< Hiezechielis Prophetæ 25 >

1 Et factus est sermo Domini ad me, dicens:
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 Fili hominis pone faciem tuam contra filios Ammon, et prophetabis de eis.
Menneskjeson! Vend di åsyn mot Ammons-sønerne og spå imot deim!
3 Et dices filiis Ammon: Audite verbum Domini Dei: Haec dicit Dominus Deus: Pro eo quod dixisti: Euge, euge super sanctuarium meum, quia pollutum est: et super terram Israel, quoniam desolata est: et super domum Iuda, quoniam ducti sunt in captivitatem:
Og du skal segja med Ammons-sønerne: Høyr Herrens, Herrens ord! So segjer Herren, Herren: Etter di du sagde: «Hå, hå!» yver heilagdomen min, for di han vart vanhelga, og yver Israels land, for di det er i øyde lagt, og yver Juda-lyden, for di han laut fara i utlægd,
4 Idcirco ego tradam te filiis orientalibus in hereditatem, et collocabunt caulas suas in te, et ponent in te tentoria sua: ipsi comedent fruges tuas: et ipsi bibent lac tuum.
difor, sjå, so skal austmennerne få deg til eiga, og dei skal slå sine tjeldlæger i deg og finna seg bustader i deg. Dei skal eta frukti di, og dei skal drikka mjølki di.
5 Daboque Rabbath in habitaculum camelorum, et filios Ammon in cubile pecorum: et scietis quia ego Dominus.
Og eg vil gjera Rabba til beitemark åt kamelar og Ammonlandet til felæger. Og de skal sanna at eg er Herren.
6 Quia haec dicit Dominus Deus: Pro eo quod plausisti manu, et percussisti pede, et gavisa es ex toto affectu super terram Israel:
For so segjer Herren, Herren: Av di du klappa med henderne og trappa med føterne og med all vanvyrdnaden i di sjæl fagna deg yver Israels land,
7 idcirco ecce ego extendam manum meam super te, et tradam te in direptionem Gentium, et interficiam te de populis, et perdam de terris, et conteram: et scies quia ego Dominus.
difor, sjå, so retter eg handi mi imot deg og gjev deg til herfang åt folki og ryd deg ut or folkeslagi og let deg tynast ut or landi. Eg vil øyda deg ut, so du skal sanna at eg er Herren.
8 Haec dicit Dominus Deus: Pro eo quod dixerunt Moab, et Seir: Ecce sicut omnes Gentes, domus Iuda:
So segjer Herren, Herren: Av di Moab og Se’ir segjer: «Sjå, det gjekk med Juda-lyden likeins som med alle hine folki,
9 idcirco ecce ego aperiam humerum Moab de civitatibus, de civitatibus, inquam, eius, et de finibus eius inclytas terrae Bethiesimoth, et Beelmeon, et Cariathaim,
difor, sjå, so vil eg gjera eit op i sida åt Moab frå der byarne ligg, frå byarne hans alle stader, landepryda Bet-Jesjimot, Ba’al-Meon og alt til Kirjatajim,
10 filios Orientis cum filiis Ammon, et dabo eam in hereditatem: ut non sit ultra memoria filiorum Ammon in Gentibus.
so Austheims-sønerne kann koma seg inn, likeins som eg vil gjera med Ammons-sønerne, som eg gjev deim til eiga, so ein ikkje meir skal minnast Ammons-sønerne millom folki.
11 Et in Moab faciam iudicia: et scient quia ego Dominus.
Og yver Moab vil eg halda dom, so dei skal sanna at eg er Herren.
12 Haec dicit Dominus Deus: Pro eo quod fecit Idumaea ultionem ut se vindicaret de filiis Iuda, peccavitque delinquens, et vindictam expetivit de eis;
So segjer Herren, Herren: Av di Edom var so hemnfus mot Juda-lyden og førde skuld yver seg, med di dei hemnde seg på deim,
13 idcirco haec dicit Dominus Deus: Extendam manum meam super Idumaeam, et auferam de ea hominem, et iumentum, et faciam eam desertam ab Austro: et qui sunt in Dedan, gladio cadent.
difor - segjer Herren, Herren - so vil eg retta ut handi mi mot Edom og øyda for honom folk og fe, og eg vil gjera det til ei audn frå Teman, og heilt burt til Dedan skal dei falla for sverd.
14 Et dabo ultionem meam super Idumaeam per manum populi mei Israel: et facient in Edom iuxta iram meam, et furorem meum: et scient vindictam meam, dicit Dominus Deus.
Og min hemn mot Edom vil eg leggja i henderne på mitt folk Israel, og dei skal fara åt med Edom etter min vreide og harm, og dei skal få kjenna min hemn, segjer Herren, Herren.»
15 Haec dicit Dominus Deus: Pro eo quod fecerunt Palaestini vindictam, et ulti se sunt toto animo, interficientes, et implentes inimicitias veteres:
So segjer Herren, Herren: Av di filistarane for hemnfuse fram, av di dei med all vanvyrdnaden i si sjæl hemnde seg med tynarverk, av eit ævelegt hat,
16 propterea haec dicit Dominus Deus: Ecce ego extendam manum meam super Palaestinos, et interficiam interfectores, et perdam reliquias maritimae regionis:
difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg rettar ut handi mi mot filistarane og ryd ut kretarane og tyner det som vert leivt attmed havstrandi.
17 faciamque in eis ultiones magnas arguens in furore: et scient quia ego Dominus, cum dedero vindictam meam super eos.
Og eg vil lata stor hemn råma deim vreide-refsingar, og dei skal sanna at eg er Herren, når eg let hemnen min nå deim.

< Hiezechielis Prophetæ 25 >