ansar på det som dei aldri hev høyrt.

< Isaiæ 52 >