< Osee Propheta 13 >

1 Loquente Ephraim, horror invasit Israel, et deliquit in Baal, et mortuus est.
Når Efraim tala, vart dei fælne. Høg var han i Israel. Men han vart saka med Ba’al og døydde.
2 Et nunc addiderunt ad peccandum: feceruntque sibi conflatile de argento suo quasi similitudinem idolorum, factura artificum totum est: his ipsi dicunt: Immolate homines vitulos adorantes.
Og no held dei på med si synd. Og dei gjer seg støypte bilæte av sylvet sitt, avgudar etter sitt eige vit, handverksarbeid alt saman. Til slike talar dei. Menneskjeslagtarar kysser kalvar.
3 Idcirco erunt quasi nubes matutina, et sicut ros matutinus praeteriens, sicut pulvis turbine raptus ex area, et sicut fumus de fumario.
Difor skal dei verta som morgonskyi, som doggi som tidleg kverv, liksom agner som vinden fyk burt ifrå treskjarstaden, og liksom røyk or ein ljore.
4 Ego autem Dominus Deus tuus ex Terra Aegypti: et Deum absque me nescies, et salvator non est praeter me.
Men eg er Herren, din Gud, alt frå Egyptarland. Nokon annan Gud enn meg veit du ikkje av. Og nokon annan frelsar enn eg finst ikkje.
5 Ego cognovi te in deserto, in terra solitudinis.
Det var eg som kjendest ved deg i øydemarki, i det turre landet.
6 Iuxta pascua sua adimpleti sunt, et saturati sunt: levaverunt cor suum, et obliti sunt mei.
Etter som beitet deira var, vart dei mette. Då dei var mette, vart dei høge i sin hug. Difor gløymde dei meg.
7 Et ego ero eis quasi leaena, sicut pardus in via Assyriorum.
Då vart eg deim liksom ei løva. Som ein pantar lurer eg innmed vegen.
8 Occurram eis quasi ursa raptis catulis, et dirumpam interiora iecoris eorum: et consumam eos ibi quasi leo, bestia agri scindet eos.
Eg kjem yver deim som ei binna som dei hev teke ungarne ifrå, og riv sund bringa deira. Eg gløypar deim som ei løvemor. Villdyr skal slita deim sund.
9 Perditio tu Israel: tantummodo in me auxilium tuum.
Du hev tynt deg, Israel, med di du er imot meg, di hjelp.
10 Ubi est rex tuus? maxime nunc salvet te in omnibus urbibus tuis: et iudices tui, de quibus dixisti: Da mihi regem, et principes.
Kvar er no kongen din, at han kann syta for frelsing åt deg i alle byarne dine? Og kvar hev du domarane dine, som du sagde um: «Lat meg få konge og hovdingar?»
11 Dabo tibi regem in furore meo, et auferam in indignatione mea.
Ja, ein konge skal eg gjeva deg i min vreide, og so tek eg honom burt i min harm.
12 Colligata est iniquitas Ephraim, absconditum peccatum eius.
Samanbundi er misgjerningi hans Efraim, og syndi hans gøymd.
13 Dolores parturientis venient ei: ipse filius non sapiens: nunc enim non stabit in contritione filiorum.
Rider som hjå ei fødande kvinna skal koma yver honom. Han er ein son som ikkje er vis. For når stundi er der, kjem han ikkje fram i fødsli.
14 De manu mortis liberabo eos, de morte redimam eos: ero mors tua o mors, morsus tuus ero inferne: consolatio abscondita est ab oculis meis. (Sheol h7585)
Or helheims vald vil eg fria deim, frå dauden vil eg løysa deim ut. Kvar er di sott, du daude? Kvar er di tyning, du helheim? Anger er løynd for augo mine. (Sheol h7585)
15 Quia ipse inter fratres dividet: adducet urentem ventum Dominus de deserto ascendentem: et siccabit venas eius, et desolabit fontem eius, et ipse diripiet thesaurum omnis vasis desiderabilis.
For han, millom brørne sine stend han lavande av frukt; det kjem ein austanvind, eit Herrens ver, farande upp ifrå øydemarki. Då turkar brunnen hans upp, og kjelda hans tryt. Han ranar skatten, alle slag kostnadting.
16 Pereat Samaria, quoniam ad amaritudinem concitavit Deum suum: in gladio pereant, parvuli eorum elidantur, et foetae eius discindantur.
Bøta skal Samaria, av di det hev vore tråssugt imot sin Gud. For sverd skal dei falla, småborni deira skal verta krasa, og dei kvinnor som er med barn, skal ristast upp.

< Osee Propheta 13 >